I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Dagane gaar

Det var vaaren. Den eine berrflekken etter den andre arbeidde seg opp or snøen. Der sola naadde i, gjekk det fort. Og desse graabrune jordflekkene laag der og drog ein aat seg, laag og tala aat ein og bad for seg. Ver god mot meg no, stell fint med meg, tyktest dei segja. –

Helga gjekk der og kika etter første grøne grasstraaet, etter første fine kløverbladet, ho gjekk der og ynskte dei velkomne – og fraa inste hjartegrunnen steig bøna: maatte det berre ikkje koma nokor kaldnatt no! Ikkje maatte frosten taka den unge fine groren.

Ho gjekk og vèra ut i lufta og kjende vaaren i kvart eit andedrag, ho lauga seg i gyllne solstraalar og var eitt med jorda som vakna til nytt liv. Kvar ein smaafugl som kom var ei storhending.

«Kom og sjaa,» kviskra Erik og fór so stillsleg, «sjaa staren paa fjøstaket – han er tidleg ute i aar.»

«Eg saag han igaar – eg saag han igaar, eg,» jubla Margot, «han var paa skulen, sat paa taket der òg.» –

Og lerka! «Idag høyrde eg lerka,» fortalde Helga, og det var vaarsong i sjølve orda. Gleda laag og skein og lyste i augo.

Og so leirkallen! kom han ikkje mest beint ut or kalde snøfonna – ho var ikkje før vekk, so stod 15han der i grøftekanten og lyste som ei heil lita sol. Og song. Alt livande song. Og strekte seg og tøygde seg opp i mot sol og ljos – og varme. Sjølv graasteinen fekk ein annan lit, fekk ein daam av glans og varme. –

Og same vaarlengten var i fjøset. Helga saag den i augo hennar Blidros, hos sauene og hønone. Ho strauk Blidros over mulen og gjølte med henne.

«Kossa kua mi,» kunde ho segja, «idag saag eg første kløverbladet bort paa gropekra – no grønest det fint, du. Naar berre den stygge snøen vil gjeva seg no, so – ei lita god regnskur attaat all den gilde sola – –. So skal vi sjaa ut ein dag, eg og du.»

Ho plukka opp smaapotet aat sauene. «Stakkaran’, de treng litt omframt de, som skal metta opp desse kaate ungan’ dykkar.» Og ho strauk dei gjenom den tette mjuke ulla. «No skal de faa bli fri pelsen ein dag, ja – – vi skal lauga oss først og hoppa i solskinet. So skal han til pers.» –

Dei var ikkje framande krøtera lenger. Dei tydde seg innaat henne, tana imot henne naar ho kom med einkvar godbiten. Det var mest som dei takka. Sjølv grisen so laag han der og let seg klø og godsnakka med. Han laag og godgjorde seg og tenkte ikkje paa at han var berre flesket, – laag og vart rund og triveleg av berre vellivnad.

Og hønone – ho sat paa huk og fekk dei bort aat seg, fekk dei til aa eta av handa si og smaaprata med dei òg. «So so – ja du ja,» kunde ho segja, «du skal faa deg ein omframbit du, so flink som du er; – men aat deg faar det vera nok,» sa ho aat ei stor graaspraglat ei som berre vilde eta og ikkje verpa. For no tok dei til aa kakla og bli livalle, 16hønone, dei raudna i kammen og sparka og spøna og hadde ant om. Fann seg reirar, og varp. Det var vaaren det òg – livet som vakna alle stader. –

Og det var nok aa taka vare paa. Det var Blidros og mjølkinga, det var maten og flinaden. Dagen var full av hundrad ting som skulde gjerast; han kunde vore dubbelt so lang og endaa hadde det vel vore eitkvart aa sjaa til med.

«Men det er godt at det er slik lel,» sa Helga og strekte armane og kjende seg ung og sterk. «Og livet det er no det likaste lel,» song ho so det ljoma, og kjende at det var sanning. –

– Det var mest verst om morgonen – aa koma opp i rett tid. Det var gjerne ein liten solstraale som leita seg fram gjenom loftsglaset og vaks seg større og varmare med kvart. Han var nærsøkjen aat Helga. Han stakk henne beint i augo, og om ho snudde seg ifraa, hjelpte det ikkje; for daa fann han i nakken.

Daa visste Helga det var morgonen. No venta dei baade Blidros og alle dei andre. Sjølv om ho gjerne vilde kvila ei stund, vilde dorma litt og strekka seg og ha det godt, so let denne nærsøkne solstraalen henne ikkje faa fred – han heldt henne vaken. Og klokka var ikkje meir enn halv seks enno. –

Det hende solstraalen gløymde aa vekkja – han kom ikkje. Daa var himlen graa og regnet sila nedover rutone, daa vart dagen annleis alt med seg, han vart tyngre, og det hende han vart lang nok. Daa var det berre det gamle vekkjaruret som ramla og let om seg ved halvsekstida. For opp maatte ho. Dagen laag der like fullt og venta. Og det var 17berre godt at regnet kom, det grodde og vaks og vilde seg etterpaa. Det vart heller meir aa gjera, meir ant om. – – – –

– – Helga gjekk og funderte. Det var desse gamle berbuskane og dette jordstykket millom vegen og stugulona. Fin jord visst; men det hadde aldri vore anna enn grasvollen der det ho mintes. Om dei spadde opp no og fekk til hage?

Det var grønsakene fraa torvet i byen som sat i henne. Kassor med gulrot, korger med ber – og gode prisar.

Ho fekk med seg Erik til aa sjaa paa det ein dag. Om dei no reinska opp berbuskane litt til dei fekk til nye? Vilde han hjelpa til? – Det maatte mest gjerast no før dei tok til med aakeren. Den maatte dei venta med kor som var til dei fekk i hestehjelp. Og kvar hadde vel nok med sitt enno.

Erik trudde ikkje stort paa hagen. Det var berre kvinnfolkpusleri, meinte han og var kar. Og nokor fortenest vart det vel snaudt.

«Vi kunde no prøva,» meinte Helga, «eg undrest om det kostar mykje aa faa den nye heradsagronomen hit, eg. So kunde han rettleida oss litt – –.»

Det vart so dei spadde om grasvollen. Dei trilla frau og hekta og grov. Og heradsagronomen kom ein kveld endaa han hadde so lite om tid at han visste ikkje kor han skulde snu og venda seg. Og hage, sa han, jau hage, segj det – visst maatte det bli hage her kor det laag so lagleg til. Her burde ikkje vera anna enn hage i grunnen. Ingen ting var meir lønsamt – med jorda daa. Ingen ting fekk ein til større netto pr. maal av.

Han rekna og la ut og var eit jarn til aa 18driva paa. Når dei fekk jorda i hævd her, so – her kunde bli eit heilt lite Gosen med tida.

Han kom som eit vaarver med tru og med von. Og han fekk Erik til aa tru.

Det er mest morosamt dagane etterpaa. Helga prata og Erik prata og Margot la inn eit og anna ordet med. Det hekta og grov og spadde. Og la Planer.

Jau der skulde bli hage med tida. Kaal og gulrot. Og ber. Blomane tenkte Margot helst paa, og det var ikkje so dumt, sa Helga Ho mintes torvet att med berg av blomar, med stampar og bundlar og fulllasta vogner. Ein fargerikdom! Og dyre var dei.

Det var nok ikkje gjort paa eitt aar, ikkje paa to heller aa faa det til som dei vilde. Men med kvart skulde det bli. Med kvart skulde dei faa de til. Hendene arbeidde og grov, tankane arbeidde med, dei bygde opp ei framtid –. Og det var skinande fine vaaren.

– – – Men so var det aakeren. Litt bygg maatte dei ha og havre, og noko potetor og nepe. De var hestar om aa gjera. Det var plog og horv om aa gjer, Og hjelp med det fekk dei sagte naar dei gjekk til Kristen Ness. Men Helga kvidde seg.

Ho hadde vore paa Ness so lite i vinter. Ingrid var borte, Arne hadde havt ein vikarpost – og det var so undarleg aa gaa til dei gamle naar ein ikkje hadde erend. Naar ein ikkje hadde noko aa gaa etter.

No hadde ho erend. Men no var ho pengelens. Og det var ikkje lett aa gaa aa be om hestehjelp 19naar ein ikkje hadde noko aa betala med. Ikkje for henne som hadde staatt so kaut framfor Kristen og sagt at ho helst vilde hjelpa seg sjølv. Elles takk!

Ho tenkte paa det baade ein dag og to dagar. Det gjorde henne still og utav lage. Ho kunde ikkje so godt snakka med Erik og Margot om det heller, for dei kunde ikkje hjelpa om dei gjerne vilde denne gongen. Ho fekk no strida med det sjølv.

Det hadde kosta litt aa faa i stand den vesle hagen, men ho var glad ho hadde faatt det til lel. Det var daa ei framtidsvon. Det var mest som ei sparebøsse – voner om mat og kan henda litt pengar til hausten. Og so maatte det vel bli raad for plognad òg.

Men det vart Erik som laut i veg og spyrja etter ploghestar. – Han kom inn i kjøkenet paa Ness i middagskvila. Kristen sat for bordenden og røykte og saag i bladet og var i godlaget som vanleg.

«Du er ute og fer?» sa han, «du maa sjaa aat so du faar sitja.»

«Takk. Eg skulde no ikkje sitja hell,» meinte Erik og sette seg lel. Han fingra litt med huva og kjende ansvaret ved aa vera vaksen kar.

«Du driv med onna?» undrast han.

«Ja, vi ligg daa i det. Det vart godver til det no.» Kristen la saman avisa; han tok etter tobaksdaasen og glytta bort paa Erik over brillone. «Korleis er det, har du bynt med tobaken du, Erik?»

Erik raudna litt og lo. «Nei, det veks so lite taa’om ned i Vika.»

20«Hehehe,» kneggja Kristen, «det er bra det, gut. Han veks mest for viljugt her paa Ness; men det er ein kostbar plante jamenn er det det ja.»

Han stoppa i pipa og smatta og røykte. Han likte seg.

«Det er lite om aa sjaa noko til Vikafolket synes vi.»

Erik orsaka seg baade med eitt og hitt, helst var det vel lite om tid. Og so tiltaket. – Dei snakka litt att og fram om baade det eine og det andre. Men dette vart berre pratet det, kom det for Erik. Han retta seg opp og saag beint paa Kristen.

«Eg skulde vel ha som ei erend òg,» sa han.

«Ja, det var vel helst truleg det?»

«Det var hestehjelp om aa gjera. Vi held paa smaatt med vaaronna i Vika og, men vi kjem ingen veg utan hestar og plog. Naar vi skal faa til aaker daa. – Det kjem an paa om du kunde sjaa deg tid til aa hjelpa oss ein dag hell to?»

«Du veit, det maatte bli ei raad med det dersom du ikkje er alt for hastig paa det.»

«Vi maatte bu oss etter dykk vi kan du vita.»

«Ja daa so –. Eg har smaatt havt dykk i mente før òg – eg venta berre paa eit lite bod. So det greier seg nok det skal du sjaa.»

Kristen sat breid og godsleg og røykte og plira over brillone. Han kakka utor aska og stoppa snadda paa nytt lag. «Ja, den tobaken» sukka han og smaalo, medan Ane-Marta gjekk til og fraa og sette fram kaffe og fekk Erik bort aat bordet.

Det var inga sak aa ha med slike folk aa gjera. Men likevel sat Erik og handsama huva noko hardt og saag beint i golvet.

21«Det er det at – vi har so lite aa betala med nett no – hesthjelpa meiner eg –. Helga bad meg segja at ho kunde koma nokre dagar paa slaattonnarbeid, men – –.»

«Det gaar an det.»

«Men dersom du kunde ha bruk for meg til eitkvart, so –. Eg synes det var rettare eg tente til hesthjelp og slikt – det kan bli nok aat a Helga lel –.»

Kristen saag paa Erik. Og nikka.

«Det kan sagte bli det,» sa han. «Og du veit, eg har altid bruk for ein viljug kar. Dersom du har tid, kan du berre koma – i morgo den dag om du vil. So kjem eg med plogen naar det lid over helga.»

Og slik vart det. Fraa den dagen vart Erik arbeidskar hos Kristen Ness. Han delte seg millom sjøen og jordsbruket, millom Kristen og Hans Fjerdingen. Om kveldane naar han kom heim og elles naar han hadde ei stund, hjelpte han Helga med den vesle hageflekken, med vedhogging og potethypping daa so langt leid.

Men hagen var mest det likaste. Der grov dei og luka, der var Margot med, og der la dei planer for framtida. Det skulde bli nytt raudmaala fjøs i Vika med tida var meininga, og stugu skulde bli større og kvitmaala. Det skulde bli eit reint lite mønsterbruk naar dei først fekk røyna seg retteleg. Det skulde og maatte gaa. Naar dei la godviljen til og hjelptes aat, so – –. Dei var daa tri no; det vart skilnad paa det imot den tid mor sleit aaleine med sjukdom og smaa born.

Og dagane gjekk, og skifta med sol og regn. 22Det grodde og vaks. Helga gjekk ut og inn og tykte ho vaks med. Ho kjende seg eitt med plantar og dyr – Vaarherre sin skapning ho som dei – og ho tok sin vokster av sol og vind og kvar den dag Vaarherre let henne vakna til nytt arbeid, til ny omtanke, til nye vanskar og ny siger og glede.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.