I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Margot

So kom vaaren og somaren. Og jorda vart livande att, og blømde. Og ho drog ein aat seg. Paa nytt lag saadde Helga, og Erik saadde, og dei aatte kornet sjølv. Det var ei høgtid og ei frygd. Paa nytt lag gjekk dei og kika etter groren, etter første smaa kløverblada, etter første grøne straaet. Dei saag kor aakrane brydde, og i aar hadde dei ny aaker òg – nylandsstykket fraa ifjor.

Og i hagen vilde det seg. Stiklingane stod med store grøne knuppar, ventande, og ein dag folda dei seg ut og tøygde seg og vaks. Nye smaa berbuskar snart. Mat og pengar – framtidsvoner. «Eg fann tusenfryd òg idag,» sa Margot og straalte som hadde ho funne ein løynleg skatt. Og den vesle kvite tusenfrydblomen var som ein kjær ven som smilte inn og takka for sist. Den kom med nytt mod, med ny von og glede. Det var vaaren. – Og det er undarleg med livet som vaknar – ein staar framfor det løyndomsfulle, det mystiske og det tek ein. Underet. –

Kvart nytt hold var ei ny glede. Ein ny siger òg. Som daa dei hadde saadd av og faatt potetene i jorda. So vart Blidros utsleppt og sauene og litlekviga. Og kvar gong prata dei saman og var glade for at dei hadde daa kome so langt. Og ein dag 82fekk dei inn høyet. Det var ei storhending mest. For Helga og Margot hadde bore inn mesteparten aaleine med hendene sine. Erik var paa arbeid mest kvar dag, maatte so vera dersom det skulde bli noko til hjelp til utgiftene.

«Og vi klarar oss fint her heime,» sa Helga, «to vaksne kvinnfolk mest –.» Og dei bar paa den gamle baara etter far – fang for fang. Det gjekk smaatt, men det muna. Og eit etternon Bruland og Arne kom og hjelpte til, muna det storvegjes. –

Det var so mange solskinsdagar den somaren. Og mykje varme. Folk sveitta og bar seg og gruva for aakeren – det vart turrt. Men i Vika gjekk Helga og Margot og bar vatn og vatna plantar og blomar. Og det vaks og det blømde. Og kveldane var svale og gode aa vera til i. Landrøyken laag blaagraa kring heiane og spaadde meir godver. Og smaableikstimane gjekk sølvblanke i fjorden.

Dei var paa snørsjøen kveld etter kveld, Vikaungdomane. Hans Fjerdingen, Bruland eller Arne var gjerne med. Andre var med òg ein hende gong men desse var dei vissaste. Og dei fekk steikfisk og kokfisk – det vart til fiskekakor og nysalta. I Vika hadde dei mest ikkje annan mat den tid snørsjøfisket stod paa. «Eg tek mest til aa bli leid bleika no,» sa Margot. Men Helga var glad med’ dei fekk noko. Dei spara annan mat, dei spara kronone – og det kom vel med. –

Somardagane gjekk so fort. Det tok snart til aa bli haustlet i. Byggaakeren stod gullgul. Og Helga skar. Erik kom heim om kveldane og staura. Og Margot laut staa for hustjonet og krøtera.

83«Eg fekk alltid laana skurdmaskina hans Kristen ein dag,» sa Erik og tykte det vart stridt mykje aat gjentone.

«Eg tenkjer vi greier oss sjølv, eg,» sa Helga og retta ryggen. Det gjorde godt. Men skurdmaskin vilde ho ikkje ha. Nei. – Det var dei smaa orda som grodde og vaks.

«Det er ikkje faarleg for ho Helga, nei, som har Nessbonden i ryggen. Og Arne paa honka.» Ho hadde høyrt dei ein gong og høyrde dei alltid sidan. Ho leita etter dei og fann dei att alle stader. Ho saag dei inn under dei glatte smilande andleta, ho saag dei der dei aldri var tenkt dess meir. Og dei beit. Men ikkje skulde dei orda bli sanning, nei. Og bygget kom paa staur, og det kom i hus. Det var Helga og Margot som bar inn det meste daa òg. Det verka i armane og gjorde vondt i ryggen.

«Men vi greier det,» sa Helga. Og dei greidde det. – Det var slitsame dagar. Javel, Men det var ikkje noko aa gjera med det. Det var fest òg. Det var fest aa kjenna styrken sin, røyna seg. Og vinna. –

Den kvelden kornet var skore koka Helga skurdgraut. Retteleg rømmegraut. Og ho bad heim Hans og Bruland og Arne. Dei tri hadde hjelpt til baade med slaatten og skurden naar dei kom rekande slik. Og ikveld skulde dei ha graut.

Helga stod framfor komfyren og rørte i grautgryta. Daa kom Ingrid paa Ness so braatt for henne – ho fall reint i stavar. Det var siste hausten Ingrid livde, og Ane-Marta hadde kokt skurdgraut 84graut paa Ness. «Takk Gud for arbeidet, Helga,» hadde Ingrid sagt. «Takk Gud for arbeidet.» – Og Helga saag Ingrid for seg slik ho sat lita og bleik og hjelpelaus i stolen sin. Ei byrd for alle, hadde ho sjølv meint. Ei glede lel, tenkte Helga, og kjende no kor Ingrid hadde vore sterk i si liding. Noko anna graana og uklaart for tanken – kor livet var mangfeld og rikt. Og kor det tok alt i si tenest.

Og so maatte Helga tenkja paa maasen att – paa sin maase. Kor sterk og skinande den var. Men slik var Ingrid òg. So sterk. –

Erik kom inn med karane, og minna kvarv. «Ja, no er grauten ferdig,» sa Helga og slengte gryta av varmen. Det vart prat og laatt – det vart «takk for arbeidet» og «takk for somaren» og «lukke til!» Det vart ein triveleg kveld. –

Arne hadde fela med. Og daa gjentone var ferdige med kveldsstellet, tok han ho fram og til aa stilla. Paa nytt lag glødde ein olderlomp paa gruva. Og skuggane vart lange. Frammed bordet sat Arne og spela. Songar og slaattar. Og med kvart var det som sjølve fela fekk liv. Ho lo mot dei, ho klaga seg og gret, ho jamra seg reint. Og somaren var i fela og hausten med storm og myrker, vaaren med sildrande kaate bekker og fuglesong, og vinteren kald og hard. Alt liv var i fela. Og aldri hadde Arne spela slik som i kveld. Han var fossegrimen. Og dei sat og lydde til som i trollring reint.

Men i myrkaste skuggen sat Helga, og tenkte at no spela han berre aat henne. Ho høyrde gleda og laatten, ho høyrde graat og klage. Men somtid 85vildra han seg bort so ho vann ikkje fylgja – ho skyna ikkje. Og det gjorde vondt. –

«Syng med no,» sa han til slutt og spela «Gud signe Noregs land». Og dei song med.

Men no var det ikkje fossegrimen som spela lenger, no var det Arne fraa Ness, og dei sat her i Vika og hadde ete skurdgraut. Fest var det likevel, og gleda sat i høgsetet. I slike kveldar samlar sjæla opplagsnæring til dei graa og tunge dagar.

Helga tenkte paa det mange gonger etter, kor forundarleg ho let fela hans Arne den kvelden. Og kor undarleg han var sjølv og some tider. Som bar han paa noko – ei sorg eller otte. Og sjeldnare kom han til Vika med kvart.

Det hende Helga sat gjerandslaus om kvelden, med bundingen i fanget og saag ut over fjorden og bort etter vegen mot Ness. Om det kom nokon? – Men det var mest aldri eit liv aa sjaa. Og no vart det seinhausten og mørkt. – – –

«Skal eg ikkje faa hit opptakaren aat poteten ein dag,» sa Erik. Det var ruskver og kaldt. Det hadde regna dag og natt, og no slatra det stundomtil.

Helga tenkte paa det. Det var ei freisting med den opptakaren. So var potetonna fraaseggjort paa ein liten dag. Og ho slapp slita med det. – Men det var so mykje i vegen, smaa ord, smaa augnekast og smil. Og Arne. Ho vilde ikkje til Ness og spyrja. Ho vilde slita det til sjølv. Det hadde gaatt med grev før, det gjekk vel i aar òg. Ho sa det aat Erik. Og kneip det, fekk han hjelpa til heime ein halv dag han òg.

«Vi greier oss sjølv, so veit vi kva vi har aa lita oss til,» sa Helga.

86Margot sa ikkje noko. Ho var med i aakeren. Ho grov og ho plukka. Det verkte i ryggen, men ho bar seg ikkje. Ho vart blaut og frosen, og hendene vart raude og trutne av vatnet og vinden. Men ho daska til med flettone og lo og synte fram hendene. Ho var so flink og so blidøygd ei gjente, vesle Margot. Og bøtte etter bøtte fylltest, bingane i kjellaren fylltest – og det var rikdom dei samla i hus. Det var mat til vinteren – det vart kan henda noko til sals òg. – – –

Men dagen etter dei hadde teke opp det siste, kom ikkje Margot opp. Ho hosta, og det gjorde vondt, so ho bar seg. Ho var raud og heit, og ho var ikkje so lik ho reiste paa seg dessmeir. Daa vart Helga redd.

«Kjære, har det vorte for stridt aat deg, Margot?» spurde ho og saag ottefullt inn i dei straalande augo. Men Margot skyna ikkje stort kva ho sa, ho sutra berre litt og bad om noko aa drikka.

Erik ansa ikkje etter noko om morgonen før han gjekk til Ness paa arbeid; men daa det leid paa dagen, sende Helga bod etter han. Ho torde ikkje vera aaleine lenger. Og daa Hans kom forbi fraa sjøen, bad ho han gaa etter Erik. Ho maatte tenkja paa den natta ho sende han i veg etter doktor til mor. Det gjekk bra den gongen – maatte det berre gaa bra no òg! Hans var so god ein ven aa ty til naar det kneip om – han hadde stødt vore ein trufast og hjelpsam granne. –

Han kom attende med baade Erik og Ane-Marta. Daa laag Margot og tulla smaatt og var som ein varm kokeomn aa taka i.

87«Tak vekk epla,» sa ho, «det er berre karten lel – dei er so sure, at –.»

«Ja men kjære deg, her finst daa ikkje eple,» sa Helga reint overgjevi.

«Kan du ikkje taka dei vekk daa,» sutra Margot og smaagret, «kvifor skal du leggja dei slik i haugar alle stader?» Og ho laag og fikta med armane og rudde unda dei epla som ikkje fanst.

Helga stod bleik og raadlaus frammed senga og tykte aldri ho hadde vore so glad ved aa sjaa det strenge andletet hennar Ane-Marta Ness som den dagen.

«Far etter doktor du, Erik,» sa Ane-Marta. Og dermed tok ho raadveldet.

«Eg har med meg eit glas med terpentin,» sa ho aat Helga, «har du ein ullklut og litt talg du? eller helst ein graaulltapp?»

Jau, Helga hadde. Ho sprang ikring og leita opp og fekk opp varme og hjelpte til rettes. Ho vilde spyrja, men vaaga seg ikkje til. Og Ane-Marta tagde. –

Dei fekk lagt varm ull baade paa brystet og ryggen, og Ane-Marta smurte godt med varm talg under føtene. Ei gamall og god raad, sa ho. Ender og daa strauk ho Margot vart over panna og haaret, og ho fekk i henne nokre supar varm mjølk.

«Ho har vel gaatt vaat paa føtene venteleg?» sa ho aat Helga.

«Ja, det vart nok baade kaldt og vaatt igaar – vi tok opp det siste av potetene,» sa Helga og saag redd paa Ane-Marta, «men eg trudde ikkje – – eg visste ikkje –; trur du det er reint gale?» Ane-Marta svara ikkje straks. Ho sat og tenkte.

88«Du vilde ikkje ha opptakaren?» sa ho.

«Nei,» sa Helga og raudna. Dei tagde baae. Dei hadde nok med aa ansa etter Margot, teppa ikring henne og leggja til rettes puta. Klokka inni stova tikka og gjekk og kom ingen veg. Og vinden ylte.

«Nei, nei, det er so det,» sa Ane-Marta endeleg og sukka. – Det var utruleg kor det lettna daa dei høyrde duren av køyredoning fram i vegen. No kom doktorskjussen endeleg. – – –

Det var lungebrand, sa doktoren; men med godt stell, so – –. Vonlaust var det ikkje, men ho maatte passast, baade no og sidan. Ein lungebrand var ingen leik. Og det var vinteren paa handa. Elles skulde han sjaa innom snart att. –

Doktoren hadde fare. Hans stod i skjolet og hogg ved, han var so lite huga til aa fara før han saag korleis det beintest til. Erik hjelpte han, og dei prata smaatt um arbeidet og aarvegen. – Helga kokte kaffe aat framandfolket; ho gjekk til og fraa – stilt. Elles var det ikkje noko vidare med nokon i Vika idag.

Ane-Marta hadde rettleidd og gjeve gode raad; no var ho ferdig førebils, men ho var ikkje lik seg ho heller. Andletet var strengt som vanleg, men det vesle gode blinket i augo var borte no. Det var berre svarte aalvoret, og noko var det som plaga henne. Helga hadde ei lei kjensle av at det var ikkje berre sjukdomen hennar Margot.

Endeleg kom det. «Eg lyt snakka med deg, Helga,» sa Ane-Marta. Ho sat frammed vindauga i det vesle kjøkenet, og handa laag gjerandslaus i karmen. «Det er ikkje sagt du likar det, men eg 89kjenner det slik at eg maa. – Eg sa det aat deg daa du kom heim at trong du ei mors hand, so – so maatte du berre koma aat meg. Eg veit ikkje om du hugsar det heller, men –. Og du har no ikkje trongt nokon hittil. – Nei, lat meg no faa snakka ifraa meg. Det er ikkje so mykje eg skal segja, og eg vil deg ikkje anna enn godt. Det trur du vel om meg?»

Augo hennar Helga stod fulle av taaror, ho kunde berre nikka.

«Vi er alle glade for at du vil hjelpa deg sjølv, det maa du vita. Det er ære verd. Og det er godt at du er stolt og rakryggja – eg likar det eg òg, veit du. Men – dersom du blir ovmodig er det ikkje bra. Ein kan godt vera rak i ryggen om ein tek imot hjelp fraa dei som baade kan og vil hjelpa. Du Helga – eg er redd du er for saar paa det, naar det gjeld hjelp? Vi treng kvarandre alle saman. Og den som – den som vrakar ei hjelpsam hand slær kan henda like djupe saar som den som i god tru byd til hjelpa. – Tenk deg sjølv i den sin stad som held av eit menneske og gjerne vil hjelpa, men ikkje faar! – De greidde potetene aaleine i haust, – du har slite som ein kar i all somar, og mange hadde vel ikkje gjort deg det etter. Men du er berre eit menneske, Helga, og du skal taka vare paa deg sjølv, baade for di eiga skuld og for syskena dine. Det er du som har ansvaret, – og slitet har vorte kostbart aat vesle Margot i haust. – Nei, graat no ikkje slik, barn, det blir nok bra alt skal du sjaa. Eg tykte berre eg maatte vara deg aat. – Du har so mange vanskar aa stri med, Helga. Ungdomen er nok aldri 90berre leik, men aat deg vart det stridt med aalvor. Det var berre det eg vilde segja deg endaa ein gong, at – dersom du treng ei mors hand, so veit du kor du finn meg. Eg vil vera glad den dagen du kjem – sjølvmint.» – – –

– So var Ane-Marta borte òg. Margot hadde dorma til, men ho laag og kasta seg i senga, og Helga sat og passa paa so ho ikkje sparka av seg. Ho høyrde hogginga fraa skjolet, ho høyrde vinden som kvein kring nova, ho høyrde sjogen fraa fjorden og ein og annan regndropen mot ruta. Men det var so uverkeleg alt, so langt, langt unda; den gamle klokka riksa berre og gjekk ein stad i nærleiken, og ho og Margot var aaleine i heile vide verda. Og Helga hadde det vondt.

Det var so greidt for Ane-Marta; ho hadde aldri trongt hjelp, ho – ikkje slik. Ho kunde gjeva noko att, ho, ikkje berre taka imot. Taka imot og takka. Alltid takka – til takksemda laag som ei lekkje kring foten og gjorde ein ufri. Batt ein so ein aldri var seg sjølv heilt. Det var bra aa faa hjelp; men aa renna til Ness so snart det var eitkvart lite, som det var heilt sjølvsagt – ho kunde det ikkje – ho orka ikkje – –

Jau, eg skal gaa lel, tenkte ho redd kvar gong Margot sutra til i sømne, eg skal gaa – eg skal gaa naar det trengst – du veit det daa, eg gaar kor det skal vera – berre bli frisk att, Margot, berre sjaa paa meg att, og smil.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.