I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Det er ikkje greidt –

Det er ikkje greidt aa vera utan mor i verda. Det fekk ho sanna mang ein gong Helga i Vika første vinteren etter at mor hennar var død. Daa vart ho aaleine att med heimen, og med Erik og Margot.

Erik var konfirmert i haust og skulde vera vaksen kar paa viset, og Margot var ei stor tolvtrettanaars gjente. Men likevel var dei no berre borna mot henne, og Helga kjende det slik at ho maatte vera mor deira no dei inga onnor hadde.

Ho sakna mor alle stader sjølv; og kvar gong ho saag saknaden i augo aat syskena sine, vart hennar eigen tyngre. Det var som kvar ei kraa stod tom og gapte, kvar ein ting spurde: kor er ho mor?

Naar ho kom bort i fjøset, snudde kua seg og rauta, og hønone hoppa ned fraa vaglen og kakla og var glade; men naar dei saag det var henne, vart det so lite med dei. Dei heldt seg helst unda og saag paa henne berre. Det var saknaden som grein henne i møte der òg. Om det so berre var katten, so drog den seg langs veggene og skvatt unda og tykte ho var berre ei framand ei.

Det kunde vera alt det meir, naar det berre ikkje hadde vore like eins med Erik og Margot. Men dei òg gleid unda. Alt det ho verja om dei, 6alt det ho spara dei, alt det ho sleit og møddest for aa faa til det dei trong det var mest som dei ikkje merka det.

Erik heldt til mykje hos Hans Fjerdingen. Han var med og fiska, sette og tok opp lina og sildgarna – og det vart daa ikkje so reint lite av det heller. Han hadde kjøpt seg sko sjølv i vinter og ein tjukk genser. Det var berre godt og vel, men Helga tykte han kunde ha snakka med henne om det, samraadd seg – han var daa ikkje eldre karen. Og ho sa det til han.

Det hende elles og at ho maatte snakka aalvorsamt aat dei, baade Erik og Margot. Naar det var eitkvart ho saag paa og tykte var gale, so –. Dei hadde inga mor, og Helga kjende ansvaret utover seg. Ho vart aalvorsam og tung, og det var ikkje berre sorga og saknaden som gjorde det. Ho tykte sjølv ho vart so gamall og vaksi paa ei lita tid. –

Det var pengane òg – ansvaret for korleis dei skulde klara seg. Det hadde ho elles ikkje kjent stort meir til enno, enn ho var van med fraa før; men ho hadde det meir utover seg lel, hadde ingen annan aa lita paa. Det vart noko annleis.

Elles hadde ho so god ei hjelp i Kristen Ness. Han hadde hjelpt henne aa faa ordna laana og papira paa heimen, han hadde rettleidd henne baade med omsyn til laanevilkor og betalingsterminar. Han hadde beint fram bode til aa taka over alt det til so lenge – ho kunde faa nok med aa greia kvar dagen til aa bynne med, hadde han meint.

Helga hadde takka og tenkt paa det, men ho likte det ikkje. Ho var so ung og hadde so stort eit mod – det maatte vel gaa, meinte ho. Og ho 7vilde kjenna seg ufri og bundi dersom Kristen tok over. Det vart hans heim daa, og dei fekk bu der berre. Ho skyna vel at tilbodet var velmeint. Ho saag med sterke blanke augo paa Kristen og takka og sa nei.

«Eg kan det ikkje,» sa ho, «naar eg har teke det paa meg, so faar eg daa freista.»

Og det tenkte ho enno. Det var ikkje det som laag tyngst paa henne denne første vinteren. Det var dette med Erik og Margot som plaga henne. At ho ikkje fekk tak paa dei som ho vilde. At ho ikkje fekk dei retteleg innaat seg.

Ho gjorde daa kva ho kunde for dei. Ho heldt alt som var vondt og tungt unda dei – sleit heller sjølv. Og kvar gong ho snakka med dei, tenkte ho paa mor. Kva vilde ho ha sagt? Og korleis? Ho tykte ho var mor deira so godt det let seg gjera.

Og likevel gleid borna vekk. Naar det var noko, tydde Margot nedaat naustet til Erik og Hans. Aldri til Helga. Kor mang ein gong sprang ho ikkje dit nedover, baade naar ho var sorgtung og naar ho var glad. Og Helga saag etter henne med augo som var blanke og tunge av saknad. Men somtid saag ho seg leid paa den store gjentungen som dreiv der gjerandslaus og ikkje saag aa taka si hand i nokon verdsens ting. Endaa det var haugenpaa nok aa gjera. Kvifor kom ikkje Margot til henne? For det hadde vel vore mykje meir naturleg.

Kvifor kom dei ikkje? Kvifor kom dei bort for henne? Meir og meir, saag det ut for. Helga tenkte paa det naar ho stod framfor komfyren og 8kokte, ho tenkte paa det naar mjølka sprita i bøtta og naar ho laag og snudde seg i senga om kvelden og ikkje fekk sova. Daa laag ho og snakka med mor, laag og sloss med sømnen og dei mange saare tankar; men daa var det mest som sjølv mor gleid unda og kom bort for henne. Ho var aaleine i heile vide verda og visste ingen stad aa gøyma seg med alle sine sorger.

I slike kveldar vaks det fram ei saar og blyg lita bøn i hjarta hennar Helga: «Herre, hjelp meg – hjelp meg!» –

Ansvaret og møda og alle dei tunge tankar vaks henne over hovudet – ho laag der og var berre ei hjelpelaus lita gjente som ikkje visste kva ho skulde gjera. Korleis ho skulde vinna fram. Det kunde daa ikkje vera dei par aara inne i byen som skilde henne fraa syskena? Det hadde ikkje vore slik heller straks ho kom heim i haust. Men etter som dagane og vikone gjekk, var det plent som det vaks opp ein mur. Ein høg mur. – – –

– – – Ein tindrande vinterdags ettermiddag stod Helga i kammersvindauget og saag etter Erik og Margot – dei rente paa skeisor bort over moen. Ho var smaatt arg, for det var lite om ved i skjolet og endaa mindre sundhogge – og der flaug guten som ein folunge og tenkte ikkje paa anna enn aa spela seg.

«Det blir vel til at eg maa hogga veden òg,» tenkte Helga beiskt, ho kjende kor taarone sveid under augneloka. Ho var klar og sliten.

Ho hadde kjeppast so med ein skulekjole til Margot, hadde sete spikra fast og sauma, teke opp og maata til og sauma paa nytt heile dagen mest – 9og so var dette heile takken ho fekk! Paa kjøkenbenken stod koppane uvaska, inkje ved innbore, og no slokna det under grismatgryta – – var det for mykje om Margot gav ei hand med, naar ho saag at Helga hadde hendene fulle?

Men der fór ho i veg. Det saag mest ut som det var om aa gjera aa koma ut or huset so fort som mogeleg. Ingen tanke paa anna enn aa koma seg i veg.

Høyr, kor dei lo og hadde moro. Erik sin djupe litt skurrande laatt, Margot sin høge ljose – dei blanda seg og steig –. Helga høyrde dei heilt inn i kammerset, gleda og laatten der ute slo som ei bylgje imot henne, fanga henne inn, drog henne med. Ei lita blank taare lista seg nedover eine kinnet. Ho kasta litt utolsamt paa hovudet og turka vekk taara. Men ho vart staa-ande der ved kammersglaset likevel. –

Det var so undarleg med denne blanke isen og den glade laatten. Dei drog og lokka henne. Kom, kviskra dei, kom ut aat oss, ver ung, ver glad – kom, kom! –

Aah, den som berre kunde taka gamleskeisane og sviva i veg! Kasta heile ansvaret ei stund og vera ung og glad! Det kribla i føtene, det saug i bringa av lengt etter fridom, etter aa flyga bort over den blanke flata –. So freistande fin ein is!

Men det gjekk vel helst ikkje an, kunde vel ikkje gaa an. Ho saag paa koppane, saag paa grismatgryta, paa kjolen som ikkje var ferdig endaa – det var dei hundrad ting aa gjera. Men so song det imot henne ein kvell gjentelaatt – ha ha ha ha! trilla det bort over moen og langs med fjøra, 10det var sjølve yrande gleda som tok etter henne. Ropte –.

Og so tok Helga paa seg og gjekk ut. Ho gjorde ikkje noko gale, og arbeidet fann ho att. So fekk dei meina kva dei vilde baade den eine og den andre. –

Det var kaldt, og austanvinden beit so ho saup etter anden, daa ho kom ut. Eller heldt ho paa og vart hustren, unge sterke gjenta berre? Daa var det verkeleg paa tide ho kom seg ut og fekk fart i blodet att.

Ho var innom fjøset som snarast og gav gamle snilde Blidros ein høitapp. So lo ho mot austanvindssnoen og batt skeisone paa seg. Det var lenge sidan sist, ho kjende vel det; men med kvart gleid det – ho hadde ikkje stølna reint bort enno. Vinden tok so godt eit tak i stakken, den hadde so nære rive henne over ende, men ho berga. Det auka berre farten, og fri som fuglen i lufta bar det i veg bort over moen. –

– Det var reint løgleg aa sjaa kor innerleg forundra Erik og Margot vart daa Helga kom rennande imot dei. Dei trudde visst ikkje augo sine.

«Men – men er det verkeleg du, Helga,» stota Erik.

«Ja, du ser vel det. Eller trudde du det var skrymt?»

«Nei, men –.»

«Ha ha ha,» lo Helga so det song bort over isen, «du ser no ut til noko av kvart i alle fall. Du trudde gjerne ikkje eg kunde staa paa skeisor heller du?»

«Jau –.»

11«Vil du kapprenna kan henda?»

Ja, vel vilde han det. Ho skulde sleppa staa der og gjera narr lenge. Og i veg bar det. Margot fylgde ei stund, men sakka snart attover. Men dette var moro lel!

Det heldt hardt nok for Erik aa fylgja til aa bynna med. Helga la i veg som ein heil premietevlar. Det var som aar og aalvor var stroke av henne – ho var ung og glad og fri, og ho kjende ei usegjeleg frygd ved aa vera det. Slik var livet idag. Maatte det berre vara lenge!

Haaret laag i viltre krøllor i nakken og kring panna, og augo lyste. Det var so herleg ein leik aa glida i veg slik over den spegelblanke isen. Ho høyrde Erik straks etter seg – no muna han innpaa; ho tok endaa eit par kraftige tak, men kjende ho laut gjeva seg. Og der gleid han fint forbi henne.

«Blir du etter?» ropte han tergande og lo litt.

Helga lo med og gav seg over. Elles hadde han meir træning han, let ho. Og so var det reint utruleg aa sjaa paa kor langbeint han hadde vorte denne vinteren. Buksa rokk mest berre midt ned paa leggen, og det glipa millom trøiearma og votten. Helga vart reint fortenkt.

Ho tok til aa laga aattetal og renna parlaup med Margot. Det var moro aa friska opp att dei gamle konstene, og tida ho gjekk. Maanen sigla i veg paa himmelkvelvingen som ei skikkeleg blank sjuru. Det tok til aa kveldast. Og heime var det som ropte det etter dei baade hus og krøter, tykte Helga.

«No gaar eg heim,» sa ho. Og det var Erik og Margot med paa. – – –

12«Det er no ikkje stort ved i skjolet,» sa Helga, daa ho hadde hengt ifraa seg skeisone. Ho hadde tenkt aa taka med seg ei bør inn.

«Berre gaa inn du,» meinte Erik, «veden kjem paa raude rappet den.»

Og det gjorde den. Det small so kringt i skjolet; og inne tok Margot til med opvasken medan Helga budde til mat.

Ingen sa stort. Og likevel var kjøkenet fullt av ord som brann i hug og tanke. Det var so forundarleg. Som isen og skeiserenninga hadde løyst noko, men ikkje gjort det heilt. Og so saag dei mest brydde paa kvarandre, desse to.

Helga fekk ei djup rukke millom augo, og daa ho la paa varmen ein gong, vart ho sitjande og stira inn i den. Det var visst noko ho skulde ha sagt. –

Erik kom inn og kasta siste vedbøra i kassen. Han kosta av seg rusket og saag paa Helga.

«Du ser so fillosofisk ut,» sa han.

Helga retta seg opp og smilte litt og var aalvorsam lel.

«Eg har visst vore ein stor tosk, eg,» sa ho braatt, «ein retteleg stor tosk.»

«Det skal du faa meg til aa tru,» sa Erik. Og han sa det so kontant at det bar i laatten med dei alle.

«Du er ein gap, er du,» sa Helga og lo endaa. Og so vart det slik at laatten løyste det som var att aa løysa. Dei tok til aa prata. Og den muren som Helga hadde set veksa opp vinteren i gjenoro, den fall stykke for stykke.

13«Eg meinte eg maatte vera som – som mor,» sa Helga litt brydd. Og med lite grann sorg og saknad i røysta.

«Ja, men det gaar ikkje an, det,» sa Margot; «det var annleis med mor. Det kan ingen vera som henne.»

«Nei, det kan det ikkje,» sanna Erik med.

«Eg skynar det visst no,» sa Helga, og var ikkje stort eldre ho enn dei andre to. – – –

Det vart ei lita togn. Det var inkje vondt, men ein liten daam av sorgmilde laag over dei alle. Eit lite saart minne om to varme morsaugo og ei kiste med mange blomar. Mor si. –

– Erik fann tollekniven og tok til aa spikka spon. Han freista plystra ei sjømannsvise han hadde lært av Hans. Det let so undarleg forkomi. Helga laut smila aat han.

«Skal vi vera kameratar daa, Erik og Margot? Vi tri, slik som før i tida, slaass og hjelpas aat – –. So er eg berre Helga –.»

«Aal reit,» sa Erik med vaksemannssleng, han retta fram handa til stadfesting, «i gode og vonde dagar –.»

Det var sagt i skjemt. Men det var mest nifst kor mykje aalvor og høgtid det laag i dei orda lel.

«I gode og vonde dagar.»

Dei kjende det og mintes det i mange aar framover, dei tri foreldrelause syskena i Vika.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.