I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Arbeidet

Det laag og venta stødt. Det laag i kvar ei kraa og alle stader. Arbeidet. Ein bunding i kjøkenglaset – ho var so hendsleg aa taka til, naar kaka var smurt og kjelen let venta paa seg eller i middagen, naar det heftast litt før nokon kom og tok maten. Alltid var bundingen god aa taka til naar den laag der reide til kvar ei tid i kjøkenglaset.

Dei velsigna sauene! med all den gode varme ulla dei gav ifraa seg vaar og haust. Helga hadde reint ei kjensle av velstand naar ho hadde faatt den reine mjuke ulla opp paa loftet. Den var so god aa taka i og so vakker aa sjaa paa. Det var berre argerlegt at det vart so lite av det naar ho skulde bytta seg garn hos fargaren. Ein heil sekk med ull svann inn til ein liten pank berre daa. Ho tok smaatt til aa lura paa om det ikkje skulde vera rett aa finna fram rokken hennar mor? Naar ein berre kunde spinna skikkeleg! Men det maatte vel gaa aa læra?

Rokken vart staaande paa loftet ei tid enno; men vevleinone leita Helga fram ein dag. Dei saag ikkje rare ut, og sjølv maatte vita om dei var brukande. Ho gjorde seg ei erend bort aat Hans Fjerdingen i kveldingen. Om han skyna seg paa det og vilde sjaa dei over?

46Jau, Hans vilde. Han sette ut ei mjølkskaal aat katten og so vart han med straks. Dei skulde sagte faa vevleinone paa rett kjøl, let han, det var so visst inga konst. Og han saag over og sette saman. Han maksla til drev som vanta, han laga nye spilror, han sat i skjolet og song visor og ruska utover som sjølv han vilde. «Paa blomsterklædd bakke sad Hjalmar og kvad» – den let som ei murring berre somtid, men stundomtil kom baade orda og tonen som reine fanfarer. Og innimillom sputta han brunt og innerleg. Han trivdest i Vika, Hans Fjerdingen.

«Hadde du ikkje vore berre gjentungen, so trur eg mest eg hadde gifta meg med deg,» kunde han segja naar han retteleg var i godlaget.

«Jau, det skulde vore tilfarka,» svara Helga gjerne, «eg hadde kome til aa dengt deg kvar einaste dag for den sputtinga di. Det hadde snart ikkje funnest bjørkkvisten att korkje i Vika hell paa Fjerdingen.»

«Sjaa det, sjaa det. Anten kjerring eller tobak altso? Eg held meg til tobaken og let bjørkesveien veksa, eg. Elles er du no berre banet òg veit du.»

Og so lo dei og var gode vener. Og Hans var staut aa gaa aat no som før, han var hjelpsam og hendt til kva det skulde vera. Og no fekk han skikk paa dei gamle vevleinone i Vika med. –

Men Helga gjekk og samla alt sitt mod og skulde gaa til Ane-Marta paa Ness for aa faa hjelp og rettleiding. Det er lite med aa setja opp ein vev for den som aldri har prøvd seg paa eiga hand før. Kor mange alen kunde ho leggja opp etter 47marka, tru? og kva slag skei skulde ho helst bruka? Kor mange «passen» skulde ho renna han? Det var so mykje aa spyrja om; og kan henda Ane-Marta kunde sjaa seg stunder til aa gaa bortover til Vika ein kveld og hjelpa til litt med paabomminga? Det var so vondt aa bry folk, men – –.

Helga sat i stova paa Ness, raud og brydd og fjaag attaat. Ho var ikkje faarleg aa koma heim aat, Ane-Marta nei.

«Du vil slaa deg paa vevnad?» undrast ho, «det held eg retteleg med deg i. – Kom, skal du sjaa, eg har vadmaalsvev oppe eg òg.» Og dei gjekk aat kammerset og kleip i tyet og saag paa garnet – det kjendest mjukt og fint. Og det var so trivelegt med alt det ein kunde faa til sjølv.

«Det skal bli noko aa slita paa til vinteren, det,» meinte Ane-Marta.

«Dei segjer no det løner seg ikkje òg,» sa Helga, «kona hans Alfred paa bua raadde meg bein ifraa ho.»

«Ho har ty til sals ho, veit du. Nei, gruv aldri for det du. Nytt stundene, det løner seg alltid. Det meinte ho mor di òg, so du har godt aa skjøtast paa i so maate. Og so er det det med det ein har til sjølv, ein veit kva ein har paa kroppen daa. Ein blir glad i klæda sine og er redd for dei. – Ja ja sa’n, veven skal eg nok hjelpa deg aa faa opp, Helga; og skulde det vera einkvart anna òg, so –.» – –

Slik kom veven opp. Og skyttelen gjekk fraa hand til hand kvar lita ei stund ho naadde til. Og tankar og draumar og ljose framtidsvoner vart vovne med inn i vadmaalet. Det er det undarlege 48med veven, at den gjev vokster aat modet og aat gleda. Um ein set seg i veven og er graa til sinns og all verda ligg utover ein som ei bør, – naar daskane av slagborden tek til aa syngja, daa ljosnar det og letnar det med kvart. Det er mest største signinga med veven, og det lærde Helga snart aa skyna.

Og Margot trødde spolrokken og trala og song attaat. Og tida ho tøygde seg og rakk til og gjekk fort likevel. Og smaastundene vart nytta. Ho tok etter bundingen naar det so høvde, ho ansa det mest ikkje, men før ho vardest var votten eller hoso ferdig. Ho sette seg i veven, og daskane let jamt og trutt ein times tid og to, og daa hadde ho alt vove eit langt stykke.

Og gleda laag og dirra inni henne, ho smaasong i raslinga av bundingsstikkone, i daskane av slagborden. Naar eg no blir ferdig, song det, naar eg no berre blir ferdig – daa skal Erik faa klæde og Margot kaape, daa skal vi sauma. Og so skal vi ha opp ein ny vev kan henda –. Det ligg so mange ljose voner i eit arbeid ein held paa med og blir glad i. –

Ho maatte tenkja paa Ingrid fraa Ness so mang ein gong, Helga, naar ho stræva og sleit og tykte dagane flaug ifraa seg.

«Takk Gud for arbeidet,» hadde Ingrid sagt daa ho laag der helselaus dei lange dagane og vikone før ho fekk sleppa av. Takk Gud for arbeidet! Den tid var ho ikkje sopass at ho kunde taka etter det minste grann lenger. Ho var ung og skulde døy.

Det var helst lite med takken slik til kvardags, 49det kjende Helga; men somtid kjende ho òg kor ho takka med heile seg. Ikkje berre for arbeidet, men for helsa og livet. Ho kunde strekka hendene og retta seg og kjenna blodet rinna varmt og friskt gjenom aadrane. Ho kjende ei yr glede ved aa liva, ved sjølve det aa vera til og faa lov til aa veksa. Ho var so ung og sterk og helsug, ho hadde raad til vera god og til aa vera glad.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.