Det vart Arne som kom med vaaronnreidskap og hestar. Det var tidleg morgon og dagen laag ny og vaknande framfor han.
Helga kom or fjøset med mjølkebøtta daa vaaronnkaren kom. Ho trudde mest ikkje augo sine, ho visste ikkje at Arne hadde kome heim alt.
«Er det du som kjem daa?» undrast ho. Og «ja, som du ser,» sa han. Elles vart det ikkje stort med pratet. Det bar aat aakeren, og dit vart Erik med for aa plukka opp stein og gjeva ei hand med naar det elles trongtes. Helga stulla med maten og krøtera, og Margot sprang til og fraa.
Det vart ein undarleg dag. So annsam og god, og sjølv veret var reint som sjølvgjort. Til dugurds hadde dei alt kome bra i veg med plognaden.
«Det gaar bra,» tykte Helga, ho var ute og bad dei inn til mat og laut sjaa kor det muna med same.
«Ja, det skulde eg meina. Det var helst det det skulde gjera òg,» kytte Arne. –
Det vart prata om laust og om fast, – litt om veret og aarsvonene, lite grann om skuleposten Arne hadde havt, nokre spursmaal om kjenningar – og svar. Smaa kvardagsord, utan maal og meining somtid – ord, sagt berre for aa ha noko aa segja. For tegjast maatte det ikkje. Togn er verre enn alt naar 24grunnen ikkje er heilt trygg. Godt og likesælt prat dekker over so mangt. Men lel vart dei undarleg innhaldsrike, dei smaa likesæle orda. Dei kom med bod og minne, dei kom med uklaare gryande framtidsvoner.
«Hugsar du, hugsar du?» susa det inn under, «hugsar«hugsar] rettet fra: hugsar (trykkfeil) du den gongen? og den? og no er det vaaren att – tru korleis somaren blir?»
Det er undarleg med orda, dei er ikkje alltid slik ein høyrer dei berre – det kan bu mykje i dei om dei er smaa og likesæle òg. –
Kan henda kinna var litt raudare – eller var det berre varmen fraa komfyren og ihugen med maten som fekk rosone til aa bløma paa kinna hennar Helga og fekk augo til aa skina so blanke og klaare? Ingen tenkte over det – Helga slett ikkje. Ho hadde so mykje aa staa i, og visste vel ikkje sjølv at gleda la glans over henne. – Og dagen gjekk so fort at ein reint kunde trenga til aa halda fast paa han. –
«Kjære, er det non alt no?» undrast Arne, daa Margot kom springande og bad han inn.
Jaha, og no maatte han koma straks, paa raude rappet, skyna han, – ikkje bøn for anna – og som ein kvervelvind fór Margot inn att.
Helga hadde steikt egg aat alle attaat kaka til nons, og det var ikkje kvardagskost i Vika. Inkje under at det hasta. Men denne dagen var ikkje som ein annan dag heller, – og egga høvde til dagen.
«Mest som ein fest, sju,» kvitra Margot, «mest som ein fest –». Og ingen la i mot. Det var heller som det kvitra med baade blomar og blad, baade fugl og fly–.
25– – – – Mot kvelden kom Kristen og saag om dei. Han let vel om plognaden.
«Hadde mest ikkje trudd du var so pass, eg,» sa han aat Arne. Han var glad.
«Du trudde vel læraren reint tok livet av jordbrukaren du helst?»
«Aanei, ikkje det nett. Men ein kan mangt ottast, veit du. Dei kan bli gløymske lærarane òg.» – –
Han fekk med seg Helga for aa sjaa paa jorda, og gjekk so der og rettleidde og gav gode raad.
«Der maa du ha bygget, trur eg,» sa han, «og havren har du vel tenkt aa ha frammed sløgda her? Eg kan tenkja meg det, ja. Potetaakeren faar du lagleg til i aar so nær kjøkendøra. Og noko nepe maa du vel ha? Du har det att paa mjølka veit du.»
Jau, Helga hadde tenkt paa nepa. Det var sagte ikkje stort stykket, men –
«Det er snart likare enn ikkje noko. Du skulde havt ein sekk kunsthevd òg til hjelpen – det er saker som faar det til aa veksa.»
«Ja, men den er vel dyr òg?»
«Den er dyr ja, diverre. Men no høver det slik at eg har ein sekk til overs, eg. Arne kan taka med den naar han kjem i morgo. – Nei, ikkje noko aa takka for, Helga. Erik skal nok faa arbeida for det, ver trygg for det du. Men eg tykjer det vilde vera gildt aa sjaa det veksa her eg óg.»
Helga visste ikkje korleis ho skulde faa takka retteleg. «Det er berre so alt for mykje,» sa ho.
Men var det likt, meinte Kristen. Og var det so ho hadde tolsemd til aa gaa her og høyra paa 26jordbruksvisdomen hans, so var det berre moro aa prata.
Han maatte berre ikkje snakka om tolsemd, meinte Helga; so lite som ho skyna seg paa jorda og drifta so var ho glad og takksam for kvart godt eit raad. Og med tida maatte ho vel læra.
«Ja, gruv aldri for det. Det kjem sjølv seg det. Men først maa du læra aa elska jorda, du maa kjenna at kvar ein taag i deg høyrer saman med den, du maa læra aa skyna at ein med sanning kan segja ‘moder jord’. Naar du har lært det, vil resten koma av seg sjølv med kvart. Daa vil du kjenna kva jorda krev av deg. Ja, det er no mi røynsle.» – – –
– – Det vart so Kristen tok med seg hestane heim. Han vart gaa-ande der og prata til det vart kveldtid, – og daa saag Arne seg mun i aa hjelpa til i den vesle hagen ei stund utover kvelden. Det var somt uspadd der enno, og mangt aa taka ei hand med i for den som vilde hjelpa til.
Helga kunde berre takka til. Det stod ikkje paa naar dei fekk so bra hjelp, let ho.
«Ja, lat meg no sjaa du gjer gagns arbeid òg daa,» sa Kristen daa han fór. – Helga var ikkje trygg paa korleis han meinte det, om det var aalvor eller –.
– Men det vart arbeidd. Jamt og trutt lenge utover. Men daa det leid paa, vart Arne staa-ande og stø seg paa spaden rett som det var. Og tenkja. Det vart ikkje meir med han ei stund. So tok han seg paa tak att, men det merktes at dagen var utarbeidd før. No var det kvelden og høveleg tid til aa prata.
27Erik hadde lege i det med frautrilling hittil, men no hadde han visst gjeve opp. Og Margot hadde somna innmed omnskraaa med ei bok i fanget.
Og natta kom sigande som eit blaatt slør ned fraa fjellom og døyvde all uro.
«Kvifor skreiv du ikkje aat meg?» undrast Arne, han stod og stødde seg paa spaden att og saag paa Helga som planta om ein liten rosebusk.
«Skreiv? Eg hadde vel ikkje noko aa skriva om helst.» Helga grov godt med jord kring røtene. Ho mintes dei mange gonger ho hadde freista skriva – svar paa brev ho hadde faatt fraa han.
«Kjære Arne», hadde ho bynt, eller «gode Arne». Men det gjekk ikkje. Ho hadde freista med «gode ven», men det òg let so stivt og tilgjort. «Du Arne,» skreiv ho. Nei, ho likte ikkje det heller. Ho kom seg aldri forbi denne overskrifta. Ingen ting høvde. Ho hadde freista seg og maata til so mange gonger, at det ikkje vart til noko med heile brevskrivinga. – Og so vart det slik at ho fekk ikkje fleire brev ho heller. Som ventande kunde vera.
Og no stod han her og spurde. Kva anna kunde ho svara enn at det var vel ingen ting aa skriva om? – Men somtid i vinter medan ho gjekk og tenkte paa det, hadde ho havt mest all verda aa skriva om. Det var tankar og tvil som braut paa. Det var bøker ho hadde lese, meiningar ho høyrde – det var so mangt og so mykje. Og so tulla ho seg berre bort i denne meiningslause overskrifta.
Ho maatte smila med seg sjølv naar ho tenkte 28paa det no. «Du Helga,» skreiv Arne so beint fram og sjølvsagt. Det var inga sak for han. Ho kunde vel ha skrive «du Arne», ho òg. Men det var reint so tankane gjekk i tull daa ho bala med det, – og smaa ting vaks opp til reine storhendingar.
«Kva lær du aat?»
Helga skvatt opp or tankane og reiste seg. Jorda var klappa til so fint og vel kring det vesle rosetreet at det var eit syn.
«Eg lo daa visst ikkje,» meinte ho.
«Jau, det var nett det du gjorde òg det.»
«Ja, daa var det reine vanheppa. For eg tenkte slett ikkje paa aa læ.»
Men kva tenkte du paa daa?»
«Eg? Nei, ingen ting det eg veit. Var vel glad fordi det er vaaren venteleg.»
«Saknar du ikkje byen?»
«Aldri det slag. Det vil segja, i vinter some tider trur eg nok eg gjorde det. Naar kveldane vart retteleg lange so –.»
«Kvifor gjekk du ikkje til Ness daa? Mor sakna deg. Ho vart so aaleine etter at Ingrid kom bort.»
«Ho har no deg –.»
«Det er mest jamgodt med inkje nokon det.»
«Nei, no trur eg mest du held paa og blir smaalaaten òg. Er det i vinter du har lært det? For paa lærarskulen lærde du det ikkje.»
Helga lo, og Arne maatte læ med, endaa svarte aalvoret laag som ei tyngd inn under. –
«Men kvifor gjekk du ikkje heim aat a mor lel, Helga? Dei saknar ungdomen so heime, – og deg kunde det daa ikkje gjera noko?»
29«Det var vel helst tiltaket som vanta, tenkjer eg. Det er stødt noko aa bala med, veit du, – om ein har berre lite òg. Og naar kvelden kjem, er ein gjerne klar baade den eine og den andre.»
Arne vilde til aa svara, men so kom Erik og fortalde at han hadde faatt kjelen paa kok, so no var det tid til aa halda kveld. Dei fekk vera so god!
«Eg tykte vi laut ha ein ekstradrope, naar det vart slikt ekstraarbeid,» let han.
Ja, det var sant, sa’n, meinte Helga òg. Ho hadde berre ikkje havt stunder til aa tenkja so langt enno. Men no heldt dei elles paa og slutta med arbeidet her òg lel. Og mykje takk for hjelpa! –
– – Morgonen etter kom Arne att. Det var same finveret. Og arbeidet gjekk fraa handa nett som ein leik.
Den dagen saadde dei. Helga let det gullgule kornet risla millom fingrane sine. Ho sat og tenkte paa at saanaden var ei heilag gjerning. Det hadde ho høyrt fraa ho var lita, og no tok ho smaatt til aa skyna det.
Ho mintes mor si – ho fortalde ein gong at før var det alltid kvinnfolka som saadde. Mormor hennar Helga hadde saadd her i Vika før. Farmor hennar hadde vel gaatt paa ein annan kant av landet og saadd ho òg, truleg. Paa ein liten aakerflekk millom fjøresteinane kan henda, eller paa myrlende høgt mot fjellet, der frosten beit lenge utover vaaren og tidleg om hausten – der dei maatte taka raabarrøyken til hjelp mot nordanvind og frostelingar. Kor far hennar kom ifraa, visste ikkje Helga; men her i Vika vart han hangande fast, her livde han livet sitt som ein velvyrd og dugande 30arbeidsmann. Og her saadde han kvar vaar til sin døyande dag. –
Sidan vart det tidomtil med saanaden. Etter at mor vart aaleine og daarleg. Det vart so mykje aat henne. –
Men no skulde arbeidet med jorda takast opp att. No skulde her saa-ast. –
«Trur du ikkje eg kunde faa saa bygget,» spurde Helga og saag opp paa Arne som stelte med kornbøtta, «dei brukte det kvinnfolka gamalt attende òg.»
«Du gjer vel som du sjølv vil om det, kan du vita – dersom det ikkje blir for tungt aat deg, so –?»
«For tungt? Du veit nok ikkje, du, kor sterk eg er. Men du maa læra meg –.» – –
So gjekk Helga og saadde. I heimejorda. Det var skire gullet ho saadde – det var korn som skulde spira og veksa og mognast, det var maten og livet aat henne og syskena. Ei heilag gjerning var saanaden.
«Send sol og regn, gjev vokster og kraft – signe saanaden, herre!»
Slik steig bøna fraa hjartegrunnen, heile gjenta var ei einaste audmjuk bøn. So hardt tok det henne at augo var blanke av taaror. Signe arbeidet, herre! – –
Fram og attende gjekk ho paa den vesle aakerlappen, kasta kornet med neven og bad si same bøn om signing. Ho fyllte paa bøtta, og Arne hjelpte henne, men ingen sa noko. Han vart berre staa-ande og sjaa etter henne, kom seg ikkje skikkeleg i gang med noko anna straks.
31Ho var so vakker der ho gjekk, og so sterk attaat. Ho var sjølve vaaren og det unge veksande liv. Han stod og kjende det som ein rikdom berre det aa sjaa henne; han tykte han kunde gjeva sitt eige liv for aa verja hennar mot sorg og vanmakt. –
Den kvelden var det første gongen Helga verkeleg kjende at Kristen Ness hadde rett igaar daa han snakka om jorda. Ein maatte elska henne først og kjenna seg eitt med henne – daa vilde det meire koma òg med kvart. Ikkje berre krevja av jorda, men elska henne. Daa gav ho hundradfold att – daa gav ho liv og lukke, daa gav ho mod og kraft aat menneskjom.
Det var ei uklaar kjensle berre enno, men med aara lærde Helga aa skyna, at slik var det.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.