Det leid so langt paa somaren at jordbera heldt paa og mognast. Dag for dag gjekk Helga oppe i nylandsstykket og passa paa. Ho plukka inn ber og selde, ho luka ugras som vaks til. Ho likte seg der oppe i solbakken, og det gav glede og nytt mod aa tenkja paa alle kronone dei skulde taka inn berre paa dette vesle jordstykket no i somar. Det muna daa.
«Det blir snart so mykje til bruk at du trengst heime no,» sa Helga aat Erik ein kveld. Det var noko skjemt enno, men leid om eit aar eller to-tri, – naar dei fekk hagen i stand som det beintest til no, so trongst det baade omtanke og arbeidsviljuge hender. Daa skulde dei snart kunne taka meste føda si heime baade Erik og gjentone. Naar dei berre fekk det til, so – det var som ei ljos og lukkeleg framtid aa sjaa inn i, der Vika laag nyvølt og milte imot dei. –
Erik arbeidde paa Ness. Det skulde sjaa ut som onnearbeidet skulde taka kjæta av han; men naar kvelden kom, tok han paa heimveg – og stødt var det noko aa taka i med. Det var utruleg kva han vann over. Og det song i hugen, det skein i augo – det gleid daa framover, det gjekk reint utruleg somtid.
119«Med tida skal de rett sjaa,» sa Erik og gjorde eit lite kast med hovudet for aa faa haarluggen or augo; «lid om eit aar eller to tenkjer eg vi legg inn ljos,» sa han, og det var som eit heilt eventyr aa tenkja paa det.
«Men til hausten skal du faa vatn inn i fjøs og kjøken lel,» sa han til Helga. Det var skire aalvoret, og det var mest endaa større eventyr.
«Det er snart halve arbeidet taa daa,» sa Helga og var uviss om dei vaaga leggja i veg med graving no.
Men Erik trudde for dei baae. Han hadde funne ei oppkome oppi storhaugen, og naar han grov sjølv –. Han hadde rekna det over mange gonger, – med jamt arbeid og jamn fortenest heile somaren maatte han greida det. Han maatte greida fint òg. Han kunde grava ei stund kvar kveld. Det muna det òg. Og stod han opp ein times tid tidlegare om morgonen, so – ja, daa skulde dei ha vatn før dei vardest. Dei kunde berre bu seg.
«Eg er redd du blir for strid med deg no,» sa Helga; ho maatte taka til vites tykte ho, endaa eventyret lokka henne med. Men Erik lo berre og synte fram nevane sine.
«Har du set slike musklar nokon gong,» kytte han, «om eg hadde vore Norgesmeister i boksing kunde dei ikkje ha vore stort hardare. Men du kan tru dei skal faa røyna seg òg. Du snakkar om kar som skal grava, du! – eg kunde gjerne dansa med deg, so glad er eg.»
«Nei, daa er det likare du grev lel daa,» lo Helga.
«Ja, ikkje sant? Det er nett det eg meiner eg 120òg. So dansar vi ein svingom den kvelden vatnet renn i kjøkenet. Er du med paa det?»
«Det er eg med paa. – Men eg tenkjer paa ein ting, eg, – enn om far og mor kunde sjaa aat Vika no –.»
«Ja. Eller om eit aar eller to – naar vi har faatt inn vatn og ljos og snudd paa rabben kan henda –.» Dei tagna litt baae og saag framfor seg. Og mintest. Om han far hadde set nylandsstykket no! – Men Erik kunde ikkje tegja lenge – det var so mykje som sprengde paa. «Er det ikkje undarleg, Helga, men somtid naar eg kjem fraa Ness om kvelden, er det som jorda her snur seg aat meg og smiler. Sjølve jorda, skynar du. Har du kjent det slik nokon gong?»
«Jau, mange gonger. Naar eg gaar og lukar vekk ugras og plantar og grev, daa kjenner eg det mest som eg kjæler for jorda, og daa blir ho ljos og smiler aat meg. Eg kan aldri tenkja meg jorda anna enn som livande –.»
«Veit du kva Ane-Marta sa idag?»
«Nei?»
Vi sat og snakka om arbeidet daa vi var inne til nons. Han Anders, drengen veit du, han er so misnøgd stødt han. Han sa det var det reine slaveri aa slita med jorda – han vilde søkja seg inn paa fabrikken, sa han, so fekk han daa kvelden fri. Og meir løn òg –.»
«Tullprat. Enn aa snakka slik paa Ness der de har det so bra! Du maa berre ikkje hør’ etter slike, Erik, det segjer eg deg.»
«Sjølvsagt. Men du veit, han Kristen vil vi skal hanga skikkeleg i.»
121«Det var vel òg.»
«Ja, det synes eg òg det, veit du. Men han Anders synes det blir for mykje han, skynar du, og so brukar han kjeft. Han er no soleis.»
«Ja, men kva sa ho Ane-Marta daa?»
«Ho sa det at arbeidet vil alltid bli slaveri for den som ikkje er glad i det, anten ein arbeider med jorda eller i fabrikken. Det er kjærleiken som vinn over alle vanskar, sa ho. De kan berre sjaa nedpaa Vika, sa ho òg, – ho hadde gaatt her forbi ein dag og det vaks og blømde alle stader. Og det var fordi at vi hadde vore glade i arbeidet og jorda, baade vi og foreldra vaare føre oss. Du kan berre tru eg vaks der eg sat! – Men ho er undarleg somtid, Ane-Marta; ho kan gaa heile vika og ikkje segja ordet mest, men so rett som det fell henne inn ein dag pratar ho i veg, so ein mest ikkje veit kva ein skal tru.»
«Ja, ho kan vera undarleg –.»
«Ho bad meg elles helsa deg. Ho var med meg ut paa tunet daa eg gjekk og stod og prata ei heil stund. Og daa bad ho meg helsa deg òg med det, at det er kjærleiken som vinn.»
«Nei, no trur eg det skin over. Kva meinte ho med det tru?»
«Nei, det veit eg ikkje. Eg sa at ingan kunde halda av Vika og arbeidet her meir enn du; men ho sa eg kunde berre bera fram helsinga. Og so faar du taka det for kva du vil daa.»
«Ho er klok, Ane-Marta.»
«Ja, og so sterk du! Ho er ikkje stor, men naar ho ser retteleg paa ein, so maa ein tenkja paa styrke lel. Eg har aldri set det so godt før, synes eg.»
122«Ja, ho er sterk òg. Eg undrest –.»
«Kva undrest du paa?»
«Nei, det var ikkje paa noko i grunnen. Eg tenkte berre paa vass-springgravinga. Eg trur du kan taka til med det eg, Erik. Du faar Hans til aa hjelpa deg med gravinga, og so kan du faa han Kristen til aa rettleida deg med rør og slikt. Eg trur du faar det til. Og du kan tru, det skal smaka godt aa bli fri denne vassberinga stødt! Det er mest so eg torer ikkje tru det, so glad er eg.» –
Og ho saag ut som ho var glad, Helga. Det var slik glans i augo, og det leika smil kring munnen. Ho sulla smaatt og song; og det hadde ho ikkje gjort paa lenge no, so Margot maatte reint sjaa paa henne.
Men var det ikkje forundarleg lel aa faa ei slik helsing? At kjærleiken vinn. Det var mest som ei bøn òg. Det kunde liggja so overlag mykje i dei orda, meir enn mange vilde sjaa. Dei verka allvisst som eit lite skimt av sol over vengene.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.