I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Maasen

Ho skulde sjølvsagt ikkje ha skrive. Det siste skulde ho allvisst ikkje ha skrive, det var so tregelegt som det kunde vera, og sjølvsagt kom han til aa misstyda kvart eit ord; men det kom slik for henne den dagen, og ho skreiv det ned mest før ho vann tenkja seg om. Men no tenkte ho paa det kvar einaste dag etterpaa. Op ho trega. Kva hadde ho med aa blanda seg opp i alt det som ikkje kom henne med? –

Men om ho ikkje hadde skrive, daa hadde ho vel gaatt og trega seg daa òg – og gaatt og kjent paa at ho skulde ha freista i alle fall.

Ein dag kom det bilskyss forbi til Ness, framandfolk. Hans kom nett raklande etter vegen, og Helga gjorde seg toskaat og spurde om han kjende framandfolket?

Nei, var det likt seg daa. Men dei venta kjøpar til Ness, han skulde koma og sjaa paa garden, visste Hans. Truleg var det nokon slik.

Eg gjorde rett lel daa eg skreiv, tenkte Helga, det var rett. Men dagen var full av pine og tunge tankar. Ho tok for seg brevet hans Arne; ho hadde lese det mange gonger og kunde det mest utanaat, men ho maatte sjaa det lel. «Eg trudde somtid du 114skyna meg,» skreiv han. Kva meinte han med det tru? Kva skulde ho skyna? –

Det hende at Helga vart sitjande gjerandslaus i veven og stira utover fjorden. Utmed stranda saag ho ein skimt av vegen til Ness. Dit gjekk augo helst. Men tanken gjekk vidare, den gjekk heilt fram til Ness, den gjekk sør over landet, gjekk til Danmark og fann ikkje ro der heller. Gjekk Arne der og hadde det vondt tru? hadde han gjeve seg heilt over? Hadde han gløymt? eller var det ingen ting aa gløyma i grunnen? Berre ein draum – ein daam av eventyr ved gruveelden?

I ring gjekk tanken og kom ikkje lenger. Kva hadde han meint? Eller hadde han ikkje meint noko i det heile?

Helga vart bleik og tunn den vaaren. Og augo vart aalvorsame og grunande. «Dersom eg berre visste,» tenkte ho, «dersom eg berre visste –. Men han har vore ute i verda so lenge og set so mykje, og lært so mykje, og eg – nei, eg kan ingen ting gjera.» –

Ho ordna første blaasymreknuppane i ei skaal ein dag; ho kjælte reint for dei og visste at no var vaaren der snart, men det var helst somaren ho tenkte paa. «Til somars kjem eg heim ein tur,» stod det i brevet ho fekk. –

«Du faar ikkje lata Margot faa all mjølka,» sa Ane-Marta ein kveld, Helga kom med mjølkespannnet til Ness, «du ser ut til aa trenga ein sildropeskvett sjølv og no snart –.»

Helga snakka det berre vekk og meinte det var vaaren som tok paa. «Han gjer stødt det aat meg,» sa ho. Og ho trudde det sjølv. Men slik 115som no hadde vaaren aldri teke henne. Ho orka so lite vera i ro med nokon ting. Rett som ho sat i veven so var ho ute med eitkvart, og rett som ho laag i hagen og grov, maatte ho inn aat bundingen eller sauminga att. Og song ho ein hende gong, so var det mest som ho vilde graata attaat. Ho kom seg ikkje i gong med nokon ting og fekk ingen ting skikkeleg i fraa seg. Hadde ikkje Erik vore so flink, so hadde det ikkje set rart ut med utearbeidet den vaaren. Margot gjekk aat presten i aar og hadde nok med seg sjølv og sitt.

Men ein kveld hende det noko som fekk Helga til aa tenkja seg om, som fekk henne til aa sjaa etter arbeidet att og til aa halda augo vakne. Bruland fridde.

Det leid noko ut paa vaaren alt, og Bruland hadde vore i Vika ei stund mest dagstødt for aa rettleida og hjelpa til, og helst fordi han likte seg der. Helga hadde vel tenkt sitt ein og annan gongen, men det kom liksom ikkje for henne at det skulde bli aalvor av det lel. Det var so mykje anna som tok tankane.

Men no sat Bruland der og bad for seg og livet sitt. Helga sat og sauma istand ein somarkjole til Margot. Ho sauma og sauma, og fekk seg ikkje til aa segja nokon ting. Og Bruland sat med ei traadsnelle og eika av traad og nøsta paa att – og snakka. Ho maatte ha set det lenge kor glad han var i henne, meinte han. Og daa Helga ikkje svara, heldt han berre fram med sitt.

Men Helga sat og tenkte paa brevet fraa Arne og paa det ho sjølv hadde skrive til slutt. Sa ho ja no, so vart det som Arne vilde og daa kunde 116han ikkje misstyda brevet hennar heller. Sa ho ja no, so fekk ho det godt. Daa fekk ho fred for rentor og bankterminar. Daa gav ho opp kampen, og so kom ho seg vel til ro med kvart.

Ho saag paa Bruland. Ho saag det tette brune haaret hans, det sterke andletet – ein staut mann. Men – han fekk ikkje hjarta hennar til aa skjelva av frygd, det song ikkje i hugen naar ho tenkte paa han. Det var ikkje han – det kunde aldri bli han heller.

«Kva segjer du so?» sa Bruland endeleg.

«Eg – eg kan ikkje – eg kan ikkje lel –.» – –

Den kvelden tenkte Helga paa maasen. Paa sin maase. Ho gjekk nedaat naustet og langs med fjøra. Ho høyrde sjogen fraa fjorden, ho gjekk og stridde med minne og voner. Det krydde av maase der nede millom steinane, det skreik og flaksa og flaug opp rundt ikring henne. Men hennar maase livde i hug og tanke, han flaug og flaug mot svarte uveret og kjempa sin kamp til endes. Ho let att augo og saag han for seg – skinande kvit mot alt det mørke.

Naar eg blir rik ein gong, tenkte ho og smilte litt saart, naar eg blir rik og faar god tid, daa skal eg veva den maasen inn i eit biletteppe. Han skal flyga med spilte venger mot mørk blaa botn, og sol skal han faa over vengene – eit lite solstreif lel.

Den maasen hadde hjelpt henne over so mang ei tung stund, den var hennar beste ven og fylgje. –

Og no stod ho og studde seg mot naustveggen og let vinden ruska i haar og klæde. Ho stod og knuga hendene i einannan og heldt domedag over 117seg sjølv. Arne, gret det inni henne, Arne song fjorden og susa vinden. Det var ingen annan enn han, kunde aldri bli nokon annan heller. Ho visste det no. Sjølv om han aldri kom att, det vart aldri nokon annan. Det var vondt for Bruland, men ho kunde ikkje anna. Om ho skulde bli aaleine all sin dag, ho kunde aldri gjera det annleis.

Og so heilt aaleine vart ho no elles ikkje. Arbeidet hadde ho att, det svikta ikkje; det laag helst og venta paa henne kor ho snudde seg. Og den kvite maasen hadde ho att, den som livde i minnet og flaug med mod og tru og aldri gav seg.

– Paa heimvegen gjekk ho om nylandsstykket. Der stod jordbærplantane fraa ifjor – dei trong vyrdsling saag det ut for. Det var mest som dei bad for seg dei òg. Imorgo fekk ho nok taka til for fullt aalvor.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.