I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Ei kveldstund

Det leid paa etterjolsvinteren. Det var vinter enno, men midt paa dagen tok sola snøen paa taket so det draup, draup – –, og vegane var botnlause av snøsørpa og tunge aa gaa etter. Men det gjorde ingen ting. Det maa vera slik òg ei stund, før det blir betre, sa folk. Det var som dei kjende luftning av vaaren so snart dei saag ut.

No kjem han snart, sa dei – no lid’ det med’ det skrid’ mot vaaren òg!

Og dei saag etter gamle med og merkje og spaadde smaatt nokon kvar. Dei snakka om tele og isbrand og mintest kva gamlekarane sa og meinte, dei saag etter nedbør og turke, etter laurdagsmaane og nytt. Som vinteren var skulde somaren bli. – Og sola tesa litt for kvar dagen. Men om kvelden kom nordanvinden. Han er kald enno, sa folk og hustrast og leita seg inn aat hus for aa leggja i omnen. Det er godver ute til aa vera inne i, sa dei. –

Ein slik kveld sat Helga og Margot i kjøkenet i Vika og venta paa Erik. Han var hos Hans Fjerdingen. Dei hadde vore paa sjøen og teke opp lina. So vart Erik med bort aat Fjerdingen og skulde hjelpa Hans aa egna ei ny line. Men først skulde dei paa buda med fisken – Alfred hadde tinga paa alt dei kunde faa. – –

75Det var komfyr i kjøkenet breidmed den gamle gruva. Men ikveld hadde Helga gjort opp varme i gruva. Det var so triveleg med ljosken framover golvet. – Ho hadde vove ned ein lerreftsvev idag, hadde kjeppast no i to–tri dagar for aa faa han ned til helga, so no verka det reint baade i rygg og armar. Men no var han nede, og ikveld unnte ho seg kvila med godt samvit. Ho la eit par rettelege olderlompar paa varmen og godgjorde seg, vermde hender og føter og drøymde om alt ho no skulde faa til av klæde og husbunad.

«Det munar daa,» sa ho halvt aat seg sjølv, halvt aat Margot, «det munar no lel.» Og iaar har vi saakornet sjølv, tenkte ho vidare og kjende retteleg kor godt det gjorde aa vita det. «Ja visst munar det,» sa ho endaa ein gong.

Margot la fraa seg boka – det vart for mørkt aa lesa meir. Ho òg strekte seg mot varmen og likte seg.

«Vi har det i grunnen godt,» sa ho.

«Det skulde eg meina. Eg er glad for vi tok til her i Vika lel eg. Det er noko med det aa ha ein heim. En verkeleg heim.» –

Dei vart sitjande og sjaa inn i den leikande logen, dei tenkte kvar paa sitt og drøymde smaatt. – Til Helga tok til aa fortelja fraa byen, fraa bondeungdomslaget, fraa songøvingane og leiken. Det let mest som eventyr for Margot, det var no òg so sjeldan Helga tok seg tid til aa fortelja noko. Men ikveld var det reint som ho livde opp att dei par aara i byen. Smaa kvardagslege hendingar, festar og ljos og tonar – ho mintest og fortalde. Mykje vondt og saart hadde ho gløymt, mykje godt hadde 76faatt sterkare glans. Det var noko av eventyret lel. Soria Moria slott som straalte mot ein –.

«Men at du trivest med det her,» undrast Margot, «naar du hadde det so gildt der. Og fru Strøm vilde visst gjerne havt deg –.»

«Det vilde ho nok, men –. Eg likar meg betre her lel. Enn om vi fekk til Vika slik som vi har snakka om, Margot? slik som vi har tenkt?»

Dei tagde litt baae og saag inn i varmen. Ingen tenkte noko sers, det var berre so godt aa sitja slik og drøyma og smaaprata og lata tida gaa.

«Eg likar aa røyna meg paa noko, eg,» prata Helga vidare, «eg trur eg likar aa kjenna at eg er sterk, at eg duger til noko. Det er helst difor eg likar meg her, – faafengd daa, skynar du.» Ho saag drøymande inn i glørne. Det var sant som Margot sa, det var gildt i byen, der var ljos og fargar og likevel –. Ho tenkte paa nylandstykket. Og smilte.

«Det skal bli moro aa sjaa jorda bli livande no til vaaren att – sjaa det gro og veksa. Det ser ein ikkje i byen. Eg lengta slik heim om vaaren –.»

«Eg bryr meg ikkje so mykje om jorda, eg,» sa Margot og sukka litt.

«Eg skynar ikkje det i grunnen. Det maa vel vera det at du er for ung enno. Elles er det ikkje berre jorda – det er alt i hop, det heng saman liksom. Det er mest som alt kjem or jorda – all vokster. – Eg faar ikkje til aa segja det eg meiner, for eg veit ikkje om eg skynar det sjølv retteleg. Det er liksom noko eg kjenner berre.»

«Du er so – so sterk du.»

«Ja, eg er visst det.» Helga sa det stilt, mest 77tøvrande. Ho kjende det best sjølv at ho var sterk, men somtid kjende ho òg kor hjelpelaust veik ho var. Visst var ho sterk; men naar det ikkje var nokon annan til aa vera det, so –. Naar ho maatte! Om Erik hadde vore vaksen kar – men han var daa berre ein gut, og ein kunde ikkje lessa ansvaret over paa han, ikkje aaleine. Og sterk? – det var nett det ho skulde vera. Det var det ho hadde faatt baade helse og vit for.

Og likevel var det som noko gret inni henne somtid, ein lengt ho ikkje skyna retteleg. Det var ikkje byen heller –.

– Det hadde vorte so stilt frammed gruva. Margot sat berre og strekte seg og vermde føtene, og Helga fall reint i stavar. Glørne fall saman, og skuggane vart lange og myrke. Dei skvatt opp, gjentone, med at det banka paa døra. Dei saag paa kvarandre – det var ikkje Erik dette.

«Kom inn,» sa Helga og reiste seg.

Det var Arne. Han kom fraa buda, fortalde han, hadde henta post og so vart han staa-ande og prata til det vart seint.

«Eg tenkte ikkje aa gaa inn heller, men eg saag ljosken fraa gruva gjenom vindauget, og so – ja, her er eg. Eg har ikkje noko erend, det var berre so freistande aa gaa inn.»

«Vi sat og fortalde eventyr,» lo Helga. Ho la paa varmen og fekk det til aa loga opp. Margot vilde tenda lampa, men Arne bad henne lata vera.

«Kan ikkje eg òg faa sitja ved gruva og høyra eventyr ei stund? Det er aldri nokon som fortel meg noko.»

78«Nei, du skal fortelja. Er det ikkje difor du er lærar? Ver so god og set deg no.»

Ho kom paa at dei hadde nokre eple liggjande – no kom dei vel med, for stort anna til traktering aatte ho ikkje i huset visst. – – –

Olderlompane laag og glødde og lyste. Det vart ikkje fortalt eventyr nett. Men stemninga var der. Kvart ord var eit heilt lite eventyr. Og kvar lita togn var full av undarlege tankar og kjenslor.

Helga kjende kor hjarta dulpa hardt og urolegt – ho tykte dei maatte høyra det Arne og Margot med. Ho var den som sa minst no, ho visste ikkje noko aa segja. Alle ord vart so meiningslause. Arne og Margot prata lenge, men daa dei og tagde vart det reint gale.

Ho reiste seg. Og snaava i ein olderlomp.olderlomp.] rettet fra: olderlomp (trykkfeil) Hadde ikkje Arne teke imot henne so hadde ho vel slege seg mot gruvsteinen truleg. No kjende ho armane hans tett ikring seg, kjende hjarta hans banka mot sitt eiget. Ein augneblink heldt han henne innaat seg, ei ur lita stund berre – –.

Helga var ikkje heilt stø paa handa, daa ho tende lykta og gjekk aat fjøset. Ho hadde stelt ifraa seg til kvelds, men ho kunde ikkje vera inne nett no. Det var snudd opp ned paa heile verda. Eller hadde det alltid vore slik?

Blidros rauta. Og Helga gav henne ein høitapp og godsnakka med henne og klappa og kjælte. Ho maatte koma seg til ro. Men no visste ho kva det var ho hadde lengta etter. Og ho maatte leggja kinnet sitt godt innaat Blidros og lata att augo for alt det som strøymde paa og vilde sprengja 79bringa mest. Det var ljos, det var fargar og tonar, det var sjølve skinande lukka som kika innom. –

Men daa ho kom inn var ho roleg og smilande. «Eg hadde nær gløymt kveldstappen aat Blidros,» sa ho og hengte fraa seg lykta. Margot hadde tendt lampa og funne fram boka si, og Arne sat og spikka spon. Han reiste seg og kosta av seg rusket.

«Det er visst seint alt,» sa han, «og de vil vel halda kveld –?

«Aa du veit,» drog Helga paa det, «det er verst for Margot som skal paa skulen i morgo.»

«Det var tolleg beint fram sagt,» lo Arne, «du vil eg skal gaa daa, skynar eg?»

«Naar du spør, so –.»

Arne freista fanga augo hennar, freista lesa seg til eit anna svar der – ei lita von – men ho hadde so mykje aa sjaa etter. Katten maatte ut til natta, og eitkvart var det gjerne aa bu seg med til om morgonen.

Og so kom Erik i same vaset.

«Ja, de har det godt,» sa han og slengde av seg ryggsekken. Han var vaat, og det ruska smaatt og regnde fortalde han. Men no maatte Arne berre slaa seg til ro ei stund, no vilde Erik ha kaffe og eitkvart aa bita i.

«Du finn i ryggsekken, Helga,» sa Erik og var forsyrgjaren ei stund. –

So loga varmen opp i gruva paa nytt lag. Og dagsens arbeid og mange smaa hendingar kom inn i lag med Erik, og fyllte romet.

«Vi fekk bra med fisk,» fortalde han. «Og Bruland held alt paa og bur seg til vaaren – eg 80tinga eit par sekker Norgessalpeter hos han, eg – det skal gjera godt paa enget, tenkjer eg.»

Helga gjekk til og fraa, sette fram brød og sukker og passa kjelen. Ho la atti eit og anna ordet naar det høvde slik – elles hadde ho nok med seg sjølv og sitt eige. –

Ein undarleg kveld hadde det vore. Og no Arne stod og baud farvel og takka for seg, kom det over henne alt ifraa istad. Han tok handa hennar, han sa ikkje noko vidare heller, men leita etter augo –. Og ho saag paa han, fullt og fast. Det var som ein lovnad mest.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.