Det hender ikkje stort til kvardags. Den eine dagen gaar, og den andre kjem mest utan at ein ansar det. Ein dag stanar ein og tenkjer seg om. Kjære, har det alt gaatt ei vike att, tenkjer ein og undrest kor det blir av dagane. Eller: er det berre fjortendagar sidan, tenkjer ein òg. Somtid kan tida falla so lang, at ein undrest kva ho heftar i. –
Ein dag lammar sauen i fjøset. Det er ingen ting aa snakka om der saufjøset er fullt; men der det er berre to er det lite av ei storhending. «Og to so fine saulamm,» segjer Helga og kjæler baade for sauene og lammungane. Ho er so full av von og tru att, Helga. Dagane blir litt lenger og ljosare med kvart no, og desse lammungane er so forundarlege – dei skal liva og bli store, dei skal hjelpa Helga ein dag kan henda, ein dag ho er i naud att.
Ein dag kjem det eit egg i den nye fine reirkassen. Og høna deilar og kyter. Kom – kom – kom hit og sjaa, segjer ho. Og hanen gjel og kror seg og sparkar og er kry. Og det vesle egget i kassen er ei lita von. Snart kjem det vel fleire, og det blir mat og det blir nokre kronor òg kan henda. Det kjem vel med alt. Det kjem so overlag vel med. –
97Og dagane gaar. Det hender ikkje stort. Ein morgom kjem Erik heim med trugga full av fisk. Det er blanke rikdomen som kjem inn gjenom døra. Det kjem vel med det òg – det er vinters dag og mindre om arbeid og fortenest. Og Helga slenger over gryta og kokar torsk og lever. Og dagen er ljos og god. – Erik sel fisken som er att. Han kjem heim fraa buda med kaffe og sukker, med brød og to mark kjøttdeig. Det skal bli kjøttkakor ein dag er meininga. Det skal bli som ein halvveges liten fest. Og Margot smiler blankt og blaatt – ho er lang og bleik og matvand, men kjøttkakor er noko med det beste ho veit. Og Erik er noko til kar, han er langt paa veg til aa vera vaksen alt. –
Det hender at Bruland kjem innom om kvelden. Sjølve jolekvelden kom han med ei heil korg med eple og anna joleknask. Elles har han gjerne med blad og bøker. Det er trøysamt aa sjaa kva dei driv seg med ute i verda òg. – Han kjem all som tidast, Bruland; med erend og utan erend. Han gaar ut og inn som ein annan huskall og somtid dreg han med seg andre ungdomar naar det soleis høver. Men helst kjem han aaleine. Og helst er det Helga han vil prata med.
Ho er so klok ei gjente. Ho fer ikkje med fjas berre. Ein kan snakka til henne mest som til ein kar. – Han segjer det aat henne somtid, men ho lær og segjer, mest alle er soleis no. Dei vil bli det med kvart i alle fall. Gjentone har vorte med i livskampen dei òg, meir beint fram enn før. Det gjev dei ein annan svip. Dei gaar ikkje med slør lenger og snører seg – dei veks naturleg opp i sol og regn og vind, og tek sine tak saman med 98gutane baade i skule og arbeid. Difor blir dei som ein kar aa snakka med, meiner Helga.
Kan so vera, segjer Bruland og tenkjer paa det.
Men attaat er det dette undarlege over Helga, dette usegjelege so ein maa tenkja paa alle dei fagraste ord spraaket eig. Ein daam av eventyr. Augo er djupe som svarttjønna innpaa fjellet og naar ho smiler er det som solflimmer over fjellvatnet. Og attaat gaar ho der so byrg og trygg og veit ingen ting om det sjølv. Ho pratar og lær naar ho har stunder til det. Og spør naar det er noko ho undrest paa. Men har ho det ant om, ser ho ikkje til sides ein gong. Daa let ho Erik og Margot prata, og driv paa med sitt. Ho er slik, Helga. –
Ein kveld nemnde Bruland Arne. Han hadde faatt brev, og Arne let vel. Han sende helsing aat alle kjenningar.
«Det er synd han skal vera veik,» sa Bruland.
«Veik?»
«Ein kan vel ikkje kalla det annleis, for eigentleg sjuk er han no ikkje.»
«Nei – kvifor skulde han vera det?»
«Han har alltid gruva for brystet, veit du vel? Det ligg til slegta det. Og ei tid før han reiste sørover sa doktoren han maatte vera vàr med seg – han hadde pleurit.»
«Det har eg ikkje høyrt før.»
«Nei; det var vel ikkje stort aa snakka om heller. Men eg trudde de visste det lel – han var so mykje her –.»
«Nei; han sa aldri om noko slikt.»
Det var ikkje stort meir aa segja om det. Helga 99sat framfor omnen og saag logane kor dei leika seg og livde. Ho sat og stira inn i ei onnor verd – ho sat i stova paa Ness og stridde Ingrid sin tunge strid med. Ho kjende modløysa som seig som ei tung byrd over alt og alle. «All ungdom døyr paa Ness,» sa Arne den gongen.
Og paa nytt lag kjende ho trassen reisa seg. Kvifor skulde han gjeva seg over slik? Han skulde reisa seg og kjempa han, skulde trassa sjukdom og modløysa – han skulde syna dei at ungdomen livde og vilde liva. Ho hadde sagt det aat Ingrid – ho skyna so lite den gongen. Og kva var det Ingrid hadde sagt? Seg det aat honom du, hadde ho sagt. Seg det aat honom.
Det vart ikkje so ho sa noko den gongen. Det vart aldri so ho sa noko. Ho kom bort fraa Ness og fraa det som tyngde der; og ho hadde trudd at Arne hadde kome over det med. Ho hadde trudd – aa, ho hadde trudd so mykje i grunnen, og sidan hadde tvilen gnaga og murra. Men naar modløysa tok etter han no, daa skyna ho det og – daa var det mangt anna og som klaarna.
Ho sat og stira inn i noko løyndomsfullt, leita seg gjenom framande tankar inn aat seg sjølv og si eiga vesle redsle. Den ho ikkje visste om skikkeleg – og ikkje vilde vita om heller. Ho tenkte paa seg sjølv og Margot.Margot] rettet fra: Mardot (trykkfeil) Naar Margot vart bleik og lang og tunn, naar ho hosta ein grann, daa var det den kvite pesten, daa var det tæringen Helga var redd. Innst inne var det den, det visste ho no. Sat Ingrid i henne og enno? trass i alt? kunde ikkje ho heller fri seg? Daa kunde ein vel ikkje venta anna av Arne. Men difor var det altso 100– difor kom han bort fraa Vika, difor reiste han. Fordi modløysa var over han att.
Og so gjekk han der ute i verda nokon stad og hadde det vondt, og trudde seg merka. – Som eit saara dyr gjøymde han seg.
Eit minne stod braatt klaart for Helga. I byen ein kveld – paa kino. Ben Hur heitte visst stykket som gjekk – eller var det noko anna kan henda? Stykket elles mintest ho ikkje stort av no, men dei to spedalske kvinnone – den gamle og den unge – dei hugsa ho. Dei livde, og livde ikkje lel. Saman med folk maatte dei ikkje koma, dei gjekk som skuggar – dei var merka. Helga saag for seg andleta deira, saag lidinga; dei var spedalske og redsla fylgde dei. So fælsleg og so mørkdæmd fylgjer vel ikkje redsla tæringen, men ho er der – ho er der alltid som ein skugge, og stenger. Merka er den eine som den andre. Og vegen aat livet er stengt. Slik kjennest det enno – trass i alt. Slik maatte det kjennast for Arne òg – ho skyna det so vel no, Helga, ho skyna modløysa og otten. Den som berre kunde hjelpa –!
Ho kulsast og knepte hendene hardt i ein annan. So reiste ho seg og tok etter sauminga. Erik skulde ha ny busserul, og ho hadde ikkje meir usagt det ho visste. Men medan fingrane sauma sting for sting, arbeidde tankane med. Difor var det altso – difor kom han bort – ikkje var det sagt han hadde gløymt nokon einaste ting – ikkje var det sagt –. Stakkars Arne, det var sagte vondt aa vera han, men – likevel var det mest som ei ørlita von vakna til og kika fram.
– – «Eg synes no det er berre ideleg tull, 101eg, – gaa slik aa vera redd ein skugge – det maa daa vera tidsnok naar han blir klein, veit eg.»
«Han var klein –.»
«Ei retteleg krimsjuke ja, eller noko slikt. Det har vi daa rett som det er, nokon kvar. Skulde vi gjeva oss over for slikt, so –.»
Det var Erik og Bruland som prata. Dei hadde visst prata lenge, men Helga hadde ikkje ansa det før. No kom orda hans Erik og gjorde baade godt og vondt.
«Det er no lettare for den som er utanfor aa døma slik,» sa Helga stilt, «mykje kan sjaa annleis ut for den som staar midt oppi det.»
«Det meiner eg og,» sa Bruland, «og leiter vi vel, so finn vi sagte ein eller annan orm som gneg oss andre òg. Kvar har gjerne sitt.»
Det vart ikkje snakka stort meir om det. Men daa Bruland hadde gaatt, og Erik og Margot hadde roa seg, vart Helga sitjande endaa ei stund med hendene i fanget og sjaa framfor seg. Det var so mange tankar, so mange minne, det var so mange smaa ord, baade vonde og gode – det var eit lite ord som minte seg tiare og sterkare enn alle andre. Arne var det. Arne, Arne, kunde eg berre hjelpa deg no! –
– Det hende ein dag at Blidros sina opp og dei vart mjølklause i Vika. Den dagen tok Helga paa seg og gjekk aat Ness. Til Ane-Marta. Det var knitrande kaldt so det skreik under skosolane og ho gjekk paa for aa halda seg varmen. Men di nærare garden ho kom di seinare gjekk ho, og tyngre. Hadde det ikkje vore for Margot, tenkte Helga. Men rotstappe og havresupe, og potetkake 102med margarin, det var visst ikkje noko til aa faa krefter av sjølv om ho fekk fisk attaat ein gong i millom. Ho maatte ha god mjølk i minsto.
Det hadde ikkje vore noko, dersom ho berre hadde havt nok aa betala med. Men det hadde ho ikkje denne gongen heller. Grisen skulde nok slaktast og seljast, men den gjekk aat banken no i mars. Dei fekk takka til dersom det vart nok! Og dei fiskane Erik drog gjekk til etter kvart, – dei maatte ha mat. Og stødt var det eitkvart. Om ho snudde skillingen mange gonger so hjelpte det ikkje, det stod alltid nokon ferdig til aa taka imot han. Det var som det gapte rundt ikring somtid.
Og gonglaget vart tyngre med kvart, og augo kvasse. Hadde det ikkje vore for Margot, so –. Det var inga lett gonge. Men naar ein maatte, so maatte ein, og so var det vel ikkje meir aa gjera med det. –
«Du er ute og gaar i austanvindssnoen du òg?» – Helga skvatt til – ho hadde ikkje ansa at det kom nokon attom henne. Det var Hans Fjerdingen, han skulde til Ness han òg, skulde ha snakka lite med Kristen fortalde han. No fekk han fylgje – so heppen kunde ein vera somtid. Og Hans prata.
«Du fer med mjølkespannet du, ja? Ja ja sa’n, det er nok aa taka av paa Ness skal eg tru. Ja, det leggs til, det er noko alle stader, sa’n. – Og no vil han selja han Kristen òg,òg,] rettet fra: òg. (trykkfeil) høyrer eg.»
«Selja?»
«Dei segjer so. Ja, det skal vera noko i det òg.»
«Men enn han Arne daa?»
«Ja, du kan undrast – du kan storundrast 103òg. Men dei segjer han vil ikkje taka over gardsbruket, kor sant det no kan vera. Folk segjer so mangt –.»
«Men – men eg skynar ikkje –.»
«Nei, det skal du faa meg til aa tru. Du er ikkje aaleine heller om det. Det er mange som ikkje skynar, men jadden er det mange som skynar òg – skulde ein tru halvparten av det folk faar seg til aa segja, so –.»
«Ein skulde ikkje høyra etter dei, veit du –.»
«Nei visst skulde ein ikkje det, men – er det først sagt, so bit det seg fast einkvar stad, og so sit det der lel.»
«Men kva er det folk segjer no daa?»
«Jøss, det er mykje og mangt det. Han skal no vera so fin paa det, han Arne, at han held seg for god til aa vera bonde, og so for lærd sjølvsagt. Ein skal helst vera toskaat som ein sau naar ein skal driva jorda, veit du. Og Arne gjer ikkje noko paa Ness segjer dei. – Det var endaa ein her i førrdags som slog paa at kommunen burde sikra seg garden til gamallheim no, og so driva skogen rasjonelt – driva ut daa veit du. Eg høyrde sjølv han sa det. Og naar dei so fekk ein drivande styrar dit, so –, det skulde bli ein fin forretning for bygda, let han. Ja, kunde ein ikkje bli so sinna at ein beint flaug i flint –.»
«Du vil daa ikkje segja at folk i aalvor snakkar om slikt –.» Helga hadde stana beint opp og saag paa Hans.
«I aalvor? Jau, det kan du forlata deg paa dei gjer. Dei renner som svoltne bikkjor bygdepatriotane og snakkar aalvor kvar einaste dag. Ness er ingen 104husmannsplass maa du hugsa. Det er ikkje som med Vika eller Fjerdingen –.»
Nei, det var nett det, det ikkje var. Det var det som stengde no, kjende Helga. Det kunde misstydast kvart ord ho sa – til Arne eller til nokon annan. Ho var berre ifraa Vika ho, og ho hadde havt sine garn ute før – ho hadde ikkje gløymt korkje terging eller slengord, dei laag der i vegen for henne og bakbatt henne. Som fine men sterke snører tvinna orda seg ikring henne, og kvar ein tergande smil gjenom mange aar; – ho kunde ha teke Arne i trøiekragen og freista rista han vaken, ho skulde ha sagt so mykje at han tenkte seg om i alle fall; men kva vilde han tru? Vilde han òg misstyda? –
Det hadde kome so mykje veltande, og no pinte tankane henne slik at det kjendest som ei lise daa ho stod innom kjøkendøra paa Ness. Endaa ho hadde ikkje faatt tenkja det slag paa korleis ho best skulde ordleggja seg, naar ho skulde bera fram bøna si aat Ane-Marta. Ho hadde reint gløymt si eiga vesle pine ei stund, men no kom det att, og ho stod der lita og tunn i klæda og bad for seg.
«Hadde det ikkje vore for Margot,» sa ho endeleg. Og Ane-Marta smilte og skyna sagte at daa hadde ho ikkje staatt her idag.
«Men det var triveleg aa sjaa deg lel,» sa Ane-Marta, og var god og hjelpsam aa koma heim aat. Det skulde vel bli ei raad med mjølk, til Blidros vann kalva. Men no laut dei ha kaffe først, karane kom inn dei òg no saag det ut for. Det laga seg denne gongen òg, det laga seg stødt, og Erik skulde hjelpa til med fraukjøring og vaaronnarbeid, 105so mjølkerekneskapen vart vel rett naar so langt leid. –
«Vi faar no vel bynne so smaatt i aar òg,» sa Kristen. Orda var daglegdagse nok, men dei sat att i øyro likevel daa Helga gjekk heimover. «Vi faar no vel –,» det let so trøytt og utan glede, – han var ikkje lik seg han Kristen lenger, gjekk Helga og kjende paa. – Hans gjekk breidmed og prata om det eine og det andre; fekk han svar var det det, og fekk han ikkje noko, var han like blid – han prata berre vidare.
«Det kan no vera kva det vil baade med lærdomen og skulemeisteren og kva elles han har rota seg oppi; men eg synes han Arne ber seg aat som ein tosk dersom han let Ness gaa ifraa seg no. Han maa daa tenkja paa ætta òg – i alle fall burde han tenkja paa far sin. Nei, ingen skal faa meg til aa meina det er rett lel.»
«Det er ikkje alltid so lett aa døma om rett og urett –.»
«Nei, han kan det allvisst ikkje. Hadde det endaa vore fleire, men der har dei berre denne eine sonen –.»
«Det er no ikkje sagt, det er so lett for han Arne heller –.»
Ho maatte segja det, maatte verja han; endaa ho var sint paa han. Men kva visste dei, alle desse som dømde so lett? Hadde dei greide paa kva han hadde aa strida med? Kva rett hadde dei til aa døma? Aa, det var ei pine det heile. Kva hadde ho sjølv med Ness aa gjera? Det kvitta vel eitt kven som vart eigar der i framtida – kvar fekk vel strida for seg.
106«Han eldest fort han Kristen no, – han har verkeleg faatt mun berre sidan sist eg saag –.» Hans sa det stilt. Det var ingen dom, det var ingen ting aa svara paa heller. Men det var det same som pinte Helga – han hadde vorte gamall, Kristen Ness. –
Daa ho hadde skildest fraa Hans og faatt gjort unda noko inne, gjekk Helga nedaat fjøra. Ho maatte vera aaleine, maatte faa tenkja i ro. Det bles kaldt nede millom fjøresteinane, men sjogen fraa sjøen roa og gjorde godt. Det gjekk ein siglar der ute og i kjølvatnet flaug maasen. Dei var mange, dei dukka ned rett som det var og slosst for matbiten. Helga vart staa-ande aa sjaa etter dei, til ho kjende ho fraus. Det var so triveleg aa sjaa att maasen, og sjølve kalde snoen i fjøra her og angen av tang og sjø var med og gjorde henne glad att.
Og daa ho gjekk til Ness etter mjølka dagen etter, bad ho om aa faa adressen hans Arne; det var noko ho skulde skriva til han om.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.