Det ligg eit hus oppaa ein bakke. Det er langt og kvitt med høge glas som blenkjer i kveldssola. Og rundt ikring er det planta bjørk, – ein heil lund med ung ljos smaabjørk, men med kvart veks dei til og daa skal det bli fint kring ungdomshuset.
Det er ungdomslaget sitt hus som ligg der og lyser oppaa bakken. Med stort mod og i god tru bygde dei daa stovone kring paa gardane vart for smaa aat flokken som samlast til møte og fest. Det skulde vera mest som ein annan heim, var meininga, der tanken fekk vidare utsyn og aandslivet fekk næring fraa dugande talarar og ord som skiftast om dagsens gjeremaal. Med so store voner bygde dei, og ungdommen bar stein paa stein og stokk paa stokk til heimen sin. Dei planta kringom og planera, dei rudde vekk stein og tuvor og fekk det til fint og trivelegt.
Det møtes tri vegar oppaa bakken og kvilsteinen ligg der frammed krossvegen. Fraa utgamle tider har det vore samlingsplass for ungdomen der. I ljose somarnæter let prat og song der jamt, om vinterkvelden i maaneskinet kjem kjelkerennarane stimande. Det skulde vera ein lagleg plass aa byggja eit ungdomshus paa. –
Ikkje langt derifraa ligg spinneriet. Der var 58det og samlingsplass gamalt attende. Paa fabrikkgarden samlast arbeidarane og ungdomen fraa bygda. Helst var det bygdeungdom dei som arbeidde paa spinneriet òg. Ein hadde med seg eit dragspel, ein annan eit munnspel og somtid hende det jamvel at einkvar hadde fela med. Og laurdagskveldane og gjerne sundagskveldane med gjekk dansen lett og livalt over fabrikkgarden. Eller i den store samlingsbrakka dersom det var styggver. Det var mange ungdomar som fann kvarandre dei kveldane og band vart knytte som vara livet ut. –
Men eit aar kom det lauskarar aat spinneriet. Det var halvsvenskar og heilsvenskar, det var rallare fraa landevegen. Dei kom med eventyrglans over seg, dei livde for dagen og let fem vera like. Den tida vart orda annleis der nede og tonen vart ikkje til aa kjenna att. Hugnaden var ikkje den same lenger, og fela kom bort.
Det hende at kortstokken og flaska kom i staden, og «sjutusun djäflar» lyste og brann i kring ein. Daa kom dei likaste av bygdeungdomen òg bort med kvart.
Det var helst daa det kom retteleg fart i ungdomsarbeidet i bygda, det var daa tanken paa byggjing kom opp. Og vart til røyndom til slutt.
Men livet paa fabrikkgarden slutta ikkje for det. Det var alltid ein flokk som samlast der nede og heldt liv i dragspelet og dansen, og i kortleiken med. Og harde og hatige ord tok til aa gro fram. «Bon’slamp» let det, og «dessa graadiga bon’knollarne» sa svenske-Jørn og svor paa dei skulde vore hengt kvar einaste ein.
59Daa kom Jønsson og vart bas der nede. Ein undarleg mann. Some sa han var svensk som namnet, men dei som betre vilde vita sa han var nordlending. Kameratar, sa han og heldt tale aat gutane; og han snakka om samling og solidaritet. Han brukte ord som reiv og fengde, og han fekk flokken med seg. Han var fødd til førar, og han burde vore det. Han aatte eld og glod, og han trudde paa den nye dag som skulde bryta fram. Han trudde paa arbeidarane sin kamp for frigjering og rettferd, og han trudde paa arbeidarane sjølv. Han var ein god kamerat, men nett difor vart han faarleg. Fordi han drakk. So snart det baud seg høve, drakk han, og om ingen annan saag seg raad for aa faa tak i brennevin, so hadde han.
Og han heldt det ikkje for seg sjølv, han skjenka gjerne dei andre og var glad i godt lag. – Daa Helga tok over Vika var han langt paa veg til aa bli eit vrak. Arbeidarsamlinga han hadde drøymt og tala om hadde vorte til inkjes mest; men dette bondeungdomslaget som arbeidde seg opp, det vilde han til livs likevel. Det skal tynast, sa han, og han fann ord som beit og sveid og fekk laatten til aa rulla. Han møtte opp paa festane, full sjølv og skjenkte gjerne alle som vilde ha.
Han skapte uhugge i laget meir enn ein gong, og for ungdomen var han ingen god mann lenger. Med kvart vart det fleire som tok til aa supa og drikka, og det hende ikkje sjeldan at dei tok med seg flaska aat ungdomshuset. Dei heldt seg helst utom veggen, desse karane, eller ute i gangen. Dei braaka og sjaua og skapte uhugge. Og dei fekk ofte dei yngste med seg. Det var ingen hugnad 60med det, men det var ingen som sa noko heller. Det gjekk helst slik at some av dei eldre tok seg ein sup med naar høve baud seg. –
So hadde ungdomslaget skipa til fest ein kveld att. Det var seinhaustes og ruskaat baade ver og føre, so Helga var lite huga til aa leggja i veg. Margot hadde skulen dagen atter òg, so dei fekk vel halda seg i ro heime. Det vart berre Erik som gjekk ifraa Vika.
Med ny press i blaaklæda og skinande kvitt kragety gjekk han fram etter vegen. Ung og festglad. Ikveld skulde det bli moro. Han smaaplystra med hendene djupt i lumma. Han hadde lura seg til og barbert seg med den gamle kniven hans far;– det var so forargerleg, ikkje vart det retteleg skjegg so han kunde kjøpa seg barberstell usnikka, og ikkje var det fritt. Desse lange haara paa hoka, dei var vel ingen prydnad nett – han kunde ikkje anna skyna enn det maatte vera rettast aa bli kvitt dei. Men høyr paa gjentone daa!
No var han likevel so fin og blank kring kjakane og rett sveis hadde han faatt paa haaret, so no kjende han seg velklædd og fin. Og ho Kari kom sagte paa festen, det var han stød paa. Og likare gjente gjekk ikkje der i bygda og ikkje i grannebygdene hell, det skulda ingen fortelja han. Ikveld vilde han sjaa til om han ikkje skulde finna henne i leiken eller – enn om han vaaga seg fram og dansa med henne? Det var mest tiltaket om aa gjera, han kunde snart like godt som einkvar av dei andre, trudde han. Det skulde nok gaa. –
Daa Erik kom fram aat ungdomshuset stod nokre av kjenningane hans der. Johan og Martin 61og Oddvar og nokre fleir. Dei stod og augnefór dei som kom og sa eit og anna ordet som var hoggande godt og smaaknisa og lo attaat.
«Du skal paa fest, ja,» sa dei daa Erik kom og tok han i millom seg. Oddvar hadde sigarettar og baud dei andre.
Erik visste ikkje retteleg, han var ingen røykar.
«Du torer vel ikkje for Helga, du,» flein Oddvar og dei andre gapskratta, «det var mykje du vaaga sleppa stakken so mykje du kom deg hit.»
Erik kjende sinnet koka i seg. Gjorde han sin rett, so slo han rettno, kjende han. Men han beit saman tennene og vann styra seg. Han tok ein sigarett og meinte det kunde daa vera trøysamt aa prøva seg ein gong – meir kosta det vel ikkje.
«Noko so serskild godt var det ikkje,» sa han og sputta. Dei andre lo berre og bad han venta, det vart betre med tida og naar han først fekk tamen, so – –. Ein vart aldri vaksen kar utan at ein tolde ein retteleg røyk og ein dram.
«Ja dram ja,» sa Johan og blunka og gjorde minor, han hadde faatt tak i ei flaske –.
«Hald dykk aat meg ikveld karar,» let han, «eg skal gjeva dykk eit vink ein gong i millom –.» –
Dei vart staaande nedmed døra og trø, desse gutane. Erik tøygde seg fram og saag langt oppover salen dit Kari sat. Den som var der! Men det var heile mila golvet over og kring veggene sat folket tett i tett og berre glante. Han fekk venta til leiken tok til for aalvor og sjaa aat daa. – Han laut vera med ut baade ein gong og to gonger og faa ein smak av flaska hans Johan. Det smakte ikkje godt, det reiv og var sterkt so det fekk mest 62fram taarone, og helst vilde han sleppa. Men det var denne forargerlege terginga – dei stod der og meinte han var ein reivunge berre, ein inkjevetta som ingen ting tolde. Han skulde sanneleg syna dei! Supane gleid ned lettare med kvart, og no tok det til aa bli bra trøysamt òg –.
Helga hadde sete og kika i ei bok utover kvelden. No laag ho og snudde seg og dorma litt og fekk ikkje sova skikkeleg. Laag og drøymde og vakna att og smaatt venta paa Erik. Ho tok nett etter sømnen daa nokon kom stomlande mot døra nede. Erik? Men korleis var det han fòr? Ho høyrde laatt, prat – so var dei fleire daa. Der høyrde ho Erik sa noko høgt og kvellt og uklaart lel, ord og hikstande laatt. Og ein som hyssa og fekk opp døra.
Helga sat i senga, aalvakjen. Kva var det? Var det noko som stod paa, tru? Der kom Erik stomlande inn i kjøkenet, velta ein stol – –. Det var Bruland som hyssa paa han.
Helga var oppe og fekk paa seg klæda i ein fart. Bruland hadde nett ripa i ei fyrstikke daa ho kom ned.
«Kva er det?» sa ho.
«Det – det – hik – det er – berre eg,» stota Erik og lo fjollaat. Han var pjuskaat paa haaret og ufjelg. Stiv i augo og vaksen kar. Var det nokon som mukka? he? Han gjorde vel plent som sjølv han vilde. Var det nokon som sa noko? he? Han vilde ikkje vita av noko kvinnfolkstyre so mykje dei visste det.
Han stod og raga og heldt seg fast i bordkanten, 63han babla og snakka og lo attaat. Ein utriveleg laatt.
Helga sa ikkje noko straks. Ho orka ikkje. Var dette verkeleg Erik? Var det bror hennar som stod der og ikkje vann koma seg over golvet paa skikkeleg vis?
«Kjem du ifraa fest, du?» sa ho endeleg. Det let visst hardt og kaldt kom ho paa, men ho kunde ikkje annleis. Bruland snakka frami, han skulde vel baade trøysta og greida ut om korleis det hadde bore til. Han visste elles ikkje noko mest, men daa han saag Erik slik laut han freista faa honom heim, tykte han.
«Du maa no ikkje vera for hard med han heller, – det er no inga ulukke skjedd om ein gutunge drikk seg full ein gong. Det er berre so mykje han lærer taka seg i vare ein annan gong.»
Inga ulukke? Helga tok opp att ordet baade ein og to gonger. Inga ulukke? Kor kunde nokon vita det so visst? Tok Erik til aa drikka, daa var det ikkje meir. Slik kjendest det i natt. Alt vilde bli utrygt, alt arbeid vonlaust. Berre skam og vanmakt kor ein snudde seg.
«Men kor fekk han i det? Kven skjenka han?»
«Det veit eg ikkje, men det er alltid nokon som har med seg slikt, veit du; og det er vel ikkje so godt, naar dei blir bydd – –.»
«Var Jønsson der og? Det er gjernast han –.»
«Han var der ikkje; men difor kan brennevinet godt ha kome fraa honom.»
«Han er ein vond mann.»
«Han er meir usæl, trur eg.»
«Usæl? Ja, kan henda òg. Men at de ikkje 64jagar dei vekk desse – desse fyllefantane. Dei øydelegger laget.»
«Aa so gale er det no vel ikkje. Men – det er gale nok som det er, det er sant.»
«Det segjer de stødt, det – aa, so gale er det vel ikkje,» hermde Helga, «so let de det gli’ med det til heile laget gli’ med ein dag. I staden for aa vera ei hjelp og ein studnad aat ungdomen blir laget ei freisting og ei forbanning.»
«Du meiner ikkje alt du segjer no, Helga. Det er berre fordi det er Erik denne gongen. Før har du ikkje sagt noko du heller.»
Helga hadde faatt av Erik skoene og trøya. Han sat og brukte seg og lo fjollaat, det anga sterkt brennevin av han, og det var so ufyseleg som det vel kunde vera. Helga gret stundimillom, men helst var det slik at sinnet og forarginga kjøvde graaten. No saag ho opp paa Bruland, og det drygde noko før ho svara.
«Du har rett,» sa ho endeleg stilt og roleg, «eg har ingen ting aa kjæra meg for. Men no veit eg korleis det smakar for dei heimar som faar heim gutane sine slik – no skal eg segja ifraa, det kan du berre lita deg paa. Eg skal ikkje skre’ ti dykk, nei.»
Andletet lyste kvitt og hugfast imot han, og Bruland tenkte at skulde nokon vaaga aa taka opp kampen og vinna, so maatte det bli Helga fraa Vika.
Han hjelpte henne aa faa Erik retteleg til ro før han gjekk.
«Du faar ha takk,» sa Helga, men det fanst ikkje teikn til smil attom takken. –
65«Inga ulukke,» sa ho endaa ein gong daa ho hadde lete att døra etter Bruland, «inga ulukke? Aa gud hjelpe oss alle.» Og no kom graaten sterkt og saart.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.