Ein kveld kom Bruland aat Vika. Han hadde ikkje vore der sidan den kvelden han hjelpte til med hageanlegget, og no var det jonsok snart. Han var huga til aa sjaa korleis det vilde seg i hagen, let han.
Og det var det inkje noko i vegen for. Helga og Margot vart med ‘om ut, – dei saag paa kaalplantingane, dei saag paa gulrotgraset som heldt paa og tøygde seg i veret og dei saag paa dei par-tri berbuskane som stod grøne og fulle av blom.
«Du skulde setja ned nokre stiklingar av dei,» meinte Bruland, «det ser ut til aa vera gode sorter berre dei blir passa. Du kunde øksla deg til nye buskar og faa nokre til sals og med tida. Det blir spurnad etter berbuskar, skal du sjaa.»
«Men naar eg ikkje veit korleis eg skal gjera –».
«Det gaar an aa læra, veit eg. – Eg skal hjelpa deg aa setja ned eit par straks, eg. Elles er det i seinaste laget no i aar, men neste aar kan du koma ihug det.»
Og Bruland skar av eit par smaa ribskvistar og sette i jorda. Han tok ei stikkelsbergrein og bøygde nedaat og grov jord ikring, so ho vart staa-ande fast. «Naar ho har røtt seg skjer du henne berre over,» sa han. Og Helga spurde og fekk svar og 33la seg paa minnet det ho lærte. Dette med berbuskane kunde vera noko aa tenkja paa, det. Med kvart vilde fleir og fleir ha hage truleg – neste aar skulde ho sanneleg setja ned ei heil seng med stiklingar. Ein maatte nytta ut alt skulde ein faa til noko. Det hadde ho sagte lært aa skyna. – –
Erik kom fraa arbeid paa Ness, og Arne dreiv med ‘om hit etter vegen. Helga var so oppteken med berbuskane, ho ansa ikkje dei kom før dei stod frammed grindsleet og helsa. Bruland nikka berre sovidt og dreiv so paa med sitt – han skulde tvinga endaa ei stikkelsbergrein nedaat jorda.
«De arbeider paa overtid her, meiner eg,» sa Arne. Det var ikkje sjølve orda – dei var kvardagslege nok – men den bryske tonen gjorde Helga galen.
«Det er paa overtidsarbeid smaabrukaren lyt taka fortenesta si,» svara ho noko skarpt.
Arne saag paa henne. «Du har alltid havt lett for aa læra, du Helga,» sa han. Og no saag det ut som han vilde snu og gaa heim.
Men det maatte han ikkje. Det maatte ikkje henda. Fanst det ingen ting som kunde stogga? Helga reiste seg braatt og synte fram dei par stiklingane.
«Her skal det bli berbuskar om eit par aar,» fortalde ho.
«Jau, du kan berre tru det,» bles Arne, men han kom nærare likevel – han kom innom grindsleet. Og han folka seg til med kvart. Bruland preika om stiklingar og vokster, og Arne svara ja og ha og det kunde gjerne vera det, ja. Han saag to moldute hender, han saag eit kinn som runda seg og raudna –.
34«Han brydder fint aakeren din,» sa han braatt til Helga og let Bruland stella med stiklingane.
«Ja, er det ikkje storvegjes? Eg gaar her og vaktar paa veret kvar einaste dag, eg kikar paa groren, og er glad for kvar mun eg ser. – Eg kunde mest vera huga til aa be dykk med til aa sjaa paa aaker og eng.»
«Ja, det var vel om du ikkje det skulde! Det kjem ikkje framande inn om døra heime utan dei lyt ut og sjaa paa aarvegen. Det har vore skikken soleis fraa gamalt. Og far blir verre di eldre han blir – han tar opp den eine gamle skikken etter den andre –.»
«Far din er klok.»
«Det segjer han om deg òg.»
«Det er fordi han er klok det, kan du vita.» Dei lo. Og den vesle uversskya fraa istad bles bort i laatten. –
Bruland vart snart med i samrøda og var ein god gamall ven. Dei gjekk over aaker og eng, dei saag paa voksteren og prata om aarsvonene. Og somarkvelden laag ljos og god og smilte ikring dei. –
Dei kom oppaat olderskogen.
«Her var framifraa fin jord,» sa Bruland, han stana og smuldra ein neve millom fingrane, «reine svartmolda –»
«Du skulde faa vekk oldra,» meinte Arne, «det vart ved baade ein og to vintrar og eit finfint nylandsstykke –».
«Faa vekk, ja. Det er lett sagt. Det kan bli slitsamare aa faa det til. Men eg minnest sovidt far snakka om jorda her og olderskogen som skulde 35vore vekk. Han tok til og han, frammed grøfta her; – men so vart han snart ferdig –.» –
Bruland gjekk og saag paa stykket. Han sleit i eit par røter, sparka bort i ei mosetuve, grov unda lyng og rask og grov seg nedaat jorda.
«Fin jord alle stader. – Det skulde daa gaa an aa faa det til lel,» funderte han, «om du leigde ein kar –.»
«Om vi tok dugnad paa det?» meinte Arne. Det vart sagt halvt i skjemt, men Bruland tok etter tanken straks.
«Dugnad ja. Du segjer noko du. Enn om ungdomslaget –?»
«Det har du sanneleg rett i,» sette Arne i, «ungdomslaget er dei rette. Dei har hjelp til nydyrking paa arbeidslista si; eg har sjølv vore med paa og sett det der. Og no skal dei faa til. Det skal fram paa neste møte.» –
Bruland og Arne var alt i arbeidet. Dei rothogg og brende og pløygde, dei planta og grov og det vaks so det var eit mirakels. Det gjekk so greidt og endefram alt, at Helga maatte læ og halda att litt. Endaa ho tykte sjølv òg ho saag kor jordbera raudna opp etter bakken, og kor det lyste paa apallog kisseberblom i staden for dei brune olderkumrane som no raadde grunnen.
«De er snart ferdige med heile anlegget de, meiner eg?»
«Ja, det skal gaa noko det, skal du sjaa. Ein skokk med spreke gutar –.»
«Ein skokk? Det er ikkje sagt dei er so huga til aa rothogga older dei spreke gutane dykkar –.»
«Huga? Dei skal.» Det var Arne som tok i.
36«Nei, det skal dei ikkje,» sa Helga, og no var ho aalvorsam.
«Vil du ikkje?»
«Jau, eg vil nok òg. Men det skal vera friviljugt arbeid og ikkje noko utom lagsarbeidet. – Eg vil ikkje ha fatighjelp.» Det siste skulde vera skjemt, det synte den skeive smilen; men det dirra inn under av noko byrgt og saart.
«Det var meininga det skulde vera friviljugt, sjølvsagt,» sa Arne, han hadde alt spakna mykje. «Dei som ikkje vil vera med kan halda seg heime. Men det staar i lovene for ungdomslaget at det skal vera med aa odla Noregs jord, dei skal hjelpa til med nydyrking der det trengst – og her er høve til aa syna at der er vilje attom orda, at dei vil noko anna og meir enn dans og leik. – Du vil daa taka imot oss?»
«Ja, eg trur daa vi maa faa det til, og velkomne skal de vera, dersom de verkeleg vil koma. – Margot og eg kunde koka kaffe, og so kunde de vel leika litt etter arbeidet, so det vart som eit ungdomsmøte – dersom det blir ver til aa vera ute i daa.»
«Ver? no somars dag – det gruver vi ikkje for. Og de maa bu dykk bra med kaffe, – kjenner eg gutane rett, so – – –.»
«Vi faar freista –.»
Elles sa ikkje Helga stort. Det kom so braatt paa henne dette med nylandsarbeidet – det var ikkje so reint endefram. Ho maatte rekna og rekna over paa nytt lag. Og det tok tid før ho retteleg fekk seg til aa tru at det var aalvor. Ho kjende seg 37utrygg endaa gleda laag og skein inn under nokon stad.
Kunde ho faa til jordber der oppe i bakken – kunde ho faa dyrka opp om det var berre ein liten flekk til aa bynne med! Maatte det lukkast!
Det baara og brusa og sprengde paa av kjenslor ho ikkje vann raada med, det var sjølve vaaren i henne, det var livet som vakna – – og jorda laag og ropte imot henne og bad om vyrdsling.
Og no att kjende ho kor Kristen Ness hadde rett. Du maa først læra aa elska jorda, hadde han sagt. Og det kjende ho òg, at dit var det ikkje langt att no, det var ei lett og ei god lære no det. Aa elska jorda. – –
Men Bruland og Arne kunde ikkje bli einige om kven som skulde fylgja den andre paa heimvegen den kvelden. Vikaungdomane skulde vera med var meininga, og Arne vilde at han og dei skulde vera med Bruland eit stykke først og sidan kunde dei fylgja han. Men Bruland var huga til aa sjaa nedaat sjøen og meinte det var rettast Arne fekk fylgje først, sidan kunde dei fylgja han. Dei stod frammed grindsleet, karane, og maatte kvar si leid for aa koma seg heim, og no kunde dei ikkje bli einige om fylgje. Til slutt maatte Helga segja ifraa kva ho meinte.
«Eg meiner ingen ting,» let Helga, «de skal ha takk for de saag hit, og no trur eg det er høveleg tid til aa halda kveld, so kan de gaa kva leid de vil for meg. Det kjem ein dag i morgo òg venteleg –.» – –
Straks etter stod ho i kammersglaset og saag 38bort etter vegen mot Ness, etter Arne. Han gjekk fort og var aaleine. So vart det ingen som fekk fylgje paa vegen den kvelden helst – og ho maatte mest læ naar ho tenkte paa kor lange dei vart i andleta daa ho gjekk inn. Og det kjendest herleg aa vera ung og helsug.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.