I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Dugnad

Det var dugnad i Vika. Helga og Margot hadde vore paa ferd heile dagen, ja mange dagar helst. Dette framlegget i ungdomslaget fraa Bruland og Arne fall i god jord høyrdest det for. Den vilde koma og hin vilde koma og alle vilde koma helst. Ikkje berre gutane, men gjentone med. Erik kom med helsing og tidend, Margot kom med tidend, og hende det at Helga var aat bua i kveldingen og møtte ein ungdom i vegen so let det straks: ja, paa dugnaden kjem vi – du maa berre bu deg med kaffe.

Det vart slik at ho tok til aa sveitta og smaatt trega sig til slutt. Det var noko all maten og kaffen, men – no lit dei paa at vi er berre ungdomen her, no trur dei, dei kan gjera som dei vil, og ikkje er det vel arbeidet og rydninga dei renner i veg etter, ottast Helga. Men ho sa det ikkje. Ho fekk no sjaa. –

Det kjendest likevel som ei bør fall fraa bringa daa baade Ane-Marta og Kristen fraa Ness kom og vilde vera med paa dugnaden. – Han var gamall ungdomslagslem han, let Kristen, og dette vilde han vera med paa. Dette var det gildaste ungdomslaget hadde teke seg til med paa lenge, og dette – ja, her vilde han vera med. Det stod fast. –

40So small det etter øksehogga oppe ved skigarden, det braka i older som fall og attaat prata det og lo det og gapast.

Hoi karar, ropte ein, tak i og dra’, dette gaar bra – der gjekk det ei storolder, ho blir so ho vermer, ho, skal de sjaa!

Bruk makta di gut, sang ein annan ut, og syn at du er kar!

Jamenn er ho seigliva, trollet, stod ein tridje og godsnakka og beit saman tennene, – men til skal ho! Og munnen vart som eit strek av berre fortetta vilje, medan neven tok fastare tak kring økseskaftet og hogg til paa nytt lag. –

Det gjekk med liv og gaman, dei unge hendene var viljuge og sterke, og hakka og øksa gjekk kringt og let kvellt i den ljose fine somarkvelden.

Sola hadde gladd. Men fjorden laag blank som ein spegel og heldt paa gulldaamen av solglansen enno. Det var so fager ein kveld.

Og rett som dei hogg paa det likaste sette Arne i med ein song. «No ser eg fagre fjord og bygder –.» Den kvelle klangen av øksene tagna ei stund; men dei unge røystene tok etter songen, og tonen steig og fall og kom bort, langt, langt bort i blaanaden.

«Huff, no blir det snart høgtidsamt,» sa ein og skaka paa skuldrane og langa til ei rot med hakka, – her skulde arbeidast, maatte dei hugsa.

Og syngjast, tok ein annan i, her var daa ungdomsmøte! Javel, javel, sanna den første med, songen er bra, men alt med maate, karar; naar han blir slik at han tar etter aalvoret i ein, so – – det heftar so forsett.

41No tok det til aa ryka av kaffekjelen, saag Bruland, og gjentone venta vel alt; men det vart ikkje kaffe paa den som ikkje gjorde rett for han, vilde han røysta for, ikkje paa dei som song og gløymde arbeidet, nei.

Og ikkje paa dei som pratar og gløymer songen, meinte Arne og tok i med ein ny trall.

«Aa køyre vatten og køyre ved,» skulde vel faa arbeidsmodet opp i nokon kvar, – og songen ljoma utover engene og fjøresteinane.

Men øksehogga let like kvellt, og gutane tok i omkvedet og song med. «Og køyre gjenta mi eiga,» brusa det som ein heil foss nedaat Vikastugu.

«Ja, ingen faar sjaa paa ei gjente før arbeidet er fraaseggjort,» sa Kristen Ness og var med paa skjemten.

Han tok ein neve mold og smuldra millom fingrane. «Det blir fin jord her. Ho kjennest mest livande aa taka i. Dette stykket vil de nok faa hugnad av,» sa han aat Erik.

Og Erik nikka og sa ja, og var ein gamall skynsam mann ei stund. Det var overlag til jord, ja. Han turka sveitten paa trøiearma – det gjorde so godt aa retta ryggen eit tak. Og det kjendest godt og lukkelegt aa vera kar millom andre karmenn. –

Inne staaka Helga. Ho passa kjelen og hadde eit auga med alt. Vart det koppar nok tru? Og brød? Dei vart sagte svoltne dei som sleit i det oppe ved skigarden, ottast ho. Og ho rekna karane og saag over brødfata og la paa meir, gong paa gong.

Men Margot bar ved og vatn og gjekk med drykke aat dei som sveitta og tyrsta verst oppe i 42nylandsstykket. Ho var alle stader – blaaøygd og blid og lett til laatt og løgje.

– – – – Etter kaffen gjekk leiken ute paa tunet og bort etter vollen. Per Spelmann, Kraaka og Matvisa gjekk kvikt; men Liti Kersti og Aarolilja var vedkjømelege – og dansen tok farge og daam av visa og kjenslone; den vart stillsleg og fin, mest sorgsam.

Helga song føre. Ho hadde so fint eit maal, og ho kunde alle versa. Ho kunde ikkje berre syngja dei, – ho livde med i visa, ho var liti Kersti, ho var Inga litimor, ho var Aarolilja. I alt sitt lag og alle sine rørslor var ho med. Folkevisa og dansen fyllte henne og gav henne ein forundarleg rikdom. Leiken var ikkje leik berre, den var noko av livsens aalvor, ein takk for rike kjenslor, ein takk for all venleik i ord og tonar. Ein takk for sjølve dette vedunderlege livet, for ungdomen som brusa i ein. Slik var leiken for Helga, og slik vart den med kvart for dei andre òg denne undarleg fagre somarnatta. – –

Men det blir slutt paa all leik. Det var langt paa natt alt, det var mest berre aa strekka handa ut so hadde ein tak i morgonen. Og sjølv om det var helga paa handa so maatte daa nokon taka til vites. Dei tok smaatt til aa takka for seg rundt i kring.

Daa stod Kristen Ness fram og heldt ein tale. Det var elles ingen tale sa han sjølv – det var berre eit par ord han vilde segja aat ungdomen. «Eg er glad i kveld,» sa han, «eg trur eg torer segja at det er lenge sidan eg har vore so glad. Det arbeidet ungdomslaget har teke opp her med nyrydning og 43odling av jorda, det er eit godt tiltak. Og det har ikkje verd berre for den som faar hjelpa – det vil kan henda syna seg, at det har like so stort verde for dei som hjelper. For dykk sjølve. Det aa tena dei skapande krefter i livet det gjer dykkar eige liv rikare, det gjev so god ein vokster. Og jorda – – eg har høyrt om noko dei kallar moldtrælar. Eg trudde det var slike som grov i jorda før; men det er ikkje det, ikkje slike som elskar jorda i alle fall. Eg tenkjer meg ein moldtræl grev og grev anten det no er i jord eller bøker eller handel – han grev og karar aat seg. Og krev. Han krev utan aa ville gjeva noko att. – Men det er nett det de ikkje skal gjera. De skal ikkje krevja, de skal gjeva – de skal gjeva livet om det trengst. Og de skal elska jorda som de elskar livet, fordi jorda er sjølve livet. Ho er ‘moder aat oss alla’, og attende til henne kjem vi. Stell fint med jorda, ungdomar.

Naar eg er so glad i kveld, er det helst fordi eg tykjest sjaa ein skimt av Noregs ungdom paa veg heimover mot jorda att, ikkje for aa krevja, men for aa elska og vyrdsla og for aa hjelpa. Og det skal de ha takk for.

Det har vore slik ei tid no, at krava har vore det fornemste til uboteleg skade for folk og land. No bed eg dykk som er unge setja offerviljen i høgsetet ei stund i staden for krava. Og eg bed dykk, bli ikkje moldtrælar, – elsk arbeidet for arbeidet si eiga skuld og ikkje berre for den vinning det gjev. Daa vil de faa kjenna at det er signing i arbeidet. – Og so vil eg segja takk for meg, og takk for oss alle, Helga. Det har vore ein gild kveld.»

44Han gjekk til sides. Ein gamall mann snart. Og einsleg. Men Helga stod og kjende paa at ho òg skulde ha sagt noko, ho skulde vel ha takka i alle fall. Det var so mykje som sprengde paa, so mange tankar, so mykje av takksemd. Ho bøygde seg ned etter eit par violar som laag so heimlause nede paa tunet – dei hadde vel vorte med ifraa nybrotet –, no strauk ho dei vart gjenom handa og tenkte og tenkte. Men ho fekk ikkje til meir enn eit einaste lite ord.

«Takk!» sa ho stilt, «takk alle saman for hjelpa!»
Meir var ho ikkje god for i kveld.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.