Helga sa ikkje stort til Erik. Ho let han sova ut morgonen etter og stelte fram mat til han som vanleg. Han drog seg som ein vaat hund i dørene og kom seg ikkje i gang med noko retteleg arbeid. Han bar inn ved og vatn – det var som han bad for seg med kvar lita tenest han vann gjera. Men Helga sa ikkje noko.
So orka han det ikkje lenger. Denne tegjinga verka som ei muru.
«Eg var visst ikkje rar igaarkveld,» sa han og freista seg med ein liten hjelpelaus laatt.
«Du var rar,» sa Helga og saag opp fraa sauminga si, «men eg synes ikkje det var noko til aa æ aat.»
«Det var no vel ikkje noko til aa graata av heller.» Det var noko trass i røysta no.
«Nei nei. Det kan no vera som ein tenkjer det til med det. Eg veit no ho mor vilde ha graate.»
Erik kom seg ikkje til aa segja meir no. Han sat og fingra med ei spikskie, skar og maata til. Og Helga sauma styng paa styng – det galdt nok mykje aa bli ferdig med dette arbeidet i rett tid visst. Endeleg la ho saman sauminga noko omstendeleg, glatta til retteleg fint og gjorde seg for det. Ho reiste seg og var ferdig til aa gaa ut.
67«Eg hadde ikkje trudd – eg hadde aldri trudd at du – skulde bli den første som braut lovnaden. I gode og vonde dagar sa du. Og no –.»
Kvart ord var ein svidande piskesnert. Han sokk og sokk, i skam og pine, han vilde verja seg, men kom ingen veg. Han hadde orda paa tunga, men fekk ikkje fram ein ljod. At ho ikkje kunde skyna! Korleis skulde han faa til aa klaarleggja det for henne? Men ho vilde vel ikkje skyna heller. Og trassen kom veltande attaat og gjorde honom hard.
Han skar djupt og vyrdlaust i skia og snitta sovidt borti fingeren med. Det var ikkje stort, men det fekk daa fram blodet. Daa fekk han nok aa gjera med aa stana det, so han slapp svara.
Helga hadde alt handa paa dørklinka. Ho stod og saag paa Erik, ho var ikkje heilt ferdig enno helst. Og fingeren blødde og blødde, det vilde slett ikkje gjeva seg. Daa gjekk ho braatt bortaat han og rette fram handa.
«Eg trur paa deg lel, Erik. Eg veit du vilde ikkje dette. Men akta deg, gut, – akta deg for framtida.»
«Eg skal akta meg. Eg skynar ikkje –.»
«Eg veit det. Men ein annan gong skynar du. – Erik?»
«Ja –?»
«I gode og vonde dagar, Erik.» Denne gongen var det Helga som sa det, og det let meir som ei bøn.
Men daa ho kom ut, hadde allting letna. Himlen hadde fatt ein ljosare lit, og ein kunde mest baade læ og syngja att. Ho mintes første dagen ho gjekk til Ness til Strøm sine som barnegjente. Ho saag 68ein maase som flaug og flaug mot svarte uversskya, han gav seg ikkje – han flaug berre vidare. Og han var so vakker daa sola naadde i han og kasta gull over vengjene.
Det var undarleg, men den maasen stod so klaart for henne med eitt. Han var hennar fylgje, tenkte ho, og det gav baade mod og von. –
Men ungdomslaget var ho ikkje ferdig med. Det brann i henne kvar gong ho tenkte paa det som hadde hendt. Ho loga opp og var harm kvar gong ho høyrde likesæle ord og skjemting om det som for henne var livsens aalvor. Og den løynlege otten so snart Erik var utom heimen og i lag med nokon, den gav seg ikkje so snart. Ho sov ikkje heilt trygt meir, ho laag og lya etter fotlaget, laag og venta og saag han i augo naar han kom, og ho høyrde etter mælet. Var det fast og klaart tru? var han stø paa foten?
Ho trudde paa han òg, visst gjorde ho det; men det som hadde hendt ein gong, det kunde henda paa nytt lag – han var daa berre gutungen aa segja – og otten var der og let seg ikkje døyva. – –
Dei skulde ha ungdomslagsmøte ein kveld like inn under jol. Dit gjekk Helga.
Dei skulde snakkast med om jolefest – og denne gongen var ho huga til aa vera med. Og til aa segja ifraa. Dagane før møtet gjekk ho og samla saman alt ho vilde segja, ho heldt lange talar for seg sjølv og stødt kom det noko nytt attaat. Alltid fann ho meir som skulde vore sagt, og jamnast var det nye det beste, det vigtugaste, det som framfor noko anna burde vore sagt.
69Ho snakka med Erik om det, ho snakka med ein og annan av ungdomane, dei ho kjende best.
«Berre ha det fram paa møtet,» sa dei, «berre segj ifraa – du faar mange med deg.»
Men den kvelden møtet var, gruva ho seg. Daa spursmaalet om jolefesten kom opp,opp,] rettet fra: opp. (trykkfeil) hadde ho heiteelingar og fraus attaat. No – no maatte ho til; eller – skulde ho gjeva opp likevel? Lata saka glida i veg som før? So slapp ho segja noko. Det maatte no vel finnast dei som var nærare til det enn ho òg? – Ho kjende alt kor det letna og kor roleg ho vart. Daa saag ho braatt Erik for seg, og ikkje berre han, men alle dei andre framvakstringane, i klyngevis kring veggene og i gangen, med laatt og skraal og raaskap. Og før ho skikkeleg sansa seg, stod ho og hadde bedt om ordet.
Dei mange par augo, dei mange andlet, undrande, likesæle, ventande – dei heldt paa og taka modet ifraa henne att. Dei stod som ein mur mot henne og stengde. Og den lange talen, dei mange raamande ord og setningar ho hadde funne før om dagane – no var dei paa vilt flog alle saman. Og ho vann ikkje halda att – vann ikkje samla dei. Men til maatte ho og ord maatte finnast.
«Eg vilde gjerne vita om det skal vera lov til aa ha skjenk paa denne jolefesten – –.»
«Høgare, høgare,» ropte det nedi salen. Helga saag dit, og det var som modet auka med den vesle kjensla av trass. Ho hadde set kven som ropte, og kjende dei. Det var ikkje av dei som tykte det var det same med joleskjenken.
«Eg veit at etter laget sine lover skal det ikkje 70vera noko sterkt paa møte eller fest. Men det veit de alle like so godt som eg at some har med seg. Og dei drikk. Eg har ei kjensle av at det blir fleire med kvart som har med seg. Og som drikk. Det er ikkje bra for laget. Og eg vilde spyrja om styret eller festnemda har tenkt aa gjera noko med dette for framtida.»
Ho sette seg. Det vart ingen tale, det kjende ho vel; men ho fekk daa sagt det ho vilde. Det var stilt ei heil stund – det var likesom dei eva seg for aa taka upp spursmaalet. Men no var det gjort, og no kjende ho modet auka med kvart att, Helga òg. Endeleg reiste ein seg – ein av dei eldre i laget.
«Det er no so,» sa han og togg litt paa orda, «det er rett nok at det ikkje er lov aa ha noko sterkt i laget. Men – sovidt eg veit har ikkje laget raadd til noko sterkt heller, ikkje før, og ikkje kjem dei vel til aa gjera det. Det er ei onnor sak kva dei einskilde innan laget kan finna paa aa gjera privat, det kan ikkje laget taka noko ansvar for. Kvar faar kjenna seg sjølv i so maate. Ja, slik ser no eg det.»
Det var eit par som freista seg med klapping, men det vart hyssa og so døydde det bort. – Helga var oppe att med ein gong og no var ho ikkje redd. Ho var sint.
«Det veit de som eldre er enn eg, at det har vore sterke krefter oppe for aa øydeleggja laget. Beinvegjes giekk det ikkje. Med underminering kan det gaa før vi veit om det og vil det. – Tek det til aa gli’ nedover, gaar det gjerne fort. Og eg skynar ikkje at lagslemene sjølv vil vera med aa 71skuva lasset utover. Men det gjer de naar de ser i gjenom fingrar med dei som bryt laget sine eigne og sjølvgjevne lover. – Det er rett nok at dei har med seg skjenken privat; men naar dei er paa møte eller fest, er dei ikkje privat lenger. Daa kjem dei som lagslemer og skulde setja si ære i aa lyda laget sine lover. Eg vilde aldri bry meg om kva kvar ein av dei gjorde heime hos seg sjølv, men her innan laget skal dei lyda laget sine lover. Dersom det ikkje gaar an aa krevja det, so – ja, daa gjev eg ikkje mykje for heile lagsarbeidet.»
Ho kunde ha graate eller skrike høgt, so teken var ho. Om ho berre kunde faa tak i kvar einaste ein slik at han saag og skyna, slik at han fekk i aalvoret retteleg! – Ho høyrde dei snakka rundt ikring seg, og ho høyrde ikkje noko lel. Ho sat i ein foss av ord og kjenslor, det brusa inni henne, det brusa rundt ikring. Men smaatt om senn vart det ro, og daa stod Arne Ness frammed talarstolen og sa noko.
«Eg vil takka Helga Vik for at ho har teke opp dette spursmaalet. – Det er nok mange av oss som har set det same som ho, men ikkje havt mod til aa bera det fram. Det har vorte som ein verkbyld som det er vondt aa røra ved. Men ein slik byld maa skjerast, so ein faar vondet opp med rota, skal det bli bra. –
Daa laget vart skipa, veit eg det var skiparane si meining at det skulde vera til opphjelp for ungdomen. Her skulde dei samlast om det store og gode som var oppe i tida, her skulde dei veksa opp til vakne og ansvarlege menn og kvinnor. I gaman og i aalvor. Tidene har vore vonde no. Det 72har kome mykje baade av godt og av vondt inn i bygda og laget som dei ikkje rekna med den gongen. – Det maa staa til oss aa taka opp det gode nye som kjem inn og bryta staven over det vonde.
Vi har tenkt for lite paa ansvaret i seinste tida, er eg redd. Og mangt har ete seg inn som ikkje burde vera der. –
Vi gjorde eit godt opptak med nylandsrudninga i vaar. Det vonar eg vi maa halda fram med. Men det er ikkje berre jorda som skal odlast. Vi treng odling sjølv med. Og som eit led i den odlinga vil eg gjera framlegg om at all drykk og raaskap skal haldast borte fraa laget sine møte og festar. Og kvar einaste lagslem skal vera ansvarleg her. Er det so nokon som bryt lovene, so har ikkje laget bruk for han lenger.» –
Det var ikkje fleire som bad om ordet. Dei mulla og murra litt her og der – noko misnøgje var der vel. Det blir nok mange som bryt lovene, mulla ein. Skal vi taka det so strengt, murra ein annan, so blir det snart ikkje mange att i laget. Men daa det vart røysta over framlegget, gjekk det fint i gjenom.
Og Helga kjende seg baade glad og ille ved. Det var kva ho kunde venta seg av Arne, han var open og beintfram og sa det han meinte. Mange var det og som fylgde honom, og ho kjende seg lukkeleg ved det.
Men ho høyrde andre ord ikring seg og halve setningar, og ho saag smil og fekk augnekast som brende. Sjølvsagt, sa dei. Naar det kjem fraa Vika, so –, sa ei og sukka. Ja, vi veks i veret, sa ei onnor, og det var hæding i tonelaget.
73Og dei vonde smaa orda hadde slikt lag til aa bita seg fast, til aa rispa og gjera vondt. Det kom for henne eit ord ho hadde høyrt som lita gjente. Ei gamall kone gjekk og bad seg til. Og naar ho fekk ein brødskalk noko uviljugt, sa ho gjerne: Ja ja, det er malurt. Og so sukka ho og aat.
Det maatte vera noko slikt, desse smaa innmari vonde orda. Malurt. Det skulde vera surt, men godt for helsa visst.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.