Det var tunge dagar aat Helga dei dagane Margot laag og stridde med sjukdomen – det gjekk so opp og ned. Rett som det saag ut til betring, laag ho og fikta med armane og snakka over seg og kjende ingen. Dag og natt like eins. Meir enn ein gong saag det ut som dauden var det vissaste aa tenkja paa – og doktoren risste paa hovudet andre gongen han var innom. Hm, sa han og kremta berre – han skulde koma att sidan.
Erik var heime og tjona med krøtera. Helga var mest ikkje til aa rikka fraa senga. Ane-Marta kom gjerne ein tur kvar dag og hjelpte til. Ho sa ikkje stort, men det fylgde tryggleik med henne. Og hende det ho var seinare ein dag enn vanleg, sat Helga og lya og venta.
Det hadde gaatt ei vike alt, og no skulde snart det verste vera over, trudde Ane-Marta. Men den dagen saag det retteleg gale ut. Feberen steig, og hosteridene saag ut til aa trøytta henne reint ut. Og ho hosta i eining. Helga sat bleik og forvaki og bad om livet for vesle syster si. «Ho maa ikkje døy. Ho maa ikkje døy – kjære, lat henne faa liva.» – Erik gjekk paa sokkeleisten i dørene – han fann ikkje ro nokon stad. Han saag etter doktoren, 92han la paa varmen og kika innom kammersdøra der Helga og Ane-Marta sat frammed senga og venta paa vending. Og dauden var heilt innom døra.
Men so snudde han og gjekk forbi. Og hyss! sa Ane-Marta og hytta med handa aat Erik – han maatte berre vera roleg no. For no sov Margot. Ho sov roleg og godt. Endeleg. – Og no ser det ut til liv, sa doktoren ei stund etter og smilte. No maatte dei berre fara varlegt med henne, let han. Og Helga gret i glede, endaa ho hadde daa visst det heile tida at slik maatte det gaa – det kunde aldri henda at Margot skulde døy. Ikkje enno. Men Ane-Marta gjekk enno ein tur mest kvar dag utover. Og ho hadde med seg eitkvart godt og sat gjerne ei stund og smaaprata med Helga og Margot.
«Ja, idag reiste Arne,» sa ho ein dag, «han bad meg helsa dykk so mykje.»
Reiste han, undrast dei.
Ja, han vilde til Danmark ei tid. Paa høgskulen der. Det var helst ungdomsskulen som aatte hugen hans, trudde ho. Elles sa ho ikkje stort. At ho ikkje var glad, det var greitt aa sjaa.
Men Helga skyna ingen ting. Anna enn at no var det vondt aa liva. No laag ikkje gleda paa lur lenger, og lukka gjekk beint forbi. Det var berre arbeidet att. Og det var trufast – det smaug seg ikkje unda. Det var der til kvar ei tid og tok tankane, tok kreftene. Og skapte velnøgje i alle fall.
Men ein dag fekk Helga brev fraa sakføraren. Det var ein banktermin ho hadde gløymt. Forfallsdagen var daa Margot laag sjuk. Sidan hadde det vore so mykje. Og ho hadde gløymt det. Og 93sjølv om ho hadde hugsa – ho hadde vel endaa ikkje havt noko aa betala med. Ho stod ute paa tunet og knuga den vesle daarlege konvolutten i handa og kom seg ikkje til aa gaa inn straks.
«Maa være innbetalt inden den 22. om videre omkostninger vil undgaaes,» stod der i brevet. Den 22., og idag var det den 8. Og jol snart. Ho hadde seld potet og korn før – det hadde gaatt til doktor og medisin, til klæde aat Margot og mat. Kva skulde ho no triva til? Kor skulde ho taka pengane ifraa?
Tanken tok til aa leita etter utvegar, smaug i krokar, trengde seg gjenom ulende, stira etter ein ljosning eller ei lita von om løysing. – Ho halla seg inn mot fjøsveggen, ho vart so trøytt og leid seg med eitt. Ho hadde bynt med so godt eit mod, ho hadde lagt all sin vilje, heile si sjæl kunde ho godt segja i arbeidet – ho hadde trudd so stort. Ho vilde berga heimen for seg og syskena. Ho hadde meint det var noko so stort det aa ha ein heim.
Og so var det berre slitet – kav for føda. Fri skulde ein kjenna seg hadde ho meint – naar ho hadde ein heim. Fri? Maa være innbetalt – det let som piskesmell i lufta. Og ho krympa seg under dei.
Graaten sprengde paa, og modløysa tok reint makta fraa henne ei stund. Dei mange ljose voner fraa arbeid og fest, fraa leik og kameratskap, dei smaug unda. Kva hadde dei her aa gjera? Og Helga stod bleik og forkomi og knuga eit lite tunnt brev i neven. «Maa være innbetalt» stod der og so noko om «videre
omkostninger» – –.
94– Men lite med kvart kom ho seg att. Ho strauk haaret or panna og saag opp. Det maatte vel bli ei raad. No som før. Den som er traa vinn. Og ho mintest maasen som flaug og flaug og aldri trøytna –. Det skulde nok gaa.
Ein augneblink streifa tanken Kristen Ness. Han stod som kautionist for laanet, han hjelpte naar ho bad. Nei, sa Helga høgt. Det skal gaa lel. Det fekk helst bli litlekviga. Endaa ho hadde tenkt aa ala opp den til ku. Det stakk til og gjorde vondt. Men naar ein maa so maa ein, og so er det ikkje anna aa gjera med det.
Ein ting visste ho – dei «videre omkostninger» skulde ikkje sakføraren bli feit av. Ikkje fraa Vika, nei. To undarlege ord i grunnen. Det sveiv for henne ord ho hadde høyrt dei aara ho var i byen hos Strøm sine, og minne fraa den tid ho var lita og mor sleit for livet aat seg og sine, ord utan farge og meining den gong. No tok dei skapnad og fekk eit andlet. Dei grein henne i møte og lo og haana – «incasso, salær og videre omkostninger.» Dei tok strupetak og vilde kjøva henne, vilde taka makt og mod.
Ho saag dei for seg, papira, som ein straum gjenom kontora – dei fløymde utover bygdene fraa bank og sakførar, «Videre omkostninger» stod der. To ord berre, men i røynda ein varulv som saug mergen or ein, som krøkte ryggen og gjorde andleta graa og slitne. Men han skulde sleppa denne gongen. Sjølv om litlekviga maatte ofrast. «Videre omkostninger» skulde det ikkje bli, nei. –
Ho glatta ut brevet og gjekk inn. No hadde ho godt mod til aa driva paa ei stund att. Faa 95unda seg noko. Og det skulde einkvar annan faa gjeva seg før henne, det visste ho daa.
Men daa kvelden kom stod ho og stira bort etter vegen mot Ness som so mang ein kveld før. Og augo var sorgtunge og fulle av lengt. Naar ho berre kunde skyna – – men ho skyna ingen ting. Anna enn at dagane var ikkje slik ho gjerne vilde dei skulde vera.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.