Arne Ness!
Det er fleire aar no sidan Ingrid, syster di, bad meg bera fram ei helsing aat deg. Eg gjorde det ikkje den gongen, og eg hadde mest gløymt det no, men so kom det noko til som minte meg om det. – All ungdom døyr ut paa Ness, hadde du sagt til Ingrid. Og eg sa til henne, at noko slikt hadde du ikkje rett til aa segja. Du burde heller hjelpa henne aa kjempa mot sjukdom og modløysa, og naar ein vil noko retteleg til gagns so vinn ein til slutt, sa eg. Det var dette Ingrid bad meg segja deg. Eg har aldri gjort det, det eg minnest. Men no gjer eg det. For no veit eg det mykje betre enn den gongen, at det er sant. Naar ein verkeleg vil noko, so vinn ein til slutt. –
Du maa ikkje tru det alltid har vore so lett her i Vika heller desse aara. Modløysa har nok teke hardt etter oss somtid. Men no ser det daa ut til aa gaa framover med kvart, og ein dag vinn vi oss sagte dit vi vil. Det er eg viss pan. Nett fordi vi vil. Vi gjev oss ikkje over. Det er fatigdomen vi har havt aa kjempa imot, og den maa vi nok kjempa imot lenge endaa. Men vi skal vinna til slutt. Det kan du vera stød paa. –
Du har sjukdomen. Eller redsla for sjukdomen 108maa eg vel heller segja. For sjuk er du ikkje i røynda, det segjer alle. Men du kjempar ikkje imot. Du reiser berre din veg fraa alle dei som treng deg, og gjev deg over. Du sviktar. Og det hadde eg ikkje trudd om deg. –
Det er far din meir enn nokon annan som har lært meg aa elska jorda og heimen. Baae foreldra dine har vore so mykje for meg, at det kan eg aldri fulltakka dei for. Difor skriv eg aat deg no, endaa eg helst ikkje vilde. –
Eg har høyrt at far din vil selja, og at du vil ikkje taka over garden. Folk trur det er fordi du er for fin og lærd. Du har gaatt so mange skular og det er so rimeleg at du har anna til framtid for deg enn aa slita med ein gard, meiner dei. Eg faar ikkje til aa tru at det er det som held deg borte. Eg trur heller det er ei eller onnor ovtru. For dette med ungdomen som døyr ut paa Ness, og sjukdomen som ligg paa lur, det er ovtru. Det er skrymt som du burde jaga ut i dagsens fulle ljos og faa livet av. –
Du grev deg ned i bøker og tankar og meiningar, og ser ikkje at sola skin, du ser ikkje at Ness ligg og ventar paa deg, at heile garden ropar. Du har vore borte lenge no, og du har ikkje set kor far din tek til aa eldast, du har ikkje set kor den rake ryggen aat mor di har bøygdest. Du har ingen ting set. Gamle folk skulde ha det godt. Naar dei har slite trufast eit langt liv, daa skulde gleda lysa over dei. Men dei er ikkje glade foreldra dine no, og det er di skuld. Det er fordi du sviktar. – Eg veit eg har ikkje noko med dette; men det er helsinga fraa Ingrid eg ber fram no og paa dette 109viset. Eg veit heller ingen annan maate aa takka for meg paa, og det vilde eg gjerne gjera; for grunnlaget til alt det eg helst vil naa, det har eg faatt paa Ness.
Og so faar du orsaka meg at eg blandar meg i ting som eg ikkje har noko med. Vi har det bra alle.
Helga Vik.
Kjære Helga!
Takk for brevet. Du tarv aldri be om orsaking denne gongen. Eg veit du meiner det godt. Brevet ditt minnte meg elles so livande om ei lita gjente med lange brune flettor og eit par illsinte augo. Den gjenta heitte Helga og ho gav meg dugeleg refsing fordi eg gjekk paa lærarskulen i staden for aa hjelpa til heime. Ho hadde visst rett.
Men eg undrest om du skynar kva det vil segja aa gaa med redsla i seg? Fraa eg var liten gutunge maatte eg agta meg. Ikkje bli vaat eller frosen, ikkje sitja i trekk – hadde eg nok klæde paa tru? Eg gjekk vel ikkje ut utan skjerf eller huve? Og hosta eg ein grann var landet laust med ein gong. Om eg aldri hadde tenkt paa sjukdom so maatte eg koma til aa gjera det. Redsla for sjukdomen stakk fram i all omtanken og innpakkinga, i kvart eit agtsamt augnekast og kvart eit ottefullt spursmaal. Fraa eg var liten var det slik – og no kan eg ikkje lenger fri meg fraa redsla sjølv heller. Og daa Liv døydde og sidan Ingrid – eg ottast modløysa mi er ikkje so reint grunnlaus.
Det har vore tider daa eg trudde eg skulde 110vinna over. Men for eit par aar sidan tok eg til aa hosta. Kan henda var det berre aalmenn krimsjuke, – men eg gjekk til doktor. Spisskatarr, sa han. –
Du slit mot fatigdomen segjer du – det er tungt, det veit eg. Men at du vil vinna det veit eg òg. Din vilje og ditt mod har aldri teke skade. Sjølv om modløysa tek etter deg, so høyrer det daa dagen og verda til det du kjempar imot og skal vinna over. Tenk deg til at lagnaden sjølv stod deg i vegen og stengde. Vilde daa viljen din og modet ditt strekka til? – Eg likar ikkje aa skriva om sjukdom, men du veit korleis det har vore i ætta vaar no i lange tider. Det har tynntest i rekkjone, til eg no snart er den siste att. Eg drøymde ein gong om aa reisa ætta paa nytt lag, om aa bli heime og vyrdsla arven etter fedrene. Eg drøymde so fager ein draum, Helga, og eg kjende baade makt og mod til aa taka fatt. Eg trudde somtid du skyna meg. Men so kom spisskatarren og stengde for alle draumar. – Til ein heim høyrer minst to, og paa ein veldriven gard er kona like viktug som mannen. Men for meg ser det slik ut no at eg har ikkje lov til aa binda ei kvinne aat meg, tykjer eg. Det vil vera synd, for eg kan aldri fri meg heilt for den redsla eg har vakse opp i – redsla for ættesjukdomen. – Eg ventar ikkje at du skal skyna det, ingen vil kunne skyna det som ikkje sjølv har røynt det. Men eg vonar du vil tru meg, naar eg segjer deg at det er korkje fordi eg vanvyrdar bondeyrket eller fordi eg ikkje held nok av heimen min at eg no blir borte.
111Det er vondt om far og mor – trur du ikkje eg òg kjenner kor vondt det er? – og eg har tenkt att og fram paa korleis dei best kunde ordna seg. Det er ein tanke eg somtid har tenkt –, og no maa eg òg be om orsaking fordi eg blandar meg i ting som du med rette vil finna ikkje kjem meg ved. Eg har høyrt om Bruland og deg, at de er vener – og meir enn det kan henda. Dersom det er slik, og de to vilde kjøpa Ness – paa mykje rimelege vilkor –, daa veit eg far og mor fekk det godt. Daa vilde endaa gleda smila over alderdomen deira, fordi dei held av deg mest som vore du deira eiga dotter. Dette veit du er sant, Helga. Eg har ikkje skrive til Bruland om dette enno; eg vil gjerne høyra kva du segjer først. Svar meg no so ope og beint fram som du sjølv plar vera. Og hugs at no staar det mest til deg om du vil hjelpa meg aa gjera dei heime ei lita glede. – Eg har det bra her og eg finn meg vel med kvart eit arbeid som eg likar. Men først kjem eg heim ein tur til somars, tenkjer eg.
Helsing fraa
Arne Ness.
Til Arne Ness
Takk for brevet. Jau, det var likt deg aa kasta avgjerdsla og ansvaret over paa dei andre. Eg òg kjenner att ungguten som tykte det maatte vera paradiset for Vikagjenta aa koma til Ness – – som gjætar var det den gongen, som sjølv kona er det meininga no skynar eg. Men du kan tru nei – no som daa. Skriv berre til Bruland, du, men meg 112held du utanfor. Bruland har alltid vore oss i Vika ein fullgod ven, og det vonar eg han maa bli framleides anten han kjem til Ness eller ikkje. Kva meir du siktar til faar du gjera opp med deg sjølv, – eg veit ikkje om noko meir. Naar eg skreiv var det for aa leggja eit godt ord inn for foreldra dine, som er meir einslege enn du skynar eller vil skyna. – Du spør om modet og viljen vilde hjelpa meg dersom det var sjølve lagnaden som stod meg imot. – Og eg svarar ja. I alle fall vilde eg kjempa som Israel mot Herren sjølv for dei eg elskar og for heimen min. Eg vilde sovisst ikkje lata lagnaden slaa meg over ende utan kamp. Du skriv om fagre draumar, du; men det er ingen fager draum at foreldra dine blir gamle og einslege no. Det er røyndom, og den røyndomen skal du sjaa i augo. Det var difor eg skreiv. –
Ein ting til vilde eg gjerne segja. Du er so sjølvgod du Arne Ness. Du har ikkje lov til aa binda ei kvinne aat deg, skriv du. Du tenkjer alltid paa deg sjølv – naar berre du har ditt samvit frelst so er det bra. Men det kunde henda ei kvinne vilda finna livet verd aa liva sjølv om ho maatte slaasst med skrymt kvar einaste dag, ja sjølv om ho maatte slaasst med sjølve den kvite pesten òg. Du meiner sjølvsagt ho har ingen rett til aa døma om det, ho skal ikkje spyrjast ein gong. Det tyder paa at all lærdomen din stig deg til hovudet lel. – No har eg visst ikkje meir eg skal ha sagt.
Helga Vik.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1928 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.