I Vika

av Sigrun Okkenhaug

Til Ness

Arne hadde kome heim, Erik kom med tidend ein kveld. Idag kom han Arne, sa han. Og so gjekk han aat grøfta. Han kom ikkje paa at det var meir aa segja om det. Og Helga spurde ikkje, endaa det var hundrad ting aa spyrja om. Men ut over kvelden kom dei med bod baade den eine og den andre – sjogen fraa fjorden, vinden som susa og kvar den maase som flaug opp og skreik. Idag kom han, susa det og song det, idag kom han. – –

«Trur du Arne tenkjer paa aa gjeva seg i ro heime no?» undrast Helga og smaaprata, daa ho kom opp aat Erik med mat og mjølk om kvelden.

«Eg veit ikkje eg. Men det kan eg aldri tru – han som har fare og reist so mykje, trur du han trivst med gardsbruket daa?»

«Ja, kvifor ikkje? Det er daa heimen hans?»

«Han hadde vel slege seg til ro før daa.»

Det er ikkje so sagt det, tenkte Helga; men ho sa ikkje noko. Det var berre ei gryande lita von ho aatte innst inne i hjarta – at han no kom heim for aa bli heime. – Det hadde ikkje gaatt i laas med gardhandelen visste ho; førebils vart det ikkje til noko, hadde Kristen sagt til Hans.

Ane-Marta hadde vore innom i Vika ein kveld. Ho kom fraa buda og kom so paa ho skulde sjaa 124innom. Ho òg nemnde gardhandelen som snarast – det vart no ikkje til noko i somar helst. Og so hadde ho spurt seg for og undrast om dei hadde høyrt noko fraa han Arne dei? Eller skrive aat han. Det kom so for henne, at nokon maatte ha skrive, eller avraadd han paa eitkvart vis? Men Helga tagde som muren om skrivinga – ho visste ikkje noko om det, ho, nei, at nokon hadde avraadd han. So mykje skyna Helga likevel at det var Arne som var aarsak i at garden ikkje var seld enno; og ho skyna at Ane-Marta gjekk so midt i millom von og otte.

«Ein veit so lite kor ein har han,» prata Ane-Marta, «støyter det noko til, so – –han tek alt so tungt, han Arne.»

«Han gjer visst det,» sanna Helga med. Ho var aalvorsam og noko likesæl aa sjaa til, men det tok smaatt til aa syngja inni henne. Han kom daa att, og no var det somaren og – maatru om han hadde gjeve opp skulegjerningen? Valde han garden? og heimen tru? Vilde – vilde han spyrja lel? – Og vilde han trivast med arbeidet paa Ness no han som hadde reist so mykje og set so mykje?

Aa, dei mange tankar og tvil som ikkje gav ro, dei fekk blodet til aa banka, dei fekk augo til aa lysa, dei skapte lukke og otte i ein gong, og dei fekk Helga til aa gaa etter same tingen mange gonger. – – –

Det var kvelden, men Helga gjekk til og fraa. I uro. Snart var det eit, snart noko anna og alt i eitt saag ho ut. Om det kom nokon?

Det var meiningslaust aa venta framandfolk i kveld, og ikkje venta ho nokon sers heller – men 125Erik heldt paa og grov enno og no hadde Hans kome fraa sjøen og hjelpte til han òg, so det var for tidleg aa kvelda. Og det var daa somars tid.

Helge sette seg frammed vindauget og tok etter sauminga. Men det gjekk smaatt med arbeidet, det tok seg liksom ikkje. Og rett som ho sat, tok hjarta til aa dulpa og renna i veg. Var det ikkje nokon som gjekk der ute? Ho maatte reint taka handa opp aat bringa – – nei, det var visst ingen som gjekk lel.

Ho roa seg att og sauma nokre styng, men so vart det ikkje meir. Ho fekk helst setta fram mat og so koma seg til ro. Margot var paa snørsjøen og ho stelte gjerne litt med karane ho òg naar ho kom heim. Ho la saman sauminga, men vart sitjande ei stund lel. Det var som tankane batt henne, og minna – dei kom krypande fram or krærne, dei kom med skuggane, dei lo og gret imot henne og heldt henne fast. Det var dei gode og vonde dagar, dei var gjenomlivt og nikka til henne som gamle kjenningar; dei hadde gjeve liv og vokster, og no var minna gode helst alle. Det var som ei forundarleg biletbok aa sjaa i. –

«Godkveld.»

Helga fór opp. Ho hadde ikkje ansa at døra gjekk opp og at Arne kom inn. Det var skymt i det vesle kjøkenet no mot kvelden endaa det var ljose somaren ute; men no var Helga glad og takksam for skyminga – den dulde roden paa kinna.

«Godkveld ja. Det er framandfolk ute og fer, so seint?»

«Ja. Eg kom paa eg skulde sjaa innom –.»

«Velkomen heim lyt eg vel segja.»

«Ja, du skal ha takk.»

126«Du maa sjaa aat so du faar sitja.»

«Eg skulde no ikkje sitja so seint som det er. Eg vilde berre takka for breva.»

«Det var visst lite aa takka for.»

«Det var ikkje so reint lite heller.»

«Eg – eg skreiv visst meir enn eg skulde gjort –.»

«Gjorde du det? Er det – tregar du noko av det?»

«Eg veit ikkje –.»

«Svar meg, Helga, tregar du noko av det? Skreiv du for mykje?»

«Nei, det gjorde eg vel ikkje. Eg trur ikkje det –.»

«Meinte du alt det du skreiv daa?»

«Ja, det veit eg, at eg gjorde; men hadde eg tenkt meg om –.»

«Du har visst aldri havt det mykje med aa tenkja deg om du, Helga?»

«Trur du ikkje det? Og eg som har tenkt so mykje i grunnen.»

«Har du det? Har du tenkt over alt du skreiv òg? Tenkt det heilt igjenom?»

«Visst har eg det.»

«Eg undrest paa kva du tenkjer no eg?»

«No tenkjer eg ingen ting.»

«Det var lite det.»

«Det var no ikkje meir.»

Ord – berre ord. Men under orda laag laatt og graat. No tagna orda. Og stilla tala vidare. Og sjogen fraa fjorden og angen av tang og fjøre, og alle minne fraa barndom og ungdom kom smygande inn gjenom kammersglaset og tala med. Dei 127fekk hjarta til aa banka, dei fekk augo til aa lysa, og stilla var faarleg aa vera til i.

«Helga,» sa Arne endeleg, han retta fram handa mot henne og det var baade frygd og bøn i mælet hans, «kva meinte du med det du sist skreiv? Vil du eg skal spyrja, Helga?»

«Eg meinte visst det eg skreiv.»

«Helga – eg veit eg skulde ikkje be deg –,» han drog henne tett innaat seg.

«Eg veit eg skulde ikkje,» mulla han endaa ein gong. Men Helga smilte berre mot han, endaa augo var blanke av taaror.

«Hald meg fast, Arne – hald meg retteleg fast.»

«Men – men torer du Helga? For heile livet?»

«Alt naar eg er hos deg.»

«Eg trur det endaa, at dette skulde eg ikkje, men – eg kan ikkje sleppa deg no, Helga.»

«Arne.»

«Eg elskar deg, du. Om du skyna, kor eg elskar deg –.»

«Aa Arne – eg har venta og lengta –.»

«Eg òg. Men eg trudde eg maatte sleppa deg. Eg trudde eg maatte, skynar du. Eg har stridd, og eg har lengta og stridd paa nytt lag –.»

«Eg veit det. Eg – eg trur eg stridde med.»

«So kom brevet ditt. Som sol om vaaren, det grodde og vaks nytt mod og nye voner. Du vann, Helga.»

«Kjærleiken vann.»

«Minnest du den kvelden du snaava og eg tok deg i armane mine?»

«Ja, og den kvelden du spela aat meg. Var det ikkje aat meg?»

128«Berre aat deg. – Sjaa paa meg, Helga.»

«Arne.» – – – –

– – – Det prata ute paa tunet. Det stampa høgt og tungt, det var Erik og Hans som kom fraa grøftegravinga.

«Ikveld har det muna bra,» meinte Hans.

«Ja, held vi fram slik nokre dagar, so skal det ikkje bli langt etter vatnet,» let Erik.

Dei kom inn baae, og det vart helsing og prat. Slike storframande ute og fòr, undrast Hans, og kvar den karen kom ifraa no?

Grøftegraving, veret og aarsvonene, spursmaal og svar kom og fyllte kjøkenet. Det vart prata høgt og kvardagsleg. Hans letta paa seg gong og annan for aa sputta inn i omnen; han togg kringt og strauk seg gjerne over skjegget. Men Helga og Arne smilte til kvarandre. Eit lite ord, ei lita rørsle berre vekte minne. Og augo tala. –

Straks etter kom Margot inn med ei honk med steikefisk. Ho kom fraa sjøen og var svolten, let ho. Men likevel maatte ho sjaa paa Helga. Og fraa henne paa Arne. Ho var so vàr, Margot, og det var noko uvanleg med desse to. Dei straalte. Og det kunde vel ikkje berre vera det, at Arne hadde vore borte so lenge? –

Daa Arne reiste seg og baud godnatt, bad han Helga fylgja seg paa vegen eit stykke. Det kom so sjølvsagt, og Margot smilte litt løynsk til han og nikka.

«Du er nok klok du, Margot,» smilte Arne att, og nikka han med.

«Ja, eg har lese mykje eg.»

«Romanar helst vel?»

129«Det òg. Om kjærleik og slikt.»

Ho lo og nikka endaa ein gong. Men daa Helga gjekk forbi henne, la ho kinnet sitt innaat hennar eit ørende lite augneblink.

«Eg òg er glad,» kviskra ho. Sjølve orda var som ei god lita kjæling. – Men straks etter var ho i full prat med Hans og Erik. Dei maatte endeleg sitja i ro ei stund enno, so hjelpte dei henne med fisken før dei la seg. Berre vent litt no til ho vann eta.

Og Arne fann somenn vegen ut sjølv. Han var daa gamallt kjend, og naar Helga var med han – dei turvte vel ikkje renna i veg alle saman for aa sjaa han vel i veg? Og Margot nikka farvel aat Arne og Helga, og fekk praten i gang inne. Ho var ei klok gjente, Margot, og vaksi snart.

– – Somarnatta laag blaa og vaken kring landet. Aasane med skogen spegla seg i fjorden – det var som ein hildrande draum.

«No maa eg visst snu snart,» sa Helga gong og annan og vart med eit stykke til lel. Til dei gjekk i bjørkealléen opp over mot Ness og ikkje kunde sleppa kvarandre. Det var so mykje aa spyrja om, so mykje aa svara paa, so mange planer aa leggja.

Arne vilde gifta seg straks. Men Helga visste ikkje.

«Eg skulde ha vore heime, so Erik fekk gaa paa hagebruksskulen eit aar. Han vilde læra mykje – og so vilde han ha godt av aa faa vera ung ei tid. Han har vore flink.»

«Vi kan gifta os lel. Vi driv Vika og Ness saman til Erik kan taka over –. Seg ja, Helga, eg kan ikkje venta.»

130«Naar vi hjelpest aat, so –. Eg vil som du, Arne. Men vi faar høyra, kva foreldra dine segjer. – –

– – Dagen efter kom Helga til Ness for aa helsa paa verforeldra sine. Arne hadde vore etter henne. Ho kjende seg so viss paa aa vera velkomen, sjølv om ho no kom som sonekone. Men likevel vart dagen annleis og rikare enn ho nokon gong kunde drøymt det.

Arne hadde snakka med foreldra sine paa førehand. Og daa Helga kom gaaande inn paa tunet, kom Kristen Ness sjølv ut paa troppa imot henne.

«Eg ynskjer deg velkomen til Ness, Helga Vik,» sa han. Det let so høgtidsamt, og han tok henne i handa og leidde henne inn i stova til Ane-Marta.

«Velkomen til Ness,» sa Ane-Marta òg, ho tok Helga innaat seg og strauk henne over haaret, «velkomen, Helga.» –

Det var duka kaffebord med dei gamle fine postelinskoppane som berre vart brukt til høgtids. Erik og Margot kom til kaffe, og Ane-Marta bad inn arbeidsfolket. Kristen heldt tale. «Eg har halde tale ved ei høgtig for deg Helga før,» sa han, «det var ved konfirmationen din. Den gongen stod du ferdig til aa draga ut i verda. Men eg, og vi alle, ynskte nok at du maatte koma attende til bygda. – Du kom attende, fortare enn du hadde tenkt kan henda og i sorg; men du tok so hugheilt opp arbeidet etter mor di, kampen for heimen dykkar, at det er ære verd. Aldri svikta du det du trudde paa og heldt for rett. – Kjære Helga, naar du no vil gjeva framtida di, vonene dine og kjærleiken 131din til Arne og til Ness, til heimen her, so kan eg berre takka deg – so kan vi berre takka deg baade Ane-Marta og eg. Og ynskja deg, at dagane aldri maa bli slik at du tregar det. Velkomen til Ness, Helga.» –

Det var høgtid. Ikkje berre dei gode orda, men denne gamle trauste mannen, som hadde livt og stridd, som hadde misst so mykje, som hadde lidd so mange vonbrot – og no var glad likevel. Til slutt.

«Det er eg som skal takka,» sa Helga og reiste seg ho òg, «sjølv om eg gjev meg sjølv og framtida mi, so kan eg endaa ikkje fulltakka for alt eg har faatt fraa Ness. – Nest etter mor – – har ingen gjeve meg meir.» – – –

– – – Dei stod ved stoveglaset og saag nedover rabben og utover fjorden, Arne og Helga. Dei saag maasen ute paa nesset, og Helga fortalde om maasen sin. Ho smilte litt.

«Eg har ei kjensle av at den maasen flyg enno,» sa ho, «at han flyg og flyg gjenom uver og skodde og sol, og at han maa halda fram med det heile livet til endes. Det er mest synd for maasen, men det er godt og trygt aa ha so trufast eit fylgje.»

«Flyg han i skodde eller sol no, Helga?»

Ho la handa si godt til rettes i Arne si og smilte varmt og hugheilt mot han.

«No flyg han i tindrande solskin, Arne.»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I Vika

I Vika fra 1928 er Sigrun Okkenhaugs tredje bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I I Vika er hun tilbake på hjemstedet. Moren er død og hun må ta seg av både søsken og «hus og krøter».

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.