Helga fór og svinta ut og inn i dørene paa Vika. Ho hadde det annt om, det var so mykje som skulde gjeras, so mykje aa sjaa over og koma til rettes med. Det var sundagsmorgon – og konfirmation idag. Og ho hadde vore paa Ness heilt til igaar. Ingrid hadde snakka iat ho kunde vera der idag òg, so bad dei dit mor og Margot og Erik og heldt som eit lite lag paa Ness. Det vilde vera so triveleg det, meinte Ingrid. Men Helga vilde ikkje. Ho hadde det i seg heile tida, at ho vilde vera heime denne sundagen. Sjølv om mor kom til Ness, so vart ikkje det like eins lel. Og mor og Margot hadde vaska rundt og pussa og stelt og laga til fest heime i Vika, visste Helga. Jau, ho vilde heim.
«Det maatte daa vera like bra her naar du hadde dine om deg,» hadde Ingrid sagt, daa Helga hadde pakka saman tølone sine og skulde gaa igaar. Det var so vondt aa gaa ifraa Ingrid slik – ho meinte det so innerleg vel alt i hop og Helga visste det var eit lite vonbrot for henne at ho ikkje vilde vera paa Ness i helga.
«Du vilde ikkje ha vore i Vika konfirmationsdagen din du heller,» hadde Helga svara.
63«Nei, det vilde eg vel ikkje,» hadde Ingrid sagt so sjølvsagt, at Helga raudna.
«Eg er like glad i Vika, eg, som du er i Ness,» sa ho og det var baade litt trass og byrgskap i røysta.
Og no var det Ingrid som raudna. «Eg meinte det ikkje slik,» sa ho, «eg er daa i grunnen glad for at du vil heim; men det er berre det at eg kjem til aa sakne deg so her. Og so vilde eg so gjerne set deg i den kvite kjolen din.» –
So gjekk Helga heimover. Og ho gjekk og tenkte paa om dei ikkje kunde be Nessfolket til Vika sundags ettermiddagen – eller til middag helst, so fekk Ingrid sjaa henne naar ho kom fraa kyrkja. Hans Fjerdingen skulde dit likevel, det hadde mor og ho snakka om for lenge sidan. Hans hadde vore so staut ifjor daa mor var sjuk so lenge, og han hadde hjelpt dei mange gonger elles òg naar det kneip som verst, so det var so sjølvsagt at han maatte til Vika naar det var høgtid. Og Hans og Erik fekk nok til fisk; dei trong ikkje stort anna hell – lite til supe eller raudgraut maatte dei vel faa til ataat. Helga hadde tenkt igjenom alt i hop, og daa ho kom heim la ho ut aat mor. Om ho ikkje trudde det gjekk an?
Hm, det var no so sin sak aa be heim kona paa Ness til Vika, drog mor paa det. Men dei hadde no vore so staute mot Helga paa alle vis, so det var vel ikkje meir enn høveleg heller.
Nei, ikkje sannt? Og Ane-Marta var ikkje det slag stor paa det – det maatte dei berre ikkje tru; det var ikkje verre aa ha henne enn nokon annan for den deil. –
64So vart det til at Helga gjorde seg ein vending til Ness laurdagskvelden att og bad heim baade Kristen og Ane-Marta og Ingrid. Det var om det, at ho trega seg daa ho høyrde at Arne skulde koma heim i helga; men det var inga raad med det no, han fekk vel vera med dei andre naar det høvde slik. Elles var det vel ikkje sagt han vilde vera med heller, naar det bar til stykket. Det skulde i grunnen bli artigt aa sjaa –.
– – Det gjekk so glatt alt laurdagen daa ho tenkte paa det; men sundagsmorgonen daa dei skulde bu seg til aa ta imot framandfolket var det verre. Det var no so sin sak, tenkte Helga òg daa. Ho rekna over handfenget og talekane – hadde dei knivar nok tru? og talekar som ikkje var skalaat eller sundsprukke? Det var nok alt med seg det helst. Ho leita saman og pussa opp, so ho fekk det til, og naar dei fann fram dei gamle blaarosaate etter mormor, so vart det talekar nok òg. So maatte dei bu til maten og pynte, og so skulde dei fli seg. Mor meinte ho fekk vera heime fraa kyrkja, ho, so tok ho imot framandfolket paa skikkeleg vis. Men Helga sa nei. Det fekk vaage seg med alt det meir, men til kyrkja skulde dei alle.
«Ane-Marta Ness bruker høikasse, ho,» fortalde Helga, «eg skal finne i ein kasse eg, so hjelper Erik meg lite grann. Berre vent no, so skal de sjaa, eg skal nok faa det til. – Vi set potetene i høikassen, so er dei ferdige til vi kjem heim. Jau, dei er, du skal berre faa sjaa! Kjøttkaka og raudgrauten er ferdig før og fisken koker opp paa ein augneblink. Du skal sjaa det skal gaa, mor. Berre stell deg, du.»
65Og Helga svinta ut og inn. Det stod nokre ringblomar att i den vesle hagen, dei plukka ho inn og sette paa bordet. Dei lyste opp som ei helsing fraa sola og somaren. Ho maatte stane litt og sjaa paa all stasen med det same ho var inne, paa kvitkjolen og dei mjuke kvite hosone som mor hadde spunne og bunde utover hausten, nyskoene og den blaa stoffkjolen fraa Ness. Paa kaapa og hatten. – Og paa bordet laag nytestamentet fraa mor og ny salmebok med prenta namn paa. Den var fraa Erik og Margot stod det inni – det var helst Erik som hadde seld fisk og spara ihop skilling paa skilling og kjøpt salmebok for. Til Helga fraa Erik og Margot hadde han skrive sjølv med store fine bokstavar. Til minne om konfirmationen, stod det under.
Margot stod attmed henne. Ho hadde gaatt i hælane paa Helga baade igaarkveld og no heile morgonen utover; det var so forundarleg det som skulde hende idag, ho maatte vera med, tykte Margot.
«Er det ikkje fin bok?» spurde ho.
Jau, det var storvegjes, tykte Helga.
«Du kan tru ho kosta,» fortalde Margot, «mor maatte legge til litt ho òg, for Erik hadde for lite, men han vilde ho skulde vera so fin, skynar du. Og ho skulde faa det att sidan, sa han.»
«Eg synes de har vore flinke, eg, som har faatt det til alt,» sa Helga.
«Ja, synes du ikkje det? Men du kan tru vi har klemt paa. Erik har ikkje vore trollaat nokon gong paa lenge. Han blir snart full kar no, sa Hans daa dei kom med fisken igaar; og daa kan 66du tru Erik vart kry. Han vil mest ikkje leike seg med nokon ting meir, veit du. Eg vilde ha han til aa hjelpe meg med skjelfjøset mitt, eg; men han sa det var berre tatl, han hadde ikkje tid til slikt, sa han.»
Helga maatte smile, – ho saag so tydeleg Erik for seg med hendene i bukselumma, og vaksen.
«Tergar han ikkje Potifar meir heller?» undras ho.
«Jau, du kan tru! og ein dag no att flaug hannen paa han. Men mor sa ho skulde fortelje det til deg, dersom Erik ikkje var skikkeleg, og sidan har han vore nokso bra.» Margot prata og fortalde, og Helga stod og kjende at no var ho heime. Slik var det i Vika, og ingen annan stad kunde det bli som her.
«Kor har du skjelfjøset ditt no?» undras ho.
«Borti haugen. Men eg skal faa ha det inni kammerset i vinter, sa mor, – eg skal faa i ein fin kasse. – Eg var med Hans og Erik borti Vakkerfjøra og plukka sølvskjel ein dag òg, eg. Du kan tru eg fann ein fin kalv, men den har eg ikkje i fjøset.»
«Du? kan ikkje eg faa hjelpe deg aa faa det istand før eg reiser? Vi kan gjera det i morgon eller tysdagen –?»
«Vil du det? Aa du, vi skal vel faa det til fint –.» Margot var ikkje god for aa staa iro lenger, ho maatte ut i kjøkenet aat mor; og det skulde ho fortelje Erik, ja, at Helga var ikkje det grann kry, ho, om ho vart vaksen òg. –
Helga tok nytestamentet og saag paa det. Nytt og fint med gyllt namn. Helga Vik stod det. Og 67inni hadde mor skrive: Stol du kun paa dit fadervor, lad dig derfra ei forlokkes! Himmel og jord engang forgaar, aldrig dog fadervor rokkes; det er Guds ord i barnemund, klippe og skjold i farens stund, pant paa Guds-faderligheden! Til minne om konfirmationen! fraa mor.
Augo hennar Helga var blanke av taaror daa ho la testamentet innaat kinnet sitt. «Mor,» sa ho inni seg, «kjære kjære mor.» Ho saag seg skygg ikring, men der var ingen. Daa la ho saman hendene og bad «Fadervaar» stilt og innerleg. «Hjelp meg aa bli god og snild,» bad ho tilslut, «hjelp meg, Gud.» – So gjekk ho inni kammerset til mor for aa takke henne.
«Du har so lite aa takke for,» sa mor og tok Helga innaat seg ein augneblink, «det er so lite det eg kan gjera for deg; og det er so mykje eg gjerne vilde segje aat deg no idag. Men det er mest som det kjem bort for meg no naar eg har deg her. Kunde eg berre gjera noko for aa verge deg fram gjenom livet, mot alt som blir tungt og vondt. Men du maa vel gaa vegen du som vi andre, Helgamor. Og so maa Gud signe deg baade idag og sidan.» – – –
– Daa dei i Vika mest var ferdige til aa gaa til kyrkja, kom Arne køyrande med trilla fraa Ness. Han heldt paa og skulde segje noko, daa han saag Helga kvitklædd og lite bleik og høgtidsam, men so tok han seg i det og tagde.
«Mor vilde Helga skulde køyre til kyrkja idag,» sa han berre; «det er ruskever og uførslegt aat kvite hoser. Gjer dykk ferdige og kom alle saman – eg skal heim etter mor og far etterpaa.»
68«Nei, men dette er daa reint for gale,» sa Karoline i Vika og visste mest ikkje kor ho skulde snu seg, «vi gaar daa so godt det vegstykket – vi er daa vane med aa gaa –.»
«Ja, det var det mor sa – Helga hadde ikkje faatt nokon køyretur med ho var paa Ness, sa ho. So skal det bli, maa det helst bli no.»
«Ja, du skal ha takk, men –.» –
Det vart snunad med aa faa paa seg. Margot var ikkje viss paa om ho vaaga gaa ifraa hesten og trilla, – dei kunde vera borte naar ho kom ut att. Men daa Arne la fraa seg taumane og gjekk inn, vaaga ho seg til ho òg. –
Arne hadde med ein liten pakke til Helga fraa Ingrid. «Eg skulde helse deg fraa henne,» sa han, «ho undras paa om du vilde ha paa dette i kyrkja idag, difor sende ho det med meg.»
«Ho kjem daa vel hit?» spurde Helga ottefull og tok imot pakken.
«Ja, det gjer a, men ho kjem ikkje i kyrkja.»
Det var eit gullkors i pakken, med kjede til aa henge rundt halsen.
«Aanei,» sa Helga berre og tok litt etter anden.
«Liker du det?» undras Arne.
«Aaja!» Ho retta fram handa og smilte til han. «Du faar hels’ a so mange takk til so lenge.»
«Ja, slit det med helsa,» sa Arne og heldt i handa. Han saag so undarleg paa henne, at Helga vart baade brydd og raud.
«Eg treng mest handa mi sjølv, eg,» sa ho og freista læ. Ho rykte til for aa sleppe laus.
«Ja, det gjer du vel – eg hadde so nære gløymd det eg,» sa Arne og slepte handa. Han lo ikkje 69heller, han. Han gjekk beint ut og tok taumane og prata litt med Erik og Margot med han venta. Mor hjelpte Helga aa faa paa korset, ho kytte av kor vakkert det var og prata litt om Ingrid og spurde etter henne. Og Helga svara eit og anna ordet som det fall seg, men det var ikkje Ingrid ho tenkte mest paa no. – – –
Det gjekk fint med middagen. Maten var god og ikkje var det trongt heller. Dei kom i godlaget alle, daa Karoline bad karane ut i kammerset so mykje dei kunde faa seg en røyk etter maten. Det var vondt aa sjaa at dei skulde sakne noko, let ho, so dersom dei vilde ta til takke uti kammerset, so –. Det vilde dei meir enn gjerne, og Kristen Ness og Hans Fjerdingen kom snart i godprat. Det var sjøen og det var jorda, det var hausten og avlingen og so silda som vart borte aa segje, – nei, dei minntes før i tida eller berre for nokre aar sidan, det var so mykje fin sild, at det var eit syn aa sjaa. – Erik heldt til uti kammerset hos karane, han tykte han høyrde til der.
Men Arne sat inni stova. Han røykte ikkje, og skodde kunde det bli nok av lel utover hausten om han ikkje skulde sette seg til i tokbaksskodda. Han sat og saag paa alle korta Helga hadde faatt fraa kameratane sine og spurde om eit og anna namnet som han ikkje kjende. Helga og Margot bar ut og vaska koppar. Helga skulde sitte inne idag, meinte mor; men ho bad for seg.
«Det ser so bakvendt ut, at du skal gaa og eg sitte – eg kjem til aa faa vondt i føtene av aa vera iro, det er eg viss om. Kan ikkje eg ta paa meg storforklædet ditt, so sett du deg og pratar 70med framandfolket. Eg kan henge over kaffen og, eg.»
«Han Lars og varmen kan eg passe,» baud Arne seg til.
«Nei, det gaar ikkje an lel,» Helga var reint forfælt.
«Gaar ikkje det an? Du skal faa sjaa det. Trur du ikkje eg kan koke kaffe? Eg kan hjelpe dykk aa bera ut og, eg; gaa berre og bynn med oppvasken. So, marsj avstad, Margot!» –
Helga og Margot og Arne romsterte uti kjøkenet og lo og prata. Dei skramla med koppar og sølte med vatn, og «sjaa, om det ikkje gaar fint,» sa Arne, han kvelva utor skuffa all kaffen han hadde malt.
«Nei, no trur eg du er paa styr,» ropte Helga og vart med seg, men ho maatte læ lel. Dei fekk male ny kaffe – bra, det fanns meir i posen, tenkte ho, ho hadde litt samvit for den kaffen som fór i golvet.
«Det er ikkje stort aa trege paa,» sa Arne, «det er no storparten gift, veit du.»
Ingrid trudde ikkje Arne gjorde stort anna enn ugagn naar han skulde hjelpe til – og det gjorde han vel òg det. Men det var rart med det lel, det gjekk baade fort og vel aa faa ihop etter middagen og bu paa veg til kaffen. Helga visste ikkje ordet av det før dei var ferdige. Ho løyste av seg forklædet og gjekk inn og sette seg.
Arne hadde funne fram ei gamall songbok som han sat og bledde i, og smaatt sulla han paa ein tone.
«Skal vi ikkje syngje litt?» undras han. Jau, 71det vilde dei vera med paa, alle. So song dei «Herre, tag i din sterke haand» – «Du gamle mor» – «Kirken den er et gammelt hus» og mange fleir. Dei song slik at dei narra karane inn fraa kammerset og tobaksrøyken til aa høyre paa. Og somtid song dei med dei òg.
Nei, so meinte Karoline dei fekk ta kaffen med han var varm – dei kunde halde fram med songen etterpaa, dei hadde kvelden for seg.
Det vart ikkje berre song heller, det vart prata tidomtil og kaffen var overlag god, kytte dei. Kristen Ness kom jamvel slik i godlaget at han reiste seg med koppen i handa og heldt ein heil liten tale for Helga. Han vilde ynskje henne til lukke med dagen og at det maatte gaa henne bra fram gjenom tida. Det var mest synd at ho skulde til byen no, men det kunde vel vera godt for noko det med. «Hald berre fram som du stemner, du Helga, so ynskjer vi deg velkomen att ein dag. – Og so faar du ha takk for det du har vore for Ingrid – og oss andre paa Ness – denne tida.» –
Det vart so stillt og høgtid samt etterat Kristen sette seg att. «Ho er so vakker der ho sit,» sa han til mor hennar, «eg er mest huga til aa takke for at ho er til. Det gjer godt aa sjaa frisk og god ungdom.» Han sukka litt, og so var det som kvar hadde nok med seg og sitt ei stund.
Daa reiste Hans Fjerdingen seg òg. Han var ikkje so mykje for synet nett – ein halvgamal fiskar, versliten og duknakka stod han der og famla etter orda. «Eg kan ikkje halde tale, eg,» sa han, «og det skal eg ikkje gjera hell det, men – det var noko eg vilde segje lel. Det var det at han Hallvor 72i Vika er ikkje meir, han; men vi vil minnas han lel, fordi han var no far hennar Helga, og so mest fordi han var ein bra mann, han Hallvor. Ja, det var ikkje meir eg vilde segje, eg; men eg kom paa, at det hadde nok vore gildt for han òg, om han hadde set a Helga idag.»
Han tok kaffekoppen og tømde han i eit drag og so sette han seg.
«Takk,» sa Karoline berre og gav Hans handa – ho tok forklæsnippen og turka vekk taarone. Og Helga smilte til han med store blanke augo, ho var ikkje god for aa segje noko. –
«No syng vi ein song,» sa Arne, «det er ein som er so vakker, synes eg. «Guds fred over huset hvor kjærlighed bor» –.
Han vart mest aaleine om aa syngje. Dei tok i med ein og annan gongen dei andre òg, men røysta var uklaar, so det vart ikkje stort med dei.
Helga gjekk uti kammerset. Ho let opp vindauget so ho kjende lukta fraa fjøra og høyrde sjogen fraa fjorden. Ho tenkte ikkje noko klaart, kjende berre at her var ho heime, her var ho lukkeleg. So lukkeleg at ho maatte vera aaleine ei stund. – –
– Daa framandfolket baud farvel om kvelden sa Ingrid til Helga: «Du har ein god og triveleg heim, du Helga – eg skynar so godt at du ikkje vilde vera paa Ness idag.»
«Det er triveleg paa Ness òg.»
«Ja. Men idag var det trivelegare i Vika. – Du kjem vel bortom meg før du reiser?»
«Ja, eg trur det.»
73«Kom ein liten snarvending om ikkje anna – og so maa du hugse paa aa skrive.»
«Ja, det kan du vera trygg paa – dersom eg berre faar det til, so –.»
«Det gjer du vel, naar du vil. Godnatt daa!»
«Godnatt, Ingrid.» –
Helga stod ute med ho høyrde duren av trilla. Der køyrde Ingrid heim for aa slutte med livet snart, mest før ho hadde bynt – og ho sa ikkje stort om det hell. «Hadde ho bedt meg vera paa Ness i vinter,» tenkte Helga, «so hadde eg gjort det, og ikkje tenkt paa noko anna. Men – eg er glad eg skal til byen likevel.» – Ho høyrde toget tute borti ein skjering – det hadde bod til henne ikveld. Om to-tri dagar, dura det, om to-tri dagar berre er du òg med. Daa var ho vaksi gjente og skulde greie seg sjølv. Og attaat skulde ho hjelpe mor. Aa, det var godt aa vera ung og frisk og ha noko aa gjera! Det var livet det, og lukke. –
Det var stjerneklaart og fin ver, lite kaldt; men det var so undarleg – ho kom braatt til aa tenkje paa den maasen ho saag første dagen ho gjekk til Ness i somar. Han flaug mot uversskya og var so kvit og vakker. Han flaug berre iveg og gav seg ikkje. Og no skulde ho og iveg, tenkte Helga. Det var ikkje sagt ho visste meir framfor seg ho enn maasen.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.