«Nelius Nilssen Lund, avdødes anden ældste søn, arvede saaledes Lundegaard gods med alle tilliggende herligheder.»
Det var Helga som hadde funne fram eit gamalt blad og sat og las i, medan ho ansa etter Bitte. Baade fru Strøm og Aslaug var paa sjøen. Dei reiste i kveldingen to baatlag med kaffekjel og mat og fiskegreior, – dei skulde freiste fiskelukka si og so skulde dei koke kaffe paa holmen var meininga. Arne rodde den eine baaten og Strøm den andre. Strøm hadde teke seg fri fraa forettninga ei vikes tid og var paa Ness han òg. Det var ein triveleg mann, tykte Helga, pratsam og godsleg. Det var ikkje det grann undarleg om Aslaug var hæv fordi faren kom – ho hadde no faatt so mykje fint hos han òg. Millom anna hadde ho faatt ein fin laugarbunad og det var mest det snaalaste, tykte Helga, for ho hadde ikkje set at folk klædde paa seg naar dei skulde lauge seg før. Ikkje skyna ho, at det kunde vera noko vidare heller – anna enn fint daa. – –
Men det var denne kvelden ho sat oppe hos Bitte. Ho var glad ho hadde funne i desse gamle blada – ho var dugeleg trøytt alt, og det var daa altid noko aa kike i so ho ikkje somna av reint. 23Tru kva klokka var? Enno kunne det vist ta tid før dei kom att, naar veret vart so fint – og ikkje leid det vel so mykje heller venteleg.
«Lundegaard gods med alle tilliggende herligheder,» las Helga oppatt, og stana med det. Ho tenkte seg om. Det var so innhaldsrike ord, dei femnde over so mykje, dei minnte om freistinga i ørkenen. Alt dette vil eg gjeve deg – det maatte vera herligheder det var meint paa der òg. Herligheder – ho let att augo, so ho kunde sjaa det greidt for seg. Det maatte vera overlag det han arva denne karen, og endaa var han ikkje eldst heller. Enn om ho kunde koma borti det slik ein gong – arve og bli rik!
Sjølvsagt hende det aldri – det hende aldri noko med henne, men det maatte vera vedundarleg likevel. Aldri vera nøydd til aa tenkje paa kva nokon ting kosta! Sett det dukka opp ei steinrik tante eller ei gudmor fraa Amerika. Ingen hadde visst av henne paa mange aar, og no kom ho ukjend og gav seg i prat med alle og mest med Helga sjølvsagt. Ho vilde røkje etter om Helga var verdig til aa bli rik, ho vilde sjaa om ho var snild og godhjarta – kan hende less ho som ho var fatig òg til aa bynne med!
Aa, men Helga skulde nok vera greid og beinsam og hjelpe den gamle fatige dama paa alle vis. Og so reiste ho ein dag og sa ingen ting, smilte berre so underfundig og takka mest ikkje for seg, og alle tykte det var so undarleg, – men ei tid etter kom det brev at Helga hadde arva mangfoldige tusen krunor, mange millionar kan hende – –.
Bladet datt ned paa golvet, men Helga ansa 24det ikkje – ho sat og drøymde om noko vedundarleg som kunde hende; eller om det ikkje hende nokon gong, so var det gildt aa tenkje seg det lel. «Alle de tilliggende herligheder» – det var mest som aa liva det ei lita stund.
Ho skulde bygge ny stugulon paa Vika det første ho gjorde naar pengane kom, – med stor glasveranda og mange rom, og so skulde ho faa til hage med prydtre og mange epletre. Og Erik skulde reise paa skule og bli prest eller doktor eller so skulde han faa ein retteleg stor gard med alt som høyrde til; mor skulde sitte paa stas berre kvar einaste dag og Margot skulde faa dokkestove med rettelege møblar – aa, det var endelaust alt det ho kunde faa til naar ho berre fekk denne arven. Enn alle dei kjolar ho skulde faa seg og fine sko, nett slik som Aslaug sine – fine og mjuke og so lette at ein kjende ikkje ein hadde mest noko, korkje paa føtene eller kroppen. Og alle dei som var fatige skulde koma aat Vika og faa hjelp – –.
Augo gleid i, og Helga heldt paa og dorma beint ifraa baade rikdomen og det meir. Ho var so trøytt.
– – – – – Læ – æ – læ – æ –, Bitte skreik og sparka, og Helga spratt opp av stolen – ho var aalvakjen med ein gong og snudde paa guten og byssa han. Men han vilde ikkje gjeve seg. Ho freista gjeve han drikke av koppen, men det gjekk ikkje det hell. Bitte var van med aa faa koma aat mor si om natta, og han vilde ikkje vita av nokon ny skikk. Han slo seg stiv og skreik for livet, – det hjepte ikkje alt det Helga snakka aat han og stellte om han. Ho laut ta han opp og bera 25han ei stund; ho skruvde paa ljoset og daa tagna han. Han lo og tok etter pæra, men daa han ikkje fekk koma heilt bortaat vart han arg og tok til aa skrike paa nytt lag. Det var inga onnor raad, ho maatte bera han.
So gjekk ho att og fram paa golvet med guten paa armane, bar og byssa og smaatt sulla og song. Endeleg vart han trøytt og augo seig att smaatt om senn – –. Helga heldt anden av spaning og redsle for at han skulde vakne att. No sov han verkeleg, sov roleg –; ho stiltra seg bortaat senga, varsamt – varsamt, jau, han sov –; aa! det letta aa faa leggje han ifraa seg. Ho fekk sløkke ljoset og leggje teppet berre lausleg over han – det saag ut som han var varm. Men daa vakna han att – og skreik. Og slik som han skreik – han raste og so gret han innimillom, det nytta korkje aa snakke aat han eller aa snu paa han – ho maatte ta han opp og bera han paa nytt. –
Slik heldt dei paa gong paa gong. Naar Helga berre gjekk og bar han var guten roleg, men so snart ho freista leggje han ifraa seg var landet laust. Ho vart trøytt, ho vart klar i hendene, so ho tykte dei dovna bort og seig ned. Ho orka ikkje syngje meir, men daa vart Bitte arg; so laut ho gaa og sulle og syngje lel; ho aatte ikkje tone tilslut, gjekk berre og mulla noko meiningslaust, so mykje det let.
Ein gong saag det ut som han heldt paa og skulde gjeve seg over, han sov og han ansa ikkje at ho la han ifraa seg. Ho breidde teppet over han og gjekk paa taa bortaat stolen sin, – men ho vann ikkje sette seg før han song opp att. Daa vart ho so arg, ho var mest huga paa aa slaa – han 26skulde havt retteleg rundjuling tenkte ho, so kunde han faa noko aa skrike for ei stund. Naar ingen ting hjelpte, so – –. Huff, ho var so trøytt at ho vilde kaste opp mest.
Tru kor det vart av fiskarane? det maatte daa li langt paa natt no? At ikkje fru Strøm kom i alle fall? Bitte vilde ikkje ta melka, ikkje paa sett eller vis, – han illskreik berre ho synte han koppen. Og no orka ho snart ikkje bera han lenger, – han fekk skrike ei stund, det var inga onnor raad. Ho la han ifraa seg og skreik gjorde han, skreik og sparka og spende. Nei, det nytta ikkje slik heller, ho fekk vel ta han. Og so var det aa gaa og bera att. – – –
Daa Strøm sine kom heim hadde Bitte somna. Han laag i senga si og hiksta til litt ein og annan gongen og blaaheldt ei av flettone henner Helga. Og Helga sat paa golvet frammed senga, ho sov med hovudet paa sengekanten og ansa ikkje at dei kom. Det hang ei taare att i eine augnekraa-a og ho anka seg i sømne.
«So so Bitte,» mulla ho, «no maa du vera snild, no, Bitte –.» Det høyrdes som ho bad for seg; men rett som det var sette ho i med høg og kvell røyst liksom ho las or ei bok: «Med alle tilliggende herligheder.» –
Daa lo Strøm so Helga vakna. Ho saag seg forfælt ikring – skreik han enno, guten? og hadde ho somna ifraa han? – – Nei, han sov som vel var; ho rykte aat seg fletta si og reiste seg opp. Bitte sov like godt, men Helga var stiv og lemster i heile kroppen, – det var berre nettopp ho stod paa skikkeleg vis.
27«Eg – eg vart so trøytt,» sa ho og skulde liksam orsake seg; det var elles ikkje so faarleg lel, naar berre Bitte sov.
«Ja, det var greidt du maatte bli trøytt,» meinte Strøm. Fru Strøm heldt alt paa aa bu seg til natta, og Aslaug preika og prata om turen. Dei hadde ikkje faatt ein fisk, ikkje ein einaste, men Helga kunde ikkje tru kor morosamt dei hadde havt det. Erik var vist ute og fiska han òg, dei hadde set han og Hans lenger utpaa. Arne sa i alle fall at det var dei.
«Men gid so snaal du var daa vi kom heim, Helga! du snakka i sømne òg –.» Aslaug sat og snøra av seg skoene og lo. Ho var ikkje det grann trøytt no, let ho, men imorgo skulde ho sova – du milde verda!
«Vil du koma og ta Bitte imorgo tidleg, Helga?» undras fru Strøm, «so faar eg ligge utpaa ei stund. Klokka er over tri alt, so vi blir nok trøytte spaar eg. – Du faar altid Kari eller Johanne til aa vekke deg, so kjem du hit klokka halv otte.»
Ja, Helga skulde koma. Strøm saag ut som han vilde segje eitkvart; men han tenkte seg nok om. Han stakk noko borti neven hennar Helga og skubba henne ut gjenom døra.
«So godnatt no Helga! kom deg berre til ro no. Dette skal du ha fordi du var snild og flink med Bitte. – Slit det med helsa du, gjenta mi. Godnatt, godnatt.»
– – – So stod Helga nede paa tunet med ein femkrunesetel i handa og trudde mest ikkje augo sine. Heile fem krunor! Og det berre fordi ho hadde sete oppe hos guten ei natt. Bitte kunde 28gjerne faa skrike kvar natt, naar det lønte seg so godt. Eller onnorkvar natt i alle fall.
Men desse pengane skulde mor faa so visst som noko. Ho vilde be om aa faa gaa heim i morgo kveld. Mor trong baade nye sko og ein ny helgekjole, og Helga var huga paa aa klæ opp mor fraa topp til taa, naar ho berre kunde faa det til. Men det skal vel bli, tenkte ho, det skal vel bli!
Ho dansa bortover mot huset – ho kunde gjerne vera oppe med ein gong for den deil, ho var ikkje det grann trøytt lenger. Det var berre so lenge til i morgo kveld.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.