Ut i verda

av Sigrun Okkenhaug

Byen

Byen er eventyret. Naar ein staar paa haugen heime og ser ljosken fraa byen i skylaget, daa er det avglansen av eventyret ein ser. Det ein lengtar imot og drøymer om. Der er ljos og fargar. Der er store salar og fager song. Der er fine klæde og livet er lett aa liva. Og maten er helgekost kvar einaste dag. Slik er byen naar ein er femtan aar og ser berre glansen.

Og slik kjendes det aa vera til ein sundag ettermiddag Helga hadde fri og gjekk og spankulerte i gatone og saag seg om. – Dei var so lette aa gaa i kjøpskoene endaa det var vintersko. Og den blaa stoffkjolen og den nye kaapa var fine. Ho augnefór kvar gjente ho møtte og tenkte paa om ho var like fin sjølv òg. Mykje var det vist ikkje som skilde. Daa rekna ho ikkje desse som hadde so stutte stakkar at det ikkje kunde kallas skikkeleg stakk lenger, dei var som undarlege dyr aa sjaa til, dei, – minte om denne langbeinte skjengelmya ein kunde sjaa somtid. Men ho saag daa gjentor som var paaklædd som eit vakse menneskje, – og noko paa leida som dei var ho, saag ho, naar ho saag seg i dei store speglglasrutone i forretningane.

Det var ei fryd aa gaa slik og vera til, berre, 85og sjaa ein skimt av seg sjølv alt i eitt – ei lita ung-gjente som gjekk og drøymde om livet og venta litt paa lagnaden og alt det undarlege som kunde hende. Ho maatte smile der ho gjekk og let tankane leike og draumane faa raaderom. Det kunde hende ho møtte einkvar – ein gamall mann t. d., som hadde mist einaste dotter si. So datt stokken ned for han eller han misste brillone sine, og Helga tok dei opp og hjelpte han til rettes og dei tok til aa prate saman. Og han likte henne so godt at han vilde syne henne byen og «alle tilliggende herligheder». Han hadde pengar og han tok henne med heim aat kona si og – – det var eventyret med ein gong. Kvifor kunde ikkje slikt hende? Ho hadde lese om det i bøker og alt gjekk som etter ei snor, det vart herlegdom og glede alt i hop. Men det var helst berre i bøkene det gjekk slik.

Eller ho kunde møte ein ungdom som var like aaleine i byen som ho – ved eit hende vart dei kjend og sidan møttes dei ofte og fylgdes aat. Og snakka saman om det dei tenkte paa og fortalde om heimane sine, og han var like fatig som ho. Men han vilde kjempe seg fram gjenom motburd og alt som stengde, og han snakka med henne om alt han hadde aa staa i. Ho vart som ei syster for han, ei fylgje, og sidan – daa vann han fram til heider og ære og rikdom. Og ho fylgde han mot høgdene. Og eventyret var ikkje draum berre, det var røyndom og sjølve livet.

Slikt kunde hende. Somtid. Og Helga gjekk og saag paa dei ho møtte og tenkte paa om denne var lagnaden – han med det lange sølvgraa skjegget der? Nei, han gjekk beint forbi og saag henne 86ikkje. Men denne ungguten der, han kunde det vera; han hadde ingen frakk, endaa det var hustrigt, og smaatt pjuska det og snødde litt. Og mager var han, med skulehuve paa hovudet – nei, han gjekk forbi han òg utan aa anse henne. Men det var moro likevel aa tenkje seg at det kunde vera han, at lagnaden hennar fór her og sveiv i gatone og ein dag møtte ho han. Og so var det kan hende nett denne frakkelause ungdomen, og han var so nedfor at livet var ikkje verd aa liva lenger og alt var svart. Daa kom ho og smaatt om senn snudde det seg alt.

Tida gjekk so fort naar ein gjekk slik og drøymde. Før ho vardes tok det til aa bli skumt og gatelyktene tendes. Og dei store forretningsglasa straalte imot henne, og drog henne aat seg. Der var gult ljos og blaatt og grønt og kjolar so fine som ein draum og hattar med blomar og fjør og fagre band. Aah, ho maatte stane alt i eit og sjaa – berre sjaa og njote! At det kunde finnas so mykje vent i verda! Og at verkelege livande menneskjor kunde bruke det! Glimesteinane der, halsband og ringar og kjede, og smaa glas av berre gull, vist! Og der var det eple, heile haugar med raude eple og gule apelsinar, og alle slag frukt som ho ikkje visste namn paa eingong, og eskor med sjokolade. Tennene vatsflaug – den som kunde faa plass i ei slik bud og faa lov til aa eta med ein vilde! Eller den som kunde koma aat sudlandom der ein plukka bananane beint fraa trea og ikkje livde av stort anna. Og sola skein so ein trong mest ikkje klæde. Ho kunde tenkje seg til solvarmen berre ved aa 87sjaa alle desse varme fargane, tykte ho. Det var ikkje til aa koma seg ifraa all denne herlegdomen. Ho maatte staa i lengstom og drøyme litt om det som kunde hende dersom – dersom det i det heile hende noko.

«Godkveld, frøken.» Helga skvatt til og saag seg om. Det stod ein fin mann breiddmed henne og smilte. «Dette er freistande,» sa han, «den som berre kunde ta for seg –.»

Ho raudna litt og var brydd, og fekk seg ikkje til aa svara noko. Det var so undarleg, her stod ho og drøymde seg mest bort og so skulde du sjaa det hende noko lel – at eventyret kom. Hjartet banka urolegt, ho var baade glad og utrygg. Men han saag so fin og skikkeleg ut, denne karen, han gjorde vist ikkje narr av henne.

«Vent paa meg ein augneblink,» sa han og so gjekk han inn. Helga saag han fekk seg ein sigar som han tende – og no fekk han ein stor pose. Ho maatte helst gaa no, det gjekk ikkje an aa staa her og vente paa ein framand mann. Kva maatte han ikkje tru? Ho tok til aa gaa so smaatt. Ho var so tvihuga. Helst skulde ho vel ha skunda seg iveg og ikkje set seg om eingong, men – kan hende var han like aaleine han som ho, og enn om dette var lagnaden likevel? Heilt trygg kjende ho seg ikkje daa han kom etter henne og slog fylgje bort gjenom gata. Men daa han spurde om kva ho heitte og fekk henne til aa fortelje om Erik og Margot, daa vart ho tryggare med kvart.

Kunde ikkje dei to møtas ein og annan gongen, undras han, so skulde han syne henne byen og so kunde dei prate og ha det morosamt ilag?

88Jau, det kunde dei vel, meinte Helga, og ho var so huga til aa spyrje kva han heitte, han; det var so undarleg aa gaa her og prate med ein vill framand, men det var so leidt aa spyrje òg. Han fortalde det vel naar han kom paa det slik, og han saag no ut som ein fin mann.

Helga visste ikkje kor lenge dei hadde gaatt slik og prata, ho visste ikkje skikkeleg kor dei var henne ein gong. Der var mest som ein hage med prydtre og benker millom trea. Ho kom paa at ho maatte snu no eller so tulla ho seg reint bort. Men han meinte det hasta ikkje so.

«Kom og bli med meg heim,» sa han, «so faar eg skjenke Dykk eit glas vin.»

«Takk, men eg drikk ikkje vin – og elles so lyt eg nok heim no.»

«Ja men De hadde daa fri i ettermiddag, sa De; og eit glas vin gjer ingen skade.»

«Nei, men – eg trur ikkje eg kan lel;» det var so gildt at han sa «De», ho vart meir vaksen ved det og det kjendes mest som ein vyrdnad; «eg har aldri smakt vin heller,» sa Helga, «og so trur eg ikkje mor vil like det.»

Han smilte, mannen, slik at Helga raudna. Han tykte helst at ho var toskaat, skyna ho, og ho likte seg ikkje so godt lenger. Det likna ikkje eventyret slik ho hadde tenkt seg det.

«Kom so set vi oss paa benken her ei stund daa og et eit eple ilag. So kan De ta med Dykk resten heim og godna Dykk med ikveld.»

«Takk.» Helga tykte ikkje godt ho kunde segje nei, endaa ho var mest huga til det. Her var so stillt og utanfor fjølgden, berre no og daa slong 89her eit parfolk eller hasta eit einslegt menneskje forbi. –

Det var framankaren som snakka mest no. Han leitte ut det beste eplet aat Helga, fann i eit aat seg sjølv med og la so posen i fanget hennar. Helga svara berre ha og ja og ynskte seg vel paa heimveg. Ho hadde vorte so uroleg.

«Kan vi ikkje like so godt gaa opp til meg? Der er varme òg – det er daa berre straks bortom her.»

Helga snudde seg imot han, ho vilde spyrje kva han heitte likevel – det var vel ikkje verre for henne enn for han. Daa kjende ho anna hans kring livet sitt og andletet hans heilt bortaat sitt, og han smilte – aah, det var til aa bli sjuk av slik som han smilte. Ho reiv seg laus og for op so epla trilla nedpaa jorda. Ho sansa seg ikkje, visste ikkje anten ho skreik eller berre tenkte det. Ho sparka til eit eple med det same ho fór. Ho kjende han tok etter handa hennar og vilde halde henne fast, han sa vist noko òg, men ho reiv seg laus og slo. Og sprang etter ljoset og larmen. –

Ho saag ikkje etter dei straalande glasa meir, ho leita ikkje etter eventyret og lagnaden; ho hiksta til for aa kjøve graaten som sprengde paa, og so gjekk ho gate opp og gate ned. Ho visste ikkje visst kor ho var henne, men ein gong maatte ho vel finne fram. Og no var ho først aaleine i byen. Heilt aaleine. Ho gjekk og gjekk, og der var fullt av menneskjor alle stader, men ikkje eit liv som braud seg om henne. Her hasta kvar til sitt og sine, ingen aatte ein smil eller berre eit vensleg augnekast som det fans von i. Her var ljos og 90straalande fargar, her var prat og laatt og liv, her var alt ho hadde drøymt om og lengta etter – berre det at ho var utanfor. Og ingen var det som let opp aat henne.

Ho mintes mannen ho hadde vore saman med istad og smilen hans – det var som han flekte tenner berre – og ho kjende seg sjuk og usæl. Nei, nei ho vilde ikkje innanfor heller, ikkje for nokon pris. Ho hadde vorte redd.

Daa saag ho frk. Hermansen paa andre sida gata saman med ei dame og ein herre. Ho vart so glad med same, det var daa eit kjend andlet og so reint aaleine var ho ikkje lenger. Ho skraadde fort over gata.

«Godkveld, frk. Hermansen!»

«Godkveld –?»

«Kjenner De ikkje att meg? Helga –? fraa Vika?»

– Frøken Hermansen saag berre paa henne.

«Ja-au –?» sa ho endeleg og drog paa det.

«Eg – eg har tulla meg bort,» stota Helga. «De vil – De vil vel ikkje vera so snild aa segje meg kor eg skal gaa for aa koma til Strøm?»

«Jau daa. Det er ikkje so langt herifraa, berre borti næste gate –» Ho peikte og synte henne vegen. «Det er berre tenestgjenta hos Strøm, skynar De – dei fekk i henne paa Ness, der vi var i somar,» smilte frk. Hermansen til fylgjet sitt. Ho nikka til avskil og gjekk vidare med venene sine.

Og Helga stod att og visste vegen heim. Ho skulde sagt takk, men ho fekk ikkje fram ein ljod. Berre tenestgjenta hos Strøm. Berre! Det var ikkje 91nokon dei kjendes ved eller helste paa og prata med her i byen. Aa, ho kunde vel visst det før òg – ho hadde vel ikkje gløymt seg fordi om ho kom inn til byen frk. Hermansen heller.

Augo sveid av taaror som ikkje fekk avlaup og blodet bruste. Eit hav av kjenslor reiste seg og baara og tok baade makt og mæle. Slik var byen for den som var utanfor, for den som var framand og ikkje aatte makt og rikdom. Slik var byen for den som var aaleine og ingen vener hadde. Berre. I denne stunda hata Helga byen med alt dens liv og ljos og fargar. Ho hata. –

Men daa ho kom heim og hadde snakka med Aslaug og hadde fortalt henne om den framande mannen som saag ut til aa vera ein fin mann, daa kvarv hatet og ei svidande skamkjensle fyllte henne heilt.

«Du kan daa skyne at ein fin mann snakkar ikkje til ei framand dame paa gata,» sa Aslaug og var gamal og klok; «anten var det ingen fin mann, eller so saag han, at du var fraa landet – at du ikkje var dame altso.» –

Den kvelden gret Helga seg i sømn. Ho lengta etter fjøra og fjorden, etter skogen og aasane, ho lengta heim og etter tryggleiken ved aa vera hos vener og kjend folk. Men mest lengta ho etter mor, etter den milde røysta hennar og dei mjuke hendene. Og dei kunde segje og meine plent kva dei vilde her inne i byen – frk. Hermansen kunde klæ seg som ei dronning i fløiel og silke, og Aslaug kunde snakke om skilnaden paa land og by, om gjentor fraa landet og damor fraa byen, om 92simple folk og fine – det vart ingen av dei som mor. Dei kom ikkje halvnær heller. Og dei harde arbeidsslitne hendene hennar mor var likevel mjukare enn dei mjuke kattepotane aat desse fine bydamone.

Men likevel gret Helga til ho somna den kvelden.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ut i verda

Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.

Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.