Takk for sist. No har eg vore i byen ei vike, og det er baade lite og lenge. Tida gaar fort, men likevel synes eg det er lenge sidan eg reiste heimanfraa. Det staar til bra med meg, og det vonar eg det gjer paa Ness òg. – Det snødde her idag, og no undres eg paa om det er snø heime? Daa kjem vintren tidleg iaar.
Eg ser mykje rart kan du tru, – det er so mykje som eg undres paa kva dei brukar det til. Og naar eg ser alle dei fine klæda og all stasen so er det rart aa tenkje paa at det finns folk som har raad til aa kjøpe det. Det er mest som eit eventyr. –
Her har folk det annsamt. Dei renner om ein annan og somtid ser det ut som dei gjer ingen ting, – eg har aldri set so gale. Fru Strøm har ikkje vore heime meir enn ein kveld denne vika; anten er det møte eller so er det selskap. Strøm er mest ikkje aa sjaa, og Aslaug har skulen. Ho skal konfirmeras til vaaren, men ho skal gaa paa skulen neste vinter lel.
Ho gaar og speler piano og somtid sit eg og Bitte inne hos henne naar ho speler. Ho skal øve seg ein time kvar dag, segjer ho, men somtid trur eg det blir ein stutt time. Ho har ikkje hug til 78aa spela, men mor hennar vil det. Det er i grunnen rart, at dei som kan faa alt, dei bryd seg ikkje om mest noko; men dei som gjerne vil lære baade eit og anna, dei kan ikkje faa det, fordi dei ikkje har pengar. Somtid ser det ut som Gud ikkje har nokor skikkeleg meining med det som hender, synes eg. – Ein kveld var eg med Aslaug i kino.
Eg hugsar ikkje kva stykket heitte no – det var slikt eit rart utanlands namn; men det var undarleg aa sjaa. Dei kasta seg uti eit vatn fraa taket paa eit overlag høgt hus – kan du skyne korleis dei faar det til? – det var fælt aa sjaa syntes eg; men det var vist berre morro, for dei lo alle saman. So var det musikk paa torvet ein dag; daa var eg ute og trilla Bitte og so høyrde vi paa. Det var vakkert. Og det var fullt av folk som gjekk og høyrde paa, endaa det var midt i vika. Det var vel slike som har god raad truleg, so dei ikkje treng arbeide. Eg saag frk. Hermansen – ho som var paa Ness i somar, men ho saag ikkje meg endaa eg gjekk tett forbi henne. Eg tenkte eg skulde snakke til henne, men ho gjekk saman med ein fin mann, og so vart Bitte uroleg òg med det same. Men det var moro aa sjaa eit kjent andlet, tykte eg, endaa eg ikkje liker frk. Hermansen noko vidare. – No veit eg ikkje meir aa skrive om. Det er ikkje noko vidare dette brevet, men eg er so trøytt. Eg sit oppe og ventar paa fru Strøm og Aslaug, dei er i dameklubb trur eg dei kallte det, – og eg kan ikkje legge meg fraa Bitte. Eg skal skrive likare ein annan gong. – Eg trives bra her, men det er mykje eg ikkje liker òg. Dei gjer narr av meg naar eg snakker somtid, men eg faar ikkje til 79aa snakke fint, eg; og so er det so toskaat aa gjera seg til synes eg. Dersom vi hadde lært riksmaal paa skulen, so hadde det vore lettare no kan hende. Men kvifor er ikkje vaart maal likso fint som byfolka sitt? Det undres eg paa somtid. Og kvifor er det finare aa gaa og ingen ting gjera og vera fin berre, enn aa arbeide? Dersom alle gav seg til aa gaa finklædde og lovere, – eg undres paa korleis det vart daa eg? – Nei no maa eg slutte, elles blir det berre tull til slut. Men du bad meg skrive om det som hende meg og om det eg tenkte paa, og no har eg gjort det. Hels alle kjendte. Hjarteleg helsing fraa di
Helga
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.