Ut i verda

av Sigrun Okkenhaug

Ut i verda

H. V. stod det sauma med store raude korsstingsbokstavar paa det graabrune sekkelerrets plædet. H. V. tydde Helga Vik. Vesle Helga hadde inga kiste og ingen handkuffert; men noko laut ho ha til aa pakke klæda sine i daa ho skulde bu seg til aa tre til i tenesta hos fru Strøm. So meinte mor ho fekk saume seg eit plæd slik dei brukte det den tid ho var ung.

Helga so gjorde, og fekk det til rett fint – og utruleg mange plagg fekk ho til aa leggje i det med. Sjøvsagt var det mykje som vanta; dei var ikkje rikfolk i Vika – ikkje enno, kunde Helga segje somtid med ein skjelm i augo, men ho fekk vel til det ho vanta etter kvart som ho trong det, meinte Helga. «Gruv ikkje for det du, mor,» sa ho stødt naar mor snakka om so det eine so det andre som kunde trengjas no ho skulde ut aat framande. Ho var med so godt mod, Helga, gjerne. –

Og denne somardagen ho gjekk framover vegen mot Ness med plædet i handa var ho glad. Det var slikt fint eit ver òg – skinande sol med litt sunnanvind, berre so mykje det ikkje var kjøvande reint. Over jonsok var det alt, og prestekragen lyste rein og kvit bortover moen og oppetter lia og blaabjølla ringla i vinddraget. Blaabjølla var siste 8blomen som kom om somaren, visste Helga, og den var blaa som sjølve himelen og fager. Ho maatte plent plukke med seg nokre – saman med dei kvite prestekragane stod dei so vent. Det var retteleg ein somardag til aa kjenne seg glad i, denne dagen.

Men det var slik ei vedkjømeleg glede i grunnen. Mor hadde taaror i augo daa Helga skildes fraa henne frammed grindsleet, og det var so undarleg aa tenkje paa. Det var so sjeldan mor gret, og idag skulde ho daa ikkje ha noko sers aa graate for heller. Tvertom. Helga var paa veg til Ness idag og skulde tre til som barnegjente hos fru Strøm. Og Strøm sine skulde bu paa Ness i somar som ifjor, – so Helga kunde svinte heim rett som det var, ja kvar dag ein tur om ho vilde. Naar det ikkje var lenger vegen – – –. Og bra fortenest var det, so Helga skyna ikkje at mor gret idag nett.

Men langt innunder gleda og alle vonene laag det liksom blanke taaror og sprengde paa i hugen hennar Helga med. For – det var no første gongen ho skulde ut i verda lel, og det var mest som aa flutte heimanfraa sjølv om det ikkje bar lenger stykket unna. No gjekk ho her aaleine og minntes mor sine taaror og kjende ein leid klump i halsen; ho svelgde og svelgde, men augo rann fulle av taaror lel. Det var so mykje ho maatte minnas, so mange ting ho skilde lag med no; det var mest som aa gaa over grensa, inn i eit anna land, og aldri kunde ho koma att meir – aldri som før i alle fall – og ikkje visste ho kor det bar hen heller. Slik kjendes det.

9Men det gjekk ikkje an aa gaa her og graate hell, for ho var daa glad i grunnen, det var daa dette ho vilde og det var ei lukke at ho fekk plassen. Ho tok fastare tak i plædet og gjekk paa. Ho tenkte paa fjorsomaren, kor gildt det var mange gonger – og so tenkte ho paa korleis det vel skulde bli i aar? Og maatru korleis Aslaug saag ut no? Om ho hadde vakse mykje? og var like fin? Og den vesle guten ho skulde passe – om han var snild?

Han tenkte ho elles minst paa. Men ho tok til aa rekne over alt det ho kunde faa til for dei fem og tjuge krunor ho skulde ha i løn. Tenk fem og tjuge krunor om maanaden! Det vart snart mange pengar det – paa tri maanader vart det fem og sytti krunor.

Men so skulde ho ha ny konfirmationskjole til hausten og sko og kaape og hatt, og det var dei hundrad ting vist. Underklæde hadde ho sauma paa handgjerningen utover vaaren, hosegarn hadde ho faatt hos mor – ei hose hadde ho alt bunde, den andre skulde ho gjera ferdig i somar var meininga; men so skulde mor ha noko av løna til hjelp heime og, hadde Helga tenkt.

Ho hadde rekna dette reknestykket mange gonger utover vaaren etter at ho fekk brevet om barnegjenteplassen, og ho hadde faatt det til aa svare so fint. Men idag tok ho mest til aa tvile; det vart kan hende so ho maatte gjeve opp noko av det ho hadde tenkt seg lel. Ein fekk ikkje all verda for fem og sytti krunor – naar ho berre hadde visst kva ho helst skulde gjeve opp! –

Det maatte vera rart for Aslaug aa ha so liten 10ein bror no, naar ho ikkje hadde havt sysken før, kom Helga paa. – ho skulde vera bra kry av han! Ho maatte mest smile, naar ho tenkte seg den vesle pluggen rund og raudlet og triveleg, og so Aslaug som byssa han og stelte med han. Jau verkeleg skulde det bli moro lel! –

Det var ikkje so lang vegen fraa Vika til Ness, ein skikkeleg halv times gonge. Idag var han stuttare enn vanleg – det var so mykje aa tenkje paa. Ho hadde knapt bynt aa gaa, tykte Helga, daa ho var ved bjørkealleen alt – og daa var ho mest framme. Ho stana litt nedmed nedste bjørkene og tenkte seg om, – hjartet tok til aa bli so urolegt. Ho gruva ikkje heller, men – det var no rart likevel, og maatru korleis det vilde gaa? og kva ho skulde halde paa med? For det kunde no ikkje vera noko til arbeid for eit heilt menneskje aa passe ein liten gut berre? –

Det drog seg opp til toreskyer i sudaust, rettelege bankar av graa ull, som tetna til og mørkna – det maatte bli regn snart. Vart vel helst ei dugeleg skur føre kvelden skulde ein sjaa. Maasen skreik so gale den òg, so det var vel noko han venta seg. Helga vart staaande der nedmed bjørkene og sjaa paa skybankane kor dei glytta opp over aasranda og vaks og vart store og svarte og kasta skugge nedover aasen – men endaa hadde sola og varmen makta. Ho saag etter ein maase som flaug beint imot dei svarte skyene. Sola naadde sovidt i vengjespissane og gylte dei og han flaug so rolegt mest som han sigla bort gjenom lufta. Han var ven! Mindre og mindre vart han – snart 11var han berre ein liten skinande flekk mot dei svarte skyene – og so var han borte.

Daa sukka Helga til og saag seg ikring; det fall skuggar over jorda fraa den mørke himelen, – det var ikkje fritt anna enn ho høyrde dur av toreskrell langt borte; ho kulsa, so tok ho plædet over i andre handa og tok til aa gaa att. Men den maasen – den var fager! Han hang att i tankane og vart som eit godt lite minne aa ha med. Tru kor han etla seg hen? og kor langt han flaug før han trøytna?

Ho kom braatt til aa tenkje paa flygarane Aslaug og ho prata so mykje om ifjor, og ho kom mest paa laatten. Tru Aslaug mintes det, ho –?

Den smaatt urolege bankinga i hjartet gav seg med kvart – det var daa Aslaug og fru Strøm ho skulde til, det var ikkje heilt ukjende folk. Og ho var vel inga jaale heller, som gruva for inkje noko.

Andletet var raudt av varmen, men elles rolegt og smilande daa ho kom inn paa tunet paa Ness. Tunet var stort og flatt og grasbunde, det var ei heil reis millom fjøslona og stugulona, og Helga kjende seg baade lita og aaleine, daa ho kom gaaande framover mot trappa. Dei hadde sete ute og faatt seg kaffe saag det ut for, men no sat dei visst ferdige til aa røme for toreskura. Fru Strøm var der og Aslaug og endaa tri–fire damor – Helga kjende ikkje dei, men det var vel byfolk det og truleg – og Aslaug sat og rugga paa ei fin barnevogn. Ho sprang opp daa ho fekk sjaa Helga, og kom imot henne.

«Aagid», ropte ho før ho vann helse, «det var 12sanneleg bra du kom, Helga. Eg blir so leid av aa dra paa den guten stødt at – –.»

«Goddag,» smilte Helga litt brydd og retta fram handa, «og takk for sist,» la ho til og nigja. Ho gjekk rundt og handhelsa paa alle og nigja og var aalvorsam – ho ansa ikkje at Aslaug smilte og tykte det var moro. Aslaug tok plædet fraa henne og skulde hjelpe henne til rettes – ho maatte sette seg no og faa ein kopp kaffe ho òg, før uveret vann jaga dei vekk.

«Ver so god, Helga, sett deg no – ver so god forsyn deg – –.» Fru Strøm budde til plass breidmed seg, og ho sa det var gildt at Helga vilde koma og hjelpe dei med vesleguten. «Dei treng so mykje passing slike smaakarar, veit du.»

Helga raudna og kjende seg heidra, ho vart snakka til som eit vakse menneskje – og her sat ho midt oppi blanke eventyret. Dette var noko anna det enn aa vera gjætar og bli jaga i alle leider av so den eine so den andre; ho kjende litt til korleis det var. Nei, men dette det –, ho forsynte seg med ei kake til; ho tok til aa sjaa seg ikring, vilde liksom ta det innaat seg alt i hop, den vakre somardagen, toreskura som hang trugande over dei, dei fine folka og – og so vart ho var at Aslaug smilte so løynsk til ei av dei framande damone. Ho heldt i plædet hennar Helga, løfta opp det lite grand for aa syne fram det, glytta ned paa det og smilte – gjorde minor – –. Ho gjer narr av det, tenkte Helga og vart heit all i gjenom, – ho gjer narr av meg òg. Helga stivna, ho tykte ho maatte skrike, maatte springe sin veg eller – det var noko som gjorde so vondt, so vondt. Ho vakna liksom 13og mintes at ho var fraa Vika berre, at ho skulde ut og tene for livemaaten. Ho minntes taarone hennar mor og tykte smaatt ho tok til aa skyne – –. Siste kakebiten vaks og vaks i munnen hennar, han vilde ikkje ned; men tilslutt gjekk det, og so retta ho seg opp og smilte mot Aslaug.

«Det er eg som har sauma plædet,» sa ho, «det er berre ein sekk, men det er reint; og eg maatte ha noko aa ha klæda mine i,» la ho til. Det var ikkje lett, men vesle Helga sat der raud i kinna og blank i augo og hadde mod og hjartelag nok til aa vera seg sjølv og verje sitt. Ho maatte, kjende ho.

Og Aslaug vart raud ho med, og den spotske smilen var utrygg daa ho gav fraa seg plædet. «Du er sanneleg flink til aa sy,» sa ho berre, men det let ikkje retteleg slik som ho hadde tenkt det. –

– So skulde Helga helse paa den vesle guten ho skulde passe. Han heitte Jørgen, og det var eit gamalt namn aat so liten ein gut. Men so kallte dei han «Bitte», og det var ikkje stort likare det hell. Men Bitte var fin – fem maanader gamall og lo naar dei prata aat han.

«Er han ikkje søt?» sa Aslaug og hadde gløymt plædet alt.

«Jau, det er visst han er,» sanna Helga med og gløymde ho òg. Det var ingen ting aa minnas heller – eit lite augnekast og ein smil, – det var berre som ein skugge som vekte henne og gjorde henne vàr. Dagen fekk ein annan let berre og eventyret kvarv – det var nok sjølve røynlege livet ho skulde i kast med. –

14– – – – – – – – –

Helga skulde ligge paa burslemen saman med tausene paa Ness. Det var godt og romslegt der no somars dag, og lettvint. Dei hadde ordna det slik fordi det var lite om plass elles. Eit ørlite vonbrot var det – somtid hadde Helga drøymt om sitt eige rom, der ho kunde stelle som helst ho vilde, eller so saman med Aslaug; men det var det nok ingen som hadde tenkt seg her. Og Kari og Johanne, dei to tausene paa Ness, kjende ho fraa før, so det var so greidt soleis. – –

Ho stod frammed senga si om kvelden og ordna tølone sine; ho saag paa dei raude korsstingsbokstavane og lengta med eitt so uhjelpelegt etter mor. Ho vart staa-ande med plædet i handa og livde oppatt heile dagen – det var reint utruleg at det verkeleg var idag ho gjekk heimanfraa, det var so lenge sidan. Og no gjekk mor som elles og stelte til rettes til natta, pakka teppet godt ikring Margot kan hende, og venta paa Erik som var paa snørsjøen ikveld. Kan hende lunka ho paa kjelen og stelte litt omframt aat honom dersom det vart seint – han hadde vore so flink til aa hjelpe til utover vaaren, Erik, han fortente vel ein ekstra kaffetaar. Men ikveld fekk han sagte fisk – etter den svære toreskura i nonet. So snakka dei vel om henne og undras korleis ho hadde det no – –.

Det draup eit par taaror ned paa plædet; aldri hadde Helga visst det kunde vera so triveleg heime som ikveld ho ikkje var der! No hadde dei varme paa gruva og kaffekjelen stod og smaaputra paa glørne, kan hende stod glaset ope so dei høyrde skvalinga fraa sjøen og kjende tanglukta – – –. 15Helga drog ein liten skjelvande sukk, og tok so til aa pakke opp forklæ og kvardagskjolen sin til imorgo, glatta det til og hengde opp det. Plædet hengde ho paa sengstaven med bokstavane og krotsaumen fram, so kven som helst kunde sjaa – og gjera narr dersom dei var huga paa det. Ho krusa sovisst ikkje nokon, tenkte Helga, og kasta litt med nakken. Graaten skjalv i augo enno, men han var blanda med trass no. Ho smatt inn under teppet og i halvsømne mintes ho maasen som flaug ut i rømda med sol over vengjene. «Eg skal nok greie det eg òg,» tenkte ho.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ut i verda

Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.

Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.