Det var siste dagen paa Ness. Det var uro og liv alle stader. Klæde laag og flaut utover bord og stolar, kuffertar stod opne og skulde pakkas for aa kjøyras paa stationen, – i eit rot alt i hop. Det fanns ikkje hyggje nokon stad, men moro var det likevel, fordi det var ant om og fordi alle for og sprang i vegen for kvarandre og undras og trong ei lita beinke no og daa – og takka for hjelpa og var blide. Alt i eit. – So gløymde dei det dei gjekk etter og maatte gaa paa nytt lag, so vart det laatt og ein grann terging og smaaprat og borthefting.
Dei hadde reist den eine etter den andre av byfolka ut gjenom vika – idag var det fredag og dei siste skulde iveg. Strøm sine var millom dei. Strøm sjølv hadde reist for fjortan dagar sidan, men frua var att med borna. –
Helga stod mest gjerandslaus oppi all annsemda – det var ikkje godt aa vita kva ein skulde ta seg til med – til Bitte vakna. So var ho so underleg til sinns òg. Det vart rart aa vera att aaleine – ingen Bitte aa anse etter og ingen ting elles heller, ho kom nok til aa sakne det kjende ho. – Helga skulde kome etter til byen straks over konfirmationen, men den maanaden som var att vilde mor gjerne 44ha henne heime. Det gjekk ikkje godt an annleis for prestegonga heller. Slik hadde dei vorte einige om det fru Strøm og mor for nokre dagar sidan, og Helga var glad for det soleis òg, men – det var no fortenesta!
Det var so mange ting ho gjerne vilde havt til konfirmationen, og no vart det mykje mindre pengar enn ho hadde rekna med. Mest alle dei andre gjentone skulde ha kvit kjole, visste Helga; dei hadde snakka om det sist dei var hos presten, og endaa skulde dei ha ein kulørt ataat til overhøyringskjole. Men mor saag seg inga raad for den kvitkjolen. Ein svart var meir praktisk – det laut ho mest ha likevel no ho vart vaksi, og den kunde ho bruke baade i sorg og glede. Ein kvit fekk ho so lite bruk for, meinte mor. Og det hadde ho rett i, sjølvsagt; Helga sa ikkje større om det heller, men inni seg gjekk ho likevel og bad for denne kvitkjolen. So mykje ho vart som dei andre meir.
Paa eit vis var det gildt aa bli heime denne tida, men – hadde ho havt dei fem og tjuge krunor for september òg, so kunde det snart vorte til ein kvitkjole. Han turvte ikkje vera so overlag fin, naar han berre var kvit. – Men ho maatte vel kunne faa seg noko anna arbeid no i haustonna? Potetopptaking? eller med nepa?
Helga gjekk og funderte og tenkte denne fredagen. Fru Strøm skikka henne ut i sola med guten daa han vakna, so mykje ho fekk ro til aa pakke sjølv. Og so hadde Ane-Marta Ness laga til slikt eit festlegt kaffebord til dei skulde reise – fru Strøm vilde gjerne faa sitte iro og njote kaffen òg.
45«Vi maa nytte ut deg no med vi har deg her,» sa fru Strøm og smilte. Og Helga let seg gjerne nytte ut – det var ikkje so faarleg meint visste ho. –
Arbeid ja. Det var det at det vart venteleg i tidlegaste laget baade aat poteten og nepa endaa. Aat nepa i alle fall. Potetopptaking kunde det vel bli siste halvningen av september; men so var det haustarbeidet i Vika òg – det vart ho mest aa lite paa der og, visste ho. So det vart vel helst inga fortenest av likevel. Helga sukka ørlite grann, og la vekk kvitkjolen or tankane – svart var fint det òg, mest finare enn kvitt naar det bar til stykket. Naar ho berre ikkje hadde vorte so aaleine om aa ha det, so – – –
Dei var ferdige med kaffedrikkinga. Aslaug hadde vore baade høgt og laagt, baade ute og inne og sagt farvel, Helga hadde gjeve fraa seg Bitte og hestane var forspennte. Fru Strøm stod og skulde gjera opp med Helga.
«Det er skikkeleg to maanader du har vore her no?» sa ho.
Ja, det var to maanader beint, – dei par dagane over var for inkje aa rekne, meinte Helga.
«Det blir no ikkje rett det, veit du,» meinte fru Strøm, «skal vi segje beint seksti krunor, trur du?»
«Ja takk, men, – det er daa alt for mykjemykje] rettet fra: myje (trykkfeil) det.»
«Nei, det er det slett ikkje, so flink som du har vore – det er so trygt aa ha nokon som ein kan lite paa, skal eg segje deg. – Ver so god, Helga, og so faar du ha takk for i somar.»
«Sjølv takk – og mange takk for pengane.» 46Helga handtakka baade fru Strøm og Aslaug. So mange pengar hadde ho ikkje havt i hendene før i ein gong, og dette var hennar eigne. Ho var so glad. Ho vann ikkje tenkje stort, men det var mest som den vesle vona ho hadde gravlagt i stad tok til aa livne oppatt so smaatt. –
«So har eg ein pakke aat deg her,» sa fru Strøm att, «det skal liksom vera konfirmationsgaave fraa Aslaug og meg dette, skynar du. Det kjem litt for tidleg, men det høvde no slik. – Og so maa du vera velkomen til byen, Helga, – eg tenkjer Bitte kjem til aa sakne deg eg. – Aa kjære, slit det med helsa, du – eg vonar du maa like det.» –
Helga stod med pakken i handa, det var ty kjende ho, og ho hadde slik hug til aa sjaa paa det, men ho kunde ikkje godt ta til aa opne heller, straks slik.
«Sjaa paa det daa vel,» sa Aslaug utolsam og smaatrampa. Hestane hadde alt venta ei stund og dei maatte i veg no, – ho hjalp til aa faa av hysingen og papiret. – Det var ty – det var det finaste, mjukaste kvite kjolety ein kunde sjaa for augo sine.
«Aah,» sa Helga langt og storaugd, «aa du, so fint –.»
«Det er heil ull,» sa Aslaug, «er det ikkje pent? Det var eg som fann paa det, maa du vita. Her er kvit underkjole òg. Det er papa som har kjøpt det, og eg synes han har vore ordentlig flink. Ikkje sant?»
Aslaug stod med kaapa paa handa og skulde iveg, ho var paa farten kvar augneblink, men ho maatte høyre kva Helga sa, ho maatte sjaa om ho 47ikkje vart svinagtig glad. For det var eit fint kjolety – heil ull-musselin, mann! –
Helga fekk ikkje til aa segje nokon ting mest; ho stod der med tyet i handa og skulde takke. Ho stod og leita etter ord, men fann ingen som høvde – ho tykte baade ho vilde graate og syngje.
«Dette er daa reint for gale det,» sa ho tilslut stilt og retta fram handa endaa ein gong.
«Takk,» sa ho.
Aslaug fekk ho berre vinka aat, dei sat oppi trilla alt og var paa farten. «Velkomen etter,» ropte dei. «Takk,» ropte Helga attende. Ho skulde koma og ho skulde vera baade flink og paalitande. Dei kunde vera trygge paa det. – Men no skulde mor gjera store augo naar ho kom heim – og bli glad! Tra-la-la-la, ho maatte syngje lite grann, det var so for morosamt aa vera til. – – – –
Helga stod i kjøkenet paa Ness og skulde by farvel til gardsfolket. Ho hadde pakka ned klæda sine og stod med plædet i handa. Ho torde mest ikkje sleppe det for ho hadde pengane sine og kjoletyet sitt der òg. Ane-Marta sjølv stod frammed kjøkenbenken og ordna saman dei fine postelinskoppane – dei hadde vore brukt inni stova til kaffen. No tok ho brettet og gjekk inn med, men i døra saag ho attende paa Helga.
«Kom inn litt, Helga,» sa ho «eg vilde gjerne snakke eit par ord med deg.» –
– So sat Helga inni stova paa ein stol nedmed døra, og plædet hadde ho paa fanget – det var nok ingen som lo aat det no lenger. Ho sat og undras paa kva Ane-Marta vilde – det tok slik tid før ho sa noko. Endeleg hadde ho ordna inn 48koppane i kraaskapet, brettet hengde ho opp paa veggen, – og so vende ho seg mot Helga.
«Kva du skal ta deg til med denne maanaden før konfirmationen no daa?»
«Eg skal vera heime hos mor.»
«Ja, ho kan vel trenge hjelp mor di òg, tenkjer eg.»
«Ja.»
Ane-Marta sat og bretta paa ei avis, la ho saman gong paa gong og bretta ho ut att.
«Ho Ingrid kjem heim om tysdagen.»
«Ingrid?»
«Ja. Minnes du ikkje henne heller du kan hende?»
«Ja-au, men –.»
«Det er syster hans Arne, eldste dotter vaar og den einaste no.»
Ja, det var sannt det. Helga raudna. Eine syster hans Arne var daud for to aar sidan i tæring – ho minntes det vel naar ho tenkte seg om. Ho var to aar eldre enn Helga og heitte Liv – og so fekk ho tæring.
Det var det slaget i henne, hadde mor sagt den gongen, – det var det Helga minntes so klaart no og difor ho raudna.
Men Ingrid, den eldste hadde vore borte so lenge – ho var borte den gongen òg. Tru om ikkje ho var paa ein sjukeheim eller noko slikt? Og var det difor Ane-Marta hadde so vondt for aa snakke no maatru?
Ho hadde lagt ifraa seg avisa, men so hadde ho teke forklæsnippen i staden og sat og la saman og glatta til.
«Ingrid har vore paa sjukehus i fire aar no; 49ho har turberkler i ei hoft, men no trur dei ho er bra – og no kjem ho heim daa.» Det kom so stilt, halvvegjes glad og halvvegjes tvilande.
Helga visste ingen ting aa svara. Ho sat der og var baade vaksen og so ur lita og hjelpelaus. Ho hadde ikkje set Ane-Marta slik før – ho var gjerne so ferm og rakryggja og stød naar ho gjekk i arbeidet sitt. Ein smil hadde ho naar det høvde so, men kvasse ord vanta ho heller ikkje naar nokon trong det. Difor hadde Helga ei kjensle av at ho saag meir enn ho skulde sjaa no, meir enn eit menneskje gjerne syner fram aat framande. Og ho blygdes ved det. Og visste ingen ting aa segje – visste ikkje om Ane-Marta venta svar heller.
«Ho er ikkje sterk, Ingrid, skynar du; ho treng nokon om seg den første tida heime.» Ane-Marta snakka liksom mest aat seg sjølv heile tida. «Eg har gaatt og tenkt og tenkt – – –; og no skal du høyre,» ho vende seg beint mot Helga og var meir lik seg enn ho hadde vore paa ei heil stund, «eg har tenkt om du vilde gjera byttarbeid med meg? Eg kan faa karane her til aa gjera haustonna paa Vika, so blir du her paa Ness denne maanaden og hjelper meg? – Det vil segje, du skal hjelpe Ingrid. Gaa vendingar for henne naar ho treng det, stø henne naar ho vil gaa lite, og vera om henne stødt, so ho ikkje vantar noko. – Du skal faa løn, veit du. Eg har tenkt du kunde faa lereft til underklæde og eit blaatt stoftkjoleemne, so du fekk deg ein god og varm vinterkjole til du skal reise. Men dersom du heller vil ha pengar blir vi nok einige om det. – – Ja, kva meiner du so?»
50«Eg veit mest ikkje kva eg skal segje – eg maa vel helst snakke med mor først –.»
«Ja, det maa du sjølvsagt. – Det blir ikkje noko tungarbeid dette, skynar du. Men Ingrid er van med aa ha nokon om seg stødt no, og her har vi full sjau med haustonna, veit du. Eg vil ikkje ho skal langsamas og – og so er Liv borte no.»
Det siste kom mest som ei lita ufriviljug bøn, tykte Helga – ho fekk slik hug til aa vera god, til aa gjera nokon glad.
«Eg trur nok helst eg kjem, eg,» smilte ho litt brydd, «naar De treng meg, so –. Mor segjer vist ikkje noko om det, – ho vilde eg skulde hit ivaar og ho, som gjætar.»
«Men det var du ikkje huga paa, du? Nei nei, eg segjer inkje om det. – Men vil du hjelpe meg no daa?»
«Dersom eg berre kan so.»
«Eg trur ikkje nokon kan det betre heller. Eg skal segje deg noko, Helga – eg gruver mest for at Ingrid skal koma til aa sakne Liv so. – Vil du berre vera glad og kvikk og prate med henne, so – til ho liver seg inn i at Liv er borte. Ho veit det sjølvsagt, men det blir annleis aa koma heim og sakne henne alle stader er eg redd. – Takk Gud at du er frisk du, Helga.» –
Det var ikkje meir, skyna Helga. Ho maatte vel helst reise seg og gaa heim. Men so snøra ho opp plædet sitt i staden og tok fram det kvite kjoletyet. Ho kom slik paa det, at ho vilde syne fram det.
«Dette fekk eg hos fru Strøm og Aslaug, daa dei reiste,» sa ho.
«Nei gjorde du det? Det var vakkert, det,» 51sa Ane-Marta og tok i det, «der faar du deg ein fin konfirmationskjole, Helga.»
«Ja, eg – eg er so glad for det.»
Helga hadde aldri trudd ho skulde koma til aa segje noko slikt aat Ane-Marta Ness, men no var det liksom ho maatte. Ho visste ingen annan maate aa faa synt henne skynsemd paa.
Og daa ho gjekk heim straks etter var ho so forundarleg glad, men ho kunde ikkje syngje no, for gleda var so aalvorsam. Ho gjekk og kjende det reint som Ane-Marta hadde heidra henne idag. Det var slik at ho tykte ho maatte gaa stillferdig og roleg heimover, endaa ho var mest huga til aa danse bortover vegen.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.