Ut i verda

av Sigrun Okkenhaug

Arne

Det var ikkje so greidt aa vera barnegjente som Helga hadde meint. Det var ikkje noko tungarbeid nett, men kjaak og mas heile dagen. Ho sprang ifraa morgonen tidlig til seine kvelden; so var det eit, so var det noko anna – Bitte skulde ha mat, Bitte skulde skiftas paa og reivane vaskas, turkas og strykas, Bitte skulde ut og Bitte skulde inn – og Bitte maatte ikkje ligge og skrike.

Helga hadde tenkt aa gaa heim til mor ein av dei første dagane, so mykje dei heime fekk høyre korleis ho hadde det, – men ho nemnde det ikkje eingong. Det var ikkje langt aat Vika, men ho skyna ikkje korleis ho skulde vinne det lel. Ho kom ikkje heim før det leid over ei vike – det var siste prestedagen før somarferien, daa svinta ho innom med same ho kom fraa presten.

Hadde ho mykje aa gjera, vilde mor vita. Aaja, noko var det mest stødt, tok Helga til aa fortelje. Men det vart Bitte ho snakka mest om, kor forundarleg han var, so flink og fløt etter alderen – dei maatte vita, han prata til henne! Naar ho stod attmed vogna og snakka til han, lo han og sette til truten og jabba med. Det var ikkje ord som dei skyna sjølvsagt, men – noko meinte han vel med det, og dei kunde ikkje tru kor søt han var! 17Og han lo so han skrakla somtid, og no var han so glad i henne alt, at det var mest ingen han heller vilde vera hos. Aslaug var reint svartsjuk, kunde dei tru; og fru Strøm hadde sjølv sagt det idag, at han kjende snart Helga like godt som han kjende henne. Dei kunde ikkje tru kor snild han var – naar han hadde faatt mat og var turr kunde han ligge lange stundene og drøse med seg sjølv, daa leika han seg med fingrane sine og tok etter stortaa-a, – dei skyna ikkje korleis han var, naar dei ikkje hadde set han, det var ho viss paa.

Helga gløymde reint alle dei mange smaating ho hadde tenkt aa snakke med mor om – dei ranns etter henne paa heimvegen; men i grunnen var det ikkje so mykje aa prate om heller, naar ho vann tenkje seg om. Mor hadde sagte nok aa stri med lel, og smaatteri var no smaatteri. Om ho vart trøytt og leid seg ein gong i millom so var vel ikkje det meir enn mest alle vart. Ho hadde det no gildt i grunnen, – og no skulde ho vera fri presteleksor over ein maanad. Det var ei lette det og, endaa det var moro aa lesa. –

Helga gjekk framover vegen i kveldingen og tok det med ro. Bibelsoga og salmeboka hadde ho lagt att heime, ho gjekk retteleg og kjende seg fri, spende til ein og annan smaasteinen som laag i vegen, nappa etter ein blome eller eit grasstraa og let sola varme seg regtig godt i nakken og ryggen. Ho maatte retteleg njote tilveret, tykte ho. –

Det kom ein kar raklande imot henne ned gjenom bjørkeallèen. Tru kven det kunde vera som hadde tid til aa reka slik midt i slaattonna? Nokon av byfolka var det ikkje det ho kunde sjaa; 18– men var det ikkje? – jau, det maatte vera Arne! Arne Ness, odelsguten paa Ness, som nett var ferdig med første aaret sitt paa lærarskulen. So hadde han kome heim idag lel daa – dei hadde venta han, visste ho. Han var vel ute og saag seg om, venteleg.

«Goddag!» Det var Arne som stana og helste.

«Goddag!» Helga nigja og vilde gaa forbi. Ho hadde ikkje noko usnakka med han det ho visste. Og elles so – han vilde vel berre gjera seg vigtig truleg, han hadde havt det med det før òg. Ho mintes han nok fraa skulen, han var storskulegut, han, daa ho gjekk i smaaskulen; og verre gut til aa terge skulde ein leite etter. Ho gjekk forbi.

«Nei, stopp no. Du har vel ikkje so annt om, veit eg? Det var noko eg vilde spyrje deg om.»

Helga kunde ikkje godt gjera anna, ho stana og venta.

«Kofor kom du ikkje aat oss og vart gjætar i somar? Mor hadde tinga deg, sa ho.»

«Ja men – eg hadde ikkje lovt noko. Og so fekk eg ein annan plass.»

«Den var likare den truleg?»

«Likare? – Det veit eg ikkje, men – han var venteleg det, ettersom eg tok han.» Helga var brydd og visste ikkje retteleg kva eller korleis ho skulde svara. Ho var sint òg – kva hadde no han med aa grava og spyrje. Mor hans hadde ikkje sagt et steins ord, ho, og elles so hadde dei faatt i sopass til gjætar paa Ness, at det var ikkje noko aa bera seg for. Men han skulde vel terge venteleg 19– og ver so god, ho skulde daa freiste svara for seg.

«Eg hadde ikkje trudd du var so toskaat, Helga.»

Arne var aalvorsam som ein prest, so det var ikkje godt aa vita kor ein hadde han –; «men det skal vel vera finare aa gaa og trille paa ei barnevogn venteleg? so faar ein gaa mest som ei dame og spasere. Ikkje sannt?»

«Finare?» Helga kunde gjerne flyge i flint so sint vart ho. «Du veit veil greide paa kva som er fint du som kjem fraa byen? Det var vel for aa lære det, du reiste ifraa onnene heime du òg, veit eg. Finare –.»

«Nei no trur eg det skin over lel – det er vondt aa høyre lusa hoste i lovaatten skal eg segje deg.»

«Ja, dei segjer det; men naar ho hoster so høgt at det høyres, so veit ein daa kor ein har a henne – det maa vera verre naar ho tegjer, tykjer eg.»

Arne gapte berre, og Helga var mest huga til aa læ – han saag ut som han hadde seld smør og ikkje faatt noko for det. Men kvifor skulde han koma aa gjera seg vigtig?

«Eg faar nok skunde meg, eg,» sa Helga, «eg maa heim til det fine arbeidet mitt – det kan vera onnorleis med deg som er so fin du har ferie alt.»

Ho nikka kaut og gjekk ifraa han, – han skulde vera fri at ho nigja i alle fall. Det maatte vera maate paa òg!

«Farvel Helgamorr,» ropte Arne etter henne, «jamen var det moro aa sjaa deg sinna att. Du er daa lik deg enno.» Og so lo han slik, at Helga laut draga paa smilen ho og. Det var for løgje 20– han var so – so konstig. Men ikkje var ho nokor Helgamorr for han ikkje, det kunde han forlate seg paa. –

Ho gjekk fort oppover mot garden og var glad likevel. Ho hadde kan hende sagt for mykje, kom ho ihug; men pytt sa’n, han hadde vel godt av aa høyre det, naar han kom slik og gjorde seg til. For fin til gjæter? Kunde ikkje han vera heime og gjæte sjølv, naar det var so overlag. Han skulde vel vera næraste til det. Ho smilte smaatt og sulla paa ein tone ho hadde høyrt eine dagen her – ho var glad for det var slikt fint eit ver.

Ho var varm etter gonga og smilande enno, daa ho kom oppaa loftet hennar fru Strøm. Der sat Aslaug og byssa guten – han grein og var uroleg, var vel vaat helst, kom Helga ihug. Fru Strøm var paa stationen med eit brev.

«Men du verda, so lenge du vart,» surmulte Aslaug, «du har daa vel ikkje vore hos presten heilt til no?»

«Eg gjekk heimom med det same. Det var ikkje lenger stubben –.»

«Og so vart du sittande der, ja. Mamma er ikkje blid maa du tru.»

«Ja men ho gav meg daa lov sjølv –.»

«Ho trudde vel ikkje du skulde bli borte for det! No har eg sete her i to timar snart og ikkje kome meg av flekken for guten.»

«Det skulde vel ikkje vera noko for mykje det,» heldt Helga paa og skulde segje – men so tok ho seg i det. Aslaug var forkava no og sinna, det nytta ikkje aa segje noko likevel – og det maatte vel gaa seg til snart.

21Helga tok guten og sette seg med han, og Aslaug gjekk utan aa segje eit ord meir. Ho kjem vel att snart, tenkte Helga; men det gjorde vondt likevel – ikkje berre det at Aslaug gjekk slik, men alt i hop mest. Det hadde snudd seg beint om og var kvardag att – onnorleis var det ikkje.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ut i verda

Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.

Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.