Det vart ikkje so Helga kom heim til konfirmationen hans Erik. Fru Strøm vart daarleg, so Helga kom seg ikkje iveg. Ho maatte berre skrive eit langt brev og sende Erik ei fin skjorte med mansjettknappar og slips til. – Men konfirmationssundagen hadde ikkje Helga fred nokon stad. Ho var ute med Bitte, ho hjelpte til paa kjøkenet, ho høyrde Aslaug i dei tyske glosane ho hadde til dagen etter, ho fann seg ei bok og las i, men heile dagen var ho heime i Vika likevel. No er dei i kyrkja, tenkte ho, no drikk dei kaffe heime, – tru om dei har fleire enn Hans idag? Og ho maatte minnas sin eigen konfirmation og høgtida. Erik skulde faa klokka etter far, visste Helga; enn den som berre kunde vera heime ei ørlita stund og sjaa korleis dei hadde det! – – –
Ein maanads tid etter heldt Helga paa og ordna paa soveromet aat sjølvsegfolket. Bitte stabba ikring henne og kleiv opp og fór borti alt han ikkje skulde ha – og prata. Helga lo litt og svara og tok ifraa han det han fingra med, alt i einingen. –
Det kom ein mann inn paa kjøkenet, høyrde Helga, han snakka med frua – det var so kjend eit maal? Og so vart det stilt – det kviskra 113berre. Helga vart so ilt med, ho tok ned Bitte fraa bordet og slepte han ikkje; berre det ikkje var noko gale? Aa Bitte, Bitte – –.
Fru Strøm stod i døra og bad Helga gaa inn i stova, det var nokon som vilde snakke med henne der. Helga sansa ikkje anna enn at fru Strøm gret og at det var Hans Fjerdingen som stod nedmed stovedøra og tvinna huva si millom hendene. Ho vaaga ikkje spyrje, og ingen sa noko heller.
«Er det? – er det – noko heime?» stota ho.
«Mor di har slokna, Helga,» sa Hans.
«Nei, nei,» skreik Helga; ho bad for seg, ho laag nedmed ein stol og jamra seg. Det kunde ikkje vera soleis, det var ikkje sant, det var berre ein fælsleg draum dette. – «Aa seg, at det ikkje er sant Hans; – eg vil heim til mor. Berre seg at det ikkje er sant, høyrer du.»
Det var ingen samanheng i det ho sa, det vart berre jamring og saar graat. Fru Strøm stod og gret og strauk henne over haaret, sjølv Bitte stod og trekte i henne og saag ottefullt paa henne. Hans turka vekk ei og onnor taara med handbaken.
«Det gjekk so fort,» sa han, «ho vart so trøytt og rar sa ho og so la ho seg nedpaa senga, og straks etter var det forbi. – Det var han Kristen paa Ness som sa eg skulde reise hit og hjelpe deg heim, sa han. Erik var hos mor di daa ho døydde, so ho var ikkje aaleine. Margot var paa skulen, ho. – Og no ventar dei paa deg, Helga.»
Mor, aa mor! Aldri sjaa henne meir, aldri snakke med henne – aa mor, mor! Ho var so lita og bleik sist Helga saag henne.
«Ja, ho har ikkje vore frisk dei siste aara, ho 114Karoline, – ho laag ein dag og to rett som det var.»
«Og eg reiste ifraa henne,» klaga Helga.
«Du gjorde det du maatte gjera, du,» sa Hans roleg, «naar fugleungane faar vengjer maa dei or reiren – slik er det med fatigmanns born, og slik er det vel helst med dei som har des betre raad òg, tenkjer eg. Dei maa nok prøve vengjene sine alle.» Han saag seg om etter noko aa sputte i – det blanke golvet og dei fine teppa gjekk det ikkje an aa sulke til. Han fann ikkje noko høveleg, freista svelje ein gong eller to, men so gjekk han bortaat omnen og sputta inn i gloa berre so det saud.
«Du maa vel helst bu deg til heimferd,» sa han, «dei ventar paa deg heime. Det er verst for Margot.» – – – Fru Strøm hjelpte henne aa pakke. «Du tarv ikkje ta med deg alt vel?» sa ho, daa Helga samla saman sakene sine, «du kjem daa hit att?»
«Eg veit ikkje nokon ting enno. Eg vil helst ta det med meg. – De maa ikkje bli sint paa meg, fru Strøm, om eg ikkje kjem att, men eg trur ikkje eg kan reise fraa Erik og Margot meir. Eg vil helst bli heime.»
«Ja, men kjære deg, barn, de kan daa ikkje bli i Vika no. Kva skal de liva av? – Det kan du daa ikkje meine?»
«Eg veit ingen ting enno. Men eg vil helst ta med meg mitt lel.»
«Ja ja som du vil, veit du. Men du er altid velkomen hit maa du hugse.»
«Takk. Eg skulde visst ikkje reist slik paa 115utid –.» «Det snakker vi ikkje om no. Ingen raar for liv og daude. – Hels syskena dine, Helga, og til Ness. Ane-Marta hjelper deg nok, kjenner eg henne rett.» –
Aslaug var paa skulen so Helga fekk ikkje sagt farvel til henne. Dei maatte berre helse so mykje. Og takke. – Strøm kom heim i siste liten; han stakk til Helga ein heil femtikrunesetel ekstra. «Du kan koma til aa trenge det no,» sa han, «og du har vel gjort rett for det.» Ho sansa vist ikkje aa takke eingong. Men Hans tok av seg huva. «Eg faar segje so mangfoldig takk fraa a Karoline eg, meiner eg. Ho var stødt so glad fordi Helga var hos bra folk, sa ho. Ja, det snakka ho om meir enn ein gong –.» – – –
So var Helga paa heimveg. Mor, mor dunka det og tura det i toget, mor mor ylte vinden og hagla det mot ruta. Mor, aa mor gret det inni henne. – No bar det heimover. «Men det var ikkje slik eg tenkte det,» gret Helga og saag ut mot ein gruggaat førejuls vinterhimel.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.