Ut i verda

av Sigrun Okkenhaug

Helga og Aslaug

Ein dag seinare kom Aslaug og var full-lasta med nytt. «Du Helga, veit du vi skal ro heilt til Langnesset ein kveld, vi skal piske eggedosis og koke kaffe – og so skal vi leike oss.»

Helga tenkte paa femkrunesetelen ho fekk sist, men ho fekk ikkje til aa vera berre glad likevel. Det stakk til mest som ein saknad eller som ovund i hugen hennar – ho hadde ikkje vore ute og rodd ein einaste kveld, ho, sidan ho var heime ivaar. Og ho lengta med eit so etter saltsmaken av sjøen, etter tanglukta og den svale luftningen, etter aa trampe i tang og fjøresand. Ho lengta so etter noko, ho visste ikkje plent kva det var, men – etter at noko skulde hende, etter ein dag som ikkje var like eins som alle dei andre, etter – etter «alle tilliggende herligheder» vist.

Ho kunde ikkje gløyme det ordet, det var so mykje i det – det femnde over alt ho ynskte seg. Og ho maatte smile med seg sjølv kvar gong ho tenkte paa det, fordi det var liksom ein undarleg ting ho hadde funne, som ho gjekk og gjøymde paa og vart glad i. Ho høyrde ikkje stort av kva Aslaug sa, og visste ingen ting aa svara. Det gjekk altid an for Aslaug aa prate, som fekk det plent 30som ho sjølv vilde, og fekk vera med alle gonger mest som ei vaksi dame.

«Trur du ikkje det blir moro?» undras Aslaug.

«Jau, det gjer det vist,» sanna Helga med so likesælt ho kunde. Moro? – Jau, naar ho tenkte paa kor glad mor vart for pengane sist, so – –.

«Gleder du deg ikkje, Helga?»

«Eg?»

«Ja du sjølvsagt. Du skal vera med, kan du vita.»

«Eg? – Ja men – enn Bitte daa?»

«Mama og papa blir ikkje med dei, ser du. Det var papa som sa du skulde vera med. – Veit du kva han sa? Du var so tolsam med Bitte, sa han, at du fortente aa faa fri ein kveld og ha litt moro, – og so var du berre ei ung gjente du òg, sa han. Han sa ‘ung gjente’ skynar du. Det skulde frk. Hermansen høyrt! Men er ikkje papa snild synes du?»

Jau, Helga kunde ikkje segje anna – ho aatte ikkje ord for kva ho tykte retteleg; men ho kjende kor ho mjukna til og vart glad all i gjenom. Det tok liksom til aa syngje langt inni henne.

«Skal det bli med mange?» undras ho.

«Det blir vist to baatlag,» meinte Aslaug, «alle ungdomane her paa Ness og so dei paa prestegarden. Arne blir med òg.»

«Gjer han det. – Men trur du dei likar at eg er med – byfolka?»

«Pytt sa’n, det gjer dei vel, – det skulde berre mangle òg. Den einaste kunde vera frk. Hermansen, men ho bryd vi oss ikkje om. Ho er ei jaale synes no eg altso.»

31«Ja men Arne –?»

«Arne? Han er daa berre bondegut sjølv han. Men elles so synes no eg at Arne er kjekk, eg. Han er slett ikkje so dumvigtig som seminaristane plar vera –.»

«Aah –»

«Nei, han er ikkje det. Veit du kva han sa om deg? Du hadde so vent eit haar, sa han, men augo dine var for aalvorsame.»

«Tøv? det sa han ikkje lel?»

«Jau, det er so sannt. Han sa det ikkje til meg kan du vita – han sa det til frk. Hermansen, men eg høyrde det.»

«Aa, han meinte ingen ting med det lel, det kan du vera trygg paa. Han gjer berre narr av folk skal eg segje deg. Eg kjenner han daa sopass –.»

«Ja, eg trur no det eg vil eg daa. Elles so er no haaret ditt bra vent, so det var vel ikkje so rart om han sa det heller. – Men veit du kva frk. Hermansen sa?»

«Nei?»

«Du var berre ein kjepphøg gjentunge, sa ho»

Baade Helga og Aslaug lo. Frk. Hermansen var atten aar og vaksen, ho saag ikkje so laagt ned som til Aslaug og Helga, og dei likte ikkje henne dei heller. I minsto ikkje Helga.

Helga hadde nok trudd at Aslaug og frk. Hermansen var godbussar, men det høyrdes ikkje for det no, – og ho kunde ikkje late vera aa vera glad for det. Det var mest som den gamle Aslaug fraa ifjor hadde kome att.

«Veit du kva eg trur?» sa Aslaug og stakk 32handa si under Helga si. Helga hadde vore ute paa bleikvollen etter nokre klæplagg aat Bitte, – ho gjekk og drala no, men det var vel ikkje so faarleg naar Aslaug var med. Og det var moro aa prate ei stund òg.

«Jau, eg trur at frk. Hermansen er forelska i Arne, eg. Trur ikkje du?»

«Nei, det trur eg no ikkje lel. Han er daa mest berre ein gut og – og so er han daa ikkje slik heller. Og frk. Hermansen – nei dei høver daa ikkje i lag lel.»

«Nei, det gjer dei sjølvsagt ikkje, men – ho heng no etter han alle stader og gjer seg interresant. Du kan berre sjaa etter paa Langnessturen skal du faa sjaa. Og du trur altso ikkje korleis ho var den kvelden vi var paa holmen! Det maa vera noko visst oppløftende ved aa vera lærar, sa ho og la hovudet paa skakke og saag djupt paa han. Han saag ut som han hadde bite i ei gnallsur citron, slik grein han. – Ho er raadlaus segjer eg deg.»

Helga maatte læ – Aslaug var morosam naar ho tok til aa herme, og no var ho arg ataat.

«Eg skynar elles ikkje at Arne vil bli lærar, eg,» sa Aslaug, «sitte og terpe med ein skokk dumme ungar, naar han skal ha denne fine garden.»

«Nei, kan du skyne det? Eg tykjer det er daarleg, eg.»

«Aa, daarleg –?»

«Ja, for eg veit daa det at foreldra hans likar det ikkje. Og naar dei ikkje har fleire søner heller, so –.»

«Det kan vel hende han vil bli noko anna enn bonde, veit eg. At han vil bli noko finare eller – eller noko meir.»

33«Ja, det er det som er so daarleg tykjer eg. Det er elendig er det. Han blir aldri finare enn far sin lel.»

«Jau, veit du kva, Helga. Det kunde daa hende han kunde bli lærar inne i byen og slaa seg retteleg opp. Eg veit daa det at bondegutar har vorte like til statsraadar – og det maa no vel vera likare enn aa vera berre bonde lel?»

«Det kan godt vera, men eg likar det ikkje lel. Eg er viss om at eg vilde ikkje like den statsraaden heller, dersom –.»

«Dersom kva for noko?»

«Jau, dersom han ikkje var bonde likevel, meiner eg. – Eg likar ikkje folk som gjer seg til, eg.»

«Du er retteleg ei rara er du. Vilde ikkje du like aa bli noko anna enn mor di daa?»

«Jau, det vilde eg sjølvsagt. Men eg vilde ikkje bli likare enn henne likevel – –.» Det siste sa Helga so stilt. Det var mest som ho vilde ikkje segje det heller, men so kunde ho ikkje anna. Men naar ho tenkte paa mor, so vart ho so tung om hjartet. Mor vilde ikkje bli retteleg sterk etter den sjukdomen føre jul – og Helga tòrde ikkje tenkje paa at mor skulde bli daarleg att. – – –

– Ho gjekk inn med klæda, og Aslaug dreiv vidare nedover mot hagen. «Kom nedi hagen du òg med Bitte naar han skal ut,» ropte ho etter Helga, og Helga lovte det. – Bitte sov enno og det var bra, for ho hadde so mykje ho skulde ha gjort unna. Ho gjekk opp paa loftet for aa rydje opp og turka av golvet. Og so vart ho staa-ande framfor spegjelen og sjaa paa bilætet sitt.

So vent eit haar? – – ho tok baae flettone 34og la dei framover bringa, dei var tjukke og glinsande mørk brune; og det var krøll i haaret – det hadde ho altid vore so glad for. Det var kan hende vent og haaret hennar, – ho strauk flettone gjenom hendene sine og ordna dei til kring hovudet. Neste somar skulde ho ha haaret oppsett – tru korleis ho kom til aa sjaa ut daa? Det var berre det at andletet var so lite og bleikt, og so var det vist for breidt til aa vera vent retteleg.

«Men det er daa bra eg har noko som er vent,» smilte Helga aat seg sjølv og kasta flettone attpaa nakken att. Det gjekk nok ikkje an aa staa slik og filosofere, dersom ho skulde bli ferdig til Bitte vakna. – – Men ho var glad for Langnessturen likevel, ho var so overlag glad. Maatte det berre bli godver – og maatte det berre ikkje koma noka i vegen i siste liten!

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ut i verda

Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.

Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.