Det gjekk dagar og vikor. Helga hadde fri ettermiddag fleire gonger, og det hende ho gjekk ut. Men det var ikkje slik glede ved det lenger. Ingen gong kjende ho seg so aaleine som naar ho dreiv gjerandslaus gjenom gatone og ikkje hadde nokon stad aa gaa, ingen aa helse paa og ingen aa prate med.
Ein ettermiddag møtte ho Aslaug ilag med nokre kameratar. Aslaug smilte og nikka: «Mor’n Helga,» og Helga kjende ho vart glad og raud. Ho var ferdig til aa gaa bortaat dei og slaa lag med ein gong, men Aslaug gjekk berre vidare, hekta seg fast i armlykkja aat eine gjenta og prata og var oppteke med sitt. Ansa nok ikkje eingong at Helga stod att. Og var berre ei lita unggjente ho òg – og so reint aaleine. Helga likte seg ikkje.
Mangein gong gjekk ho og tenkte paa om ho ikkje skulde segje opp og reise heim aat mor. Ho fekk vel alltid arbeid i heimbygda òg. Ho tenkte og rekna over, men so var det Bitte og so var det Strøm sine – og so var det so argelegt at ho ikkje skulde greie det lenger. Ho hadde vore so kaut daa ho reiste og trudd so stort – og snakka om det. Ho likte ikkje aa gjeva opp noko. –
Ein ettermiddag gjekk ho erend. Ho hadde 94ei korg i eine handa og eit spann i den andre. Annt om hadde ho det, og ho saag seg ikkje om etter nokon ting.
«Nei Goddag, Helga! Skal eg daa endeleg faa sjaa deg òg?»
Helga stokk so ho nære paa hadde slept melkespannet midt i gata. Det var Arne som snakka til henne. Arne Ness med bokpakken under armen og augo som lyste og straalte mot ein. Han tok utan vidare spannet fraa henne og slo fylgje.
«Du har det bra?» undras han.
«Jau, eg har det berre bra – og trivs gjer eg òg.»
«Saknar du ikkje Vika, og fjøra og fjorden?»
«Somtid so –.»
«Har du vorte kjend med mange daa?»
«Ikkje med nokon enno.»
«Det er ikkje sant, veit eg? Og endaa trivs du?»
Helga svara ikkje større paa det. Det var ingen aa bli kjend med heller, tenkte ho. Det var Emma hos Strøm, ho var fraa byen og henne kjende ho; ho hadde bedt henne med paa dans ein kveld, men Helga vilde ikkje. Ho kunde ikkje danse og ikkje kjende ho nokon, – ho sat heller heime og las. Og elles so likte ho ikkje desse veninnone hennar Emma meir enn høveleg. Dei kom opp paa gjenteromet om kveldane og prata so mykje tull at det var eit syn. Nei, det var nok ingen aa bli kjend med for henne. Men det turvte ikkje Arne vita. Det var ikkje noko som kom han ved.
Helga fortalde ho hadde havt brev fraa Ingrid for ei stund sidan. «Eg skulde ha svara,» sa ho, «men det er so lite aa skrive om.»
95«Eg er viss paa ho ventar paa svar. Eg fekk brev for eit par dagar sidan, og ho skreiv noko om det.»
Dei vart gaaande tagalle ei stund. Helga var so glad fordi ho hadde møtt Arne. Ho hadde tenkt paa han somtid, men han hadde vel so nok med skulen og lesnaden. Og ikkje var det sagt han braud seg om aa halde lag med henne heller. Ho var berre ei tenestgjente og han – kunde gjera plent som han sjølv vilde. Det var uraad aa fri seg for dei vonde tankar, for beiskleiken. Ho hadde røynt det slik sidan ho kom ut – livet var ikkje like eins for alle, og kvar hadde sine som dei braud seg om og heldt lag med. Det var berre det at ho hadde ingen. Arne hadde kameratar i dungevis, sjølvsagt, og han vilde nok frk. Hermansen prate med og kjennas ved sjølv om han var fraa bygda og var bonde. Helga gjekk og vov seg inn i ein vev av vonde tankar. Dei tok mælet fraa henne og sprengde paa so ho mest fekk taaror i augo. Men so var det so usegjeleg dumt aa gaa slik og – og syne fram seg. Kva maatte ikkje Arne tru? – Ho kasta litt med nakken og tok etter spannet.
«Det er daa inga meining i at du skal gaa og bera for meg – eg er daa sopass eg ber spannet sjølv,» meinte ho.
Arne less ikkje som han høyrde ein gong; det var noko han gjekk og tenkte paa.
«Kan ikkje du be deg fri ikveld, Helga? So blir du med meg i bondeungdomslaget?»
«Ja, men trur du det gaar an daa? Eg er ikkje lagslem og so kjenner eg ingen.»
96«Du kjenner daa meg. Og so skriv du deg i laget. – Eg trur du vil like deg der, og ikveld skal vi ha slik fin musikk òg.»
«Men – men – men vil du ha meg med daa?» Det brast utor henne før ho skikkeleg vann tenkje seg om. Og so maatte ho like godt fortelje om frk. Hermansen og Aslaug og byen og alt som var onnorleis enn ho hadde tenkt seg det. Og ikkje var det rett heller alt det dei trudde var rett og som saag ut slik, det var det ikkje tale om.
«Nei, nei,» heldt Arne med henne og lo smaatt og var aalvorsam lel, «men kjenner eg deg rett, Helga, so er du so lik at du bit ifraa, du, naar du møter uretten.»
«Eg bit ikkje no lenger,» sa Helga stilt. Og Arne lo ikkje meir. Han fekk henne berre til aa love at ho skulde bli med i laget om kvelden; han vilde ha henne med, ho kunde vera trygg soleis, og han skulde koma innom henne. – – –
Det vart ein festkveld, den likaste ho hadde havt i byen. Der var ljos og festglade menneskjor, der var prat og laatt og Arne fortalde kven den var og den –. «Der er ein av skodespelarane vaare – ser du, han med det svarte haaret der; han er ein av dei flinkaste òg.» Helga saag og saag, ho hadde mest ikkje stunder til aa svara. Ho vart kjend med nokre gjentor og eit par gutar. Ei av gjentone var ny i byen som ho, og ho likte seg ikkje heller. Men so hadde ho laget aa ty til.
«Det er mest som ein kjem eit stykke paa veg heim naar ein kjem hit om kvelden,» sa ho; og det skyna Helga godt. Berre det aa høyre heimemaalet sitt og kunne snakke utan aa vera redd at 97nokon smilte aat ein – det var som aa koma heim att. Eit langt stykke paa veg i alle fall. –
Der var musikk og kaffe, og til slut vart det leik og song. Helga var med og leika, endaa ho ikkje kunde det slag; men det gjekk av seg sjølv mest, og gjorde ho eit feilsteg lo dei berre og hadde moro med det.
Men syngje kunde ho, og det gjorde ho rett fraa hjartet. Det var ei frygd aa faa syngje ut retteleg dei gamle kjende songane att. Og augo straalte og kinna raudna. Det var herlegt aa vera ung og glad. Og her kjende ho seg trygg.
«Det var daa ei fin songrøyst De hadde,» sa formannen i laget til henne, han sat i nærleiken og snakka med Arne, «De lyt bli med i songlaget vaart, De.»
«Aa –,» sa Helga berre, ho var baade lukkeleg og brydd.
«Eg skal snakke aat formannen i songlaget eg –.»
«Nei, men eg kan vist ikkje vera med lel, – eg har plass,» ho saag forbi bort paa Arne og raudna lite grann, «eg er tenestgjente berre –.»
«Ja men De har daa vel fri ein og annan kvelden lel? Eller er ho eit reint bakbeist husmora Dykkar?»
«Nei, det er ho slett ikkje. Ho er so snild som ho berre kan vera, men –»
«Ikkje noko men daa, veit eg. De er vel ikkje so oppteken om kveldane at De ikkje kan vera med paa ei øving ein gong imillom? Her maa vi nytte alle krefter, ser De – ingen slepp fri. Du held med meg, Ness?»
«Ja, fullt ut. Og kjenner eg Helga rett so gjer 98ho like for seg i songlaget. – Sjølvsagt blir du med, Helga?»
«Ja, du veit eg vil gjerne – eg er glad i aa syngje og eg skal gjera mitt beste.»
«Daa blir det bra, spaar eg.»
Og Helga vart skrive i songlaget same kvelden. Ho fekk greide paa naar dei skulde ha øving, og ho trudde visst ho kunde koma. –
Ho vart i fylgje med Arne og endaa eit par som skulde same vegen heim om kvelden. Det var same gatone ho gjekk i som før, same byen som anda og livde livet sitt eiget, og likevel var det ikkje det same. Sjølve gatesteinane var ikkje so harde lenger, og ljosa var ikkje berre ljos og glans, dei hadde som ein daam av varme – ja, det var som ei heil bylgje av varme som slog imot henne. Slik kunde byen vera naar ein fann fram dit ein høyrde heime. –
Daa Helga hadde lagt seg om kvelden laag ho og tenkte paa bondeungdomslaget og all ungdomen som samlas der. Laget vart som ein stor og sterk knute i byen og inn til den knuten samlas det taattar fraa alle kantar og alle lag. Og for kvar taatten gav det ei kjensle av styrke det at han høyrde knuten til.
Ho hadde berre vore med denne eine kvelden, men berre det gav styrke og glede – det aa kjenne at ho ikkje var heilt aaleine lenger, at her fanns nokon som brydde seg om henne for hennar eiga skuld og ikkje berre for det arbeid ho kunde gjera. Det gav mod og ryggstød og gjorde livet lettare og rikare.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.