Helga hadde vore i byen over ein maanad. Og idag hadde ho bedt om aa faa oppgjer for den tida. Ho skulde ha tretti krunor om maanaden hadde dei vorte einige om, og no vilde ho gjerne sende heim nokre krunor aat mor. Det vart vel ikkje so mykje, for ho hadde faatt i eit par vintersko i forretninga hos Strøm og eit par vaattar. Konfirmationsskoene var for tunne og for gode til aa gaa ute i snøslapset med, tykte ho, og dei gamle bladvaattane hennar vart att heime – dei var ikkje noko aa koma til byen med heller.
Dei nye vinterskoene var baade gode og varme, og vaattane – dei var ikkje so varme som bladvaattane mor batt, men dei var fine. Smaa svarte fingervaattar. Aslaug hadde vore med henne og teke ut baade sko og vaattar. Og Strøm sjølv hadde kome ut fraa kontoret og prata med dei og preintes litt og vore i godlaget. Helga skulde faa godkjøp hadde han sagt; men ho hadde ikkje hugsa paa og spurd om prisen. Og det trega ho paa no. –
Helga gjekk ned paa kontoret, daa Bitte hadde somna til middag. Ho hadde bynt paa eit brev til mor igaarkveld, no skulde ho legge pengane inni og gjera det ferdig. Ho var glad og litt spent. 81Det var so gildt aa kjenne seg vaksen, slik at ein kunde ta eit tak og hjelpe dei heime – og so var ho spent paa kor mykje det vart att, naar Strøm hadde trekt fraa for skoene og vaattane. Ho hadde mest trongt eit par kalosjar òg, det brukte alle, saag ho, og ein spara skoene so med det, sa Aslaug, og so drog ein ikkje med seg so mykje sand og søyle fraa gata innover golva. Men det kom no an paa kor mykje dei kosta og kor mykje som vart att. Mor maatte ha først og fremst.
Ho banka paa kontordøra.
«Kom inn;» Strøm sat i ein stol som han svinga rundt som han sjølv vilde framfor skrivepulten sin. No svinga han seg mot Helga.
«Er det du?» sa han; «det var sant det, ja – du skulde ha oppgjer idag du.» Han leita fram ei stor rekneskapsbok og bladde i.
«Faa sjaa no – det var tretti krunor maanaden vi var einige om? Det var rett det, ja. Og no har du vore her ein maanad; det blir bein rekning det, Helga. Men so har du faatt eit par sko til fem og tjuge krunor – der fekk du billege vintersko, godt slag i dei og godt merke; dei har du lenge naar du er redd for dei, skal du sjaa – og so eit par svarte uldvaattar, to krunor og femti øyre. Det blir ikkje mykje att daa, er eg redd, – to krunor og femti øyre. Ver so god!»
Pengane klirra i neven hennar Helga, to sølvkrunor og ein femtiøyre! Det var alt ho hadde til gode etter ein heil maanad. «Takk,» kviskra ho.
«Aa, inkje aa takke for. Du faar vel du ha takk for strevet.» Strøm saag ettertenksamt paa 82henne. «Treng du pengar kan hende? Til noko sers? Du kan godt faa noko paa forskot, veit du.»
«Nei – nei takk. Eg treng ingen ting. Takk.» Raud og skamfull nigja Helga seg ut gjenom døra. Ikkje for alt godt vilde ho ha forskot. Han skulde ikkje tru at ho vilde tigge seg til noko.
Seint og traatt gjekk det oppover trappene, og daa ho stod inne paa romet sitt var det lite med henne. Der laag brevet til mor – det var berre aa brenne opp det no. Og so skrive eit nytt. To krunor skikkeleg – det var mest inkje noko aa sende; ho hadde daa trudd det skulde bli ti i alle fall. Der stod skoene under senga, svarte kromlers, og dei var billege sa Strøm. Fem og tjuge krunor berre for eit par sko!
Helga stod med pengane i neven og kjende seg so fatig som ho aldri hadde vore før. Det hadde vore stridt mangein gong i Vika, lite med mat somtid og smaatt og pinsamt paa mange vis, men aldri slik. Ho hadde vore so viss paa aa ha pengar no, so viss paa aa vera ovanpaa og ha litt tilovers til dei heime, – smaatt hadde ho kytt litt før ho reiste heimanfraa òg. Det skulde vel bli ei raad no, naar berre ho kom ut og fekk so bra fortenest! Og so stod ho her og hadde ingen ting. To krunor og femti øyre og eit par sko, det var alt ho hadde att, og so eit par vaattar attaat. Ingen ting aa sende heim til mor, ingen ting til aa hjelpe med; og ho som hadde tenkt so stort og trudd at all naud og alt slit skulde det vera slut med i Vika, naar berre ho kom ut og fekk ta fatt. So botnlaust fatig som idag hadde ho aldri vore før. –
Helga sat attmed bordet med hovudet i hendene, 83og gret. Ho var so sliten og klar med eitt. Bitte vakna vel snart og venta paa henne, og einkvart var det sagte som skulde gjeras; men det var inga glede ved det no, det var slit berre og hendene var tunge og motviljuge naar ho tenkte paa arbeidet. Det kunde mest vera det same med alt i hop – det muna so ingen ting lel. Ho kunde vel trenge til noko neste maanad med, og daa saag ein kor det gjekk. Tretti krunor var nok ingen kapital slik som ho hadde trudd – det var mykje mindre enn det naar det bar til stykket. –
Det riksa vist i ei dør, eller var det nokon som skreik? Helga løfta hovudet fraa bordet og lydde. Den laaten minnte litt om maaseskrik. I alle fall maatte ho tenkje paa maasen, paa hennar maase som flaug og flaug og ikkje gav seg. Han var so kvit og fin, – og han flaug paa mot uver og stormbygor!
Helga reiste seg og retta paa klæda sine og haaret. Det vart ingen ting av aa gjeve seg over slik kom ho i tankar om. Ho fekk nok ta fatt og bruke baade nebb og klo, baade hender og tankar. Men vinne skulde ho! Til jul skulde ho i alle fall ha noko aa sende mor, so mykje dei fekk ei god julehelg heime. Dei skulde berre faa sjaa.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.