Ut i verda

av Sigrun Okkenhaug

I Vika

Ho fekk ei vakker jordeferd, Karoline i Vika, med mange blomar etter aarstida og mange gode ord. Kristen og Ane-Marta Ness var vertsfolk, og grannane møtte opp alle som ein, prestefolket og mange av bygdefolket elles òg. Det var mange ho hadde gjeve ei hand i sine velmakts dagar, Karoline, og no vilde dei syne henne den siste æra. – Erik var bleik og liten i dei svarte konfirmationsklæda sine, men vaksen lel. Dei heldt lag dei tri syskena heile dagen. Og kom ein utor augsyna, so leita dei andre. Dei kunde liksom ikkje sleppe kvarandre idag.

Der var mat og kaffe og stova var full av folk, og i kammerset og paa loftet sat det òg folk og prata. – Dagen gjekk og smaatt om senn drog kvar til sitt, so det vart berre Nessfolket og Hans att. Dei hjelpte til aa ta saman maten og koppane, pakka saman det som var laant fraa Ness og gjorde opp med dei som hadde hjelpt til med koking og innbering av maten. Helga kokte paa kjelen ein ekstra taar tilslut til Nessfolket og Hans. Dei hadde traska heile dagen og hjelpt til alle dagane før òg. Og Helga gruva so for aa bli aaleine att. Det vart tomt no alt styret var over. –

117So vart dei sittande kring kaffebordet og prate ei stund. Margot sat og dubba og smaasov i ruggestolen. Ho hadde gaatt klar, men ho vilde ikkje gaa og legge seg før Helga kom.

«Du skal vel til byen att, du Helga?» undras Kristen.

Helga svara ikkje straks; ho hadde tenkt baade att og fram og visste nok kva ho helst vilde, men det kom an paa so mykje.

«Eg vilde helst bli heime,» sa ho endeleg, «men eg veit ikkje – vi treng visst baade hjelp og rettleiding – til aa bynne med –.»

«Hm. Kva har du tenkt aa ta deg til med heime daa?»

«Det er det eg ikkje veit visst. Eg har tenkt paa hagebruk,» Helga raudna – det kunde hende dei tykte det var tull berre, naar ho ingen ting hadde lært – «og so har eg tenkt paa hønsestell, – men eg veit ikkje. Det er kan hende inga meining i det, naar eg ikkje kan noko?» Ho saag bedande fraa Kristen bort paa Ane-Marta. Ingen svara noko straks.

«Eg trur nok eg skulde faa det til,» meinte Helga og snakka fort og litt andsloppen – det var om aa gjera aa faa Kristen med seg, faa han til aa tru; «vi har snakka litt om det, Erik og eg. Han vil hjelpe til og Margot blir snart sopass ho kan ta eit tak ho òg. Vi lærte vel med kvart, naar vi fekk litt rettleiding og fekk prakke oss fram. Eg skynar godt at det er mange vanskar, men – vi vilde so gjerne bli i Vika, dersom –. Dersom vi kunde faa litt hjelp, so – baade med hestar og slikt, og til aa faa ha romet. Eg veit 118ikkje, men det er vel rentor som skal ut og –. Eg kunde arbeide for det, dersom De vil, – eg kan daa vaske i alle fall?»

«Du skulde vel greie det mor di greidde, ung og frisk som du er,» meinte Kristen.

«Ja, trur De ikkje det?» Helga mintes ikkje at ho var lite huga paa vask lenger – det galdt aa berge heimen no. Ho saag ingen andre enn Kristen, ho sat paa ytste snippen paa stolen, og det var alt med seg ho hadde bidlund til aa sitte iro. Ho maatte faa han til aa skyne, maatte faa han med seg.

«Eg tykjer du kan hjelpe utan aa ha noko for det eg, far; det har dei fortent baade Helga og foreldra hennar,» det var Arne som sa det. «Du er med og snakkar om modernæring og attende til jorda og alt det der du òg, – no kan du hjelpe no, tilgagns, og legge tyngd i alle dei fagre orda.» Han reiste seg og gjekk ut. Det var kvelden og tid til aa fara heim. Han fekk leite fram hesten og spenne for.

Hans tok etter huva han òg, og gjekk mot døra. Han aksla seg og kremta alt i eit. Hm hm, den guten, den guten, han kunde faa sagt det om det kosta. Han likte seg, Hans, det var ikkje til aa missta paa. Han glytta bort paa Kristen med same han gjekk ut. Hm hm!

Det vart stillt inni stova. Kristen sat og smaalo. «Det var sanneleg reine ord for pengane,» sa han og saag paa Helga. Men ho vaaga ikkje sjaa opp; ho hadde ikkje snakka med Arne heile dagen, ikkje sidan ho kom heim – det var mest som han heldt seg unna med forsett, og no gjekk 119han som han var sint mest. Ho skyna ikkje kva ho hadde gjort han. Men han vilde daa dei skulde bli i Vika likevel, høyrdes det for. Berre han ikkje arga faren sint no, so –. – Daa reiste Erik seg og skulde sjaa ut etter hesten og karane han med. Han saag aalvorsamt paa Kristen – han kjende ansvaret ved aa vera vaksen kar.

«Dersom det var so vel at du vilde hjelpe oss, – det kan hende du treng karahjelp til einkvart, og eg er fri kar i vinter, veit du.»

«Ja, det er daa sant det,» mintes Kristen òg no. «Du faar helst bu deg til vaaren lel du, Helga, – det blir vel ei raad for hjelp, skynar eg, baade aat deg og meg.»

Erik handhelsa baade paa Ane-Marta og Kristen. «De faar ha takk,» sa han, «og eg skal koma so snart De treng meg. Eg – eg skal gjera mitt beste.» Og so gjekk han ut – han vart sein, det var for gale òg, at dei skulde bala med hesten aaleine derute.

Men Kristen tok handa hennar Helga, og no var han aalvorsam. «Naar eg skal segje som eg meiner, so er eg glad for at du vil slaa deg for heime eg, Helga; og du greier det nok, du har slikt aa skjøtas paa, du. Hjelp skal du faa paa Ness kva dag og tid du vil. Og kva var det eg vilde segje?» han fekk det ant med aa knappe att frakken sin, «jau, – dersom det skulde bli langsamt aat dykk her til aa bynne med, so ser vi gjerne ungdom paa Ness no òg. De er velkomne baade du og syskena dine, om de ikkje kjem etter hjelp òg.» Han strauk Margot over haaret og gjekk ut etter Erik.

120Helga hjelpte Ane-Marta paa med kaapa. Det var ingen som sa noko før Ane-Marta tok handa hennar Helga og takka for seg. «Eg segjer som han Kristen, eg – kom til Ness baade naar du treng hjelp og elles. Kom all som tidast, – det er so lite om ungdom hos oss veit du. Og – og treng du ei mors hand nokon gong, so – veit du kor du har meg.»

Helga visste at no tenkte Ane-Marta òg paa Ingrid. «Takk,» kviskra ho, «takk for alt baade De og Kristen.»

– Det hadde kome nokre nysnøar paa jorda, so mykje det lyste opp, og ei og onnor stjerna kika fram gjenom skylaget. «Det klaarnar til, meiner eg,» sa Kristen og sette seg opp breidmed Ane-Marta. «Ja, det spøkjer for at det blir kaldt i lysingen,» meinte Hans, han kneppte att yttertrøia og maatte vel ha seg paa heimveg han og no. –

«Godnatt, Helga, og takk for idag,» Arne gav taumane aat far sin so han fekk segje farvel aat Vikafolket. «Trur du, du kjem til aa sakne byen?» undras han.

«Eg? Ikkje det slag heller. Eg er so glad eg er heime,» sa Helga.

Og ho meinte det. Ho stod ute og høyrde duren av Nesstrilla langt bort gjenom vegen, og tenkte attover og vona litt fram gjenom tida. Det var ikkje sagt vegen millom Ness og Vika vart so lang heretter heller. Fekk ein tru.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ut i verda

Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.

Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.

Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.