Langnessturen vart festleg. So mykje moro hadde Helga mest ikkje vore med paa i heile sitt liv før.
Dei laag paa fjorden og saag sola gjekk ned, og vatsflata var som ein spegjel. Dei skravla og snakka og lo i munnen paa kvarandre, det var som i eit kvernhus – i ein surr alt i hop.
Men daa kveldssola kasta gull paa skytoppane og vatnet vart som ein annan himel, daa tagna dei alle. Det var so fagert, ein kunde gjerne graate og endaa kjenne seg usegjeleg sæl.
So tok Arne til aa sulle smaatt for seg sjølv: Fager kveldssol smiler over jorda ned – –. Lite om senn vart dei med i songen dei andre òg. Stilt og døyvt let kveldssolsongen utover fjorden, medan sola seig attom aasen. –
Sidan løyste den eine songen av den andre. Arne song føre – han kunde vist mest heile Seipsboka utanav – og dei andre song med so godt dei kunde. Helga kunde best. Og Arne sa det.
«Ho har so nyleg gaatt paa skulen, ho, ser De,» sa frk. Hermansen overberande – det let ikkje som lovord nett.
«Ja, og ho slutta for tidleg,» sa Arne.
«Det held eg absolutt med Dykk i,» sanna frk. 36Hermansen med og var blid; «ho hadde havt godt av aa gaa eit aar lenger i alle fall.»
«Det var no mest læraren eg kom ihug,» sa Arne, «det maa vera vondt for han aa misse ein so god songar. Eg er viss om det er ikkje mange i same klassen som syng sopass.» –
Helga var raud alt opp i haarrota. Ho vart galen paa frk. Hermansen daa ho la seg borti, men ho maatte mest læ daa Arne svara slik. Han var daa lik seg stødt –, men ho hadde aldri likt han so godt som ikveld likevel. Han var ikkje noko stormodig ikveld. – Ho gjorde seg for og song so høgt og klaart ho berre kunde; det var moro aa terge frk. Hermansen litt, og so var det gildt aa syngje òg. Det var mest som tonane bar ein opp over slitet ei stund og inn i ei onnor verd. Ei ljosare og reinare. –
Dei skulde iland og koke kaffe og laga til fest utpaa nesset, men det var mest tungt aa forlate fjorden – det var slik ein herleg kveld. Endeleg kom dei seg iland likevel. Karane samla kvist og rask til baal, gjentone stelte med kjelen og duka bord. Frk. Hermansen piska eggedosis og kommanderte – ho fekk dei til aa bruke føtene sine, den tytta.
«Det er for lite ved,» meinte ho, «finn i meir turrkvist. Pass paa kjelen, Aslaug, no kokar han over snart. Nei, sett korgene lenger opp, Helga, vi vil daa ikkje sitte heilt nedi fjøra lel.»
Ho hadde eit auge med alle – berre Arne slapp fri; men so tykte ho det var for gale òg, so fekk ho han bortaat seg til aa hjelpe til med piskinga. Det maatte gjeras til gagns det, skulde eggedosisen bli god, let ho. – Aslaug blunka til Helga – 37kva var det ho hadde sagt? Og Helga maatte læ. –
Det vart like eins daa dei skulde drikke kaffen. Frk. Hermansen sette seg til slut, og det var best rom breidmed Arne sjølvsagt. Aslaug og Helga smilte løynsk til kvarandre og kom paa laatten alt i eit.
«Dei to smaagjentone har det vist morosamt,» meinte frk. Hermansen litt spisst.
«Ja takk,» sa Aslaug og saag skuldlaust paa henne, «smaagjentor er so kravlause, dei, det skal i grunnen so lite til før dei moroar seg.» Og so lo dei att. Og dei andre maatte læ med.
«Naar eg berre skyna kva de lær aat,» sa frk. Hermansen og lo ho med – likevel.
«Ja daa –,» sa Aslaug og saag paa Helga.
«Ja daa –,» sa Helga òg. Det var reint raadlaust – dei kunde mest ikkje segje ord lenger utan at det vart til laatt og løgje. Og heile flokken lo med – reint meiningslaust. –
«Skulde vi ikkje slaa paa ringen?» undras Erling Beck, son til presten. Jau vist skulde dei det – og opp spratt alle som ein og tok til aa springe. Men frk. Hermansen vart snart klar av leiken, ho hadde stuva foten sin litt òg, so ho maatte faa stø seg paa nokon og finne ein lagleg plass aa kvile seg paa.
«Vil De hjelpe meg, Ness?»
Jau, Arne maatte til. «Lat ungane leike seg,» sa frk. Hermansen, «so prater vi heller litt – det er likso mykje hugnad i det, tykjer eg.» Arne saag ikkje ut som han var heilt einig, – «men han lyt nok bite i det sure eplet skal du sjaa,» kviskra 38Aslaug til Helga. Dei hadde augo med seg desse to, og heldt seg gjerne i nærleiken naar det kunde gaa an. –
«Var det ikkje det eg sa?» Aslaug og Helga hadde funne kvarandre i «enkjemann vil ha make», no gjekk dei oppover paa plass og saag ikkje vidare blidt paa dei to som sat og prata. «Var det ikkje det eg sa?» sa Aslaug enno ein gong, «ho er ei jaale er ho, og du skal berre faa sjaa at ho øydeleggjer moroa for oss andre òg. Dei skal sjølvsagt sitte og prate baade den eine og den andre snart, naar ho først bynner, – og ho har ikkje stuva foten sin meir ho enn eg har stuva litlefingeren min, det kan du leggje bek paa.»
«Sa du noko til meg, Aslaug?» spurde frk. Hermansen so blidt som ei lerke.
«Eg sa, det var keidsamt du skulde stuve foten din so gale,» sa Aslaug og vart raud. Hadde ho høyrt noko tru? – Men pytt, ho kunde gjerne høyre det – ho kunde jamen ha godt av det òg.
Frk. Hermansen svara ikkje noko, ho vende seg til Arne og let dei andre vera luft for seg. «Har De lese Shakespeare, Ness? Hamlet t. d.?»
«Nei, det er lite det.» – Arne sat og saag etter dei som leika seg, og han spekulerte paa om det ikkje skulde gaa an aa røme unna baade diktarane og literaturen.
«Ja daa har De verkeleg noko tilgode. Det er so menneskjelegt det Shakespeare skriv, tykjer eg, og festlegt. Ja Ibsen er festleg han òg, og Bjørnson sjølvsagt, men det er paa ein annan maate det. – Ibsen kjenner De sjølvsagt?»
39Jau, Arne meinte daa det.
«Ibsen har gjeve meg mykje maa De tru. Det er reint som ei oppattnying aa dukke seg ned i alle dei store diktverka – det er liv – det er oppseding; ja, eg kan ikkje faa sagt kva dei er for meg, skynar De.»
«Nei, det trur eg so gjerne.»
«Veit De kva? Somtid minner Helga meg so om Gerd i Brand. Eg er so snar til aa finne likskap millom dei eg kjenner og menneskjor eg les om, eg – det er mest ei plaage somtid. De har daa lese Brand?»
«Ja, men eg kan ikkje sjaa likskapen med Helga –»
«Snakka De aat meg?» Helga stod straks framfor og hadde høyrt dei nemnde namnet hennar. «Nei daa. Eg sa berre du minnte meg om Gerd.»
«Gerd?»
«Ja, i Ibsens Brand. Men henne veit ikkje du av sjølvsagt, so det kan ikkje ha nokon interesse for deg.»
«Jau, eg minnes daa Gerd. Vi las Brand paa skulen siste aaret; og det er ikkje so lenge sidan eg gjekk ut, veit De.»
Det var ein og annan som løynde ein liten smil, men Arne fekk ei hosterid so han maatte opp.
«Det er undarleg med gjentungar i den alderen,» sa frk. Hermansen og reiste seg ho òg, «dei kan vera so nebbaate, – men ein faar daa tru dei veks det av seg, stakar.»
Dei høyrde det baade Helga og Aslaug, men dei vart staa-ande i beit for svar – dei fann ikkje noko som det var retteleg tak i. Dei snudde berre 40ryggen til og less som inkje. Men skulde ikkje ho havt!! –
Arne kom og vart med i leiken. Dei sprang enkjemann framleides, og første gongen Aslaug skulde ut fanga han henne.
«Liker du ikkje frk. Hermansen du?» undras han.
«Liker? ho er eit asen er ho; og dersom du liker henne er du ei naut, – no veit du det.» Det letta utruleg aa faa sagt det, – det var plent det same om Arne lo. For det gjorde han. –
Forstuvinga i foten gav seg tolleg fort – frk. Hermansen vart med i leiken og sprang med like godt mod som dei andre. Berre ein og annan gongen hinka ho litt.
«No kjem ho i tankar om foten att,» sa Helga daa; «ja, eller so treng ho nokon til aa stø seg paa.» meinte Aslaug. –
Kvelden gjekk fort. Det vart mørkt kring midnattesleite, men dei kasta berre meir kvist paa baalet og leika like godt. Det lyste alt av ein ny dag daa dei rodde heim.
Helga sat i agterskotten. Ho heldt fingerspiss sane ned i vatnet og kjende det som ei fysne aa vera so nær sjøen. Ho var trøytt og ansa ikkje større etter kva dei prata om rundt ikring henne. Det hadde vore ein morosam kveld det var visst, men ho var liksom ikkje berre glad heller. Ho sat der med ei ørlita kjensle av tomleik eller – eller noko ho ikkje visste kva det var.
Ho skvatt til med at nokon nemnde namnet hennar. Det var frk. Hermansen.
«Eg kom berre til aa tenkje paa at mor di vist er vaskerkone? er ho ikkje?» sa ho smørblidt og 41smilande. Helga raudna – ho var arg paa seg sjølv for det, men vart berre endaa meir raud.
«Jau?» sa ho og undras.
«Trur du eg kunde faa henne til aa vaske nokre klæde aat meg? so mykje eg slapp aa skrive heim etter endaa eit ombyte?»
«Jau, det gjer ho vist; dersom ho har tid og er frisk, so –.»
«Ho er daa ikkje daarleg vel?
«Ne – eih.»
«Eg skulde sjølvsagt betale bra –.»
«Ja –». Det var ikkje noko anna aa svara til det. Det fanns ikkje ord for det Helga kjende inni seg likevel no.
«Vilde du spyrje henne for meg du kan hende?»
«Ja det kan eg; men eg veit ikkje visst kva dag eg faar gaa heim enno. Eg – eg er berre barnegjente hos fru Strøm, veit De, so eg maa be om lov først –; men har De tid til aa vente, so –.» Ho maatte segje det slik – det var liksom ein liten siger i det òg, likevel. Men ho var glad baaten skura opp i fjøresteinane heime med det same. Det var ikkje noko gale i det frk. Hermansen sa, men maaten ho sa det paa, – og so det at alle skyna det, skyna kva ho meinte. Og heldt med henne truleg. Ho vilde sette Helga til rettes paa den plassen der ho høyrde heime, det var inkje anna ho vilde. Ingen ting. –
Helga saag ikkje opp. Ho orka ikkje sjaa medkjensla i andleta, smilen eller tilrettevisinga; – ho svelgde graaten som truga, og no visste ho kvifor ho ikkje var heilt glad i stad. Ho høyrde ikkje heime her – ho høyrde til i Vika, ho, hos mor. –
42Daa ho skulde hoppe i land retta Arne handa mot henne til hjelp som til dei andre, og ho var nøydd til aa ta imot hjelpa.
«Vil du hjelpe meg med baaten?» undras han, «du og Aslaug? So blir vi i fylgje oppover.»
«Eg skal so gjerne hjelpe til,» baud frk. Hermansen seg fram.
«Takk, det trengs ikkje. Helga og Aslaug greier det fint.»
Det var ikkje orda, det var ikkje tonen heller, men det var alt i hop som gav Helga modet att. Ho retta seg opp og saag roleg og aalvorsamt paa frk. Hermansen. «Eg er meir van med tungarbeid, eg,» sa ho, «so det kan falle lettare for meg aa ta i.» –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Ut i verda fra 1926 er Sigrun Okkenhaugs andre bok i trilogien om Helga.
Til tross for fattigdom og strev er Helga full av livsglede og pågangsmot. I Ut i verda reiser hun fra familien i Vika og ut i verden. Men møtet med byen blir ikke helt som hun hadde tenkt seg.
Se a target="blank" href="https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012021724013">faksimiler av førsteutgaven fra 1926 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.