Helga

av Sigrun Okkenhaug

Aslaug

Alt dagen etter kom Aslaug hoppande og dansande nedetter vegen. Og no var ho aaleine. Det var som Helga trudde, dei budde 25paa Ness i somarferien baade ho og mor hennar.

«Du kan tru der er mange folk,» fortalde Aslaug, «det er berre so det kryr av dei alle stader; men dei er gamle mest alle, so det er so keidsamt at det aner du ikkje.»

Nei, Helga gjorde ikkje det hell — ho tagde mest av undring over alt det Aslaug sa og alt det ho visste og alt det ho vann over paa den stutte stunda. Og at det kunde vera keidsamt paa Ness, paa den store gilde garden, det fekk ingen henne til aa tru.

«Men at du verkeleg faar lov til aa gaa heime her og stelle reint aaleine med alt daa — mest som ein vaksen?» undras Aslaug, «du store tid so moro det maa vera.»

«Moro? Aaja.» Helga hadde aldri tenkt over det soleis. «Men det er no ikkje berre moro altid heller,» meinte ho. Ho tykte ho laut segja sopass.

Dei stod der og prata desse to smaagjentone, utrygge og vare til aa bynne med, men med kvart tina dei opp og vart kjende. Dei gjekk ikring og saag seg om, og Aslaug undras paa kva Helga skulde gjera den dagen.

Ho skulde vaske stovegolvet og gangen var meininga; det var fredag og mor skulde bort imorgo òg — og daa vart ho aaleine om all helgevasken, so ho laut gjera ifraa seg noko idag.

26«Aagid, so moro! kan ikkje eg faa hjelpa deg daa? Eg er viss paa eg faar det til.»

Aslaug naudbad. Ho hadde aldri vaska golv før, men det kunde daa ikkje vera større konsta det, og ho hadde slik lyst. «Kjære lat meg faa lov,» bad ho.

Helga visste mest ikkje kva ho skulde gjera. «Du har so fin ein kjole paa,» sa ho og saag paa den kvite kjolen hennar.

«Pytt, denne fin! Nei, du skulde set den finaste kjolen min du, den er det mest berre blonder i, den. Nei, for kjolen sin deil gjer det no ikkje noko lel. Kom so bynner vi daa.»

So tok dei til. Helga fann i bøttor og vaskefillor, varma vatn og budde til paa alle vis. So var det berre til aa vaske.

Aslaug vætte paa og turka og skura og stræva, so ho vart baade heit og sveitt. Helga dreiv seg ho òg, men mykje godt vart ho staaande og sjaa paa.

Slik vasking hadde ho i sine livedagar ikkje set. Det var trekvitt golv og dei skura med sand; men der Aslaug hadde vaska laag sanden i smaa dungar, og golvet vart sjaaande ut som Finnlandskartet paa skulen, kom Helga paa — dei tusen sjøars land.

Ho var mest huga til aa læ, men ho vaaga seg ikkje til. Heilt stød var ho ikkje i mælet likevel daa ho sa: «Eg trur, du maa tork’ opp betre —.»

27«Tørk opp?» Aslaug retta seg opp — heile gjenta var ein einaste stor smil, — noko so morosamt hadde ho ikkje vore med paa før. Men du verda som ho saag ut! Den kvite kjolen var ikkje mykje kvit lenger, og strømpone! ein kunde mest ikkje sjaa dei hadde vore kvite og hol var det paa det eine kneet attaat.

Helga vart so forfælt ho vann ikkje segja ordet, og Aslaug lo, men laatten vilde ikkje klinga retteleg denne gongen. Det var ikkje morosamt aa koma heim til Ness og sjaa slik ut. Og golvet — «eg lyt vaska det oppatt alt i hop,» tenkte Helga modlaust. Og det var endaa ikkje det verste.

«Du kan umogeleg gaa heim slik,» sa ho til Aslaug.

Nei—i, det kunde ho ikkje godt hell det, men — —

«Eg skal vaske kjolen din eg — han er so tunn han turkar snart i sola.»

«Ja, nei vil du det? so tarv ikkje dei andre vita noko um det.»

«Nei daa. Men skund deg daa aa ha av deg.» —

Kjolen kom av i ein fart og Helga brukte saape og vatn og nevane sine det beste ho hadde lært. Jau visst muna det. Ho heldt kjolen mot ljoset og saag paa han; og Aslaug kytte og tykte det gjekk realt, ho sat i helgekjolen 28hennar Helga og saag paa. Og Erik og Margot hadde kome tilstades dei òg, og stod og bisna.

Men Helga fekk rukkor i panna og sveittperlor paa nasen — ho var ikkje van med aa vaska slikt fint ty, og ho tykte ikkje ho fekk det til som ho vilde.

Men endeleg fekk ho daa hengt baade kjolen og strømpone paa snora til tørkings. — Aslaug laut gaa berrføtt so lenge. Og det gret ho ikkje til, kan du vita.

No fekk ho sjaa baade Potifar og grisen og hønone. Ho vilde ha Erik til aa herma etter hanen, men daa møtte Helga opp i fullt aalvor: «Du kan berre vaaga til,» let ho og var baade streng og redd. Erik var ikkje mykje huga han heller — det sveid for mykje i saaret til dess.

– – –

Kjolen vart sovidt turr, at Aslaug fekk han paa seg og kom heim tidsnok til middag. Dei strekkte han og glatta han til med hendene so godt det let seg gjera, men nokon staskjole var det ikkje lenger. Det saag Helga vel; og ho gjekk med hjartet i halsen og gruva for korleis det vel gjekk Aslaug naar ho no kom heim aat mor si. Venteleg fekk ho ikkje koma aat Vika meir. — — —

Men berre eit par timar etter kom Aslaug springande att. No hadde ho raud kjole med 29kvit krage og brune strømpor og skor, og det saag ikkje ut som ho ofra kvitkjolen ein einaste tanke. Ho lo og var like kaat, og Helga tykte det var leidt aa spyrja — endaa so stor lyst ho hadde. Du store tid, om ho hadde handsama kjolen sin slik! — — —

Aslaug kom for aa faa Helga med seg paa ein biltur. Mor hennar og ho og eit par andre av gjestene paa Ness skulde bila heile bygda oppover, og Aslaug hadde faatt lov til aa be med seg Helga. Tenk bile heile bygda oppover i ein flott drosjebil daa!

Hjartet tok til aa banke so urolegt i bringa hennar Helga, og augo var blaaare og meir straalande enn sjølve skyfri julihimmelen. Ho raudna av glede og frygd.

Tenk bile! Berre det aa sjaa ein bil susa forbi var som eit lite glytt inn i eventyret. Og so faa vera med daa!

«Skund deg daa Helga! Dei ventar paa oss skynar du!»

«Men —»

«Ikkje ver tosaat no daa! Ha berre paa deg og kom, veit eg.»

«Ja.» Helga var alt paa farten; ho fekk ha paa seg sundagskjolen og — —. Daa rauta Blidros bortpaa enget. Trøyste oss no hadde ikkje ho faatt vatn att paa heile lange dagen, og so varmt som det var òg. Kva vilde vel mor segje? Og inne var stovegolvet like uvaska, 30og grisen — og borna — og alle dei ting som laut gjeras! — Farten sagtna lite om senn og daa ho hadde kome aat gangdøra stana ho.

«Eg — eg kan nok ikkje bli med lel —»

«Jauvist kan du bli med. Mor vil so gjerne, at — — og no ventar dei berre paa deg. Kan du ikkje skunda deg daa!» Aslaug hadde vorte utolsam.

Men Helga heldt fast paa sitt. «Det er plent uraad,» sa ho, «eg kan ikkje bli med.»

«Ja, men vi kjem daa heim ikveld att og vi bilar deg like til døra — og Erik og Margot kan daa so vera aaleine den stunda; dei er daa sopass store —.»

«Det er ikkje berre dei heller, men det skynar du ikkje. Og — eg kan ikkje bli med lel, høyrer du.»

«Du er retteleg ei tverrpompe, er du;» Aslaug var baade arg og vonbroten, ho hadde gledd seg so til aa faa med Helga, og no stod ho der berre og var vrang. «Ja, no maa eg gaa eg — so kan du ha det so godt daa.» Og borte var ho.

Men paa sengbenken inne i kammerset laag Helga og gret so saart, so hjartet mest vilde sprengjas. Og ute paa enget i solsteiken stod Blidros og rauta baade ein gong og mange gongjer, før Helga høyrde henne att og kom ihug at ho vanta vatn.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.