Helga

av Sigrun Okkenhaug

Helga og Aslaug

Sundagen etter vart Helga bedt til Ness til Aslaug. Aslaug skulde reisa om nokre dagar og no laut dei nytta stundene vel.

Dei hadde sett opp disse paa Ness, og borna fekk lov til aa hoppa i høyet so mykje 43dei berre orka og mor hennar Aslaug skulde koke sjokolade og ei fin kake hadde dei faatt heilt ifraa byen. Aslaug hoppa rundt i Vika og prata og fortalde so ho saup etter anden, og slik som ho gledde seg til aa syna Helga all herlegdomen!

Og kor dei skulde eta og ha moro. Du verda!

«Og veit du, no hoppar eg heilt ifraa øvste bjelken paa høyhellen, men du kan tru det kitlar i magen naar eg fer gjenom lufta,» fortalde Aslaug.

Det trudde Helga so gjerne, men fraa øvste bjelken –? «Det er høgt taket paa Ness maa du hugsa paa.»

«Det er fakta sant, so sant som eg staar her. Du skal faa sjaa kan du tru. Og no veit eg kva eg vil bli òg.»

«Skal du ikkje bli gartner no daa? Du sa daa det ein gong.»

«Gartner? Pytt, er det noko daa? Nei eg skal gifta meg med ein flygeløitnant, skal eg, og so vil eg vera med han støtt. Trur du ikkje det blir gildt?»

«Ja – au, men – enn om han ikkje vil daa?»

«Tøis. Visst vil han kan du vita. Men du, det maa vera forferdeleg spanande aa vera so høgt oppi lufta og so flyga plent som ein fugl. Det er noko med det likaste altso.»

44«Naar ein berre ikkje dett ned so.»

«Er du galen du? Du kan daa vita eg dett ikkje ned naar eg har ein retteleg flygar med meg. Elles so vil eg læra meg aa flyga sjølv òg, so eg kan hjelpa til um det knip.»

Helga kunde mest ikkje segja nokon ting til slikt. Det var vel gildt aa flyga, men – ho tenkte mest paa at ho skulde havt ein fin kjole til om sundagen og brune strømpor og skor. Og so stod ho og undras paa um ho kunde be Aslaug om ikkje Margot kunde faa vera med. Aslaug braud seg ikkje stort om Margot og Erik, men – det kunde daa ikkje gjera noko om ho spurde? Naar det berre ikkje hadde vore so leidt, mest som ho vilde be om noko. Det fekk helst vera likevel. Ho turvte ikkje bli so lenge paa Ness og so kunde Margot og ho leika seg heile dagen elles. Og heile tida siden òg, naar Aslaug var reist.

Men heile sundagen gjekk Helga med vondt samvit. Endaa Margot sa ho maatte berre gaa, det gjorde ingen ting, og ho og Erik skulde nok finna paa noko retteleg morosamt heime, dei. Og no var det siste sundagen Aslaug var der òg. Men likevel – det hadde vore mykje meir hugnad med det om Margot hadde gaatt breidmed henne, daa ho kom framaat det store tunet paa Ness. –

Aslaug kom springande imot henne. Fin og lettklædd so ho minte om ei marihøne, 45tenkte Helga. Endaa var det ikkje den kjolen ho skulde ha paa heller; ho hadde berre hjelpt mor med noko og so vart ho for sein til aa skifta. Men Helga maatte vera snild aa venta lite grann berre. Og Aslaug lo og nikka og sprang sin veg. Og kom att straks etter klædd i bunaden slik som første gongen Helga saag henne. Og like eins som Liv hadde vore. Helga skyna godt at det var for aa gjera henne glad, og at Aslaug tenkte paa Liv ho òg.

Men ikkje for alt i verda fekk ho seg til aa nemna Liv eingong, ikkje idag i alle fall. Det høvde ikkje her saman med alle leikane hennar Aslaug. Liv vart so lita og kvardagsleg, naar ho samenlikna henne med dokkone hennar Aslaug. Dei to lange flettone hennar Liv som Helga hadde tykt var so fine, kva vart vel dei, naar ho saag den store gull-lokka Sigrid hennar Aslaug? Dei vart mest til inkjes. Og heile glansen gjekk av Liv, so ho skyna mest ikkje at ho hadde sett henne so høgt heller. Det var ikkje beint fram slik at ho skjemdes av aa snakka om henne heller, men – noko var det, noko som sette laas for all samrøde om Liv.

Og so gjekk det liksom i staa alt i hop. Eller det heldt paa og skulde gaa reint i staa. Helga var so framand og mor hadde sagt ho laut vera stille og føra seg fint. Og so var det so varmt òg; ho hadde baade strømpor 46og skor paa, men ho aatte ikkje anna enn storskoene som ho skulde ha paa skulen til vinteren og dei var varme no somars dag. Aah! som ho ynskte ho kunde kasta baade dei og dei tjukke ullstrømpone og springa berføtt som ho pla gjera. Men det gjekk nok ikkje an idag, diverre.

So var det so mange fine folk som Helga skulde helsa paa. Dei smilte til henne og heldt henne i handa og prata so mykje som Helga ikkje var god for aa skyna, og so visste ho mest ikkje kva ho helst skulde svara. Ho vart staaande der baade brydd og usæl.

Men alt det ho saag! Ho gløymde reint Aslaug og det ho hadde aa fara med for alt dette nye. Enn at det fans damor som gjekk mest nakne daa – ilag med framande folk. So gale skulde ein ikkje set heller. Det var ei serleg; ikkje hadde ho armar i kjolen sin og ingen ting over skuldrane og – ja det var mest ingen ting til kjole. Henne laut Helga sjaa paa rett som det var, ho fekk mest ikkje augo ifraa henne. Til dama ansa det og smilte.

«Synes du jeg er rar, vesla?» undras ho.

«Ne–ei.» Helga kunde ikkje segja det heller.

«Men hvorfor ser du slik paa mig da?»

Nei, Helga vilde ikkje ut med det. Ho 47raudna og snudde seg mot andre leida. Men dama gav seg ikkje.

«Sig det nu da,» bad ho. Og dei andre bad med. Tilslut vilde alle vita kvifor Helga saag mest paa henne.

Helga visste ikkje si arme raad; ho ynskte ho vel var heime hos Margot og mor og Erik. Ho skyna vel ho hadde ikkje bore seg rett aat, og ho hadde ei kjensle av at det vart endaa verre dersom ho svara. Men daa ho slett ikkje fekk fred laut ho svara til tilslut.

«Eg – eg tykte – det var slik synd – om deg,» stota ho.

«Synd? Jamen hvorfor det da?»

«Jau, naar du ikkje har raad – til aa ha nok ty i kjolen din, so – –.»

– – –

Ei stund etter var Helga og Aslaug paa veg til høyhellen. Dei sprang daa dei andre lo paa det likaste. Det var vel henne dei lo aat skyna Helga, men kvifor skyna ho ikkje retteleg, og det same kunde det vera for no skulde dei hoppa i høyet.

Det var gildt. Det kitla slik at Helga laut halda anden, og ho svimra reint naar ho saag kor Aslaug kleiv opp og breidde ut armane og slepte seg utover som ein stor fugl. Men Helga kleiv opp ho òg, høgare og høgare for kvar gong. Hadde ho berre ikke havt dei tunge skone, og hadde det berre ikkje vore48so varmt. Ho sveitta so det draup av henne og naar ho saag nedover kjolen sin og strømpone fælte ho reint; for slik som ho vart utsjaaande! Krøllaat og høyfrøaat og støvaat!

Men Aslaug visste raad. «Ta berre av deg,» sa ho, «du kan ha paa deg naar vi skal inn att.»

Og i ein to tri var baade skoene og strømpone av og den pene helgedagskjolen; og no kunde Helga hoppa so høgt det skulde vera, ho turvte ikkje ofra ein tanke paa klærne meir. –

Aldri i sitt liv hadde ho havt slik moro. Dei staaka og lo, kasta høy paa kvarandre og kappas om kven som torde hoppa høgast.

«No sit eg paa øvste bjelken, – ser du,» ropte Aslaug, «høgare kjem ingen.» Og so slog ho ut med armane og slepte seg utfor. Og fann att seg breidmed Helga i det fine mjuke høyet.

«Det vaagar ikkje du,» smaaterga ho. Men Helga vaaga. Gong paa gong hoppa dei ned fraa øvste bjelken; somtid heldt dei kvarandre i hendene, og somtid hoppa dei kvar for seg.

«No ser du snart ut som ei retteleg haugekjerring,» sa Aslaug og storskratta.

«Ja enn du, meiner du,» lo Helga med; «men enn bunaden din?» ottas ho so.

«Pytt den! Emma flir opp den att kan du vita.» Ja, daa so, det var inga sak daa.

49Pytt sa’n, sa dei baae og lo aat kvarandre, og so maatte dei hoppa enno ein gong. Berre ein gong til. Og dei hoppa og lo, og so hoppa dei endaa eingong. Den aller «aller» siste.

Men daa dei stod og kosta av kvartanna sa Helga ho skyna so godt at Aslaug vilde gifta seg med ein flygar. Herlegare kunde vel ingen liva enn naar dei fekk vere meste tida i lufta. – –

– – –

Dei drakk sjokolade samen med dei vaksne, ogog] rettet fra: eg (trykkfeil) no var Helga mykje freidigare av seg. Rett som det var sparka Aslaug borti henne og blunka so ho laut læ. Dei lo aat det reine inkjevetta tilslut, og dei hadde slik moro, at dei fekk alle dei vaksne til aa læ med seg. Men ein ting storundras Helga paa! Korleis det kunde ha seg, at byfolk kunde ha det so fritt og fint støtt. Det saag ikkje ut som dei møddes med nokon ting, dei. Ikkje saadde dei og ikkje hausta dei, og maatru kor dei tok alle pengane fraa, som dei laut kjøpa for? Ho tok smaatt til aa ynskje at ho maatte bli so stor snart, at ho kunde faa seg tenest i byen i minsto. Enn naar ho kunde faa raad til aa klæ seg so fint som ho Emma hos mor hennar Aslaug, – og endaa hadde daa ikkje ho noko tungarbeid det Helga kunde skyna. – –

50Sidan gjekk dei rundt og saag seg ikring. Aslaug trilla den store dokkevogna si og Helga less vera framand dame paa vitjing. Det var ho no òg det, og ho gjekk der so truverdig og kytte av dei fine og staute borna og snakka baade om eit og hitt som dei vaksne plar ha for seg.

So laut dei bort i fjøset sjølvsagt og sjaa paa kyrne og grisungane. For Aslaug hadde ei stor purke med sju smaagriser kring seg, og ho hadde det gildaste grisehus Helga kunde tenkja seg. No skulde ho berre faa sjaa.

Og sant var det, grisehuset var overlag. Slikt eit skulde ho og Margot òg laga seg imorgo, tenkte Helga med ein gong. Dei fekk altid han Hans Fjerdingen til aa hjelpa seg med det dei ikkje fekk til sjølv, naar dei snakka vel med han.

Men so skulde ho sjaa vidare, paa fjøset og – men kva var det? Det kunde daa umogelegt vera storoksen hennar Margot? Denne stod fremst frammed bjøllekua og var so lik han som den eine dropen vatn den andre og – Helga hadde mest ikkje trudd det fanns meir enn ein slik i heile Vikafjøra. Ho vart so med seg at ho høyrde lite og inkje kva Aslaug prata om, og svara vann ho slett ikkje. Ho tok til aa sjaa seg ikring – leita. Daa vart ho var at Aslaug skunda seg og vilde stikka tilsides eitkvart.

51Det var Burmann so visst som noko. Den hunden skulde ho kjenna millom aldri so mange – men at han var her?

«Det var du,» ho vann ikkje segja meir straks, ho sette seg platt ned og tykte reint verda maatte snu seg. Ho vilde graata, men det skjemdes ho av, og so beit sinnet henne.

«Jau, du er ei nett ei,» sette ho i og reiste seg, «enn at du kunde faa deg til aa stela hunden hennar Margot daa. Aah, du skulde havt sopass, at –

«Hunden hennar Margot? – Eg har ikkje teke nokon hund fraa henne – eg fann hunden i fjøra, eg.»

«Det gjorde du visst. Trur du ikkje eg kjenner han Burmann du daa? Og trur du ikkje eg ser det paa deg daa? – Vil du vera so god aa taka han hit straks paa timen med deg.»

Helga var so rasande ho visste mest ikkje til seg. Noko so – so innmari det –.

Men Aslaug vilde ikkje gjeva hunden fraa seg, ikkje oksen heller. Helga laug, sa ho – ho hadde funne dei i fjøra; og so stakk ho i aa graate og sa ho skulde segja det til mama. So fekk Helga høyre daa.

«Det kan du berre gjera òg det,» bles Helga, «er mor di av same slaget som du so faar du visst ha hunden.»

«Kva er det du vaagar, din – din fatigunge du er? Eg skal faa han Kristen Ness 52til aa taka kvar einaste skjel fraa dykk, eg; for han har vel mykje meire rett til fjøra han enn du og dei andre fatigungane i Vika ikkje anna enn eg veit. Men der har du baade hunden og oksen; naar det er so paa livet for deg, so – og der er kyrne og der grisene – berre ta det med deg og ha deg vekk. Det er vel hennar Margot sitt det meir og truleg? Du maa berre ta for deg, berre ta –.»

Aslaug gret og skjemdes og skjenntes. Ho kasta i dunge bortover aat Helga. «Berre ta det,» tok ho oppatt og oppatt og kasta og reiv ned og øydela heile fjøset sitt. Daa ho endeleg saag opp var Helga borte.

Aslaug vart still med ein gong. Ho reiste seg og saag etter Helga, og bortover vegen mot Vika sprang ho. Gret ho maatru? Ho sprang so rart liksom.

Aslaug vart staaande og sjaa etter henne alt til ho kom bort i svingen bortved grindsleet. Ho heldt paa skulde ropa eingong, men so gjorde ho det ikkje lel. Naar berre ikkje Helga hadde sagt det om mor! Ho hadde sagt det so svivyrdslegt òg, mest som ho meinte det. Hunden og oksen hadde ho teke med seg, men det meir laag att, – i knas mest alt. Ho sparka til det med foten sin, ho brydde seg ikkje meir um noko fjøs, det fanns ikkje moro i det. Og ho hadde daa sagt sannt, ho fann hunden og oksen i fjøra. 53Kunde ho noko for at Margot hadde tølone sine liggande i fjøresteinane? Det kunde vel kven som helst leita skjel baade attmed naustet og elles heile fjøra langsmed!

Aslaug var leid seg og sundagen var ingen helgedag lenger. Ho var glad ho skulde reisa til byen att imorgo og koma seg vekk fraa desse dumrianane her. Det var ingen av kamratane hennar der som vilde ha floge opp slik for ingen ting i alle fall.

Aslaug saag langt bortetter vegen mot Vika att. Tru kva Helga sa heime? og kva ho tenkte? Elles brydde ikkje ho seg det slag om kva slik ei vigtigpære sa eller tenkte; ho hadde ikkje sopass som ein skikkeleg somarkjole eingong men kom i ein tjukk blaarutaat vinterkjole idag. Berre fatigungen altso! og mor hennar var berre ei simpel vaskarkjerring. Nei, ho brydde seg ikkje det slag om det heller. Men likevel – Aslaug gøymde seg daa mor hennar ropte paa henne. Det var ingen hugnad i nokon ting, og Ness var ein keidsam gard aa vera paa. Ho var so glad ho skulde reisa heim imorgo, at – –.

Helga sa ingen ting heime. Ho sette hunden og oksen paa plass, og daa Margot fekk sjaa dei der og tok til aa undras sa Helga berre ho hadde funne dei att. Dei hadde vel ikkje leita vel den dagen før. Og det laut Margot slaa seg til tols med.

54Men Helga brydde seg ikkje so mykje om fjøsstellet meir og det tykte Margot var leidt. Ikkje vilde ho vera med aa byggja nytt grisehus, og hundehuset hans Burmann vart staaande plent slik som Margot hadde laga det fyrste gongen. Helga brydde seg ikkje om Burmann heller.

«Det er no berre ein skjelhund,» sa ho, «og ikkje er det sagt han er so overlag heller.»

Det vart snart til det at Margot slo lag med Erik om gardsbruket. Dei bygde og vølte om og fekk det i stand att alt, – dei hadde jamvel store planar om meieridrift med tida. Men garden hennar Helga vart liggjande meir som ein setervoll den.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.