93Det lakka og leid mot vaaren – i Vika som andre stader. Og beit austanvinden om vinteren, so neimen om han var likare sudvesten heller naar han kom setjande og regtig knegjekk dei. Det knaka og braka i den vesle morkne stugulona – ho bar seg retteleg – og nattars tider maatte ein mest tenkja baade paa skrømt og anna. Det var no det dei minst hugsa paa lel i Vika den etterjolsvinteren og vaaren utover; det var sagte andre ting dei hadde aa stri med som kunde leta likso mykje paa. Det var denne livemaaten stødt. Mat laut dei ha anten vinden kom fraa aust eller vest, og bles det for gale so vilde det vera meir til klæde òg.
Og pengar skulde det til aat alt.
Pengane for naustet var gode so lenge dei vara, men ein dag traut dei, og so laut ein henta dei andre stader. Det vart inga onnor raad, ho laut til med vaskinga og bakinga att, Karoline i Vika, endaa det var greidt det var i tidlegaste laget. So gjekk ho paa fraa morgonen tidleg til seine kvelden, dag etter dag so lenge ho orka, men so vart ho gjerne liggjande nokre dagar attpaa. –
So sina Blidros. Ho var vaarber, so ein kunde ikkje anna venta, men melkeskvetten 94vart saart saknande. So lenge det fanns melk i huset var dei daa ikkje matlause i alle fall.
Naar det vart for gale fekk dei i varor paa bua, og so skulde dei betala naar mor kom seg til krefter att var meininga. Og Alfred var staut, han tøygde seg i lengste laget. Det var sagte ikkje so store slumpane i gongen, men det gjekk paa alt tiare utover vaaren at dei laut faa i maten paa det viset. For mor var ikkje bra enno, ikkje paa langt nær heller. Kan hende tok ho i for hardt straks ho bynte, so no orka ho mest ikkje arbeida ein dag utan at ho laut liggja dagen etter. Det vart smalhans i Vika.
Helga tok til aa ynskje ho var vaksen gjente, so ho kunde vera meir til hjelp. Ho vilde gaa til presten iaar let ho. Til somaren fekk ho altid plass som gjætar einkvar sta’n, det var det visst ingen faare for; det var verst no i vaarknipa med’ skulen vara. Det var helst ingen som trongte slik ei halvdagsgjente var det von, og til vinteren vart det same eins. Jau, ho vilde gaa til presten i aar. Men mor vilde so naudleg.
«Du som er so glad i skulen, Helga,» sa ho.
«Ja, men det er ikkje det det kjem an paa – det veit du daa det.»
«Og so er du so lita òg.»
«Ja men eg faar gaa lel. Eg vil det. Eg 95blir fjorten aar i somar, og Ane Nordset var ikkje eldre ho heller daa ho fekk gaa ifjor, – og no har ho tenest alt òg. Ho er daa ikkje so stor ho heller.»
«Nei nei, vi kan altid tenkja paa det, veit du. Men det maa vel retta seg att her heime òg. Eg maa daa bli frisk snart no, tenkjer eg.» –
Ho friskna nok til litt om senn, naar ho berre var i ro. Og det vart det raad til saag det ut for. Det var laake tider og folk freista hjelpe seg sjølv i lengste laget baade med husvask og klævask. Mykje arbeidsløyse var det òg, so det var gjerne fleire om bodet naar nokon trongte ekstra hjelp. Karoline vart mykje heime og fekk ro til aa koma seg heilt.
Men det vart lite mat av det.
Ein dag var det mest verre enn elles. Dei hadde potet, og det aat dei til frukost, til middag med eit lite fleskegrann ataat – og til kvelds laut dei vel og hava potet. Hadde dei endaa havt ei mjølsaa, so dei fekk laga klubb! Det vilde vore herrekost reint. –
Om ettermiddagen tok mor paa seg og gjekk paa bua. Ho fekk freista snakke med Alfred enno ein gong. Det maatte vel bli arbeid i slaattonna om ikkje før.
Helga saag etter henne der ho gjekk bortover vegen litt framlutt og trøytt – det var nok ikkje til fest ho gjekk, nei. «Eg skal gaa 96til presten i aar lel,» tenkte Helga, «om dei heldt meg fast òg.» – – –
Dei stod og saag etter mor daa ho kom att òg. Hadde ho med seg noko tru? Mjøl? eller eit brød og litt smør eller sirup? Ho gjekk so tungt og seint. At ho ikkje kunde skunda seg daa! Dei sprang imot henne. Sjølv Helga sprang. Ho var so svolten, og so kunde ho hjelpa mor aa bera kom ho ihug.
Har du faatt i noko?» ropte Erik.
«Faar vi kak?» undras Margot. Men Helga spurde ikkje. Ho vilde taka korga. Og den var tom.
«Han kunde ikkje borga oss meir,» sa mor, ho snakka so stillt – og so rart liksom.
«Nei.» Helga visste ikkje anna aa segja. Ho tykte det var leidt dei skulde gaa slik og – tigga mest; men som ho hadde venta og gledd seg til maten likevel! Ho hadde vore so viss paa at mor kom heim med noko.
«Du veit det er fleire enn vi, Helga, og Alfred maa betala varone han med. Han kunde ikkje risikera meir sa han.»
«Nei.» Helga svelgde og svelgde, ho skulde sagt noko, tykte ho, noko som kunde hjelpa mor. For Erik bad um mat, og Margot gret. Dei var smaa, dei, og det var ikkje anna ventande, men ho – –
«Du mor, det gjer ingen ting kan du skyna. Vi koker potet att, og det har vi daa 97nok av enno.» Ho freista smile, men det vart mest berre eit lite grin. – –
Dei var bortmed grindsleet heime daa Hans kom fraa sjøen. Han hadde teke opp lina og hadde trugga mest full av fisk.
«Nei no kom eg daa lagleg til,» sa han, «no skal du sjaa eg blir av med noko av fisken min òg.»
Dei smaa gløgge augo for fort fraa den tome korga og rundt om til alle dei svoltne vonsvikne andleta. Hm. Han sette seg mest paa grøftekanten og karva i pipa. Og saug og smatta og fekk det til aa ryke. Og prata litt innimillom.
«Eg har tenkt meg hit kvar dag – pha pha – denne vika, men trur du eg har faatt det til. Pha, Pha – det var det eg tenkte – pha – snakke med deg, om eg kunde faa Erik til aa hjelpa meg litt paa sjøen? Han ser meg ut til aa vera sopass hag gut, og eg mødes so naar eg driv paa aaleine. Han kan daa snart ro litt òg han, veit eg – og elles so er det mangt daa. Betaling veit eg mest ikkje kva eg skal segja om, men – vi vart alltid einige om det tenkjer eg. – Trur du det kunde gaa an at han fekk vera med meg?»
«Ja for min deil, so. – Men du faar helst spyrje karen sjølv, trur eg.»
«Ja, kva meiner du Erik? Vil du vera med?» Om han vilde? Han gjorde eit hallingkast 98over grøfta. Og ro kunde han, det var hans minste konst. So sa han i minsto sjølv.
«Skal eg bli med straks?»
«Ikkje før i morgo tidleg. Kan du vera ferdig kl. halv seks, trur du?»
«Ja det kan eg godt.»
«Vel. Ta hit korga so eg faar lessa av meg eit par torskar. De kan altid salta ned det de ikkje vinn paa ferskt veit eg. – Ingen ting og takka for, Karoline, det er berre eit lite forskot aat Erik. Og Helga hjelpte meg so mang ein gong føre jola baade med eit og hitt, so fisken er longe betalt òg den.»
«Aa, det var vel helst du som hjelpte den gongen òg Hans,» meinte mor.
«Var det likt. Var det likt seg daa.» Hans var alt i gonga bortover vegen att, han nikka litt for kvart steget og gjekk tungt og stødigt. –
– – – «Det var fisk som har vaska seg», kytte Erik daa dei sat og aat, «og so stor!»
«Ja er det ikkje undarleg kor det kan laga seg òg,» sa mor, «no maa du berre hugsa paa aa vera staut aat Hans no, so du gjer rett for deg.» Ja, Erik meinte nok han det skulde bli. Det var eit par ord Hans sa, som han laut tenkja paa alt i eit. «Han var meg so god ein mann far din med’ han levde,» 99hadde han sagt. «Eg vil bli som han far,» tenkte Erik. Paa sett og vis vart det liksom han som hadde hjelpt dei ikveld, fordi han hadde vore so «god ein mann». –
Det var eit ord mor hadde nemnt aat Helga, daa ho kom heim fraa bua. Alfred hadde ymta frampaa om det, skyna ho. Fatigstyret.
Det hadde hendt før òg at ordet hadde vore nemnt, men dei hadde greidd seg hittil.
«Kunde vi ikkje sjaa i det litt, mor,» bad Helga, «det blir daa somaren snart no – og naar ho Blidros kalvar so kan vi baade kinna og ysta. Det gjer ingen ting om vi er lite grann svolten heller –.»
«Vi faar freiste litt endaa, men utan hjelp trur eg ikkje vi greier oss vaaren over. Vi faar sjaa kva Erik dug til – og so kunde eg snakke med Hans –.»
«Ja, det er mykje likare, mor, han kan daa faa melk hos oss i sta’n. Og no byrjar hønone aa verpa – den vesle brunhøna held paa og bur til reir aat seg, ho, eg saag det igaar. Eg trur vi greier oss, eg, mor.»
«Vi faar vona du trur rett daa!»
«Og so faar eg gaa til presten i aar? Vi skal skriva oss denne vika.»
Det tok ei heil stund før mor svara noko.
«Du maa vel faa det lel daa,» sa ho endeleg, 100«men – det er so vondt aa sleppa deg, Helga.»
Slikk gjekk det til at Helga fekk gaa til konfirmasjonen eit aar for tidlegt, etter mor si meining; men til høveleg tid, meinte Helga sjølv.
Boken er utgitt av OsloMet
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.
Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1925 (nb.no)
Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.