Helga

av Sigrun Okkenhaug

Liv

Helga hadde ei dokke som heitte Liv. Og den dokka var sværande fin. Ho hadde hardingbunad med kvit skjorte og perlesaum, og 9ho stod i ei stor pappeske paa komoden inni stova. Berre i høgtidshelgene og ein hende gong elles fekk Helga taka ho fram og leika med ho. Men tidt og ofte stod ho frammed komoden og saag paa Liv. For noko so overlag fint! Og so kunde ho sova naar ein la ho ned.

So stod ho der og tenkte seg at Liv var ei verkeleg livande lita gjente som prata med Helga og gjerne vilde leika seg. Eller so var ho ei prinsesse som einkvar trollmannen hadde heksa paa, so ho ikkje kunde leda paa seg eller snakka. Og Helga stod og tenkte ut raader til aa løysa trolldomen. Ho fann paa undarlege ord som ho sa, og somtid leika ho at ordet løyste. Det var gjerne dei gongene ho fekk lov til aa taka Liv med seg og klæ henne av og paa og leika med henne, ho stod slik. –

Abi male kara liva, kunde ho segja medan ho saag Liv stivt i augo; og daa visste ho ikkje ordet av det, før Liv var i armane hennar og dei dansa bortetter golvet mot den kraa–a som var Helga si – der ho hadde meste tølone sin. –

Mor vart redd daa ho saag Erik etter at han og Potifar var oppe og sloss, og ho var paa det ho skulde gaa stad faa han Hans Fjerdingen til aa hogga hovudet av hanen med det same.

10Men daa bad Helga for Potifar. Erik kunde lata vera aa terga opp han, meinte ho – det var ikkje ventande anna enn at Potifar vart sinna. Det var ikkje sagt kor blid ein annan hadde vore heller om han hadde vorte slik medfare. Og endskapen paa det vart, at Potifar skulde faa liva, men Helga laut agta vel paa han, so han ikkje vart folkful. –

Erik sutra og bar seg. Vondt hadde han i hovudet, sveid gjorde det i saaret, ikkje var han mathuga og rangt var det alt i hop. Mor visste ikkje si arme raad. Dei hadde ein ruggestol som var mest berre til aa sjaa paa, so skral var han; men no sette ho seg i den likevel og tok Erik paa fanget og rugga og song: «Bysse bysse liten tull imorgo faar vi stua full, kjøkenet og kammerset, haugen oppaa mørkloftet taa smaa guta, taa smaa veikja.»

Men ingen ting hjalp. Og so var han for stor til slik kjæling kan ein vita. Daa tok ho til aa fortelja eventyr: «Det var eingong ei kjerring,» sa ho, «som var so overlag glad i mat. So aat ho opp ei tunne graut og ei tunne melk og ei tunne sirup. Og daa veit du ho vart baade stor og diger. Men daa ho gjekk bortover vegen møtte ho ein bjønn.

«Goddag,» sa kjerringa. «Goddag,» sa bjønnen; «enn eg som ikkje kjende deg att,» sa han, «so stor og diger du har vorte.»

«Ja,» sa kjerringa, «eg har ete ei tunne 11graut, ei tunne melk og ei tunne sirup – og no et eg deg òg,» sa ho. Og so aat ho opp bjønnen.

Leid um ei stund møtte ho ein verg. Og vergen aja seg og bar seg for kor stor og diger kjerringa hadde vorte.

«Ja, eg har ete ei tunne graut, ei tunne melk og ei tunne sirup og ein bjønn – og no tar eg deg òg,» sa ho. Og so aat ho opp vergen.

Daa ho hadde gaatt eit stykke til møtte ho ein rev.

«Goddagen,» sa kjerringa. «Gu signe,» sa reven; «eg skal seie du har kome deg,» sa han.

«Ja, eg har ete opp ei tunne graut, ei tunne melk, ei tunne sirup, ein bjønn og ein verg – og no et eg deg òg,» sa ho. Og so aat ho opp reven.

So møtte ho ein hare. «Goddag, vesle hare,» sa kjerringa og var so smørblid. «Goddag,» sa haren og var mest skjelven i mælet – so svær ei kjerring hadde han ikkje set før. Og det sa han òg.

«Ja, no har eg ete ei tunne graut, ei tunne melk og ei tunne sirup, og ein bjørn, ein verg og ein rev – og no et eg deg òg,» sa kjerringa So aat ho haren.

Tilslut møtte ho ikornet. «Goddag,» sa kjerringa og var mest bøs. «Goddag,» sa ikornet, 12det var ikkje skvettent det heller. «Du er ikkje lita du,» sa han.

«Nei, no har eg ete ei tunne graut, ei tunne melk og ei tunne sirup, ein bjørn, ein verg, ein rev og ein hare og no tar eg deg òg.»

«Du kan berre prøva,» meinte ikornet, og so la det iveg. Kjerringa etter. Ikornet hoppa opp gjenom ei stor telle, fraa grein til grein, – kjerringa etter. «Naar du som er so liten greier det, so maa vel eg som er so stor,» sa ho. Snart naadde ikornet toppen og kjerringa var ikkje langt etter ho hell. Ikornet bykste berre borti ei onnor telle, og det meinte kjerringa ho skulde gjera òg. Men daa vart ho for tung lel. Ho ramla ned berre so kvist og konglor rauk og fauk ikring henne. Og daa ho naadde jorda sprakk ho. Og der fór baade bjønnen, vergen, reven og haren, og grauten og melka og sirupen flaut etter. So var kjerringa berre lita att, og kunde ta til aa eta paa nytt lag.» – –

Slik fortalde mor. Og Erik sat still og lydde. Han lo naar han tenkte paa kjerringa, kor diger ho maatte bli. Og naar ikornet tok til aa hoppa, var han mest huga til aa hoppa med. Eventyr var no eventyr, lel!

Men mor hadde ikkje tid til aa fortelja eventyr i det endelause diverre. Ikkje var det mange ho minntes heller. So tok Erik til aa sutre att. Ingenting var rett. Alt vilde han 13ha, og naar det bar til stykket, so vilde han ikkje ha det likevel.

So fekk han auga paa ho Liv. Ho stod paa komoden og brikte i den fine bunaden sin. Ho hadde baade perlor og sylvband og gullband paa stakken sin, og haar med raude sløyfor og spennesko.

«Eg vil sjaa paa dokka,» sette han i. Helga var inne nett og høyrde kva han sa. Ho vart so med seg, at ho bleikna – og ho skunda seg aa segja nei. Det var det ikkje tale om heller.

Men Erik var traa. Han gret og han bar seg. Vondt hadde han og verre vart det. Tilslut visste ikkje mor si arme raad.

«Naar han berre sit roleg her i stolen og ser paa ‘a,» sa ho til Helga, «du skyner, han kjem ingen veg no han er klein –.»

Jau, Helga skyna nok det men – – ho vilde ikkje han Erik skulde ha ho Liv. Um ikkje anna, so sulka han henne til. Og no var ho so fin.

Men Erik heldt paa sitt – ingenting anna i heile vide verda var det han ynskja seg. Han vilde berre faa halda i Liv. Og tilslut vart det inga onnor raad – han laut faa dokka.

Men Helga gjekk ikring og heldt anden for kvar gong Erik snudde paa Liv. Største moroa var aa faa henne til aa sova. 14Han heldt henne opp i veret og saag dei blaa smilande augo, han la henne ned paa fanget og ho sov so ho var ikkje til aa vekkja – før han retta henne oppatt.

«Sjaa no er Erik snild gut,» sa mor, «no maa du berre sitta roleg ei stund og tøle med dokka, du.»

Ho hadde ikkje tid til aa sitta inne lenger; det var so mykje aa sjaa til med, naar ho var heime ein dag eller to. Og Helga vart rolegare ho òg. Han kunde daa umogeleg finne paa aa gjera den fine dokka noko. So svinta ho seg ut og inn i dørene, skulde hjelpa mor litt og sjaa etter Erikguten samstundes. –

Ho var nett ute og vaska nokre kjerald, daa ho høyrde ein undarleg laat innanfraa. Det var noko som gjekk sund! Helga kasta tugu og flaug inn. Og der – laag Liv med knustra hovud frammed ruggestolen.

«Din – din – din trollunge –.» Helga slog, so det song kring øyro hans Erik. Ho gret og slog, og Erik verga seg og skreik i villan sky. Han var like forfælt som Helga, men no vart han sinna òg. Han kom seg ned av ruggestolen og trampa paa Liv, retteleg nidtrampa. «Det er berre skrot,» sa han, og skreik og traakka, «berre skrot – berre skrot – –.»

Mor høyrde levenet alt ute paa engjet, ho, 15og no kom ho MargotMargot] rettet fra: Margit (trykkfeil) sendande, skulde sjaa kva som stod paa. Jau, der saag ut!

Erik traakka og skreik som ein galning. Helga hadde gjeve seg reint over og sat paa golvet og gret for berre livet – og nedmed rugggestolen laag Liv, eller det som eingong hadde vore Liv. No var det berre trasor og krusbrot og sagflis.

«Hu Helga slog meg,» skreik Erik, daa han fekk sjaa mor si. Mor svara ikkje. Ho saag berre fraa den eine til den andre – det saag ut som ho vilde til aa graate ho òg. So vende ho seg mot Erik:

«Kvifor slog Helga deg daa?»

Inkje svar.

«Kvifor slog Helga deg, Erik?» Mor var aalvorsam.

«Hu – hu kom – og so – og so slog a.»

«Men kvifor slog a?»

«Eg – eg veit ikj –.»

«Snakk sant gut! Kvifor slog Helga?»

Erik tagde først. So tok han til aa sutre – han hadde so vondt, han var klein, han – «hu–u–u–u.»«hu–u–u–u.»] rettet fra: hu–u–u–u.» (trykkfeil)

«Ja, du skal faa leggja deg – og liggja roleg òg, heile dagen,» sa mor, daa Erik vilde til aa kny. Og til sengs laut han so lite han vilde; – ingen var det som fortalde eventyr aat han heller no, so han fekk gode stunder 16til aa samla tankane sine og minnas, kvifor Helga slog.

Men mor tok Helga i armane sine. Ho rugga henne att og fram som eit lite barn, og so kviskra ho:

«Du maa ikkje vera sint paa meg, Helga, fordi Erik fekk halda Liv –.» Og Helga tydde seg godt innaat mor og gret endaa meir – men sint var ho ikkje lenger.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.