Helga

av Sigrun Okkenhaug

Mor er sjuk

Ei natt seinhaustes vakna Helga so braatt og tykte det var eitkvart som stod paa. Det var myrkt i kammerset og ho høyrde ikkje anna enn regnet som piska mot ruta og vinden som ylte kring husnova. Og likevel var det noko. Ho laag ei stund og lydde etter ljoden som hadde vekkt henne; so snudde ho seg og undras kva det leid, tru – og so led ho paa og skulde somna att. Daa høyrde ho at mor ynka seg. So illt, so illt. Og daa kom ho ihug at det var den ljoden som hadde vekkt henne istad òg.

63«Mor,» kviskra Helga redd, «har du vorte klein, mor?»

Aa–aa–aa, det kom berre som ei stynjing til svar, og Helga visste ikkje anten mor hadde høyrt henne eller ikkje.

«Mor,» freista ho att, «er du daarleg, mor?»

«Aaja, aaja, – eg orkar mest ikkje meir,» ho vreid seg reint og Helga tykte mest ho kjende kor vondt ho hadde det, ho òg.

Ho skunda seg opp og fann i ljos. Ho var redd so ho skalv og kaldt var det. Ho tykte det bles tvert igjenom veggjene – det kunde ikkje vera stort kaldare ute heller. Men det maatte vel bli likare naar ho berre vann faa paa seg klæda. Naar berre ikkje mor var retteleg daarleg!

Ho laag still med attlatne augo, daa Helga kom bortaat senga med ljoset. Og ho pusta so kringt og vart kvit og raud om ein annan. No tok ho paa aa jamra seg att, ho krøktes reint samen og sveitta so det rann av henne. Helga stod raadlaus og redd og visste ikkje noko kva ho skulde triva til.

«Kan eg hjelpa deg med noko, mor?» sa ho.

No saag mor opp, men det var mest som pina sat i augo og, so stive og stirande var dei. Og munnen var som eit strek berre.

«Er trur – du lyt – gaa etter – doktoren, Helga.»

64Etter doktoren! so var det reint gale daa. Og han budde langt bortom stationen; ho laut gaa baade forbi kyrkja og kyrkjegarden – og det var midt paa natta. Om ho venta til imorgo tidleg –? Retteleg grytidleg, før det vann bli ljost? Kan hende veret gav seg ein grann òg til da.

Mor jamra seg att; ho hadde nok ikkje ansa at det drygde litt før Helga svara noko. Eller so venta ho ikkje noko svar. Som vel var. Og no smilte Helga til mor si og strauk sveitten av panna hennar.

«Eg skal springa, mor, – alt eg vinn.» –

Ho fekk paa seg klæda stillt og fort, fann fram ei lampe og tende, og sløkkte ljoset att. Det var tryggare soleis, kom ho ihug.

Skulde ho vekkja Margot og Erik tru? So mykje mor ikkje vart liggjande aaleine? Ho bøygde seg over dei og saag kor godt dei sov, dei hadde ikkje ansa nokor uro saag det ut for; og med ein gong tykte ho, at ho var so mykje mykje eldre enn dei, – at ho heldt paa og vart vaksen reint. Det var ho som hadde ansvaret for at alt gjekk vel no, tykte ho. Og Margot og Erik var berre borna enno, dei skyna so overlag lite. Dei fekk helst sova til dei vakna sjølve seg.

Men daa ho kom utom døra og stod der i biksvarte myrkret med isande austanvinden beint imot seg, daa tykte ho det vart so meiningslaust 65at mor skulde liggja aaleine. Kan hende vakna dei og vart redde, Erik og Margot, og det var mest verre enn noko anna. Ho tenkte paa Hans Fjerdingen. Han var næraste grannen og han var daa eit menneskje i alle fall. Om ho vekkte han og fekk han til aa gaa heim til mor? Det var ikkje sagt han kunde gjera henne nokor stor hjelp heller, men borna kunde han daa i alle fall stagga, dersom dei vakna og vart redde. Tankane arbeidde so ho gløymde mest baade stormen og regnet medan ho sprang bortover til Fjerdingen.

Ho var gjenomvaat alt og ho kulsas daa ho stod og banka paa døra hans Hans og skulde faa han vaken. Maatte han berre vera heime no! Kjære, kjære Gud, lat Hans vera heime, faa han til aa hjelpa oss! Lat ho mor bli frisk att! bad ho hjelpelaust tilslut.

– Ho dundra paa døra alt ho vann, men det drukna i stormen alt i hop. Ho lydde. Men høyrde ingen ting. Bere regnet som piska mot byslagtaket.

Kjære Gud, tok ho til att – banka og bad. Og ropte! Ho skreik omkapp med vinden, altid høgare; høyrde Hans daa ingen ting? Eller var han borte likevel? Det var visst ei heil æva sidan ho kom, og no stod ho her kan hende og dundra paa eit tomt hus. Sett 66at Hans var død braatt. Ho hadde lese om slikt, og det hende nok mange gonger.

Redsla tok til aa krypa henne oppetter ryggen, ho smaug seg ikring henne og synte henne det eine uhygggelege bilæte etter det andre. Og mor laag heime og var so klein, so klein – – Kjære Gud hjelp meg, lat han Hans koma, kjære –. Ho dundra paa endaa ein gong.

Nei, ho laut visst gjeva det opp likevel, ho stod her berre og hefta bort seg; ho fekk heller skunda seg vidare. Mor venta nok saart paa hjelp, ho. –

Ho slepte klinka og snudde seg mot bygda og uveret. Ho visste ho hadde bygda paa den leida, men ho saag ikkje det slag. Det var so myrkt ho saag ikkje handa framfor seg eingong. Hadde det endaa gaatt eit tog om natta òg, kom ho paa, so hadde ho set ljosken –, eller om det berre hadde vore eitkvart anna teikn til liv nokon stad. No fanns det ikkje liv, og likevel var det som det levde alt kring om henne. –

Det tusk innom døra og noko var det som skrapte mot golvet. Helga vart so med seg at hjartet stana mest, før ho vann somla seg so mykje at ho kom paa det var han Hans. So var han heime lel daa. So var han heime. Ho vart so glad, ho kunde gjerne graate, ho 67hadde visst aldri i sitt liv vore so glad nokon gong.

Hans kunde gaa etter doktoren han, so sprang ho heim aat mor sjølv! At ho ikkje hadde tenkt paa det før! Naar han berre vilde? og det vilde han nok. Det kjende ho seg trygg paa. Ho stod og smaatrampa og venta paa han skulde laasa opp – enn at nokon kunde vera so uhjelpeleg sein daa?

Det var visst ikkje so aller verst myrkt likevel, og maatru om ikkje vinden heldt paa og gav seg litt? Ho tykte kjenna det slik. –

Og mor blir nok bra, blir nok bra, song det inni henne, daa ho sprang heimover. Ho hadde vorte so lett og vinden hadde ho etter seg no. –

– Men mor bar seg like gale, ja mest verre. Det var visst reint gale likevel dette, at ho fekk han Hans til aa gaa etter doktoren, det var ikkje sagt kor fort han gjekk heller han, og hadde ho sprunge straks utan aa hefta seg i Fjerdingen, so – so hadde ho vore langt paa veg att. Forbi kyrkja truleg.

Ho saag paa klokka. Ikkje meir enn tri. Før halv fem kunde ikkje doktoren vera der, sjølv om han køyrde hitover. Den som berre visste kva ein skulde gjera for aa hjelpa! Det nytta mest ikkje aa snakka til mor, ikkje var det sagt ho høyrde, og om ho høyrde, so plaga det henne berre. Helga tenkte og tenkte.

68Ho minntes berre sovidt den gongen far var klein, men – brukte dei ikkje omslag daa tru? Vatsomslag? Og varmt?

Ho fekk freista det. Det kunde daa ikkje skade i alle fall. Og so gjekk tida fortare naar ho hadde eitkvart aa halda paa med. –

Ho fann i eit gamalt mjukt putevar og vreid opp i varmvatn, so la ho det over magen der det gjorde mest vondt. Mor sa ingen ting. Ho hjelpte til og la til rettes, daa ho skyna, kva Helga vilde; men daa det leid om ei stund saag ho opp og smilte.

«Eg trur det gjorde godt, eg,» sa ho, «takk skal du ha. Helga. Du var flink som kom paa det.»

Helga vart so glad at ho raudna, – so var det ikkje so gale likevel at ho sende Hans etter doktoren og sprang heim sjølv. For – innst inne visste ho at det var ikkje berre for mor si skuld ho gjorde det soleis, det var noko fordi at vegen var lang og fælsleg, so myrkt som det var med natta. Men no gjorde det ingen ting, so –.

Ho stellte seg med varmvatn og skifta omslag alt i eit. For ei lukka at ho kom til aa tenkja paa det! Mor var mykje rolegare no. – –

Klokka var ikkje fullt halv fem enno daa Hans kom med doktoren. So hadde han fare fort likevel. Helga hadde flidd opp og pynta 69mor so godt det let seg gjera, og lampa skein klaart. Ho stod breidmed doktoren og rettleidde han med vatn og rein handduk, og var so huga til aa spyrja. Men so var det mest so ho ottas òg.

«Kven har vore her?» spurde doktoren, han var so barsk i mælet, at Helga vart redd. Hadde ho gjort gale? Var mor daarlegare? Tankane flaug gjenom hovudet, hulter til bulter.

«Ingen,» vann ho endeleg svara.

«Ingen? Men nokon maa daa hava lagt paa omslag?»

«Det – det var eg det.»

«Du?» Doktoren saag paa Helga mest som han tok maal av henne. «kven har lært deg det?» spurde han endeleg.

«Dei gjorde det daa far var daarleg òg.»

«Hm.»

Han sa ikkje meir paa ei heil stund, men endeleg var han ferdig og daa saag han paa Helga att. Lenge. «Du skynar vel at mor di er daarleg,» sa han endeleg.

«Ja–a.»

«Hm. – Ho lyt nok paa sjukehuset so snart det blir retteleg morgon.»

«Ja.» Ho visste ikkje anna aa svara til det. –

«Hm. Men har du nokon til aa hjelpa deg?»

70Helga saag raadlaust paa doktoren. Ho kom ikkje paa nokon i farten, men nokon maatte ho vel faa i. «Eg trur det,» sa ho stillt og tøvrande.

Daa melde Hans Fjerdingen seg.

«Med forlov, hr. doktor,» sa han og helsa paa militærvis med handa oppaat panna, «det er vel ikkje stor hjelpa eg kan gjera, men – skjuss og slikt kan eg daa alltid ordna og – ymse anna smaatteri kan det vel vera òg. So doktoren kan vera trygg.»

«Takk det var bra det, Hans. Elles ser ho ut til aa kunne hjelpa seg sjølv og denne,» sa doktoren og strauk Helga over haaret; «det var godt paakome det med omslaga, – du spara mor di for mykje vondt med det du, vesla. No skal du berre halda fram med det, so syrgjer Hans for skjuss so snart det ljosnar. Og so maa du vera flink gjente framleides. Du skulde sanneleg tenkja paa aa bli sjukesøster, du,» godprata han med han hadde paa seg pelsen og vottane, «jaja, det er altid tid til det enno, sa’n.»

Han stod med sudvesten i handa og saag paa mor endaa eingong.

«No maa De berre liggje heilt roleg og lata Dagny, nei Helga var det, stelle med varme omslag. Berre roleg, skynar De. Godmorgen, godmorgen.»

71Han stod alt med foten paa karjolsteget, før Helga vann segja noko.

«Ho mor, – ho kjem seg daa vel? Ho blir daa vel frisk att?» fekk ho endeleg fram.

Daa smilte doktoren til Helga.

«Ja, ver du trygg, barn. Ho er berre slitt mor di og treng kvile ei stund. Ho blir nok frisk naar du er flink og hjelper henne
no – – –.»

Ho høyrde karjolduren eit stykke bortover vegen. So blanda han seg med ylet av vinden og kom bort. Helga stod aaleine att, og kjende at ho var ikkje retteleg stor og vaksen endaa, ho hadde vorte klar.

Sjukesøster, sa doktoren; aaja det var vel ikkje verst, men – det maatte vera stridt òg. I somar vilde dei flyga baade ho og Aslaug, men det var overlag lenge sidan i somar i grunnen. Mange aar mest.

Det var sanneleg godt ho kom paa det med omslaga, lel; han likte det doktoren òg. Ho fekk nok skunda seg og leggja under kjelen litt, so vatnet heldt seg varmt. Og mor kom seg, sa han, der var ikkje noko faarlegt berre kvile –.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.