Helga

av Sigrun Okkenhaug

Pakken

Det var ikkje kvar dag det kom post til Vika. Dei hadde ikkje raad til aa halda blad og ingen var det som skreiv, so det vart ikkje noko aa fara med. Men paa haustparten ein kveld kom mor heim fraa bua med ein setel. Pakkepost stod det paa han med store svarte bokstavar, og til frk. Helga Vik stod det skrive. Det laag altso ein pakke til Helga paa stationen. 55Kva i all verda kunde det vera, tru? Og kven kunde det vera som sendte pakke til Helga?

Pakken var fraa byen sa mor, det saag ho paa stempelen.

«Det skulde no vel ikkje vera fraa Aslaug vel?» undras ho.

Helga hadde rett tenkt det same, men ho vaaga ikkje tru det heller – etter slik som dei skildes den siste sundagen. Ho trega enno at ho hadde vorte so sint den gongen. «Men det var eg som hadde rett likevel,» verja ho seg kvar gong ho tenkte paa det. Ho hadde set over baade hunden og oksen og funne blyantmerka der namna vart skrive og – det var ikkje tvil om at det var Margot sine. Men det var det ho sa om mor hennar Aslaug, som ho trega mest. «Er ho av same slaget ho òg, so – Helga kjende det innst inni hjarta kor dei orda var stygge og vonde. Ho høyrde dei oppatt og oppatt og kunde ikkje bli kvitt dei. Om nokon hadde sagt noko slikt aat henne? – Nei, det kunde umogeleg vera Aslaug som hadde sendt den pakken likevel.

Helga var mest huga til aa springa paa stationen etter pakken straks, ho. Men mor meinte det var stengt no, so dei fekk venta til imorgo – myrkt vart det snart òg.

«Men eg vil gaa,» sa Helga, «for det er min pakke.»

56Ja, kjære, det skulde ho daa faa meir enn gjerne. «Eg er snart ikkje so lik eg gaar meir eg, trur eg,» sukka mor. Men ho sa det ikkje høgt, ikkje aat borna. Dei fekk tidsnok røyna det som vondt var lel, tenkte ho. –

Den natta sov Helga urolegt. Ho sloss med ein stor skjelhund, han hadde føter og sprang etter henne og ho kom seg ikkje av flekken. Han vaks og vaks, tilslut var han større enn eit menneskje og han vilde kjøva henne reint. Ho skreik og spennte og kava med hunden for aa gjera seg fri, men ingen ting hjelpte. Ho vakna med at mor ruska i henne. «Men kjære deg, Helga, du maa daa ikkje bera deg slik,» sa mor.

Helga rafnas med seg og var glad det var berre ein draum. Men ho undras om det ikkje var morgonen snart. Ho hadde sove so lenge, tykte ho.

«lkkje paa fleire timar enno,» sa mor, «so du kan trygt leggja deg til aa sova att.»

Og somna gjorde ho snart. Men daa byrja ho med same styret att. Ho bala og drøymde, ho tykte ho gjekk og drog paa ein ovstor pakke. Ho skulde bera han heim, men han var so stor og tung, ho evla han mest ikkje. Men korleis det var eller ikkje, ho fekk han daa tilslut innpaa tunet, og der skulde ho opna han. So var det Aslaug som var inni pakken; Aslaug i kvit kjole og med raud sløyfe 57i haaret, og ho sette seg paa dørabrua og plukka opp all tiriltunga hennar Helga. Plukka og plukka og kasta ikring seg og trampa paa blomane, til Helga sette seg ned og gret. –

Mor laut ruska i henne att. «Eg har ikkje set so gale heller,» skjennte ho, «kva er det no du ligg og ber deg for att?»

Daa vakna Helga og tykte det var ein undarleg draum. Det kunde henda pakken var fraa Aslaug likevel, kom ho paa. Det var ingen annan aa gjeta paa heller i grunnen. Men maatru kva det kunde vera i han? – –

Noko so vent som ein fin klaar haustdag er det vandt aa sjaa. Naar aakeren staar gullgul og fullmogen og duvar i vinddraget og lovar mat aat mange svoltne munnar, og fjorden ligg skinande blank og blaa og speglar av sjølve himmelen, daa ynskjer ein mest dagen maatte vera dubbelt so lang. Ein tøygjer seg liksom etter han og vil halda han fast, – for ingen veit korleis morgondagen vil bli. –

Den dagen Helga gjekk paa stationen etter pakken var slik ein fin haustdag. Men ho saag korkje paa aakeren eller fjorden, ho tenkte berre paa den forundarlege pakken.

Ho reiv eit lite hol paa omslaget og saag i noko raudt ty; ho var nok huga paa aa opna retteleg óg, men det gjekk ikkje skikkeleg an 58her midt i aalmannvegen. Ho fekk heller sjaa til aa skunda seg heim. –

Helga vilde opne pakken sjølv, den var hennar og mor var einig i det; men dei stod trutt attmed henne baade Erik og Margot, ja det var ikkje fritt anna enn at mor laut staa og bisna ho med. Men verst var det for Margot.

«Skund deg daa,» sa ho naar Helga møddes med alle knutane, «tak ein kniv veit eg.»

Men Helga knytte opp kvar ein knute og for so vislegt aat som ho best kunde. Ho vilde liksom ikkje reint sleppa spaninga heller. Det var det at so lenge ho ikkje hadde set kva det var kunde ho gissa seg til dei herlegaste ting – –.

Endeleg! Ho drog fram eit raudt ullkjolety so mjukt og fint at det var som den finaste mose aa kjenna paa. Det var tulla ikring fleire smaapakker.

«Det kan daa vel ikkje vera til meg?» sa Helga og saag med store undrande augo paa mor. –

Men mor bad henne berre pakka ut det som var att, det maatte vel vera noko skrive med òg, meinte ho. Der var fleire pakkar. «Til Helga» stod det paa den største. Til Margot og til Erik stod det paa dei andre to.

«Der er endaa ein,» ropte Helga og drog 59fram den fjorde. «Til mor» stod der. Men ikkje noko brev.

So pakka Helga opp pakken sin. Det var ei fin dokke med kvit kjole og raud sløyfe i haaret, plent slik som Aslaug var klædd somtid. Helga vart so glad ho gjorde baade ho lo og ho gret. Ho snudde og vende paa dokka og la henne paa armen sin og byssa henne.

«Det er plent som i draumen min,» sa ho, «og ho skal heita Aslaug so visst som noko, for det var Aslaug eg fór og drog paa i natt med.» –

Det var ei dokke til Margot òg, men ho hadde raud kjole og brunt krulla haar. Og so hadde ho smaa fine spenneskor og kjole med rettelege knappar og knapphol i – det gjekk an aa klæ henne av og paa! Noko so fint hadde ikkje Margot set, Liv var inkje mot denne. Margot var mest huga til aa kalla si dokke Aslaug ho òg, men naar Helga alt hadde teke namnet, so –. Men Sigrid var eit fint namn det òg; ho fekk helst heita det, trudde Margot; og so tok ho til aa klæ av henne.

Erik møddes noko med aa faa opp pakken sin. Der var fleire papir ikring og knutar aa hefta seg med, so mor laut hjelpa han. Ho tok lite hardt i, ho, og daa let det so undarleg. Dermed so slepte ho ned heile pakken og ikkje tordes ho ta i han meir heller let ho. Erik vart lite grann fortenkt straks. Det 60kunde no vel ikkje vera noko reint levande i pakken heller? Men let gjorde det, og det tydelegt òg. Han fekk vaaga seg i kast med det likevel han som kar var.

Det var ein hane i pakken. Og det ein som var baade spraglaat og kry. Der var slik reising med nakken at sjølveste keisaren av Kina kunde ikkje te seg brattare. Og han gol naar dei klemte paa han. Til eine foten hans var det festa ein papirlapp og paa den stod det «Potifar».

Erik vart staaande reint fortapt med hanen i handa – han hadde slik ei leid kjensle av aa bli gjort narr av. Han saag seg utrygg ikring. Drog dei paa smilen maatru? minntes dei? – Men ingen sa noko og ingen saag ut til aa tenkja paa slagsmaalet med den rettelege Potifar dessmeir.

Dei hadde so nok kvar med sitt og snakka i munnen paa kvarandre og samanlikna, og snakka um Aslaug. For pakken maatte vera fraa henne.

I mor sin pakke var det eit forklæty og inni der var det eit brev. Fraa mor hennar Aslaug.

Ho skreiv so mykje. Ho takka no for i somar og for all moro og hugge Aslaug hadde havt i Vika saman med dei staute smaagjentone. Og no vilde Aslaug sende desse tinga til eit minne om den gilde somaren, og ho 61vona dei maatte møtas friske og glade att neste somar. Eller kan hende Helga fekk lov til aa ta seg ein bytur, naar ho fekk sauma nykjolen sin? Aslaug vilde so gjerne ho skulde koma!! Beste helsing fraa fru Alma Strøm, stod der. –

So glad ein dag minntes dei ikkje dei hadde havt i Vika. Det var mest som det gildaste eventyr alt i hop. Enn kvar si dokke daa! Helga og Margot klædde av og paa, dei bad mor etter lappar til aa sy kvardagsklæde av, og nytt hus maatte dei ha!

Men Erik lura seg utom veggjen etter Potifar og høneflokken og so klemte han paa sin Potifar. Kykeliky, let det. So lo han godt naar han fekk Potifar til aa undras og flaksa med vengjene. Jau, no skulde han retteleg arga han til gagns òg. Det kunde ha vore klaarare maal i denne gummihanen, tenkte Erik, men det var ikkje verre med det, han kunde altid hjelpa til litt sjølv òg han, naar det vart for haast.

Kykeliky, kykeliky let det kring veggjene alt i eit. Og Helga snakka ikkje aat Erik ein einaste gong, han fekk arga Potifar alt med han vilde. Ho hadde so nok aa gjera med aa stella med dokka si og tenkja ut og snakka med mor um korleis nykjolen skulde saumas. Kan hende vart det ein aat Margot med, det saag ut til aa vera so mykje ty, at –.

62Men um kvelden daa Helga la seg var det ein ting serleg ho tenkte paa. So var ikkje Aslaug sint paa henne lenger!! Ho vilde so gjerne at Helga skulde koma til byen ein tur, stod det i brevet. Og sjølv om Helga ikkje kom seg til byen, so – desse orda tok liksom brodden av dei stygge orda ho sa den sundagen. Dei sveid ikkje so vondt lenger, og det kjendest mest som ho kunde koma til aa gløyma dei no etter kvart. Dei levde ikkje lenger.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.