Helga

av Sigrun Okkenhaug

Vonbrot

Det var meininga mor skulde koma heim til jol. Men ein av siste sundagane føre jol var Helga utover paa sjukehuset og saag om henne og daa fekk ho høyre det var lita von det vart noko av. Det var ikkje stort meir enn aatte dagar att til jol, og mor laag enno. Søster Dagny som passa henne bad Helga vera roleg og glad lel; mor kom sikkert heim til nyaarshelga, sa ho, og so fekk dei halda jol daa i staden.

Og Helga var roleg. Ho smilte der ho sat nedmed senga og saag paa den kvite tunne handa hennar mor. Men ho vann ikkje segje stort, det var mest som orda vilde kjøvas.

«Venter de mykje paa meg,» undras mor.

83«Aanei.»

«Kva de held paa med no daa?»

«Nei, ingen ting mest.»

Ho tenkte paa kor dei hadde stræva med aa gjera reint til jol – til mor kom heim. Men det kunde ho ikkje fortelja no, tykte ho. Igaar hadde ho faatt Hans til aa gjera istand den gamle ruggestolen – no skulde han bli god aa sitja i for henne som var daarleg enno. Og Margot hadde gnudd og pussa dei to massingstakane so dei lyste som sola – ho fekk dei aldri blanke nok, tykte ho.

«No er det berre aatte dagar att til mor kjem heim,» hadde Margot sagt, og so lo ho og spegla seg i staken. Berre aatte dagar! Det var inga tid heller, men somtid kan aatte dagar vera so lange som aatte aar. –

Og kvar ein kveld naar dei rekna stykka sine var det eit dei aldri gløymde. Kor mange dagar var det til jol? og kor mange timar vart det? Erik rekna ut minutt og sekund òg sumtid han. Igaarkveld sat dei og rekna med aatte dagar, og Margot skulde rekna ut timane.

«Det blir aatte gong’ tolv det,» meinte Margot, «for det er tolv timar i ein dag,» visste ho.

«Jamen om natta daa? Skal du ikkje rekna med natta?» Det var Erik som var so nøgje paa det og vilde hava reknestykket rett.

84«Pytt natta», sa Margot, «daa søv vi daa, so blir det ingen timar.»

Det var dei timane dei var vakne og gjekk og venta ho talde – dei andre braud ho seg ikkje om. Og igaarkveld hadde Helga reidd opp senga hennar mor, med det likaste teppet og snøkvitt putevar; det hadde kome for henne so braatt at mor kunde koma heim ein dag tidlegare enn dei venta.

Og so kom ho ikkje til jol heller! Det var tidenda ho fekk høyre no ho kom og skulde sjaa om henne og faa høyre dagen ho kom heim.

Det draup noko vaatt nedpaa handa hennar mor, og Helga bøygde seg djupt som for aa taka opp noko.

«Kva er det, Helga?» Mor kviskra. Det var fleire inne paa sjukeromet og dette var ikkje for dei.

«Vi ventar paa deg lel, mor. Vi ventar so forferdeleg.» Det var alt Helga kunde segja. Det var so meiningslaust at mor skulde vera borte jolekvelden. Kva skulde dei gjera daa? Og kva vilde Erik og Margot segja? Dei hadde ikkje set mor sidan ho reiste paa sjukehuset, og det var ei heil æva sidan òg.

Nei, Helga skyna ingen ting av korleis det skulde gaa, naar mor vart borte jolekvelden. Alt strævet vart so faafengt med eit og alt i hop so vonlaust. Det vart berre slit 85utan meining og maal. Helga heldt reint paa aa gjeva seg over.

«Du maa vera snild og flink og laga jol aat syskena dine du iaar, Helga.»

Det var mor som bad; og Helga fòr med handbaken over augo som snarast og kasta litt med hovudet. Haaret var so leidt til aa leggja seg nedi augo stødt.

«Ja,» sasa] rettet fra: so (trykkfeil) ho berre. Ho skyna ikke kva slags jol det skulde bli, men naar mor bad henne, so – –. Og so tok ho seg paa tak og smilte, og fortalde litt um Blidros som var so nøgje paa melkinga, at ho spente, so snart nokon annan enn Helga kom halvnær henne. Og Erik og Potifar hadde vorte so fine vener, at Erik fekk hanen til aa eta av handa si. Det var mykje godt han som gav hønone mat no om dagen. Og Ane-Marta paa Nesset hadde sauma nye kjolar baade til Helga og Margot av det raude tyet fraa Aslaug. Det vart stornokk med ty, og kjolane vart so fine, at ho trudde det ikke. Helga skulde havt paa sin idag var meininga, men det mangla nokre knappar enno. Mor spurde litt, og Helga fortalde. Men det var berre ein ting ho tenkte paa: at mor venteleg ikkje kom heim til jol heller!

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.