Helga

av Sigrun Okkenhaug

Jolekvelden

86Ho tenkte paa det i heimvegen fraa sjukehuset og ho tenkte paa det etter at ho kom heim, korleis ho skulde faa til aa laga til jol. Hans hjelpte henne nok med veden og med eit lite joletre; pynten fraa ifjor laag i ei papøskje oppaa kraaskapet, og ljos fekk ho i paa bua. Aajau det maatte vel gaa.

Og di lenger ho gjekk og tenkte og bala med dette di lettare gjekk det. Ho fann jamvel opp oppskriftboka hennar mor ein ettermiddag og steikte kjeks. Som mor sine vart dei ikkje, men Erik let vel lel. Dei var overlag gode aa eta, sa han. Og det var helst det dei skulde brukas til.

Sjursmessedagen var ho paa bua skulde faa i ljos og litt kaffe og sukker til helga. Dei hadde bedt heim Hans til om jolekvelden, so var dei ikkje so reint aaleine – og han laut faa kaffe naar han kom. Og so skulde ho hava kanel til risgrynsgrauten. Daa gav Alfred henne ein heil stor pakke baade med kaffe og sukker og sjokolade og gryn og ymse anna smaatteri. Og ikkje nok med det, men kona hans kom ut paa bua med ein heil spann full med bakkels!

Det skulde vera litt til jol, sa dei, fordi ho hadde vore slik staut og flink ei gjente med’ mor var borte. Dei hadde ikkje 87trudd ho var so pass til husmor. Helga kunde berre nigja og takka – det var so for mykje – og ho var baade brydd og lukkeleg. Det beintes til jol likevel var det likt.

Og jolekvelden om morgonen kom sjølve prestefrua med ei heil korg med jolemat. Ho sat der ei stund og prata, og ho rettleidde Helga med joletreet. Det var ikkje større enn at det stod paa eit bord inni stova, men du verda kor fint det vart. Og ein pose med søteple og neter hadde frua med og la under treet.

Helga trudde aldri dei hadde havt so fullt upp med mat av alle slag som i aar. Det var mest som alle hugsa dei med eitkvart og var snilde. Ho vann ikkje stort meir enn aa taka imot og takka tykte ho. Utover dagen gjekk ho rett som det var og smilte med seg sjølv mest som ho gøymde paa ein gild løyndom. Ho hadde stengt stovedøra so Margot og Erik fekk ikkje koma dit inn før om kvelden. Men det var so morosamt aa tenkja paa kor undersame dei skulde bli. Og glade trass i alt.

«Du ser mest ut som du er glad for at mor ikkje kjem heim du,» sa Erik ein gong; han var furten for den stengde døra, og so var ingen ting slik som han hadde gledd seg til det iaar. Naar ikkje mor kom, so.

Helga vart aalvorsam med eitt. Enn om 88mor hadde vore heime no seg! Augo vart vaate og uklaare berre ved tanken – det var ingen ting alt det meir likevel mot den eine ting aa faa mor heim att.

Men det gjekk ikkje an aa gjeva seg over heller, ho hadde so mykje aa gjera enno før alt var ferdigt. Ho skulde fara over golva hadde ho tenkt og klokka fem kom jola. Naar dei høyrde klokkone ringja jola inn skulde kaffen til Hans vera ferdig, og daa skulde der vera fest.

Og Helga dreiv paa. Ho vaska golv og budde til kaffebordet uti kjøkenet. La paa kvit duk paa bordet og sette fram dei likaste koppane og baae dei skinande massingstakane med nye store stearinljos i. Og ei ekstra bøtte til Blidros maatte ho bu til. Grisen stellte Erik, ho og Margot greide med hønone og dei to sauane. Alle hadde sitt aa styra med, og dagen flaug mest ifraa dei. Berre ein og annan gongen stana dei opp. «Enn om mor hadde vore heime,» let det gjerne daa.

«Enn om ho kjem heim lel,» sa Margot daa ho heldt paa og skifta paa seg nykjolen. Enn – Helga hadde smaatt tenkt same tanken, men ho vaaga ikkje segje det høgt – det var so lite trulegt. Men ho var oppe no visste dei. Hans hadde vore utover i førrdags, og daa sat ho i ein stol og ho hadde fylgd han utpaa gangen daa han gjekk. Men ho hadde 89ikkje nemnt nokon ting om naar ho kom heim, sa Hans. Lenge kunde det ikkje vara like vel, naar ho alt var oppe og gjekk. –

Dei hadde pynta seg alle tri borna. Erik mol kaffe og kjelen stod blankpussa og smaaputra bortpaa komfyren. Helga stod og saag over kaffebordet om det var noko som vanta. Men ho kunde ingen ting sjaa. Likevel var det noko.

«Vi sett inn stolen hennar mor,» sa ho og saag som snarast bortpaa Margot.

«Ja – men ho kjem daa ikkje –.»

«Nei, men eg tenkte han kunde staa attmed bordenden lel –.»

«Ja; og so tenkjer vi oss at mor sit i han.»

«Ja –.»

Dei saag tilsides baae to – det var noko dei tenkte som dei ikkje vaaga syne kvarandre, ei lita von som levde attom alle tankar og attom alt dei visste. Og det var mest som dei blygdes for aa syna fram den vesle vonlause vona. Men ruggestolen kom for bordenden og Helga fann i den einaste sofaputa dei aatte og la ho opp i stolen. Mor skulde sitja godt, om ho skulde koma lel. –

Daa gjekk det i døra og dei høyrde ljomen av kyrkjeklokkene. Det var Hans som kom.

Og jola. –

90Dei hadde drukke kaffen, og Helga hadde lura seg inn i stova og tend ljosa paa joletreet. Det stod der midt paa golvet og kasta glans ikring seg – som fraa mange smaa stjernor – og skapte fest.

Og hadde Helga stræva trutt so fekk ho òg likt for strævet daa ho let opp døra aat kjøkenet. Dei jubla imot henne baade Erik og Margot, og Hans stod mest handfallen.

«Den gjentungen til aa faa det til,» mulla han. Dei drog han med seg og vilde ha han med kringom treet aa syngja.

Ingen høyrde bjølleklangen ute paa tunet, ingen ansa sledemeiane som skura mot sanddungen hans Erik. Ingen ansa nokon ting før det banka paa døra andre gongen.

«Kom inn,» sa Helga høgt, ho heldt seg fast i stolbaken og stira mot døra. Ho vart so med seg. Dei venta ingen no – det var daa jolekvelden – ingen annan enn –

«Mor, mor,» ropte Margot og flaug i armane paa den inntulla skikkelsen som vart innleidd.

Mor, mor! Gløymd var joletreet, gløymd var dei raude epla som hang so freistande og lokka i ljosskjeret, gløymd var ljosa som stod og brann til faanyttes. Det var mor som kom heim. Det var mor likevel.

Og Helga, den store lange gjenta gret som ein liten unge og sansa ingen ting. Før 91mor bad henne hjelpa seg av med klæda, so ho fekk setta seg. Ho var klar etter køyreturen sa ho, og vaagalt var det vel aa leggja ut; men ho kunde ikkje anna. Og doktoren hadde gjeve henne lov til slut; men ho laut vera var med seg til aa byrja med hadde han sagt.

Endeleg fekk dei henne paa plass i ruggestolen framfor varmen. Helga svinta uti kammerset etter ei dyne til til aa stikka attom ryggen hennar og Erik la seg paa kne for aa hjelpa henne av med skoene. Ho kunde sagte vera frosen paa føtene, naar ho hadde køyrd so langt. Der var hjelpsame hender paa alle leider, alle tykte liksom dei maatte gjera eitkvart lite for aa syna kor glade dei var og kor innerleg velkomen ho var.

Og ljosa brann og lyste. Til faanyttes var det sagte ikkje, endaa ingen hugsa dei før dei mest var nedbrunne. Daa slo Helga samen hendene og ropte mest over seg: «Aanei, enn ljosa! og joletreet! Vi skulde syngja inn jola, vi.»

Det eine av ljosa var alt nedbrunne, og elles lakka det mot sluten med alle; men dei tok daa samen likevel og song «Jeg er saa glad hver julekveld» berre so det ljoma. Mor fekk seg ein retteleg god og varm kopp kaffe, medan ho høyrde paa. Hans hadde nok vore meir huga til det han òg, men han laut vera med kring joletreet, han. Og no kunde dei gjerne 92syngja om jolegleda og om fred og frygd paa jorda, det var liksom ingen ting som vanta meir, no mor var heimkomen. –

Det snødde so fint og stillt, daa Helga gjekk i fjøset for aa melka Blidros. Men attom all snøen var maanen og stjernone; ho saag dei ikkje, men ho visste dei var der, og det gav slik tryggleik. Ho stana for og let det snø i haar og andlet. Det svala so godt. Og kvar dag og stund dei hadde vore aaleine sveiv gjenom tankane hennar som glimt i glimt, med gode dagar og tunge dagar. Det var som eit heilt vegstykke ho hadde gaatt og no endeleg var ho ved maalet. Det baara og sprengde paa, eit einaste lite ord ho skulde sagt. «Takk», sa ho endeleg vart og stillt og kneppte saman hendene over melkebøtta. So gjekk ho aat fjøset, og song med’ ho melka. Ho var so glad. Og sjaa om det ikkje var bra likevel, at stolen og senga hennar mor var stelt! Ho hadde kjennt det paa seg heile tida at det var uraad mor kunde bli borte jolekvelden.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.