Helga

av Sigrun Okkenhaug

Paa sjøen

72Det vart ein undarleg førejolsvinter aat borna i Vika. Helga meinte dei skulde fint klara seg sjølv til mor kom att – det kunde vel ikkje vera so lenge, og dei hadde daa vore aaleine so mang ein gong. Det var nok mange som tvila, og dei sa det med at det var raadlaust dei kunde styra seg sjølve desse borna berre. Enn om noko kom paa?

Daa gaar vi til Hans, meinte Helga, og elles so har vi daa vore aaleine mest kvar yrkjesdag før òg. Vi greier det vel no òg, naar vi har greidd det før.

Ho var so lita og so modig, Helga, og so blank i augo. Naar berre mor vart frisk att, so – og det hadde doktoren sagt ho skulde bli. Naar ho berre gav seg tid. –

Dei greidde seg sagte; men ein ting fekk Helga snart sanna: det vart annorleis aa vera husmor naar mor var heilt borte enn naar ho kom heim kvar kveld og budde til og rettleidde.

Det verste var mest aa faa det til aa strekka til det ho hadde aa gjera med. Same kor ho rekna og kor ho tenkte so vart det gjerne for lite eller i minste laget i alle fall. Det var Hans Fjerdingen som gav henne nokre kronur kvar veka; dei skulde ho ha til mat og det dei elles kunde vera nøydd til aa kjøpa.

73«Du maa hugsa paa du har ansvaret no,» hadde mor sagt ein dag. Hans var heime den dagen og saag til med krøtera og borna, so Helga kom seg iveg til sjukehuset og saag om mor. Ho minntes det vel, men det var ikkje berre søtmelk aa bera ansvaret altid.

Alfred paa bua var staut – han gav henne mang ei kringle og mang ein brunsukkerpose attpaa, men likevel var det vondt aa faa det til aa hyra ihop.

Ho undras paa kvifor det var Hans som gav henne pengar, – og ein dag spurde ho. Daa fekk ho vita, at mor hadde selt naustet til Hans, baade det og baaten og den sjøreidskapen som var att. Det var det dei livde av no, og mykje godt dei pengane som heldt mor paa sjukehuset med. Ho kvidde seg so for aa gaa aat fatigstyret, sa Hans; og det heldt Helga med henne i, sjølvsagt. Men at naustet var selt!

Sjølv om det var Hans sitt og ho fekk gaa ut og inn der som ho sjølv vilde, so – – som før vart det ikkje. Det var ikkje hennar rike lenger, ikkje Erik og Margot sitt. Nei som før kunde det aldri bli. Og mor hadde sagt nei mange gonger naar Hans vilde kjøpa før; men no var ho vel eit nøydd til. Stakars mor! Men at ho kunde gjera det likevel, at ho verkeleg kunde selja –?

Helga fekk ikkje dei tankane fraa seg. Det var mest som noko heldt paa og kvarv 74bort, noko ho ikkje vann halda fast paa lenger. Eit lite stykke av henne sjølv, eller barndomsdagane hennar.

Ein dag fekk ho braatt slik hug til aa sitja i baaten att som den tid ho var regtig lita og var med far. Og so vogga seg paa vatnet og halda fingrane nedi so vatnet fekk silra gjenom dei. Idag var det so fint eit ver, og det kunde vera som ein avskil baade med naustet og baaten. Helst skulde ho vel spurt Hans, men han sa ikkje noko lel om ho reiste uløyves trudde ho. Og baaten laag i fjøra, so det var inga sak. –

Det var aldri langt millom tanke og handling hos Helga. Ho fekk med seg Erik og Margot, gav Blidros ein retteleg høitapp og so bar det iveg.

Erik hadde med seg fiskarsnøre – det var rettast aa nytta høvet meinte han. Og fersk fisk til middag imorgo var sanneleg ikkje aa vanakta. Det var ikkje so reint utrulegt han fekk so mykje dei fekk selja eit par ruggar òg. Ja det var helst trulegt naar han retteleg vann tenkja seg om. Han fekk sjaa til so han fekk med seg kleppen, so mykje han slapp mødas med aa faa dei inn i baaten dei som det var litt størrelse paa.

«Pytt sa’n, du faar daa ingen storfisk lel,» bles Margot reint svivyrdslegt – det arga henne at Erik skulde gaa der og gjera seg 75vigtig. Han var no ikkje so mykje større han enn ho.

«Det veit du ikkje du,» meinte Erik, «torsken plar vera stor utover førejolsvinteren, det veit eg. Og det er no helst torsk som bit paa so mykje du veit det.»

Han fekk ikkje noko svar paa det. Ikkje var det noko aa bitas om, og kven veit? han kunde gjerne faa fisk òg – det var slett ikkje so utrulegt. Om det ikkje vart nokon stortorsk so – smaasei var bra det òg.

Helga stod og lura paa ei sky; det var inga godverssky, det saag ho vel, men ikkje var ho retteleg svart heller og so fint som veret var no –. Ikkje skulde dei vera utpaa lang stunda heller var det tanken, berre ro eit stykke utover mot Nesslandet. –

Det gjekk fint aa faa baaten nedover lunnane daa dei fyrst fekk han paa glid. Og ro kunde dei alle tri trudde dei. Men daa ho tok aarane kom Helga ihug at ho hadde rodd berre med ei aar før – ho hadde altid rodd ilag med nokon dei gongane ho hadde vore paa sjøen. Det fall noko tyngre no ho hadde baae kjende ho, men det gav seg vel naar ho kom i vane. Ho spende føtene godt frami tofta og tok i so ho vart baade raud og sveitt. Men so muna det òg. Dei var komne eit heilt stykke utpaa før ho skikeleg vann aa sjaa 76seg om. No kunde dei berre koma og segja at ho ikkje kunde!

Ho heldt ikkje takten retteleg, det hende ho hamla med ei aar med ho rodde med den andre; men det var vel ikkje takten det galdt mest om i roinga. Det som det i røynda kom an paa var vel at dei kom fram, skulde ein tru. Og no gjekk det strykande her i likaste straumdraget.

Fiskinga hans Erik gjekk det skralt med. Gong paa gong kjende han napp, so tydelegt at det var ikkje til aa missta paa; men før han vann draga inn var ongulen tom. Inkje fisk og inkje agn. Det var det som var so borti stauren innmari, at agnet var teke òg. For daa fanns det fisk kan ein vita. Det var aldri noko anna som fór rundt i fjorden og stal agn. Men at han ikkje vart hangande paa kroken? at han ikkje aat ongulen i seg med agnet? Det munde vera ein eller annan styggslug gamall lurk som fór og gjekk og fylgde i kjølvatnet – og aat seg mett paa agn. Ein som hadde vore ute ein dag før og kjende konstene.

Eller so trollfisk. For det fanns trollfisk òg, det hadde Erik høyrd gjete meir enn ein gong. Og var det av det slaget so var han visst ikkje for god aa koma ut for. Men like forargelegt var det same korleis det hang i hop. Det vart ikkje so pass dei fekk kokefisk 77heller heldt det fram slik. Dei fekk helst freista paa ein annan plass, trudde Erik.

Helga var ikkje uhuga paa det. Dei kunde gjerne snu og ro langsmed innerøylandet eit stykke. Og nærare land. For dei var kommet lenger til fjords enn ho likte. Ho hadde ikkje rodd stort heller no paa ei stund, so baaten maatte ha drive.

Det kom eit austanvindkast og kjølte kinna og ruska upp i haartenna. Margot drog trøya tettare ikring seg.

«Eg trur det blir kaldt, eg,» sa ho berre. Ho sat i bakskotten og saag paa Helga og Erik, og tykte det var gildt aa vera til sjøs.

Men rettno tok det til aa bli hustrigt.

«Eg trur vi ror heim, eg,» sa Helga; den skya som var baade lita og skuldlaus for ei stund sidan hadde vakse utruleg fort – og so var ho ikkje aaleine lenger. Det graana og svortna mest heile himelen over, og det var slik ein lei haatt i verdraget. Det var helst ei uverssky lel den ho saag. –

Det skulde beras heimover, det var dei einige om. Erik sa, det var ikkje ventande fisken beit naar det var meste kvinnfolk i baaten; han var missnøgd med heile fisketuren og dermed drog han inn snøret og let fisken gaa som han vilde. Han tok til aa sjaa seg ikring og tykte helst det var langt heim. Det 78saag ut som kvelden ikkje var so langt unna heller.

«Du maa ro til gagns,» let han.

«Ro du,» beit Helga arg. Det var lett nok aa setja seg til aa kommandera andre, det var tyngre aa gjera det – det kjende nok ho. Ho tok i det vesle ho vann og endaa litt til, men naar ho saag seg ikring hadde det ikkje muna det slag. Det saag heller ut som det gjekk andre leida tykte ho.

Det tok til aa murra inni henne baade av otte og trege. «Hugs du har ansvaret no,» murra det, «hugs du har ansvaret.»

At ansvar kunde vera so tung ei bør! Det tyngde henne nedaat, krøkte fingrane kring aarane og nøydde kvar sene til aa røyna seg til det ytste.

Det vart ikkje berre med det eine vindkastet heller. Han kom att austanvinden, piska fjorden og laga kvite skumskavlar, han slo vatnet innover baatripa og leika seg med færingen som borna leikar seg med ei treflis i ein vaskebalje. Leiken kunde vera morosam nok for austanvinden, men dei tri som sat inni færingen tykte mindre mun i det dess lenger det leid.

«Vi kjem visst aldri heim,» tok Margot til aa sutra. Ho fraus so ho hakka tenner, og blaut var ho attaat.

79Helga hadde alt tenkt same tanken, men ho kunde ikkje segja det sjølvsagt.

«Visst kjem vi heim,» sa ho berre. Og so dreiv ho paa att. Hendene verkte og inni eine handloven hadde ho ei stor vatsblemme; det dunka inni hovudet mest som ein skulde høyra ei dampmaskin, og naar ho kvilte ein augneblink paa aarane skalv ho all i gjenom. Ho hadde rame saltsmaken i munnen, og somtid undras ho paa anten det leid so langt paa kvelden at det tok til aa bli myrkt, eller det var ho som var so klar at det svortna for augo. Dei saag godt land enno, men du gode verda kor langt det var unna! –

Det var ingen ting Helga var meir huga til enn aa skrika høgt; retteleg illremja. Heile fjorden var eit einaste endelaust gap som gløypte etter dei. Det var berre baaten imillom, og kor lenge heldt han seg paa rett kjøl? Ho maatte berre lata vera aa tenkje, berre driva paa aa ro, om det ikkje muna stort og. Og so roleg, berre roleg! Elles blir dei livredde Erik og Margot òg. «Hugs du har ansvaret, Helga! Hugs – hugs –.»

Aa! den som var heime i Vika. Aldri skulde ho gjera noko uløyves meir, aldri gjera nokon ting. Gud som kan alt kva du vil, gjer dette berre til ein draum! Lat meg vakna heime. Eg orkar ikkje meir – eg orkar ikkje – –.

80Og Helga skreik so det skar gjenom vind og ver. Med stive augo stira ho mot land, og skreik. Ho kjende den eine aara gleid utor handa hennar, men ho orka ikkje halda fast. Ho høyrde Erik nidskreik og Margot sutra og gret. Ho gret sjølv og visste det ikkje. Ho visste ikkje aa verja dei heller.

Hjelp! Hjelp!

Baaten duva opp og ned. Rett som dei reid paa øvste bylgjetoppen var dei nede i djupaste baaredalen. Bylgjone kom over dei som ovstore villdyr, brøla og gapte og glefsa etter dei. Helga verja for seg med hendene – ho tykte kvar bylgje maatte vera den siste som kom.

Hjelp, hjelp! Kjære Gud, hjelp oss heim du som kan!

No kvarv landet med kvart etter som myrkret seig innover. Dei skimta berre sovidt stranda og ljosa som tendes rundt om i heimane. Dei blinka som smaa stjernor imot dei. Der inne sat folk med arbeid og lesnad – og ingen visste kor dei var henne.

«Hjelp oss heim! Hjelp, hjelp!» –

Helga tykte ho høyrde aareslag. Ho ropte av all si magt. Kan hende vinden aat upp ljoden, kan hende drukna skriket i marming og sjøsprøyt, men ho laut skrika lel. Alt i eit. Redsla tok reint veldet av henne naar ho tagde. Og verkeleg! no høyrde ho tydeleg aareslag og 81nokon som hauka. Dei høyrde det Erik og Margot med. Dei hadde tydd seg samen alle tri og sat og heldt i kvarandre, no vart grepa fastare og augo fekk liv.

«Det er folk,» sa Erik, han skreik høgt og ansa det ikkje sjølv.

«Helga,» høyrde dei det ropte, «Helga og Margo–ot. E–e–ri–ik!»

«Ja,» svara dei alle tri, «ja, ja.» Det var Hans som ropte, høyrde dei; og aldri nokon gong let namna deira fagrare. –

Det vart ikkje sagt mange ord. Erik var den som fyrst var kar att. Men Helga gret. Ho gret paa heile heimturen, og daa ho kjende fast land under føtene gret ho endaa.

Hans var aldri slik han sa noko større; det gjorde han ikkje no heller.

«Eg trudde aldri du Helga kunde finna paa slikt,» sa han berre. Men dei orda sveid verre enn ris. Ho vart so lita med ein gong og ingen ting til aa lita paa. Ho skjemdes – og gret.

Men daa dei hadde skifta klæde og sat framfor komfyrvarmen i kjøkenet heime og kjende kor innerleg godt det gjorde aa faa hjelp og bli stellt med, daa vende Helga det raudgraatne andletet sitt mot Hans.

«Det gjer ingen ting om naustet er ditt 82lenger,» sa ho, «eg kjem aldri til aa sakna det meir no.»

Men aldri nokon kveld sidan mor reiste paa sjukehuset hadde Helga lengta etter henne og sakna henne slik som den kvelden. Og aldri hadde dagane vore so endelaust lange og mange framover til den tid det var von ho fekk koma heim att.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.