Helga

av Sigrun Okkenhaug

Vaaren

Det leid alt so langt paa aaret, at det tok til aa bli hus i kvar busk. Blidros hadde kalva, brunhøna hadde alt vorpe lenge og Potifar var so kry og gol so høgt og klaart som nokon gong før. Og iaar fekk han vera ifred. Erik tykte han var for stor til aa slaass med ein hane no han var full kar i baaten hans Hans. Han var mest ikkje aa sjaa heime i Vika anna enn kvar gong han kom med kokefisk, og so om natta sjølvsagt. «Men det tèl vi ikkje,» sa Margot.

Det var ikkje so radt lite han hadde tent utover vaaren; det hadde vore ei god hjelp i alle fall. Og det var mest so Helga skjemdes kvar gong Erik kom til mor med pengane sine. At ho som var so mykje større skulde gaa heime og ingen ting tena!

Men so vart daa somaren no. Og paa 101Ness tenkte dei aa sleppa ut kyrne til vika, hadde ho høyrt. Daa kom det an paa om Helga fekk gjæta der i somar. Ho skulde kunne tena noko med det, naar ho baade kunde melka og hjelpa til elles naar det trongtes. Det maatte daa vera noko skilnad imot berre snaue gjætinga lel. Ja, ho fekk no høyre –; imorgo skulde mor gaa til Ness og snakke med dei att. – –

Helga sat paa dørhella og plukka ugraset or tiriltungsprunga. Tiriltunga heldt alt paa aa kika fram og so laut ugraset vekk. Ifjor somar var Aslaug paa Ness kom ho ihug. Tru ho kom iaar òg? Og korleis ho saag ut no? Ho hadde vel mange nye kjolar iaar òg ho! Og skor og fine strømpor. Tru om ho gjekk til presten ho òg? Aanei, det gjorde ho ikkje lel, ho var noko yngre enn Helga; og presten sa Helga var for ung òg – til aa bynne med.

Men den gongen heldt ho seg hard lel; ho hadde gaatt sine sju aar paa skulen, let ho, og ho maatte bli vaksen! Presten hadde berre rissta paa hovudet og meint det hasta ikkje so – kvifor maatte ho plent bli vaksen no?

«Jau eg maa ta meg tenest,» svara Helga, «og det er ingen som vil ha ein unge berre. I alle fall vil dei ikkje gjeva nokor løn daa.»

Det vart so ho fekk gaa; men den dagen 102dei hadde om Jakob i bibelsoga tenkte Helga paa presten. Ho skyna so vel korleis Jakob kjempa mot Gud – av all si magt liksom. Og det var so trulegt at Jakob vann, ho skyna det òg, for han maatte vinna, det var ingen veg utom. Det var mest som med henne og presten det. – –

No var det somar snart og livet var ljosare og lettare paa alle vis. Ho vilde ynskje Aslaug kom att. Kan hende vart ho med henne ut med kyrne. Ho var so glad i aa vera med soleis ifjor i alle fall. Elles vart det vel lite om tid til leik og gamen iaar. Og det same kunde det mest vera. Det høvde liksom ikkje lenger, og ho kunde vel ha andre ting aa tenkja paa ho som skulde paa kyrkjegolvet til hausten. Enn om ho kunde faa tenest paa Ness for vinteren med? Ho skulde sanneleg sjaa til aa hanga i so dei saag ho dugde – dersom ho kom dit daa. –

Helga sat og drøymde seg reint bort der paa dørhella. Ho ansa ingen ting før ho høyrde det small i postkassen bortpaa grindslestolpen. Daa saag ho postmannen gaa vidare med sjumilsteg. Men kva hadde han gjort borti kassen? Dei som mest aldri fekk post. Kassen var oppsett til hyggje den, pla Erik segja. –

Der laag eit brev nedi. Til Helga. Fraa 103byen, fraa mor hennar Aslaug – det saag ho straks.

Helga reiv konvolutten halvt av so spennt var ho. Kva kunde det vera no? Og so langt eit brev! Ho las ei side og endaa ei og tok til med den tredje og siste. Kva i verda var dette? Heile andlete lo tilslut, ho vann ikkje sitja i ro til ho var ferdig, ho laut inn til mor. Og inni kammerset les ho paa nytt lag, og prata imillom. Det var mest som eit lite eventyr som kom og titta innom og vinka til henne, og lokka.

Brevet var fraa fru Strøm. Ho undras om Helga vilde koma til henne som barnegjente i somar? Dei hadde faatt ein liten gut ivaar. Vilde Helga koma til Ness og trilla han litt i vogna og hjelpa til aa passa han elles òg? Ho skulde faa fem og tjuge kronor maanaden, og kosten sjølvsagt. Og dersom det kunde lata seg gjera so maatte ho tenkja paa aa bli med Strøm sine til byen og vera der til vinteren òg som barnegjente? –

Aslaug gledde seg so til aa raaka Helga att; ho skreiv nokre ord med ho òg. Du maa endeleg gjera som mor bed deg, skreiv ho, du kan tru veslegut er søt. Og so moro vi skal ha det, naar vi kjem til Ness. Eg har so mykje aa fortelja deg. Hugsar du ifjor? – –

Helga les. Og hugsa. Ho var heit i kinna og blank i augo.

104«Aa mor,» sa ho berre, daa ho var ferdig.

«Det var eit vakkert brev,» sa mor.

«Ja men du, eg maa faa lov mor. Ikkje sant?»

«Vi lyt tenkja paa det, trur eg.»

«Ja men so snilde som dei har vore – og so fem og tjuge kronor maanaden daa, du maa hugsa det. Kan hende faar eg meir og til vinteren, naar eg blir vaksen. Ikkje seg nei daa mor.»

«Men dei paa Ness daa?»

«Vi har daa ikkje lova noko. Og ein gjætar faar dei no altid i. So stor løn faar eg ikkje heller paa Ness, det veit du og det. Og so faar eg plass til vinteren med det same no maa du hugsa.»

So reiser du ifraa meg, heldt mor paa skulde segja. Men ho sa ingen ting lel. Det høyrdes bra ut dette tilbodet – og heime kunde ikkje Helga bli verande lel. Det er med borna plent som med fuglane, dei lyt or reiren naar vengjene veks til. Og mange flaug ut med daarlegare vengjer enn Helga – diverre.

Mor sukka og reiste seg. Ho hadde eitkvart aa gjera i kjøkenet kom ho ihug.

«Maa eg skriva og segja ja daa,» bad Helga.

«Hastar det so?»

«Dei bed om svar straks, ser du.»

105«Det er ikkje berre lettarbeid aa passa ein liten gut, Helga.»

«Trur du ikkje eg veit det daa? Men det gjer ingen ting mor, eg er viss paa eg greier det. Seg ja daa!»

«Du faar prøva deg daa, sidan du er so huga paa det. Men eg er slett ikkje viss paa om eg ikkje hadde vald gjætinga paa Ness om eg hadde vore som du.»

Helga lo so det song. Tenk velja gjæting naar ho kunde faa vera barnegjente! Nei takk! det gjorde ho no ikkje.

Om ein maaned fyllte ho fjorten aar, og ved det leite kom bygjestene til Ness. Om ein maanad berre!

Ho laut tenkja paa aa faa seg istand baade med eit og anna til den tid; men først laut ho skriva og svara. Ho fann seg papir og blekk og sette seg ataat bordet.

«Eg er so glad,» sa ho og smilte lukkeleg. Ho tenkte paa, at no kunde ho òg hjelpa mor likso mykje som Erik. Ho skulde i alle fall faa dei tjuge kronor maanaden. Fem maatte ho vel ha sjølv, naar ho skulde halda seg klæde og sko. Men det skulde bli nokolite rettare aa vera i Vika til vinteren, det skulde Helga syrgje for. Ho sette seg og skreiv til fru Strøm, at «ja ho kunde koma».

Og so bynte eit nytt liv for Helga.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.