Helga

av Sigrun Okkenhaug

Potifar

5Vika heitte romet, og det var sopass stort at dei fødde ku og gris og to sauer, og so nokre hønor og ein hane. Dei – det var Helga og Erik og Margot og mor deira, det. Eingong var far med òg, men han døydde daa Margot var urlita, so no var det berre desse fire att.

Dei hadde naust nedmed sjøen, og der laag færingsbaaten hans far og sjøreidskapen. Den var det elles ikkje mykje att av no, for aar om anna laut dei selja fraa baade garn og linor. Der hang vel att to bra sildgarn og ei line, der mest alle onglane var burte. Men mat laut dei hava, og naar det ingen var som brukte reidskapen lenger, so – –

Men no var Helga so stor at ho passa baade ku og gris og hønor, so no fór mor i gardane paa vask og baking; so tente ho til føda aat dei alle, om det ikkje vart nett so flust alltid. –

Hanen heitte Potifar, og det var Helga som hadde lagt namn paa han. Ein dag 6med’ han var berre kjuklingen enno, stod han og gapte og strekte hals og skulde gale. Og Helga stod og saag paa og gapte mest ho òg – av berre spaning. Men det tok slik tid før det vart til noko skikkeleg med’ denne galinga, so Helga vart utolsam og sa:

«Eg synes mest han er lik’n Potifar, eg.»

Erik og Margot kjende ikkje stort til Potifar, kva kar det var; men dei òg tykte det var eit høvelegt namn aat hanen. Og so vart han heitande det. –

Potifar var vener med alle so nær som med Erik. Dei to hadde set skeivt aat kvarandre heile tida.

«Han er so svinagtig vigtig,» sa Erik, «berre høyr paa ‘n naar ‘n gel.» Og so stelte han seg opp og hermde etter hanen: «Ky–ke–li–ky, ky–ke–li–ky, kan du sjaa eg er kry–y–y!» So flaksa han litt med armane og saag seg ikring som aatte han heile verda.

Men Potifar likte ikkje dette. Naar Erik tok til aa herma etter han, tok han til aa flaksa fraa plass til plass, fraa sagbukken til kassen frammed skjuldøra, fraa kassen til ratveddungen og derifraa burti stigen – – –, og Erik flaksa etter. Han strekte hals og gjorde seg til og gol so det song i veggjene. Tilslut laut Potifar gjerne gjeva seg.

Men det hende at han ikkje gav seg òg. Daa vart Erik utolsam og treiv til steinkasting. 7Og det var ikkje heilt fritt for at han kunde den konsta. Mor hadde snakka aat honom – mangfoldige gongjer; men naar steinen laag so synbert freistande midt i vegen, so var han i neven og paa flog gjenom lufta, før Erik skikkeleg vann tenkja seg om. Det var moro aa sjaa kor langt han gjekk, maa vita.

Steinkastinga var ikkje Potifar nokon kar paa heller. Han luska gjerne unna daa. Men stundom saag han ut som han pønsa paa noko, naar han slik let Erik faa ha valplassen.

Og ein dag tykte han vel det gjekk for vidt baade med herming og kasting. Hanen stod paa sagbukken og gol det meste han vann og Erik kleiv oppaa kassen og gol han òg. Dei gol kvar sin gang. «Kykeliky,» sa Potifar og var baade arg og høgmælt. «Eg ser at du er kry–y,» gol Erik og kom so høgt opp i tonane at mælet hans mest sprakk. Men han tykte det stod herlegt til, for bortpaa kjøkentrappa stod Helga og Margot og lo – og lo.

Men so visste han ikkje ordet av det, før Potifar flaug beint i augo paa han og hogg seg fast med føtene og hakka – og hakka –. Det vart slut med galinga, og ned av kassen kom han seg heller fort. Men Potifar fylgde – tunet rundt. Det saag reint stygt ut for Erik ei stund. Alt det han fikta med armane og rulla seg rundt og bar seg, so hjelpte det ikkje det grann. Potifar var baade vill og 8galen og no gav han seg ikkje. Tilslut fekk Erik tak i stylet hans og drog det vesle han vann – og skreik. Han illskreik. Og endeleg hadde Helga samla seg sopass, at ho kom settande med limen – –. Daa tok Potifar til vettes og rømde unna. Og det var nok paa høg tid som det saag ut for. Hanen var baade pjuskaat og ille medfaren; han var mest utan style og det var med nauda han fekk opp so mykje maal, at han fekk til aa skjella med same han fór. Og Erik! Han saag ut som hadde han vore i krig. Han hadde ei flenge nedover eine kinnet og skraamaat var han over heile hovudet. Og blodaat. Margot gret omkapp med Erik, so redd var ho. Og Helga var bleik og still.

Ho sansa seg daa so mykje, at ho fekk vaska av guten og fekk han inn. Og daa endeleg fekk ho maal for seg att.

«Du kan berre vaage til aa herme etter han Potifar ein gong til du, so – – du skal faa sopass til juling at – – din – din hanekjukling du er!» – –

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.