Helga

av Sigrun Okkenhaug

Buhunden

31Dei fann skjel nedi Vikafjøra. Helga og syskena hennar hadde kvar sin rettelege gard med full buskap – baade kyr og hestar, sauer griser og hønor. Og Margot hadde jamvel ein buhund. Det var det ingen av dei andre som hadde, og den hunden var fin.

Margot hadde sjølv funne han og ho hadde havt mange gilde tilbod om sal eller bytehandel framover sumaren. Men ho heldt seg stiv. Ikkje for gull og alt det gildt dei elles kunde lova henne selde ho hunden sin. «Eg faar det ikkje lel, so –,» sa ho gjerne, naar dei lova henne noko som noko var. Ho hadde vel røynt ymist før òg, truleg – og so heldt ho paa hunden.

Men forargeleg var det, tykte Erik, han var so ille oppraadd for ein buhund han; og om han gjekk der og grov i fjøra baade paa langs og tvers, so var du fri for han fann nokon lel. Og Margot hadde mykje mindre fjøs og ho. –

«Difor treng eg, at eg passar det vel,» let Margot. Erik vart so med seg over det kontante svaret, at han vann ikkje segja noko paa ei heil stund. Han gjekk like godt ifraa henne til so lenge, – gjentungar skulde ingen bry seg med i grunnen.

32Helga var huga paa hunden ho óg, men slik som Erik gjekk ho ikkje og gnog. Ho freista andre raader, ho godsnakka med Margot og somtid fekk ho hunden til laans, men til eige! nei det var du fri. Ho var med og la paa han namn – Burmann vart han heitande – og ho lirka so lenge med Margot at ho heldt paa og skulde faa byte han aat seg for tri kyr og ein skamstor gris, men i siste liten atra Margot seg. Ho vilde ha hunden sin sjølv, for ho trongte han so vel.

Daa gav Helga seg; men Erik kunde ikkje halda seg – han freista seg med ran og han. Det var ein dag Margot skulde hjelpa Helga og leita egg, – det var heile tri hønor som gøymde seg og varp ute, og no skulde dei mest leita dei opp var meininga. Erik skulde vera med, men so kom han paa han skulde lura seg bortaat fjøset hennar Margot og sjaa om hunden i staden. Han gjekk der so lur og less leita egg, guten, og gjentone trudde paa fred og ingen faare, so dei kom ikkje paa aa ansa etter han hell.

Men daa Margot kom og skulde sjaa om krøtera sine ei stund etter, var buhunden borte.

Det vart spurnad og leiting og undring. Kor kunde det ha vorte av han, tru? Erik var med og leita han òg baade høgt og laagt og tykte visst han var overlag so lur, men korleis33det var eller ikkje, mistanken fall meir og meir paa han. Sjølvsagt negta han. Det hende ikkje heller at han hadde teke hunden, let han. Han hadde leita egg han, og det visste dei daa, det.

Men det var ingen annan aa gjera paa, meinte Helga. «Trur du ikkje eg ser det paa deg, at det er du daa,» sa ho.

«Det kan du daa ikkje sjaa nei – naar det ikkje er eg so – –.»

Slik heldt dei paa lenge og kjekla. Men like langt kom dei. Tilslut gav dei seg gjentone – og Margot tok smaatt til graaten. Ho trega so saart paa den fine buhunden sin.

«Eg skal faa mor til aa melda deg til lensmannen, eg,» let Helga, ho gjekk stad etter ei vatsbytte til Blidros; ikkje hadde ho tid til aa hefta seg med ein trollaat gutunge lenger. –

Di lenger det leid utover dagen, di stillare vart Erik. Det saag mest ut som det var noko han gjekk og funderte paa, han dreiv so rastlaust ikring og kom seg ikkje i gang med nokon ting. Daa Helga sat og melka kua til kvelds stellte han seg opp attmed henne.

«Trur du ho mor bryr seg um lensmannen du daa?» spurde han litt svivyrdslegt.

«Ho nei! Ho har daa ikkje gjort noko gale, veit eg. Nei, ho melder berre at hunden hennar Margot er borte, ho, og so lyt lensmannen finne han daa, skal du sjaa.»

34«Pytt sa’n, det er daa berre ein skjelhund. – »

«Jamen han er svinagtig fin skal eg segja deg. Aslaug sa det ein dag ho var her, at det var ein musling sa ho – og det er noko fint det, maa du vita.»

Erik visste ikkje stort aa segja til det. Dette med lensmannen likte han ikkje. Ikkje so han trudde vidare paa det heller, men – retteleg trygg var han ikkje.

Daa Helga hadde sila opp melka og stod ute og vaska opp, saag ho Erik stiltra seg nedaat naustet. Noko var det han lura paa, det saag ho vel.

Og ikkje før var han kome seg derifraa, so var baade Margot og Helga iveg dei òg. Dei hadde gardane sine nedmed naustet alle tri, og no daa gjentone kom stod buhunden paa plass ute paa tunet hennar Margot att. Daa kan det henda dei vart høge i hatten, gjentone.

«Det var daa du som hadde teke hunden lel,» sa Margot til Erik og var glad han hadde kome til rettes att.

«Eg vilde berre skræma dykk, kan de vita,» sa Erik og less vera ovanpaa han òg. Men daa raakte han paa Helga.

«Du daa din skrytmikkel, du vart redd lensmannen gjorde du. Det var ikkje det grann anna heller.»

35Og det trudde dei baade Margot og Helga, same kor Erik freista snakka seg ifraa det.

– – –

Det var endaa ei som gjerne vilde havt buhunden. Og det var Aslaug. Ho hadde set paa denne hunden alt første dagen ho var i Vika og ho hadde kytt reint overlag av kor fin og vakker han var. Ho heldt han oppaat øyro for aa høyre um det song i han. Og det gjorde det, sa ho og bad dei andre høyre dei òg.

«Det er mest som ein høyrer sjøen om kvelden naar det er stillt,» sa Helga, «det er slik undarleg sus. – –»

Aa, kor ho ynskte det var hennar hund! At ho hadde funne han og havt retten til han, ho skulde ha vore so redd for han, at –. Margot kunde gjerne koma til aa øydeleggja han og ho, kom Helga i hug og so freista ho endaa ein gong um ikkje Margot vilde gjeva han ifraa seg. Men det gjekk ikkje. Margot var like glad i hunden ho som dei andre, og ingen ting i verda skulde faa henne til aa skilja seg med han. Det maatte dei berre lita seg paa. –

Det vart mest slik at dei tykte ikkje gardane elles var nokon ting tess, naar dei ikkje hadde hund. –

– – –

Helga og Margot hadde vore bestevener 36altid, heilt siden Margot var lita og laag i vogga, og Helga sat inne og vogga henne medan mor var i fjøset eller ute. Daa sat Helga og smaaprata med den vesle gjentungen og kitla henne under føtene og fekk henne til aa læ aat seg og drøsa. Og daa Margot bynte stabba og gaa var det Helga som stødde henne og hjelpte henne paa alle vis. Og venskapen hadde vara alle aara oppover.

Men etter at Aslaug kom tykte Margot ho vart tilovers. Dei var større desse to gjentone, og stødt var det Helga Aslaug spurde etter naar ho kom springande aat Vika.

Helga hadde jamvel vore med Aslaug til Ness ein sundag ettermiddag og vore der heile kvelden utover. Og ho hadde vel havt det gildt! Men aldri hadde Margot vore so reint raadlaust aaleine som den sundagen. Det hjelpte ikkje om mor var heime heller, ho sakna Helga kor ho gjekk og stod.

Det var stygt av Helga aa gaa ifraa henne slik, og ho skulde nok faa det att nokon gong. Naar Margot berre vart stor so vilde ho bli so fin, so fin, mykje finare enn Aslaug no; ho skulde gaa klædd i silke kvar einaste dag, og daa skulde ho ikkje sjaa paa Helga dessmeir. So vilde nok Aslaug heller gaa med henne enn med Helga, og daa hadde ikkje Helga nokon ho, og vart like aaleine som Margot var no. 37Men det var tilpass aat henne – naar ho kunde vera slik, so – – –

Margot tenkte att og fram ein dag ho sat nedmed naustet og stellte med garden sin. Det var fjøslona som tok til aa bli so reint for lita og eitkvart var det som laut vølas mest paa alle kantar. Men so hadde ho slikt aa gjera idag, og berre fine godveret var det til det òg. Eit skikkeligt hundehus laut Burmann ha i minsto! det kunde enno bli styggver, og det tok alt til aa skumas om kveldane. Og tak over hovudet var vel det minste ein hund kunde krevja, skulde ein tru. –

Helga var med Aslaug og lauga seg; men dei var so store paa det og so krye, dei vilde ikkje ha med seg Margot.

«Smaaungar kan ikkje gaa i sjøen,» hadde Aslaug sagt og so hadde ho drege Helga med seg. Smaaungar! plent som Margot ikkje kunde lauga seg like godt som nokon av dei. Ho hadde daa mange gonger før vore med Helga – –

Det vilde ikkje gaa retteleg med byggjinga. Hus til Burmann fekk ho til paa det viset det var, men fjøset fekk helst vera enno ei stund. So godt som veret var kunde kyrne godt gaa i trøa òg enno. Ho fekk retta litt paa gardsleet, so – –.

Smaaungar – det song i øyro hennar Margot, smaaungar, smaaungar! Ho svelgde og 38svelgde, men klumpen i halsen vart berre større med kvart, og fjøset og trøa og heile garden flaut saman og vart berre skodde. Helga hadde aldri kallt henne smaaungar før, korkje henne eller Erik! –

Det kom nokon langsmed fjøra paa hi sida naustet. Margot høyrde dei prata og lo, det var nok Helga og Aslaug som kom att. Ho freista torka vekk taarone men det muna so lite, det kom berre fleir og fleir di meir ho torka og svelgde og hiksta til – dei vilde slett ikkje stana. Daa reiste ho seg og la i spranget heimover. Ho høyrde at Helga ropte etter henne ein gong, to gongjer, men dei skulde daa sleppa sjaa at ho gret lel.

Beint inni kammerset sprang ho og kasta seg aa gruve framfor sengbenken; ho grov hovudet nedi teppet og gret og gret. Aldri i livet vart ho glad meir, aldri; og naar ho berre vart sopass stor vilde ho reise langt langt vekk, so langt at Helga aldri fann att henne meir, so kunde ho leite og spyrje daa. So kunde ho trege seg og minnas. Men aldri vilde Margot koma att – ikkje før ho vart retteleg gamall. Daa kan hende vilde ho koma ein tur, men daa var det vel ingen som kjende att henne. – –

Men enn om Helga fekk buhunden likevel! Margot fekk daa sjaa han kvar dag lel og leike med han sumtid, eller so kunde ho 39og Helga slaa samen gardane sine, so trongte dei ikkje meir enn ein hund heller. Og so vart Helga god att kan hende, so braud ho seg ikkje so mykje om Aslaug lenger. – Enn om ho kunde faa det til slik! Graaten stilna med kvart, taarone rann ikkje so kjapt lenger, og livet var ikkje so reint vonlaust likevel. Margot kunde godt flytta garden sin bortaat Helga sin, so sette dei hundehuset i skilet og so vakta Burmann baae gardane. Det var helst det likaste; plent slik laag Nordbygardane òg vegg i vegg mest, men dei hadde ikkje noko hundehus, dei.

Ho fekk gaa nedaat naustet og snakke med Helga, eller best var det ho venta litt til Aslaug laut gaa heim. Ho vilde helst snakke med Helga aaleine. –

Det var ingen nedmed naustet daa ho kom dit og ingen aa sjaa elles heller. Berre Erik stod lengst uti fjøra og kasta flyndre. Daa han saag Margot hauka han:

«Eg har faatt til fire og tjuge flyndror i eit kast, eg, – du kan tru det gjekk fint. Kom og prøv du òg; eg har ein heil dunge med fin stein. Kom skal du faa.»

Men Margot vilde ikkje. Det stakk til so leidt med same ho saag at Helga var borte – so hadde ho vel vorte med Aslaug att daa! Men ho gjekk nedaat naustet likevel, ho kunde altid 40sjaa paa korleis dei kunde ordna seg. Og Helga maatte vel koma snart. –

– Burmann var ikkje i huset sitt. Det var det fyrste Margot saag. Og storoksen var borte vart ho var ei stund etter. Burmann og storoksen! det fanns ikkje maken til skjel i heile Vikafjøra om dei leita baade paa kryss og tvers, og no var dei borte! Korleis i all verda –?

Margot tenkte baade eit og anna, ho tenkte paa Erik, men trudde ikkje det var han heller, ho tenkte – nei, ho vilde ikkje tenkje paa Aslaug og Helga. Det kunde ikkje vera dei. At Helga skulde – – nei, tenkte Margot enno eingong, nei, dei er det ikkje; men dei kan hava gøymt skjela einkvar sta’n. Ho tok til aa leite, inni naustet og utom, høgt og laagt. Og fann aldri det slag. Nokon maatte hava teke baade hunden og oksen, men kven? Mistanken laag og lura inni tankane hennar, han laag liksom og kika fram kvar gong ho ikkje varde seg. Men at Helga vilde? Og so tok taarone til aa tipla og renna alt i eit att, og det var ingen som brydde seg med aa tørka dei av heller no. – –

«Margot, Margot, kom og hjelp meg med Blidros; kor er du henne, Margot, kan du ikkje koma daa?» Det var Helga som ropte. Margot svara ikkje. Ho sat og gret og reiv opp veggjer og tak og øydela gardan sin reint. 41Kva skulde ho med gard meir, ho var den usælaste vesle gjenta i heile verda; det var ingen som brydde seg om henne. Og no vilde Helga koma og gjera seg blid og smøykjen kan hende?

«Men sit du her? Kvifor svarar du ikkje naar eg ropar paa deg?» Helga kom heilt bortaat og fekk sjaa kva Margot heldt paa med. Ho tok i handa hennar og heldt att.

«Men kva er det du gjer? Kvifor riv du sundt? Margot, kan du ikkje lata vera daa? Og so sit du her og gret òg.»

«Det er det same for deg det.»

«Jamen kvifor gret du daa?» Helga sette seg og samla samen det Margot hadde rive opp. –

«Kvifor gret du, høyrer du?»

«Eg – du – du har teke – hunden du, so.»

«Hunden? Eg? Aldri i verda heller.»

Helga var so forfælt ho visste mest ikkje kva ho skulde segja. Ho tok til aa leita med ein gong. Ho gløymde reint at Blidros skulde melkas; ho snudde opp ned paa alt det ho kom borti, ho fekk Margot til aa hjelpa seg – og like lite hjelpte det alt. Dei fann korkje Burmann eller storoksen.

Tilslut laut Helga gjeva seg og det var berre med nauda ho ikkje gret ho òg.

«Det er ikkje eg som har teke hunden,» 42sa ho, «eg kan gjerne taka deg i hand paa det.» Og so retta ho fram handa si aat Margot. Og Margot visste at Helga sa sannt; naar ho hadde teke henne i hand paa det, so – – Men kven? Helga gissa og Margot gissa, dei prata og undras, og ein gong nemnde Margot Aslaug. Men daa sa Helga nei; ho var viss paa det kunde ikkje vera henne. Og Margot gav seg paa det. Det var mest det same og no, for no tykte ho mest ho hadde funne att Helga, og det var likare enn baade hund og okse. –

Ho stod og godsnakka og smaasong aat Blidros medan Helga melka; og kua stakk mulen sin borti neven hennar og sleikte so vel opp kvart eit saltgrann ho hadde havt med. Og imorgo skulde ho og Helga byggja garden sin ilag likevel hadde dei vorte einige om.

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.