Helga

av Sigrun Okkenhaug

Gravøl

Det var morgonen etter. Helga skulde inn i stova etter eit klæplagg til Margot. Daa vart ho staaande still nedmed døra ei heil stund. Stova hadde vorte onnorleis, ho var ikkje so ljos lenger — eller det var noko som vanta.

Ho saag mot komoden og — det var sant! Liv var ikkje meir. Liv. Paa nytt kom taarone.

Aldri trudde Helga ho vart retteleg glad meir; ingen ting var som før, ikkje var ho like eins sjølv heller. Det var mest som verda hadde snudd paa seg og var myrkare. Det var inga moro aa liva. — — — — — — — —

17Det var Margot som fann paa det. Ho sat ute i solskinet og grov i sanden og laga hage og hus. Og sanden flaut so fin og varm millom fingrane hennar og laga seg til dei forunderlegaste ting. Helga gav hønone mat; ho fekk Potifar til aa eta or handa si og godsnakka med han og lova han fint style att naar han berre var tolsam og snild.

Og Erik sat med bind kring kjaken og skjegla mot Potifar, men vaaga ikkje til aa segja noko; so visste han ikkje rett kva han skulde taka seg til med.

Daa saag Margot opp:

«Enn um vi heldt gravøl for Liv?» undras ho. —

Jau, Erik var huga med ein gong. Han vilde vera prest, let han.

Hmm, — Margot var ikkje so reint uhuga paa aa vera prest ho hell.

«Du,» bles Erik svivyrdslegt, «du er berre ei gjente du.»

«Ja — men —.» Margot kom ikkje paa noko aa svara til det. Ho var berre gjente.

«Du kan binda kransar, du,» meinte Erik.

Ja, det var ikkje verst det heller, sanna Margot med. So kunde dei leggja Liv i pappeska og pynte henne; og so skulde dei syngje og halde skikkelegt gravøl, sjølvsagt. Erik og Margot la planer og prata att og fram. Helga sa ingen ting.

18«Vil ikkje du Helga?» undras Margot endeleg.

«Jau, vi kan gjerne det; — men eg skal vera prest. Du, Erik, høver betre til gravar du.»

«Jamen du — du er daa berre ei gjente du òg.»

Helga kasta med nakken. Plent som det skulde gjera noko! «Trur du ikkje eg kan vera like god prest for det du daa?»

«Ja — au.» Erik var ikkje retteleg viss, men — naar Helga vilde vera prest, so var ikkje det til aa koma utom og so maatte han gjeva seg. Det skyna han snart. Og so var det Helga si dokke. —

Dei grov grav borti haugen atmed ei fin bjørk. Erik grov og Helga og Margot pynta Liv med hvite klæde og blomar. Dei batt kransar av raukoll og kvitkoll og pynta ikring med blaaklokkor og prestekrage.

Margot bar kista aat grava, og der stod Helga so aalvorsam som ein retteleg prest. Nokon spade hadde ho ikkje, men neven gjorde same gagnet.gagnet.] rettet fra: gagnet (trykkfeil)

«Av jord er du komen — til jord skal du bli — av jorda skal du staa opp att.»

Det let so aalvorsamt og høgtidelegt, so dei gløymde reint det var leik berre. Dei vart still alle tri.

Og so skulde presten halda talen. «Naar vi no samles her kring grava hennar Liv — —,» 19bynte Helga i messetone og med djupe rukkor i panna; men so vart det ikkje meir med henne. Med eit kom ho ihug at det var Liv som laag der i jorda. Den vene straalande Liv — ho som hadde vore beste venen hennar hittil. Og no hadde ho ikkje nokor dokke lenger.

So gret Helga i staden for aa halde tale.

Og Erik stod der heit og raud. Han skjemdes og han trega — og so vilde han ikkje vera ved det hell.

«Du er ein tosk til prest,» sa han tilslutt.

«No syng vi,» meinte Margot — ho var redd det skulde beras til aa slaas att. Og ho laut vel vera klokkar ho, naar det ikkje var nokon annan til det.

«Blaamann, Blaamann bukken min —,» bynte ho.

Helga tykte ikkje den songen høvde rett men ho sa ikkje noko, for ho kom ikkje paa nokon likare heller. Og den kunde dei alle.

Daa dei kom til «Gamle Lykle moder di,» var Helga med og song like hugheilt ho som dei andre.

Og daa grava var forma til og pynta med blomar sa Erik: «Eg skal finna ein fin stein i fjøra, eg, ein skinande kvit ein — — so sett vi opp den som gravstein.»

Daa smilte Helga og tykte det gjekk an 20aa liva lel — sjølv om Liv var død og gravlagd. Og so var det no berre fine klaare godveret òg!

Boken er utgitt av OsloMet

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Helga

Sigrun Okkenhaugs Helga kom ut i 1925 og er første bok i en trilogi om den pliktoppfyllende unge jenta Helga, som tidlig må ta ansvar for hus og småsøsken. Helga er sterk, utholdende og ansvarsfull.

Som i flere av Okkenhaugs bøker tematiserer hun i Helga fattigdom, sosiale forskjeller og forskjeller mellom by og land.

Les mer..

Om Sigrun Okkenhaug

Sigrun Okkenhaug debuterte med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919, og rakk å skrive totalt tretten bøker i forskjellige sjangere (noveller, romaner, artikler, dikt og skuespill) for både barn og voksne før hun døde allerede som 50-åring i 1939.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.