Bondestudentar

av Arne Garborg

Forord: Om teksten i denne utgåva

Norsk skriftspråk er nyare enn mange andre europeiske skriftspråk. Mange europeiske skriftspråk fekk nokolunde den forma dei har i dag så tidleg som med bibel-omsettingane på 1500- og 1600-talet. Truleg uttala ein orda den gongen nokolunde slik som ein stava dei – og framleis stavar dei. På engelsk t. d. må dei ha sagt noko i retning av «nikjt» og «knikjt» for dét som dei stava night og knight – altså natt og knekt på norsk. Men talemålet og skriftmålet har skilt lag. Skriftmålet har stått nesten stille – medan talemålet har utvikla seg vidare på sjølvstyr! Etterkvart sa dei «nait» både for night og knight – utan å rikke det aller minste på skrivemåten. Og slik har engelsk – og andre språk som dansk og fransk – fått stor avstand mellom talemål og skriftmål. Derfor kan engelske og danske og franske lesarar klare Shakespeare og Holberg og Moliere omtrent like lett som dei klarar samtidslitteraturen.

Men i Norge endrar skriftspråket seg; og det er talespråket som styrer og er normgrunnlaget – skrifta følgjer talen – så nokolunde i alle fall. Kvifor har det blitt så annleis i Norge? Det må vere fordi talemålet her hos oss vart til eit slags nasjonalsymbol i løpet av 1800-talet. I den nasjonsbyggingsprosessen vi måtte igjennom etter 1814, var det bare talespråket som var norsk medan skriftspråket var dansk. Det blei først avgjørande for Ivar Aasen og målrørsla, sjølvsagt; men også då dansken i Norge skulle bli til bokmål – i 1907 og 1917 –, så var det ei tilnærming til norsk tale mål som var aktuelt.

Slik gjekk det til at i land som Danmark og England og Frankrike har skriftmålet prestisje som nasjonal kulturarv – folk i kultur-eliten er stolte av skriftspråket sitt som nasjonalt klenodium. I Norge haustar nok den klassiske norsk-danske litteraturen frå 1800-talet nasjonal prestisje; men ikkje det språket som den er skriven på. Norske styresmakter har ikkje den same pieteten som vi ser i andre land overfor det nasjonale skriftspråket. For hos oss har ein heilt sidan hundreårsskiftet 1900 med ujamne mellomrom revidert skriftnormalane for både bokmål og nynorsk. Og ein hovudtendens har då vore at ein følgjer utviklinga til talemålet. Ein aukande avstand til dei litterære klassikarane er ei omkostning ein har godtatt – tydelegvis ut frå eit ønske om at skrift og tale skal stå nær kvarandre.

Derfor har norske ungdommar problem med norske klassikarar i originalutgåve – anten dei er på dansk, eldre bokmål eller eldre nynorsk. Både ortografi og ordval i den klassiske norske diktinga verkar framand og stengande for moderne lesarar. Forlaga våre freistar å bøte på dette ved å modernisere språket i klassikarane. Men då blir det etter kvart eit behov for at i alle fall fagfolka på det aktuelle området lærer å kjenne originalen. Slik teologar må kjenne latin, gresk og hebraisk, må norskfilologar kunne lese norske og danske klassikarar i original. Då må klassikarane vere tilgjengelege, og det er her denne serien frå Det norske språk- og litteraturselskap (NSL) kjem inn: Vi føreset at forlaga framleis marknadsfører moderniserte tekster for den lesande ålmenta, men at forskarar og studentar i høgare utdanning les originaltekstene. I kultursamfunn av vår type krevst det parallellutgåver av klassikarane – ei for den alminneleg interesserte lesaren – og ei anna for det akademiske studiet av teksta.

NSL ønsker altså å gjøre originalutgåva tilgjengeleg. Men kva er originalutgåva? Oftast tenkjer ein vel på den første prenta versjonen. Men mange forfattarar endrar tekstene sine i seinare utgåver. Kva for ei av dei skal ein då sjå på som originalutgåva? Mykje talar for at det er den siste utgåva frå diktaren si hand, som skal gjelde som den autoritative versjonen av det aktuelle verket. Diktaren har tenkt seg om – og meiner at den siste versjonen er den han vil skal leve etter seg. På den andre sida var det den første versjonen som vekte åtgaum, som vart meld i pressa, og som representerte noko nytt i litteraturhistoria. Og det er dette omsynet som har vore avgjørande for utgivingane frå NSL.

Denne boka presenterer altså originalutgåva av Bondestudentar. Men her er dette litt meir komplisert enn det er for dei fleste andre bøker. For denne romanen byrja å komme ut som føljetong i vekebladet Fedraheimen, som Arne Garborg redigerte. Det første kapittelet kom i nr. 22 og vart publisert våren 1882; så heldt han fram med å trykke nye kapittel i bladet til ut mot slutten av kapittel seks. Då hadde han i mellomtida skrive heile romanen ferdig, og sende manuskriptet til forleggjar Fr. Nygaard i Bergen. Så kom boka ut i oktober 1883. Men då hadde han gjort mindre endringar i teksten – først og fremst strykingar. For Garborg var den typen forfattar som aldri vart ferdig med tekstane sine. Og fordi han var populær, vart det stadig nye opplag og utgåver av bøkene hans. Og han retta og endra på eitt og anna i dei fleste. Så kva for versjon er den eigentlege Garborg?

Vi må også hugse på at Garborg var ein pioner som forfattar på det nye landsmålet; så språket var framleis under utprøving og utvikling. Han byrja å skrive landsmål i 1877, og frå først av la han seg tett opp til Aasen-normalen. Den følgjer han enno i 1880-åra. Men rundt hundreårsskiftet går han over til «midlands-normalen», som ligg nærmare målføra i fjellbygdene i Sør-Norge. Når då Skriftir i samling kom ut i 1908 og 1909, retta han alle bøkene sine til denne normalen. Mot slutten av livet nærma han seg Aasen-normalen att. Når det då gjeld Bondestudentar, reknar ein utgåva frå 1883 som førsteutgåva. Andre utgåve kom i 1885; og tredje utgåve var den som kom i Skriftir i samling. Det kom fleire i tiåra frametter, og etter kvart byrja også skuleutgåvene å komme – frå 1936 – ved Olav Midttun, Åsfrid Svensen og Sigbjørn Reime.

Den boka som blir presentert her, bygger på førsteutgåva frå 1883; dei passasjane frå Fedraheimen som han strauk i førsteutgåva, er tekne med, men berre i fotnotar. Men, som nemnt, Garborg heldt fram med å foreta endringar i dei seinare utgåvene – både i språket og i innhaldet. Språkleg går han altså sjølv over til midlandsnormalen i Skriftir, medan skoleutgåvene følgjer gjeldande normal for skolen på den tida den einskilde utgåva vart trykt. Når det gjeld endringar i innhaldet, er det stort sett strykingar han har foretatt. – Såleis er det i den boka som blir presentert her, ein kan finne den mest fullstendige teksten. Eit omfattande oversyn over dei strykingane han har gjort i Skriftir i samling, finst i Midbøe 1951: 121 ff.

Denne boka rettar seg i første rekke til litteratur-studentar. Derfor er merknadene redigerte annleis i denne utgåva enn i skoleutgåvene. Det inneber først og fremst at merknadene er færre og stuttare. Eg har gått ut frå at lesarane av denne boka har breiare generell historisk kunnskap – og større ordforråd – enn ein kan vente av vidaregåande-elevar.

Eg vil likevel streke under at eg har hatt stor nytte av skoleutgåvene. Særskilt har det vore nyttig å sjå kva for ord som ein i skoleutgåvene har vurdert som framande eller vanskelege. Ofte har eg nok likevel rekna med at mange slike ord har vore kurante for akademikarar og andre litt eldre lesarar. Derfor har eg latt vere å forklare mange ord som blir forklarte i skoleutgåvene. Stort sett har eg ikkje gitt kjeldetilvising ved ordforklaringar jamvel der eg sjølv har måtta slå opp; eg opplyser i staden her heilt generelt at i slike tilfelle har kjelda vore Norsk ordbok.

Dei historiske realkommentarane er i denne boka korte og konkrete. Eg gir ingen breie generelle oversyn over historiske og politiske rørsler på 1870-talet, men føreset at lesarar som ønsker det, sjølve vil finne fram til relevant faglitteratur. Særskilt har eg skore ned på det politiske stoffet.

Eg kommenterer historiske personar som blir nemnde i teksten. Men eg refererer ikkje kva Garborg ved ulike høve har opplyst om historiske modellar for dei litterære figurane. Likevel aksepterer eg som litterært relevant at bruken av levande modellar gir eit generelt inntrykk av «levd liv» – at ein opplever å komme «tett inn på» både det som skjer i fiksjonen og den historiske konteksten.

Jamvel om eg har skore ned på utgreiingane om politiske straumdrag og sosiale tendensar i perioden for handlinga, så har eg styrkt merknadene noko når det gjeld dei kyrkjepolitiske og teologiske konfliktane. Eg opplever motsetnadene mellom «dei vakte» og «dei folkelege» – altså Gisle Johnson-fylkingen og Grundtvigianarane – som tilstrekkeleg sentral til at den bør bli vektlagt i den tematiske analysen av verket.

12.06.2023
Gudleiv Bø

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.