Bondestudentar

av Arne Garborg

VI.

143Daniel hadde høyrt, at den munntlege Eksamen skulde vera lett; men daa det kom til Stykket, fekk han annat finna.

Han var laakt fyrebudd. Han hadde havt for mange Skular og for mange Skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar paa sin Maate. No stod han der med Hovudet fyllt av eit Kunnskapsbygverk, som ikkje var annat enn ei vid, vill Røys. Somt var ferdigt og somt var halvferdigt. Veggjerne stod og gapte og gleinglein] preteritum av glina: glinse paa lause, sviktande Grunnsteinar, og der var ikkje Samanheng i nokon Ting; for SkautarneSkautarne] fleirtal bunden form av skøyt, altså om to eller fleire stykke som blir skøytte saman naadde ikkje ihop, og dei ulike Bygningsplanarne skar kvarandre i alleslags Vinklar. Og so hadde Daniel havt for liten Hug til aa arbeida med sjølv.

So var der ikkje annat aa gjera enn aa lesa. Det galdt Livet no. Dei, som hadde hjelpt han fram, ventad at han skulde klara seg; og strauk han, vilde alle Vegjer stengjast. Det, ein ikkje kunde paa annan Maate, fekk ein altso kunna paa Pugg. Sidan, naar ein vart Student, fekk ein taka det heile uppatt fraa Grunnen av. –

Dag og Nott sat Daniel uppe i det myrke Loftet sitt og las, sveittad og las, las so han svimrad. 144Heile Verdi kom burt for han; han gløymde baade Sol og Jord, baade Heim og Himmel; han gløymde sine Kjenningar og Skyldingar; han gløymde seg sjølv. Og naar han ein Gong um Dagen gjekk ut for aa faa seg Mat, dreiv han gjenom Byen som gjenom ein stor, tom Draum. –

Hadde det endaa ikkje voret so varmt! Men August-Soli gjekk gjenom Himmelen som ein brennande Eld, og Lufti laag tung og heit som ein Eim yver Byen. Ute og inne var like fælt; den arme Guten var i Sveittelaug all Dagen.

Vaat um Halsen, kleissenkleissen] klissete paa Henderne, med tunge Dropar paa den bleike Pannen sat han og strævad; Flugur foor og song og surrad nerveskjerande inn mot Panne og Øyro, sette seg paa den vaate, nervøse Hudi, so det bivrad i Holdet, flaug og kom att, surrad rundt han i mindre og mindre Ringar, nærare og nærare, verre og verre, kom støytande inn mot Haaret, mot Skallen, mot Øyro med sin Helvites Surr og sine priklande smaae Klør, og Guten sveittad av Møda, fiktad hjelpelaust mot dei i Lufti, drap dei, naar dei heldt Brudlaup i Haaret hans, men var like nære, – og so las han. Men naar han ikkje kunde lenger for Trøyttleik og Hovudverk, og han lagde seg og vilde sova, daa laag han og vreid seg i tunge, kvævne Halvdraumar elder i vonlaus, pinefull Strid mot Flugesurr og smaae brennande Klør paa Nase, Hals og Hender.

Og Nætterne var lite betre enn Dagarne. Naar August-Soli hadde steikt ein heil Dag mot Taksteinarne 145yver Hovudet hans, var dei som gloande Jarn, og det laage Loftsromet heldt seg døynendedøynende] fuktig varme badstugevarmt til langt ut paa Morgonen. Og aldri surrad Flugedansen galnare enn um Notti, og aldri var Fluga sliaresliare] sli: slem elder Flugefoten saarare enn daa. –Fedraheimen: saarare enn daa. Men verre enn alt vondt var det aa vakna um Morgonen, vekkt av Solsteik og Flugesong. – Det var ei stor …

Det var ei stor Ulukka for Daniel, at naar han var ute i fri Luft, kunde han ikkje lesa. Der ute var der so mangt, som lokkad Augo og Tankar; han sat og glodde paa Tre og Blomar og drøymde um Berta Maria og Inga Holm og altslags Vas, og gløymde heile Eksamen. Lufti var fri og lett, fyllt med dirrande Ljos og Blenkjing, med Laat og Ljom og alle Slags Liv; Eksamenstankarne døydde i den som Smaatroll i Soli.

Altso sat Daniel inne, strævad og las, røykte, drakk Vatn og misste Mathugen. Dag for Dag kjende han seg armare; Dag for Dag maatte han stiva seg upp paa nytt. Og di meir han las, di meir totte han han hadde etter.hadde etter] hadde igjen

Ein Dag raakad han Sven Dufva paa Gata og jamrad si Naud for honom. Sven Dufva sagde, at den beste Raad var aa drikka Kinavin. «Den brukar eg», sagde Sven Dufva, «og den baade kveikjer og styrkjer.»Fedraheimen: … og styrkjer. Det er Jarn og Kinin, maa De vita.» – So kjøpte … So kjøpte Daniel Kinavin. Og naar han vart altfor trøytt og arm, drakk han av den, og totte han vart betre.

Det var ein lang Strid. Var ein ferdig med eit Fag og hadde leset seg mest trotentroten] oppbrukt; utslitt paa det, so kom næste Faget, som var likso vrangt, og i Selen maatte ein paanytt. Det røynte nok for Aalvor paa Helsa 146no, og um Notti, naar Daniel laag og ikkje fekk sova, fordi Hovudet verkte so vondt, og Flugurne surrad, og alle dei grammatikalske Reglarne dansad i Hausen og bankad og hamrad som «Timbremenn» etter ein Rus, – daa kunde det henda, at Guten flaug upp i skjelvande Rædsla og trudde han skulde verta galen. –

Og han, som hadde voret so glad paa Russedagen, og trutt, at det verste var yver daa! – Han hadde ikkje visst, kva som fyrestod. Og han hadde ikkje visst, at Russelaget var ein Test for den sanne Russen, men ikkje for slike, som braut seg inn i det akademiske Riket Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk, og som hadde sovet seg fram gjenom ein paaliteleg offentleg Latinskule, slapp igjenom det munntlege nokonlunde lett; for baade maatte ein gaa ut ifraa, at slike Gutar visste litt, og dessutan var det i Grunnen det skriftlege, det kom an paa i dette Landet. Men Fabrikk-Russen hadde Universitetet ein naturleg Mistanke til. Det var Folk med ukjende Namn, Folk, som tidt saag svært lite akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn i dei heilage Hallar som Tjuvar og Røvarar gjenom ein galen Port, – og slike Karar maatte ein sjaa paa Tennerne. Der var all Grunn til aa tru, at dei foor med Fusk og vilde snyta seg inn i Visdomsriket; og der vart tilmed skrivet mot dei i «Den gode Borger». Dei var, som ein i seinare Tid vilde ha sagt, akademiske Myrmenn.Myrmenn] dei som kjøpte seg ein verdlaus jordlapp for å få røysterett (røysteretten var på denne tida reservert for menn og då berre for embetsmenn eller menn som åtte jord eller eit privat firma); «akademiske Myrmenn» må vera menn som snik seg til ein akademisk posisjon som dei ikkje var meinte å ha Dei var Kamelar, som skulde gaa gjenom eit Naaleauga; og mange strauk, anten fordi dei var Kamelar, 147elder fordi Naaleaugat var altfor trongt. Og det hende nok meir enn ein Gong, at «Gammeln», naar Eksamen var slutt, vart gjestad av ein Universitetsgut, som skulde helsa og segja, at «Hr. Bestyraren hadde tapt sin Demissjonsrett.»Demissjonsrett] demisjon: avvising; bortvising; utkasting Men daa kunde det og henda, at Gammeln paa ein svært tydeleg Maate viste Guten, at sin Demissjonsrett hadde han ikkje tapt, – kor det no kunde vera med Dimissjonsretten.Dimissjonsretten] dimisjon: sleppe nokon fram til eksamen

– Fabrikk-Russen, og Daniel med dei andre, vart bleikare um Nebben for kvar Dag, som gjekk, og den eine etter den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein i den Bakken og ein i den, liksom trotne Soldatar paa ein Feltmars. Men Fabrikk-Gutarne hadde ikkje Lov til aa vera sjuke helder; – ingen trudde paa Sjukdomarne deira. Professorarne drog paa Akslerne; Russen lo. «Han er sjuk i Matematikk», sagde dei; «han hev vondt i Græsken.» Og i «Den gode Borger» stod der skumlande Stykkje um, kor rart det var, at det just skulde vera Fabrikk-Russen, som var so sjukleg i Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg nokso godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke. Daniel tenkte sterkt paa aa melda seg sjuk, han med. Men so raakad han Sven Dufva ein Dag i Vestibylen. Sven Dufva var utrulegt bleik, og dei store rædde Gaselle-Augo stod i Hausen hans so kvite og stive som Klinkenaglar. «Men Herre Gud, De er ikkje frisk!» sagde Daniel forstøkkt. Sven Dufva riste paa Hovudet. «De maa til Doktoren og faa Attest!» heldt Daniel fram. Daa stirda Sven Dufva 148paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg yver Andlitet hans. «Nei!» sagde han med sitt Basun-Maal, «det gjer eg aldri!» Og daa Daniel vilde vita Grunnen til dette, sagde Sven: «Det skal ikkje De helder gjera. Dei trur oss ikkje!» Og den raude Skuggen kom sterkare att, og vart liggjande.

Daniel forstod Guten. Han vart skamfull og tenkte, at Sven Dufva hadde Rett. Og daa han sidan talad med Haugum um det, sagde denne det same. Haugum kunde dessutan fortelja, at naar ein lagde seg sjuk, vart ein sidan eksaminerad so mykje strengare, so det i alle Maatar var best aa halda ut. Daniel drog ein tung Sukk og sagde, at han fekk so gjera, naar der ikkje onnor Raad var.

Men paa Slutten kunde han ikkje lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimrad det for han. Ikkje torde han drikka Kinavin helder lenger, for Haugum hadde sagt, at det var faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei Von um aa faa Laud;Laud] forkorting av laudabilis: ros-verdig. I tillegg til dei latinske nemningane var det tallkarakterar – med 1 som høgaste karakter og 6 som lågaste. Under laud’en var det haud (haud illaudabilis): ikkje urosverdig; ikkje så verst. Og under haud var non (non contemnendus) lågaste ståkarakter: ikkje å forakte. for han hadde gjort det godt i dei fleste Fag, og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1. Men no fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggja Laud’en hans i alle Tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk. Han forstod ikkje dette; men det kom seg væl av, at han no som altid visste meir, enn han i Grunnen visste, naar han sat under Eksamensklemma.

No var han trygg paa Laud. Han gjekk og 149huggad seg med aa tenkja paa, kor glade dei skulde verta, dei, som hadde hjelpt han fram, og som ventad, at han skulde gjera det godt, – og kor staut det vilde vera aa kunna skriva til Inga Holm: «Student med beste Karakter.»

Men so gjekk det galet i Historie og Geografi, – dei einaste Fag han kunde. Til Eksaminator fekk han ein gamal Vrangpeis, som spurde um alle Slags Ting som ikkje stod i Boki, og spurde paa slik ein underleg og urimeleg Maate; og til Censor fekk han sin gamle Historielærar fraa Latinskulen, Robert Djevelen. Dette siste var det iser, som gjorde Guten fortumlad. For Robert Djevelen var han baade rædd og bljug, og daa so Professoren gav seg til aa vera vrang, kom Daniel utav det med ein Gong. Han svarad burti Hytt og Ver og stod stundom reint fast, og Enden var, at han fekk 3, 3 istadenfor 1,1. Dermed var Laud’ en sprungen, og Daniel stod der som ein vaat Hund.

– Han kunde ikkje forstaa slikt. Det var ei Rangvisa so yver all Maate! Vera so nære ved Laud, og so ikkje faa det; – og falla paa dei Fagi, han kunde best! Kunde Vaarherre tillata slikt? – Han stod lengje utanfor Døri og liksom ventad paa, at Professoren skulde koma ut og segja, at det var eit Mistak. For det gjekk ikkje an slikt. Væl hadde han gjort det mindre godt i Dag; men Censor – Censor visste, at han kunde Historie, og Vaarherre vilde hjelpa til … Der var daa væl Rettvisa i Verdi! Skulde ein Mann lida Skade paa kanskje 150heile si Framtid, fordi ein gamall Surpose av ein Professor var i Ulag? Det gjekk ikkje an; nei, det kunde ikkje gaa an!

Men Daniel fekk sjaa, at det gjekk an. Professoren og Censor kom ut – og gjekk sin Veg. Dei saag ikkje paa han ein Gong. Dei syntest hava det beste Samvit. Og Robert Djevelen gjekk og smiskad for Professoren, smiskad og smilte og gjorde seg lækker, lækker som ein Fleskebog.

Daa kokad det upp i Daniel eit etande Sinne, og han sagde for fyrste Gong i sine Dagar «Fanden.»

Heimyver drog han, harmad seg sjuk. Han skulde havt Laud! Han hadde det i Grunnen! Med Gud og Retten skulde han havt det, – og so fekk han det ikkje. Var like ved det, hadde det, aatte det, – og fekk det ikkje. Hadde han berre ikkje voret so nære ved det! Og hadde ikkje Historie og Geografi voret hans beste Fag! Han forstod ikkje slikt; han forstod ikkje, at slikt kunde henda! No skulde han gaa i heile sitt Liv og hava Haud til Artium, og det fordi … i Grunnen fordi han hadde havt Robert Djevelen til Censor.

Han slengde Bøkerne i femte Veggen og sparkad etter dei. So sette han seg trøytt og leid ned paa ein Stol og seig burt i myrke Tankar.

Men rett som han sat, trappad han i Golvet. Han kunde ikkje koma fraa dette harmfulle Minnet, at han hadde voret so nære paa aa faa Laud, og so ikkje fengje det. Han kunde ikkje eingong vera glad, fordi han var ferdig. Denne Dagen hadde han 151lengtat etter so saart og so lengje; – Dagen var komen; men han tenkte ikkje paa aa vera glad. Han hadde berre ein Tanke, og den kunde han ikkje koma ifraa: at han hadde fenget Haud istadenfor Laud, fordi han hadde havt Robert Djevelen til Censor.

Han gjekk ut for aa finna Folk. Ingen var heime. Ei tung Modløysa tok Guten; han totte han var so aaleine. Kammeratar aatte han, men ingen Ven; ikkje eingong Berta Maria brydde seg um han; for hadde ho gjort det, so hadde ho ikkje voret so mykje ute um Sundagskveldarne. Han var ein Fatikmanns Son og hadde Fatikmanns Lukka; og naar det leid av ei Stund, so kanskje svalt han ihel, elder maatte gaa paa Arbeid. –

Han hadde skrivet til Jens Bakke etter eit Tilleggslaan paa 100 Dalar «for aa kunna taka Andre-Eksamen i ein Fart;» og han hadde tydeleg forklarat, at det vilde vera til Bakkes eigen Bate.Bate] nytte; fordel Men vilde den Moldtrælen forstaa dette?

Og han, som hadde tenkt aa fria til Inga Holm, naar han vart Student! –Aa jau. Ein Student med Haud, utan Pengar og utan Voner, det skulde verta Friar, det! Daa kunde Hønsi paa Klokkargarden kakla og gjera Narr av han, og daa var det vandt,vandt] her: lite truleg um gamle Klokkar Holm baud han med seg til Middags.

Dei gamle hadde sagt, at Fatikdom var Synd. Det var ei avstyggjelegavstyggjeleg] fælsleg Lygn. Fatikdom var ei Ulukka, – den verste og tungste Ulukka paa Jordi. –

152– «Goddag, Braut!» sagde Aslak Fjordan; «oh oh! du gjeng ikkje fort, du!» Daniel skvatt upp: «Goddag, goddag! – Naa, kor langt skal du?» – Aa, Aslak skulde berre upp til sin gode Ven Student Hærland og faa slaa i seg det grøvste av Syntaksissen, sagde han. Det var slik ein Traavar i Latin, den Hærland’en; og i Morgo skulde Aslak upp i Latin, men kunde – hoh-oh-oh! – kunde, forsyne seg, ikkje det Grand. Huff, det var ein fæl Bask, denne Eksamen. I Græsk hadde han voret sjuk som dei andre Non’istarne, og i Arithmetik hadde han 6, so han maatte kontinuera; det gjekk til Dunderen med heile Svarvestolen,Svarvestolen] eigentleg ein dreiebenk, men heile Svarvestolen er vel her ein metafor for «heile greia», d. e. eksamen meinte han.

Uheppen hadde han voret fraa fyrst til sist og voret ute for altslags Fanteskap av Professorarne. «Ja, enn eg daa?» sagde Daniel. «Hoh-oh-oh! men i eit Fag var eg heppen!» heldt Aslak fram, «og det var i Historie.» – «Just der var eg …» – Hoh oh-oh! ein skulde aldri høyra slikt! Aslak hadde sleget upp – reint blindt – sleget upp tri Stader i Verdenshistoria, og lært dei, og meir Historie kunde ikkje han! Daa han so kom upp, fekk han – plent dei Stykki, han hadde sleget upp; og han hadde fenget 1 i Historie, hadde ikkje den Tullebukken den Professoren komet toskande med den franske Revolusjonen, som Aslak ikkje kunde det Slag av. No fekk han 2; men den Karakteren kom kanskje endaa til aa berga Eksamen for han.

Aslak lo og fortalde, so han kom i Godlag, og so kunde ikkje Daniel helder stura lenger. Han 153fortalde um sin eigen Historie-Eksamen, og det lettad svært aa faa snakka ut. Det gjorde merkjeleg godt aa koma ut i Lufti og Verdi att for den, som hadde voret so lengje bokteken, og den Tyngdi, han hadde kjennt som ei vond Klemming yver HeileHeile] hjerne og Bringa, losnad og lettad som Skodd yver Skogen.

Daa Aslak fyrst var komen paa Los, hadde han ei Mengd av Eksamenssogur. Og Daniel vart heiltupp modig av aa høyra, at so mange hadde voret kleinare enn han. Tilslutt spurde Aslak, um Daniel vilde vera med upp til Hærland. Den Hærland’en var ein merkjeleg Kar, sagde han, ein stor Latinar og ein forbannad Filosoff, men snild Gut likevæl; Daniel heldt alt paa aa svara ja; men so flaug Aslak. Her var ikkje Stunder i Dag, sagde han.

Daniel ruslad utetter Vegen og var ikkje ille i Lag. Det var daa ein god Ting aa vera ferdig, og naar alt kom ihop, hadde han visst voret likso heppen som mange andre. Her ute var fritt og fagert. Augustlufti laag fin og blaa yver Eng og Skog, tindrande rein, med haustdjupe Skuggar. Det var so klaart, og alle Kantar so godt synte, at ein kunde skilja Tretopparne langt uppe mot Himmelsyni. Akersbygdi laag bleiknande og ven med sine Aakrar og KjelvurKjelvur] enger millom Lundar og linde Bakkedrag, og lengst nede glinsad Fjorden innunder Oskarshall, kvit i den sterke Solglimen. Men Fjellgarden i Vest drog seg i mjuke, fine Byljedrag gjenom den solklaare Lufti som yndefull, kraftig Plastik.Plastik] formkunst

Daniel saag, at dette var fagert; – han hadde 154voret so lengje ifraa det. Og Lufti her ute var som Champagne; ho gav sin Mann Mod. Skulde han vaaga seg til aa fria? Elder skulde han drygja, til han hadde Andre-Eksamen?Andre-Eksamen] examen philosophicum, førebuande prøver

Ein sann Student burde vera trulovad. Og det var vondt aa vera so aaleine i Verdi. Ingen var sæl, som ikkje aatte eit varmt, trufast Hjarta, som med kjærlege Tankar kunde fylgja han i all hans Strid; og ein Student utan Kjærast var som ein Dansemeistar paa ein Fot. Berta Maria, stakkar, ho var snild og god; men ho var berre Tenestgjenta; det var Idealet, ein maatte naa; – den, som berre hadde havt Laud … elder Pengar.

Han gjekk og grublad paa dette, til dess han endeleg kom til Lags med seg sjølv um, at dersom Jens Bakke sende Pengar, so vilde han fria; men dersom Jens Bakke ikkje sende Pengar, so fekk det vera til ein annan Gong. –

Han skulde just til aa siga ned i sine Pengesorger att; men so hugsad han, at ein sann Student burde ikkje tenkja paa Pengar. Det var poetiskt aa vera fatik; ein sann Student skulde liva for Ideen og lata Kræmarar og Bønder syta for Mynt og Mat. – Han maatte hugsa paa, at han var Student! Han maatte ikkje gaa her og innbilla seg, at han var Skulegut og Bonde enno! –

Drøyma um sine Framtids Voner skulde han, – um det Arbeidet, han vilde gjera … Det, som gjorde Studenterlivet idealt, det var i Grunnen dei store Draumarne.

155Kapellan Hirsch, og dei andre, som hadde hjelpt han fram, maatte ikkje koma til aa trega paa det, dei hadde gjort. Og Haugum, og Rud, og Kristian Bliland, – dei maatte ikkje koma til aa tru, at han var ein Matstrævar elder Filister.

I Grunnen burde han verta Folkehøgskulelærar liksom Kandidat Meier. Dessverre, – han maatte vera Prest; men so fekk han vera ein Prest slik som Kapellan Hirsch, og hjelpa fram unge Folk, som kanskje kunde gjera meir godt enn han sjølv var Kar til. –

Med ein Gong hugsad han, at han hadde gløymt aa tinga seg Duskeluva. Daa snudde han og gjekk til Byen att so snøgt han kunde. Det var best aa vera trygg. Enno kjende han seg ikkje Student, og ikkje saag han ut som Student helder; men naar han fekk Duskeluva, og so Borgarbrevet, so skulde nok det greida seg. –

– Immatrikuleringsdagen kom.

Daniel Braut drog paa seg sine svarte Klæde og sette med Andakt Duskeluva paa Hovudet sitt. No var han altso Student. Med bankande Hjarta gjekk han framfor Spegilen. No hadde han naatt sitt store Maal; no vilde han sjaa seg sjølv. Han ventad ei Forvandling.

Duskeluva sat ikkje rett; han drog henne meir ned mot det eine Øyrat. Men endaa sat ho ikkje rett. Han drog henne ned mot det andre Øyrat; men det hjelpte helder ikkje. So sette han henne midt paa Skolten; – like nære. Han prøvde paa 156andre Maatar, sette henne lenger bak, elder lenger fram, litt meir paa Skakke, litt mindre paa Skakke; men det nyttad ikkje. Duskeluva sat ikkje rett. Ho syntest ikkje høva for hans Hovud.

Daniel kolnad, der han stod. Han freistad paa alle Vis; han lagde Dusken bak, han lagde Dusken fram, han lagde Dusken midt paa Aksli; men det nyttad ikkje. Det vart ikkje den rette Svingen. Og Frakken, – Frakken sat, som alle Frakkarne hans hadde sitet; han saag ikkje ut som Student; han var ikkje Student; – han var ein forklædd Bonde.

Bleik og motfallen stod han og glodde paa seg sjølv i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so framand. Det breide, godslege Andlitet hadde vortet langt og magert, Munnen var tjukk og dum, og Augo, som eingong hadde voret so klaare, hadde krympat seg ihop og vortet raudsprengde og matte, med sjuklege, tunge Kvarmar.Kvarmar] augnelok Men Akslerne var gruve og liksom nedtyngde, so han maatte strekkja seg upp, naar han vilde naa si fulle Høgd. Det var eit annat Syn, han hadde set i sine Draumar, naar han hadde tenkt paa seg sjølv som Student, og kald um Hjartat og med djupt svikne Voner ruslad han avstad til Universitetet for aa taka imod eit Borgarbrev, som han no knapt brydde seg um.

Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge Bystudentarne, som kom strjukande so fine og lette som Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt, som ho skulde vera støypt til dei, kjende han 157seg som ein framand i dette Laget. Han hadde berre ei Trøyst, og den var skral: dei andre Bondestudentarne bar for det meste Duskeluva likso daarlegt som han. –

Festsalen var full av svartklædde, bringekvite, fine Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla. Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte, at han kom som ubeden Mann til Gjesteboda, og det kom for han, at dei fine Herrarne saag med Uvilje paa Bondeguten, som vilde trengja seg inn i eit framandt Lag. Med det same han hadde sett seg, byrjad Festsongen. Det ljomad so vent i den høge Hallen. So modigt, so fast, so trygt. Daniel styrktest, og han sagde til seg sjølv: du hev Rett til aa vera med; du er Student! Og han drøymde sin gamle Draum um den høge Ideal-Himmelen, fyllt av Sol og marmorkvite Guder, der ingen kunde koma inn, utan han kunde Latin. –

Det fekk vera som det kunde med Duskeluva; men det var godt aa ha bergat seg her inn i desse reine, rolege Hallar millom Aandens Stormenn og Ideens Presteskap; det var godt aa ha bergat seg her inn fraa all Raaskapen og all Aandløysa der ute. «Helligt, helligt, helligt er Studentens Kald!»«Helligt, helligt, helligt er Studentens Kald!»] tekst av Andreas Munch (1811–1884) tonad det fraa Songarlaget i klaare, store Harmoniar, og Daniel song i sitt Hjarta med. Han lyfte i Andakt sine Augo upp mot Takfrisen, og der saag han Gudarne, dei gamle klassiske Gudarne, staa og tenkja og grunda, støypte i Gips. –

Det var Professor Darre, som heldt Festtalen. 158Han lagde iser ut um, at Vitenskapen ikkje maatte vera nyttig. Vitenskapen hadde sitt Maal i seg sjølv. Tilslutt kom det eit Par av Tankarne fraa Russetalen, og so sluttad Professoren med ei Lovprisning av det sanne og ideale Studenterliv.

Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sannt og so godt. Men daa Professoren kom til det ideale Studenterliv, tenkte han med seg sjølv: gjev Jens Bakke vilde senda Pengar.

– So skulde dei nyfødde Aandens Adelsmenn fram og faa sine Borgarbrev og avleggja Lovnaden. Det vart ei lang Mynstring. Dei fleste var Bystudentar, Folk med store, plattyske Namn og med dette serskilde, fine Lag, som Daniel hadde undrat seg yver i alle sine Dagar. Men ender og daa kom det trampande ein homo novus,homo novus] eigentleg: ny mann; her: eit menneske som ikkje høyrer til ei av dei store og velkjende ættene ein Aslaksen elder ein Bragestad, og Daniel saag med veksande Uro, kor lett det var aa kjenna dei fraa dei andre. Dei hadde ikkje Svingen. Brevi sine tok dei imot med stive keivhendte Tak, og innbillte seg, at dei bukkad, men det vart berre ein Rykk i Nakken; og andre tverbøygde seg, som dei skulde gaa av paa Midten. Daniel vart mindre og mindre, der han sat; no skulde han fram. «Hr. Daniel Olsen Braut!» – Han dukkad upp, steig fram so godt han kunde, samlad ikkje klaart, saag berre halvt upp; heile Salen laag i Skodd og Susing, og endaa var der so uhyggjeleg stillt; kvite Kragar og Andlit lyste utydelegt fram or Skoddi liksom store, matte Augo, som 159glodde; i ein Benkekant snaavad han; det gav eit Brak; so steig han tvo Stig fram paa Tærne, fekk Tak i Brevet paa Maate og Vis, innbillte seg, at han bukkad, men det vart berre ein Rykk i Nakken, – og so attende til Plassen sin, krylande og sveitt, men glad, fordi det var yverstridt. Likevæl varde det ei Stund, fyrr han torde sjaa upp; han var rædd, Folk sat og glodde paa han og flirde.

– Daniel tok til aa tenkja, der han sat. Han minntest Dølen og hans Hunnar og Vandaler; – skulde Dølen ha meint dette aalvorlegt? Naar ein av dei plattyske kom, var det, som det skulde vera ein annan Nasjon. Det var ikkje altid sagt, at dei var fagre; det var ikkje eingong sagt, at dei førde seg godt; dei kunde vera stygge som Arvesyndi og keivelegekeivelege] klossete som Trehestar, – og likevæl! Likevæl saag ein, at dei var «Herrar». Dei hadde i all si Ferd nokot trygt og sjølvbyrgt; dei hadde dette, som Horats kallad frons urbana,frons urbana] direkte omsett: by-panne; her: ein metafor for overklassefolk med usvikeleg etikette og sosial arroganse og dette var kanskje, naar alt kom ihop, det sanne Daningsmerket. Var dei fødde med dette? Var det nokot, som ein maatte vera fødd med? Var det ikkje sannt, at me alle var like av Naturen, og at det ædle og høge føddest likso ofta i Hytta som i Borgi? Skulde Vaarherre ha stelt det slik, at dei, som var fødde i Rikdom, dei fekk alt godt, men dei, som var fødde i Armod, maatte bera Merket av det alle sine Dagar?

Daniel vilde ikkje tru dette. Vaarherre var ikkje slik; – fraa hans Haand var Alle like. Var der 160Skilnad, so kom den av, at Folk vaks upp under ulike Vilkaar; men det jamnad seg med Tidi.

Og so hadde Bondegutarne Krafti, som Dølen hadde sagt. Som dei her kom huskande, tunge og aalvorlege, med digre Aksler og sterke Kjakar, some smaae og tettbygde, andre staute og store, saag dei ikkje ulikt ut til «Søner av Fjellet». –

– «Helligt, helligt, helligt!»«Helligt, helligt, helligt!»] frå diktet «I Sønner af Fjældet» av Henrik Wergeland (1808–1845) ljomad det for siste Gongen. Daniel hadde vunnet yver sine tunge Tankar. No var han med Gud og Retten akademisk Borgar, og no vilde han vera glad – so lengje han hadde Pengar.

– Han fylgde Haugum og Jens Rud til Kafé nasjonal. Dagen maatte «merkjast». Ein heil Flokk hadde samlat seg i Kafeen, og dei heldt Fest med Talar og Øl. Det var det ideale Studenterliv, som byrjad i Dag, tenkte Daniel; og der vart Idealitet nok, Festtale-Idealitet i Foss og Flaum. Dei gamle talad for dei unge og dei unge for dei gamle, Bystudenten Møller talad for Bondestudentarne og Hans Haugum for Bystudentarne, – det vil segja for dei Bystudentarne, som hadde Frisyn og Vidsyn nok til aa slaa Lag med Bonden; dertil svarad Bystudenten Møller med ein stor Tale for Bondefolket. Bonden var Fortidi og Bonden var Framtidi; Bonden sat inne med Fedra-Arven, og Bonden sat inne med Framgangstankarne; Bonden var Krafti, Bonden var Mergen, Bonden aatte Landet, og Bonden vilde bera det fram. Skaal! Leve! Hurra, Hurra! Daniel drakk Øl og totte det stod godt til. Han hadde ikkje 161visst, at Bonden var slik Kar; men naar ein Bystudent sagde det, og naar Folk som Hans Haugum og Jens Rud samtykte i det, so maatte det vera sannt; og daa var det staut aa vera Bonde. Han gjorde seg ein Sving burtum Spegilen og saag, at Duskeluva ikkje sat so ille endaa. –

God og mett ruslad han heim. I Morgo vilde han skriva Friarbrev. Jens Bakke sende nok Pengar; og sende han ikkje, so vart der væl ei Raad. Verdi var god og glad, og Folk var so snilde. –

Daa han kom upp paa Hybelen sin, var der reinskurat og steilt som til Helg. Stakkars Berta Maria, det hadde visst ho gjort til Æra for Dagen. Berta Maria var ei bra Gjenta. Han burde vera snildare mot henne heretter, enn han hadde voret; ho fortente det. Stakkar, ho hadde voret so bleik i seinare Tid; bar ho kanskje i Løyndom paa ein Elsk, som ho visste var vonlaus? –

Tung og trøytt lagde han seg paa Sengi og seig inn i ølvarme Draumar. Fyrr han visste av det, sov han, og sov heile Notti som ein Hest. Daa han vaknad, hadde han vondt i Hovudet; men det gjorde ingenting, det høyrde med til det ideale Studenterliv.

– Tunge, ukjende Stig kom stabbande; Døri gjekk upp, eit framandt Kvinnfolk kom inn med Kaffien. Det var eit digert, raudt Gjentebeist, skakkmynnt og med Rottetenner; rund var ho i Ryggen og skeiv i Mjødmerne.Mjødmerne] hoftene Daniel stirde, som han ikkje visste, kor han var. «Vessgo!» sagde Gjenta. «Aa saa skulle jæ høre, om Dere ska ha kjøpt noe i Byn 162i Da; jæ er den nye Pika.» «Jaso», sagde Daniel, han var grovmælt etter Ølet; «kor hev det vortet av den gamle?» «Hu? he-he, hu fikk Forfall, som dom sier. Hu er reist.» Daniel kjende, at han bleiknad. «Forfall?» sagde han. «Ja–a. Ja dæ er ikke noe, som jæ bryr mej om aa snakke om, kan Dere vite; men slik gaar ‘e, naar e’ Pike ikke passer sej! Hu kunde ha holdt sej fra dom Soldaterslaska, vel, og holdt sej orntli, hu som andre Piker! Men d’er ‘ke noe for mej aa snakke um da, skjønner Dere.»

Student Braut kom ikkje til aa skriva Friarbrev den Dagen. Han kom ikkje til aa skriva Friarbrev den næste Dagen helder. Han kom i det heile ikkje til aa skriva Friarbrev. Derimot sagde han upp Romet sitt og flutte til eit Kot i Fredensborgveien. Han kunde ikkje halda ut aa bu paa den gamle Hybelen sin, og iser kunde han ikkje halda ut aa sjaa, den nye Gjenta.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.