Bondestudentar

av Arne Garborg

XII.

292Joli var lang og strid. Det gjekk med Toddygilde og Matlag Dag etter Dag Bygdi rundt, og Nattevaking og Dans innimillom; det var ei Turing, som Daniel ikkje hadde set Make til, og Endre Storr sagde paa sin Maate, at det var «Villmannen, som rasad». Han og dei andre Bykararne heldt hellest ikkje lengje paa; dei drog til Byen att strakst yver Joledagarne.

Men Daniel totte det stod godt til. Dei fine Herrarne hadde voret høflege mot han sidan, og han var stød paa, at dei ikkje «visste nokot». Og Joleturingi kunde vera so strid ho vilde, den skulde han altid klara. Han var som i Himmerike no mot ifjor dette Bilet, daa han gjekk der inne i Byen og svalt. –

Kor godt han likad det Festlivet, dei her førde, fekk han i Grunnen best vita, daa det tok Ende. Det var reint vondt aa gaa i Veg att med Striskjorta og Havrelefsa, og daa han fyrste Gongen skulde til med Smaagutarne og høyra dei i tysk, var det so han kunde rømt til Skogs, so leid var han. Aldri i Verdi heldt han dette Strævet ut; han kjende det so væl, baade den Dagen og sidan.

Ei Gleda hadde han, og det var den, at Skjegget 293hans tok seg godt upp. Og so var han visst i det heile meir sjølvstendig no, enn han hadde voret. Han hadde ikkje lenger slik Vyrdnad for Proprietæren; og den munnsterke Endre Storr hadde ikkje kunnat rikka han i hans gamle Tru paa Aand og Ide. Han hadde ein Dag vaagat seg i Ordkast med denne Mannen. Vilde Grosseraren vedstaa den Setningen – hadde han spurt –, at det berre var dei rike, som kunde vera upplyste? Til det svarad Grosseraren ja, og han hadde Autoritetar for seg, Tenkjarar, «som Hr. Kandidaten naturlegvis kjende likso godt som han»; ja det var ikkje fritt for, at han hadde Grunnar. Det var ikkje Daniel, som vann i den Striden. Men han visste, at Storr hadde Urett; Grunnarne fekk han tenkja ut sidan. Storr hadde Urett i det heile. Det, han foor med, var paa tvers mot alt, Daniel hadde høyrt og lært; heile Samfundet, fraa Kapellan Hirsch til Dølen, fraa Professor Darre til Fram, vilde samrøystes fordøma slik Materialisme.

So var Daniel helder ikkje so bunden av sine gamle Autoritetar no som fyrr. Han hadde lært aa skyna, at det ikkje var Gull alt, som glimad. Naar endaa ein Mann som Folkehøgskulelærar Meier kunde vera ein Egoist og ein aandeleg Næringsspekulant, so var det ikkje godt aa vita, kven ein skulde tru; «Den gode Borger» laug kanskje mindre enn Folk tenkte. Kven kunde t. D. vita, um sjølve Kapellan Hirsch var slik ein Mynstermann, som han galdt for? Hadde han ikkje ein Gong reist ifraa ei god Gjerning, fordi han ein annan Stad kunde faa eit Par Hundrad 294meir i Aarsløn? – Nei, nei, um Hirsch vilde ikkje Daniel tenkja slikt. Men dei andre, – kven kunde ein lita paa av dei andre?

Av Fru Lovise hadde han høyrt, at Kjærasten til Hans Haugum skulde vera ei Gjenta paa sine 10,000. Kven skulde ha tenkt, at Haugum hadde slik Sans for Pengar? Og kven kunde vita, um ikkje han for dei 10,000 Dalarne hadde selt og sviket – sin Ungdoms Ideal? – Men Fru Lovise hadde sagt, at Haugum var ein Mann, som hadde Lukka med seg.

Hm ja, paa ein Maate. Det hadde ikkje voret ille, um Inga Holm og hadde voret rik; det hadde voret ein greid Maate aa komet ut av Armodsdomen paa. Elder … elder … um ein hadde havt eit annat Ideal. Det var i Grunnen dumt aa binda seg til nokot visst, fyrr ein var so gamall, at ein kjende Verdi.

Han tottest tydeleg forstaa, at Hanna ikkje hadde nokot imot han. I det seinare hadde ho vortet meir husleg av seg, baade i Klædning og hellest; og det var komet paa, etter at Daniel ein Dag – paa Tal um Fru Andrine –hadde sagt, at han likad huslege Kvinnur. Fyre Jol hadde ho helst spelat norske Folketonar og Studentsongar, som han hadde sagt, at han var glad i; etter Jol, daa han fortalde henne, at han var förtjust i «Gluntarne», tok ho til med dei, og spelad «Gluntar», so Daniel vart mest leid av det. Fleire slike Merke var der, og Daniel tenkte med seg, at det var i Grunnen Synd i Gjenta. –

295Han dreiv paa og tagde med sine Meiningar no som fyrr; men han gjorde det paa ein annan Maate. Han vilde ikkje ljuga. Naar Proprietæren kom med sine Setningar, heldt Daniel fram, kva Motpartiet meinte; «so og so segjer dei; kva skal ein svara til det?» – og so leet han tilslutt Proprietæren vinna. Dette gjekk godt. Daniel var i Grunnen leid av den Politikken.

Men han lengtad til Byen. Kvar Dag saag han etter i «Borgeren», um der kunde vera nokon Post aat han der inne; men det saag smaatt ut. Um der var nokot, so var det anten for stort for ein Student med Haud – Vaarherre maatte vita, kva Meining der skulde vera i den Haud’ en! – elder for smaatt til aa liva paa. Han tok, til aa drøyma um Lias, som no var i Amerika. Kanskje raakad den Slampen der uppi eitkvart, fann Gull i Kalifornia, gifte seg rik; og so sende han ein god Dag heim ein Veksel, ein stor, stor Veksel … Det var forunderlegt, at Lias ikkje hadde skrivet enno.

Jau, ein Dag skreiv han. Daniel saag Amerikastemplet og reiv Brevet upp med bankande Hjarta. Lias fortalde, at han hadde slitet mykje vondt og havt «mange Slags Forretningar», men at han no var komen i Ro for det fyrste og likad seg godt; for no hadde han fenget fast Post som Fjos-Kar. Daniel grein; han vart baade flat og lang i Andlitet. Fjos-Kar! Og so skreiv den Slampen so modigt, som han skulde ha funnet ei Gullgruva … snakkad um Politikk og um den amerikanske «Fridomen»; 296her var so fritt her, skreiv han. Ja visst. Det skreiv dei alle. Det var nokot Tøv. Her var sgu Fridom nok i Norig med; den, som berre hadde Pengar … Daniel lagde Brevet ifraa seg og gav upp sine Draumar um Amerikavekselen for det fyrste.

Dess meir drøymde han um Byen og um den formelle Daning. Ein Ting kunde han skaffa seg strakst, som vilde hjelpa paa det formelle, meinte han, og det var Brillur. Han tok til aa jamra seg yver, at han vart so veik i Augo, og daa Proprietæren reiste til Kristiania i Marknaden, fylgde Daniel med for aa faa Raad for dette, og Brillur fekk han. Det hjelpte utrulegt. Brillurne tok burt nokot av det blide og godslege i Andlitet og lagde ein kald Glans yver det, som gjorde det strengare; Daniel speglad seg i stor Gleda og fann ut, at naar han no berre, fekk litt større Skjegg, so skulde ingen kunna sjaa, at han hadde voret Bonde. –

Paa den Turen fekk han sjaa att eit Par gamle Kjenningar. Han sat ein Kveld inn paa ein Hotel-Kafé saman med Student Stensrud, Endre Storr og Hr. Knutzon; so kom det nokre Karar og sette seg ved eit Bord nære ved og gav seg til aa drikka Toddy og snakka um den fransk-tyske Krigen.den fransk-tyske Krigen] krigen mellom Tyskland og Frankrike 1870–1871 Den eine var ein framand Fyr, som saag ut som ein Smaaherre fraa ein Smaaby; dei andre, tri store Slurvar aa sjaa til, viste seg aa vera Strand, Gregus Johnsen og Aslak Fjordan. Dei var vistt alt litt drukne, og uflidde og ufjelge saag dei ut. Daniel vart skamfull, der han sat, og snudde seg fraa dei, so godt han 297kunde; det var forunderlegt, at slike Folk kunde sleppa inn paa fine Stader. Romet var fullt av Folk. Toddyen rauk fraa kvar Krok, og Lufti kokad av Snakk og Skravl. Daniel ynskte seg væl ute; men Storr sat og drakk Selters med Rødvin i og hadde ikkje det Grand Hast. Han lagde ut um, at Marknadar var ein Uskikk; Hr. Knutzon lagde imot, og Daniel totte denne hadde nokso gode Grunnar. Men endeleg rauk Hr. Knutzon og kunde ikkje lenger klara seg. Daa fortalde han rolegt, at det, han her hadde sagt, det hadde han ikkje av seg sjølv, men fraa ein Mann som Grosserar Lampe, og han skulde daa tru, at den Mannen visste kva han sagde. Hm, so slike Folk og kann vera usjølvstendige! tenkte Daniel; han likad seg. Men at dei hadde Mod til aa segja det –!

Sidan kom Storr innpaa sitt gamle Snakk um Nasjonaløkonomien. Han var rasande vond paa dei Bønderne, som hogg ut Skogarne sine og dermed øydde burt baade sin eigen og Landets Kapital; men tilslutt fann han daa ut, at det kanskje var naudsynlegt, at Landskapitalen vart uppøydd. For so lengje me hadde den, so livde me paa den, og so lengje me gjorde det, vart me korkje Folk elder rike. Daa lo Student Stensrud og spurde, um det altso var so aa forstaa, at me ikkje vart rike, fyrr Landet var øydelagt, og dertil svarad Grosseraren Ja. Eit Folk vart aldri rikt av aa liva paa sin Kapital! Og endaa verre var det med desse andre store Næringsgreinerne vaare, Skipsferdi og Fisket; for det var eit reint Lotterispel, 298og det lærde Folk upp i ein daarleg Moral! Her gjekk Folk burtetter Havkanten og sette alle sine Spareskillingar i Skipspartar elder i Fiskedrifti; slog det godt til, so tente dei Pengar – og sette dei i andre Skipspartar; gjekk det so galet, so ramlad heile Greida, og dei stod att med tvo Hender tome; det var ei GründungGründung] (ty.) grunnlegging utan Underlag; det maatte enda med Armod. Men det verste var, at det øydelagde alt Framtak, all Viljekraft. Folk lærde seg til aa lita paa Slumpelukka, vilde verta rike i ei Snøggvending, drøymde istadenfor aa arbeida; grov etter gamle Skattar elder tok Skjerp paa Svovlkis og Kraakesylv … og rett som det var, maatte dei paa «Kassa».Kassa] fattigkassa Sjølve Religionen vart brukt til aa læra Folk upp i denne økonomiske Villmannskapen. Prestarne gjekk og snakkad for dei um, at dei skulde lita paa Vaarherre og ikkje syta for i Morgo; det var faarlegt og syndigt aa stræva etter Rikdom; ein skulde vera «fornøiet i sin Kreds», og liva som Fuglarne i Lufti …liva som Fuglarne i Lufti] Jfr. Matt. 6, 26: «Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje. Dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?» Kunde ein venta nokon Ting av eit Folk, som vaks upp med slik Lærdom? Eit slikt Folk vart eit Folk av Letingar og Drøymarar. Dei gjekk og sleit for aa halda Livet i seg, men lenger kom dei ikkje. Kunde ikkje Vaarherre gjera so væl, at han leet dei finna ein Gullklump i Aakeren sin? Kunde ikkje Vaarherre senda eit rikt Fiske, elder gjeva gode Fragter? Kunde ikkje Vaarherre lata det rigna med Tolvskillingar elder snøa med Dalarsetlar? – Studentarne lo, Daniel med, men paa ein serskild Maate.

Men, heldt Storr fram, berre Bønderne kom burt 299til Amerika, so vart dei som Folk av eit annat Slag. Tingen var, at der lærde dei ein annan Moral. Det var ingen der, som fortalde dei, at dei skulde lita paa Vaarherre; der fekk dei vita, at dei skulde hjelpa seg sjølve, og naar dei hadde lært det, so klarad dei seg sjølve! – Daniel totte Grosseraren hadde Rett i somt av det, han sagde i Kveld; Bønderne var som han sagde; han hadde sjølv røynt det. Og um dei so vart Studentar, var dei Villmenn …

«Oh! oh! oh!» lo Aslak Fjordan burte i Kroken sin, «eg er med det Partiet, som vil avskaffa Prestarne, eg! der er eg med! oh! oh! oh! anten so Fa’n det er reaksjonært elder … Hoh-oh-oh, dei Svinebeisti! Stend dei ikkje der og lyg so det renn av dei, kvar Guds skapte Sundag! Trur dei ikkje me veit, at Jesus vart Gud paa Kyrkjemøtet i NikæaKyrkjemøtet i Nikæa] kyrkjemøtet i Nikea i Tyrkia i år 325, vedtok med demokratisk fleirtal at Jesus var Gud, jamstelt med Faderen 300 Aar etter han var daud? hoh-oh-oh! utnemnd til Gud med simpelt Fleirtal? Og Fleirtal fekk han, fordi Keisaren gjekk med! hadde Keisaren gjenget med AriusArius] biskop frå Libya, røysta imot dette vedtaket daa, som han gjorde fleire Gonger fyrr, so hadde Jesus aldri i Verdi vortet Gud! Og det veit dei, dei Svinebeisti!» – Hu, for eit Snakk. For ein Raaskap i Tanke og i Tale; sjølve Dialekten var simpel! – Men Gregus Johnsen sat og nikkad og totte Aslak talad godt; kanskje livde han paa Aslak no. Ender og Gong strauk han seg gjenom Haaret, heldt so Fingrarne framfor seg og stirde paa dei med eit myrkt Uttryk; han vilde sjaa, um det hadde fylgt Haar med; for Gregus Johnsen heldt paa aa missa Haaret sitt. Det heile gav 300eit Inntrykk av nokot forkomet, armodslegt, fantefaret; Daniel snudde seg ifraa dei med Mothug. Han totte han kjende sine Bondestudentar att; dei kunde ikkje eingong rangla med Anstand. «Ja Gu vaagar han seg her inn!» sagde Endre Storr laagt og stirde mot Døri. Daniel fylgde Augo hans og fekk der sjaa ein Mann, som han totte han skulde kjenna. Jau, han kjende Mannen; det var Olai Bruvik. «Det er ein norsk Odelsbonde, det», sagde Storr. «Sjaa kor stød og paaliteleg han ser ut, so roleg og aalvorleg og ærleg; du skulde tru, det var ein Gudsfugl, – og so er det ein utkropen Kjeltring. Han hev handlat nokre Aar her i Byen, fekk Pengar med Kona si og øydde dei upp; so livde han paa Vekslar, laante Pengar, kor han kunde, snytte halve Byen … for ingen kunde annat enn tru paa slik ei Aasyn! Men dei fekk læra, at under den rolege og kalde Yta gjøymde der seg … ein djup og syrgjeleg Raaskap. Pengarne gjekk til store Kalas og sjofle Kvinnfolk og … Her um Dagen spelad han upp. Kreditorarne skal hava Von um aa faa halvannan Prosent, segjer dei.» Studentarne lo.

Men Daniel totte han fekk vera sjølvstendig no, og so sagde han, at det var visst likso store Kjeltringar i Byen som paa Landet. Dertil svarad Endre Storr Ja. Denne Hr. Bruvik var i Grunnen ein Repræsentant for heile Folket. Me gjekk her og galdt for aa vera so grunnstøde og grunnærlege, og naar det kom til Stykket, var me eit Folk av Fantastar … usolide, usætande, lettsindige … Taterpakk 301… Aa venta, at Bonden skulde vera meir ærleg og solid enn andre, var vitlaust. Bonden var upplærd til aa gaa Krokvegjer, til aa lirka og ljuga seg fram … der skulde stor Kultur til, fyrr Folk lærde, at det var galet aa ljuga, ja fyrr dei berre lærde aa skilja klaart millom Sanning og Lygn. Dette totte Daniel var eit underlegt Snakk; men han tagde. Dei drakk; Storr baud nye Sigarer. So sagde han: «Dessutan er det ein annan Ting … Kor mange Bondegutar er det væl – vanlege Bondegutar –, som veks upp i ein fri, glad Heim, og, lat oss segja, i eit … menneskelegt Forhold til sine Foreldre? – Det er … ja. Millom Bonden og Son hans stend den gamle Læra, at ein Far, ein rett Far, han skal banka Son sin for all Ting, baade for det han hev gjort, og for det, han ikkje hev gjort … banka han jamvæl til aa tru og beda … og so byrjar det med, at Guten vert rædd Far sin … og løyner seg for Far sin, og lyg for Far sin … og tilslutt vil Guten … ofta iallfall … vera … vera utskjemd.» – Daniel ynskte han kunde gløyma, at han hadde voret Bonde.

– «Ei Minneskaal for Olsen den fyrste!» sagde Aslak Fjordan og drakk; «Olsen den fyrste var ein bra Kar! Hadde eg havt Raad, skulde eg jagu reist der upp i Morgo og fylgt han til Jordi! – Hellest forstod eg lengje, at han hadde Tæring.» Daniel vart forstøkt av aa høyra dette, men hugsad so, at han skyldte Olsen den fyrste 4 Dalar, som han altso no slapp aa betala. «Hærland hev nok og Tæring», sagde Gregus Johnsen. «Ja det er verre», sagde 302Strand, «for Hærland er daa jagu eit av dei beste Hovud, eg hev kjennt!» «Han kunde vortet nokot stort, han», sagde Aslak. «Men han hev havt det vondt … mykje Arbeid og lite Mat; kaldt Rom, sunde Styvlar; – det gjeng so i Verdi.» – Daniel kjende seg uhyggjeleg. Godt, at han var komen ut av det Livet. So kom det yver han ein Tanke, som han strakst slog ifraa seg –: at han vilde kjenna det som ein Lette, dersom alle hans gamle Kjenningar vilde døy. –

Daa dei gjekk, sat Aslak Fjordan og trættad med Strand um Fram; det høyrdest ut til, at Strand og Fram var Uvenner, og at Aslak vilde hava Strand til aa vera Skuld i dette. Men Strand bannad som ein Tyrk og sagde, at det var Fram, som hadde Skuldi. Daniel slapp ut usedd. Den einaste Kjenningen, han sidan raakad, var Ottkanten, som kom og gjorde seg kjend og snakkad «folkeleg» Politikk og bad um aa faa laana ein halv Dalar; Fyren saag fæl ut. Daniel stakk til han ei Mark og gjekk.

–Uppe paa Steinsrud seig Dagarne seint. Ein Dag stod det ein Post i «Den gode Borger», som Daniel meinte han kunde klara, og som han vilde ha søkt, dersom han hadde havt Laud. Som han gjekk og undrast paa, um det kunde nytta aa skriva til Pater um denne Posten aa faa han til aa leggja eit godt Ord inn for seg, – fekk han Brev fraa Kapellan Hirsch. Det var eit langt Brev; Daniel vart mest kald um Hjartat, daa han kjende att Handskrifti. Han flaug det igjenom med Uro. Visste Kapellanen nokot?–

303Kapellanen forklarad Grunnarne til, at han ikkje hadde skrivet fyrr; det hadde mest komet av, at han meinte Daniel burde faa utvikla seg heilt ut fritt, sjølvstendigt. No trudde Kapellanen, at Guten var vaksen nok til aa taka imot baade Raad og Rettleiding; «Rud hev fortalt meg, at du sidan i Sumar hev voret Huslærar paa Landet, og der veit eg du hev samlat deg og komet til full Klaarskap um det, som maa vera Grunnen i Livet ditt», skreiv han. Og han heldt fram: «Eg vonar for visst, at du hev bergat Barnehugen din gjenom Strævet; for du veit, at det er Barnet, som eig Himmeriket, og eig den sannaste Visdom. Og iser trur eg meg trygg paa, at du hev haldet deg fri av alt dette Byvaset, denne tome, hole, skraslande «formelle Daning» elder kva dei kallar det; du var ein for varm og ægte Natur til, at slikt skulde kunna bergtaka deg. Du hev set so mykje av Bylivet, at du veit, kva det er verdt. Kaate Munnar og kalde Hjarto, Smaamoro istadenfor Aalvor, Vitsar istadenfor Visdom, Dans ikring Gullkalven og Aping etter aandlause Motar istadenfor eit Liv i Kjærleik og Kraft, – det er nokonlunde Kjennemerki paa dette Livet, som dei vil skal gjelda for det høgste, – eg vil ikkje tala um all den Sedløysa og Styggedomen, som løyner seg attum Stasen, og som ikkje er til aa nemna. Kvar aalvorleg Tanke drep dei med Laatt; deira Livs Maal er aa eta og drikka og sola seg i Naadestraalarne fraa dei, som hev Magti. Dei sel sine Meiningar for eit Smil og sine Sjæler for ein Orden, og heile Livet deira er 304ei straalande Lygn. Naturlegvis veit eg, at det finst det, som er godt og fagert i Byen og; der er baade Kunst og andre Ting, som kann lyfta og gleda Aanden, – eg vil ikkje tala um alle dei gode Menn og Kvinnur, som ein der kann raaka og tala med, Folk, som liver eit sannt Menneskeliv midt i Tomleiken og Staaket. Det, eg talar um, er det, som me serleg kallar Bylivet, dette Livet, som gjer Folk til Pyntedokkur og Dansemeistrar og drep alt Liv og all Aand og alt Aalvor i eit endelaust Jag etter Fjas, og tømer Folk so reint for all aandeleg Merg, at dei tilslutt ikkje kann hava andre Meiningar og Tankar enn dei, som er paa Moten. Og det vil du kjenna til likso godt som eg. Nei, – som eg trur eg paa min Maate lærde deg: Mannen er Gudskelov annat enn ei Parykblokk elder uppklædd Dokka, og Livet er nokot annat enn aa kunna dansa godt og vera Løva i ein Balsal. – – Og det er det største, eg hev lært her paa Landsbygdi: at kor armt og skralt og ofta ufagert «Folkelivet» kann taka seg ut for den, som ser det «ovanfraa» gjenom Lorgnettar, – det er daa det, som eig mest av Sanning og Aalvor og Hjartelag; det er daa det, som er det rikaste og sannaste i Grunnen. Her er lite Form, men dessmeir Innhald; det er klaare, klingande Malmen, ein her finn; Yta er kald og myrk, men under den gjøymer der seg Gull, Hjartegull. Her maa me byrja, her maa den arbeida, som vil vera med paa aa vekkja Folkeaanden i Norig.

Du vil hava set, at eg i desse Aar hev havt mykje aa staa i. Eg hadde ikkje tenkt meg Folket 305slik, daa eg laag og drøymde i Kristiania. Mang ein Gong hev eg voret paa Veg til aa uppgjeva Trui. Det hev set meg ut til, at Folket ikkje aaleine var dvalebundet, men steingjengetsteingjenget] forsteina under all denne Uaand, under Matstrævet paa den eine Side og Pietismen paa den andre, elder rettare, at det var staalslitet og utlivt, reint magtlaust av det lange Marerid. Men ettersom eg hev lært Folket liksom personlegt aa kjenna, hev desse myrke Tankarne tint burt; – eg skal, um me eingong raakast, kunna fortelja deg mange og merkjelege Ting um dette. Mykje leidt hev eg set, men meir Hjartegull hev eg funnet, og det tidt der, som ein skulde venta aa finna alt annat enn Gull.

Men eg hev meir og meir lært aa sjaa, at den rette Maaten aa vekkja Folket paa, den er ikkje aa senda Bonden til Byen, der han ofta vert utskjemd og gløymer baade «Moders Maal og Faders Skik»;Moders Maal og Faders Skik] uvisst om sitatet er etter Ole Vig (1824–1857) eller N.F.S. Grundtvig (1783–1872) nei, Bonden maa vera Bonde, og faa Daning – sann Daning, Aands- og Hjartedaning – paa heilt upp heimsleg Grunn. Difor hev eg ikkje hjelpt andre enn deg til aa studera; eg hev helder sendt dei paa Folkehøgskulen. Folkehøgskulen er det største og fagraste, som er uppkomet i Nordlandi i heile vaar Nytid, og den vil gjera eit Verk – fyrst og fremst her i Norig –, som framande Folk og komande Ætter skal undrast yver.»

Kapellanen fortalde so, at han agtad seg til aa byrja ein Folkehøgskule sjølv um eit Aars Tid elder so; som Prest kunde han enno ikkje faa utretta so 306mykje som han vilde, og no, daa Verfar hans var daaen, fekk han dessutan Raad til aa vaaga eit slikt Tiltak. Fyrst maatte han ut av Landet eit Aars Tid og kvila og samla Lærdom; men so skulde Tanken i Verk. Han spurde Daniel, um ikkje han vilde vera med paa dette.

«Det vert ikkje stor Løn, du fær; men det vert so mykje, at du klarar deg paa Lands Vilkaar, og naar ein hev so ein klarar seg, so skal ein ikkje hava meir. Og eg veit, at du hev voret uppglødd for dei Livstankarne, som dette Arbeidet er bygt paa; og du veit, at Livsmaalet for Mannen, det er at hava nokot stort aa arbeida fyre og strida fyre; og du vil aldri trega paa, at du hev ofrat deg til eit so fagert Arbeid i Aandens Tenest, som dette er. Eg vil ikkje yvertelja deg; kvar fær taka det Arbeidet, han kjenner seg kallad til, og der vil han best finna sitt Livsmaal. Men eg vil beda deg tenkja yver, um du er stød paa, at du kjenner ditt Kall retteleg. Du hev tenkt paa aa vera Prest; er du stød paa, at du vil magta denne tunge Gjerningen i Tider som desse? Elder kanskje du hev fenget andre Tankar; kanskje vil du verta Vitenskapsmann elder nokot slikt. Men tenk det væl yver; ingen Ting er verre enn aa «tage Feil af sin Bestemmelsesin Bestemmelse] Kappellan Hirsch tar for gitt, som mange andre i siste helvta av 1800-talet, at kvart menneske har ein «bestemmelse», dvs. at Gud har etla den einskilde til særskilde oppgåver. Brevet, sluttad med ei hjarteleg Helsing; Daniel drog Anden djupt og tenkte med eit Slags spottande Gleda: han veit ikkje nokot, han helder. –

– Det fyrste av Brevet, det um Bylivet, lagde Daniel litet Merke til; det kunde vera sannt paa ein 307Maate, men –. Det siste av Brevet derimot gav honom mangt og mykje aa tenkja paa.

– Han trudde ikkje han hadde Kall til aa vera Høgskulelærar. Han hadde ingen rett Hug. Gaa der uppe millom Bønderne og læra dei Livsvisdom, det kunde vera fagert og godt … men kanskje Bonden trong likso mykje til annan Slags Lærdom. Vitenskapsmann? Nei, det hadde han aldri tenkt paa. Han brydde seg ikkje større um Vitenskapen. Han kunde aldri i Grunnen forstaa, kva den skulde vera god for. Sanningi hadde me. Alt det, som Vaarherre hadde funnet det tenlegt for oss aa vita, det hadde han upplyst oss um i Bibelen. Kva var det so, dei leitad etter? Og um, dei laag aldri so lengje og rotad og grov i Kjøt og Blod og daude Skrottar, so fann dei aldri ut, kva Livet var, og ikkje fekk dei vita nokot um Livet etter dette helder. Det, dei leitad etter, visste Bibelen, og meir til. Di meir ein tenkte etter, di meir vilde ein finna, at Bibelen gav Svar paa alle vaare Spursmaal. Og dei Svari, me der fann, vilde altid visa seg aa vera dei djupaste og beste. Der var eit og annat i Bibelen, som me ikkje forstod; men just det viste, at Bibelen var Guds Ord; for hadde det voret berre Menneskeverk, so hadde me kunnat forstaa altsaman. Det einaste, han hadde Hug til aa studera, var Teologi. Den lærde oss aa tyda Bibelen, og ein Teolog kunde vita meir enn nokon annan um det, som var verdt aa vita. Teologien var den einaste sanne og solide Filosofi; den visste nokot, den; men den 308andre Filosofien, den foor berre med Talemaatar. – Men naar han hadde lært det, han skulde, so vilde han vera Prest. Ein Prest hadde ei fager Gjerning, og Presten var ein Mann, som Folk hadde Bruk for, og som dei vyrde; det var han, som raadde for Kyrkja, og som var mest høyrd i Sokni; ingen kunde gjera so mykje som han. Og Daniel saag i sine Tankar ein hyggjeleg kvit Prestegard lysa fram millom grøne Tre; og han saag seg sjølv der som Far og Herre, og saag ei Prestekona, som –; ja, det var Inga. –

Nei, han vilde ikkje paa Folkehøgskulen. Han var ikkje ferdig med Studenterlivet sitt eingong. Til Byen maatte han; han hadde so mykje aa gjera der; han skulde lesa Teologi og andre Ting, og arbeida seg fram til sjølvstendige Meiningar … Som han gjekk og grundad paa desse Ting, kom han til aa tenkja paa, at naar den rike Proprietær Rud var daaen, so kanskje Kapellanen kunde hjelpa han med Pengar! Den Tanken likad han so godt, at han strakst sette seg til aa skriva Svarbrev.

Han var ikkje enno so klaar yver seg sjølv, skreiv han, at han torde vaaga aa svara anten Ja elder Nei paa Spursmaalet um Folkehøgskulen. Det einaste han visste var, at han trong til aa lesa Teologi eit Aars Tid elder tvo. Han utviklad dette med mange Ord, og fekk det ikkje so ille til. Tilslutt kom han innpaa Pengenaudi si, og sagde, at baade var det vondt for han aa faa nokon Post, og dessutan trong han just no til aa lesa i Ro ei Tid; han hadde 309aldri fenget lesa i Ro, og han var i Grunnen altfor lite utviklad enno til aa vera Lærar. Han sluttad med, at han visste seg inkje Raad, men at han fekk drygja og sjaa, um det ikkje skulde laga seg. –

I sju lange og sju breide venta han paa Svar. Han tok alt til aa undrast paa, um han skulde skriva til Grosserar Helle og prova med honom; men so kom det Brev fraa Kapellanen, og der stod, at Daniel skulde snakka med Jens Rud, so vilde han gjera Utveg. Men Kapellanen vilde ikkje, at Daniel skulde liggja altfor lengje og «lesa i Ro»; for den Teologien, me no hadde, var den verste tyske Aandløysa, som kunde tenkjast, og reint ut faarleg aa rota seg ned i; og naar det kom til Stykket, so lærde ein meir av Livet enn av alle Bøker. Difor vilde Jens Rud sjaa aa skaffa han lite Arbeid, naar det leid paa, men daa ikkje meir, enn at han skulde kunna lesa samstundes.

Daniel likad ikkje dette siste so godt; men ein Utveg var all Tid betre enn ingen, og so fekk ein sjaa etterkvart. Daa han fortalde Hanna, at han skulde reisa, saag han, at ho vart annars ved,vart annars ved] vart uroleg; tok seg nær av det og han kunde ikkje dylja for seg sjølv, at han likad dette.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.