Bondestudentar

av Arne Garborg

IX.

224Dagen etter var Daniel sjuk. Hovudet verkte med Tyngd og Klemming. Halsen var saar og vond, ein sterk KrimsmakKrimsmak] krim: slim; snørr kleimdekleimde] klistra seg gjenom Munnen, i Sida sat ein liten kvass Styng, og ein nyfødd, usunn Feber æste gjenom Blodet. Han visste med seg sjølv, at han vakte; han laag endaa og talmadtalmad] plaga seg med den Tanken, at han hadde brotet Studenterlovnaden sin ved aa setja Duskeluva i Pant for Mat; men alleslags underlege Syner dreiv gjenom Heilen hans, og stundom misste Tankarne Fotfestet og gleid burt millom Synerne. Han laag og vippad millom Vaking og Villska, laag liksom i Dragsui millom Medvit og Draum.

Utetter Dagen vart han verre, Feberen fekk Magti. Madam Henriksen, Husfrua, var inne og saag um han, spurde um eit og annat, men fekk berre Tøv til Svar; so sette ho inn til han slikt, som ho tenkte, han kunde turva, vaskad Pannen hans med Eddik, leet Gjenta leggja i Omnen, og gjekk.

Romet var trongt og trist, Lufti tung, Omnen heit; Daniel fekk ei fæl Nott. Laag og kavad fraa Draum til Draum, den eine tyngre enn den andre; fyrst ut paa Morgonstundi fekk han sova eit Bil, og daa Madam Henriksen kom inn um Formiddagen, var 225han vaken. Ho spurde um ho skulde henta Doktar. Daniel hugsad si Pengenaud og svarad nei; men han vart rædd. Var han kanskje so sjuk, at det kunde vera faarlegt?

Hovudet verkte so tungt og vondt, og Styngen i Sida stengde for Pusten. Skulde han døy? Den Tanken tok han so sterkt, at det var som han dovnad av Rædsla. Han saag seg sjølv kvit og stiv i den tronge svarte Kista, kjende Lukti av Likferdslin og Gravmold, kraup ihop i Sengi og prøvde aa beda til Vaarherre. Og so tenkte han paa det Livet, han hadde ført. Han saag alle sine vonde, sjølvvise Tankar dukkande upp for Minnet som stygge Dyr; Kaffikjeldaren med all den Ølrangelen og Banningi og heile det ville Væsen viste seg for han som ein Forhall til Helvite; Draumarne um «Studenterlivet» skjemdest han yver; alt det han hadde gjort og tenkt vart Synd og Skam og ynkeleg Daarskap. Skulde han døy no, so døydde han den evige Daude, han saag det so væl. Dirrande av Fæla treiv han Tak i Sengestokken og bad, bad med spreidde, forskræmde Tankar, at han maatte faa liva, liva, so han kunde umvenda seg. Og so kom Feberen att med sitt Tøv og sine uklaare Syner.

Slik laag han i fleire Dagar, kavande og ørskande, rædd, naar han vakte, forpint, naar han drøymde. Madam Henriksen, som vart blaut av aa sjaa Guten sjuk, stelte for han, so godt ho kunde, skræmde Vitet av han med sitt Doktarsnakk, men trøystad 226han, daa ho forstod, at han var rædd. So vaknad han ein Formiddag og var lettare. Hovudet var veikt og ørt, men verkte ikkje so vondt: Styngen i Sida kjende han berre, naar han drog Anden djupt; Feberbranden i Blodet hadde sloknat. Og Madam Henriksen var snild som ei Mor, stelte Drikka og Mat til han og berre bad han segja ifraa, var det nokot, han vilde hava. Men inn gjenom Vindaugat laag ein tindrande Solstraale. Daa totte Guten, at alt vart so godt og ljost, og at eit nytt Liv vaknad i han. Han tenkte paa Dauden, men utan Fæla; han tenkte paa Vaarherre, men som paa ein Far. Hugmjuk og veik laag han der og kvilte, og gode, kjærlege Tankar strøymde inn paa han. Han hadde vandrat gjenom Daudens Dal og kjempat i Bøn um Liv og Sjæl; men no hadde han vunnet, no var han frelst. Med barnleg Tillit vende han seg til Vaarherre. Han visste, at den himmelske Fader vilde hjelpa han no. No, daa hans vonde Hjarta var bøygt og mykt, no kundeVaarherre faa fylgja sin kjærlege Vilje. Og han bad um Naade for alle sine Synder, um Naade for Jesu Kristi Skuld; og han saag Gud Fader sitja uppe i Himmelen i si kvite Solskinskaapa og smila ned til sitt sjuke Barn. Han vart so kløkkt, at han fekk Taarer i Augo; og det gjorde so vondt i Skallen. No vilde han gjeva seg heilt i Guds Haand og lata hans Vilje aaleine raada. Um det var Guds Vilje, at han skulde døy, so vilde han fylgja Kallet utan Mothug; men skulde han liva, so vilde han liva som eit Guds Barn; for daa aaleine kunde han i Sanning, 227vera sæl. Og dersom Vaarherre i sin Visdom hadde fastsett, at han skulde liva, so hadde han nok og sine Englar, sine Tenarar, som kunde hjelpa han i dette stakkars timelege … Daniel tenkte paa Pater omnipotens, og det var utan Tvil Vaarherre sjølv, som hadde sendt han denne Tanken. –

Og so skulde Livet byrja fraa nytt av. Han hadde aldri kjennt seg so sæl og so trygg; det var Guds Fred, som var yver han no; han var visseleg omvend.

Trøytt og avdovnad som etter ein Rus sovnad han av att og sov lengje. Vaknad paanytt, med blide Tankar og Gud paa Tunga og kjende seg so rein og god. Han hadde Mathug og fekk inn ein Tallerk Saftsupa, som han styrkte seg paa, og han gjorde upp med seg sjølv, at det fanst ikkje Gleda i Verdi, som kunde liknast med den Sæla, han livde i no, etter at Synderne hans var burttekne. I tvo Dagar varde denne Sæla. Han laag i ein mild, fredeleg Tilfriskningsdøs og elskad og bad, las i Salmeboki og Testamentet, og hadde slik Gleda i Guds Ord. Det gruste i han, naar han tenkte paa sitt gamle Syndeliv millom Ølflaskur og Tvilarar, og han lovad Vaarherre, men med ein liten Sukk, som han døyvde, at no vilde han gjeva upp alle sine verdslege Tankar, ja sjølve det ideale Studenterliv.

Den tridje Dagen stod han upp. Han torde ikkje gaa ut; men Madam Henriksen skaffad Mat og Ved, og so sat han inne og hadde det godt, aat og drakk, prøvde aa røykja, men Pipa hadde Usmak, 228og las i Testamentet. Han hadde ikkje fullt so rik Gleda av Guds Ord i Dag som fyrr, og Tankarne hans kvilte ikkje fullt so rolegt i det himmelske; men han visste fraa dei vakte, at Naaden ikkje altid var like sterk, og dessutan var det ikkje eingong Guds Vilje, at me skulde tenkja berre paa det himmelske.

Denne siste Tanken lettad; han lagde Testamentet ifraa seg og gav seg til aa tenkja paa sine jordiske Saker. Han vilde altso gaa til Pater. No, daa han var umvend, kunde han med rolegt Hjarta beda denne Mannen um Rettleiding og Hjelp, og det baade i det timelege og i det aandelege. Hellest vilde han ikkje beda um Pengehjelp. I sine syndige Dagar hadde han livt altfor mykje paa annat Folks Pengar; no vilde han fylgja Guds Ord, og det sagde, at den, som vilde eta, skulde arbeida. Han vilde altso spyrja Pater um Arbeid. Han lengtad etter aa faa tala med denne Mannen; han totte han elskad han alt paa Forhaand.

Han aat godt i desse Dagarne, so godt, at han skjemdest yver det for Madam Henriksen. Men ho syntest berre vera glad, for han gjorde slik Æra paa Maten hennar, og dessutan … ja, det var ein kald Tanke, men i Grunnen var det best so … dessutan fekk han nok betala. So aat Daniel, og aat tilgagns. Og han las alle dei Bordbønerne, han kunde hugsa, baade fyre og etter Maten, og det var forunderlegt, som desse Bønerne vart høyrde. Han hadde aldri havt so godt av Mat, som han hadde no. –

Daa han vart so sterk, at han kunde vaaga seg 229ut, klædde han seg i sine Kisteklæde og gjekk til Pater.

Han vart vist inn i ein ljos, fager Sal, som vende ut til ein stor Hage. Ein liten bleik Solstraale stod inn gjenom Hagedør-Glaset, braut seg glitrande gjenom Glasdobbarne i Ljoskruna og fyllte Romet med Glans og Vaartankar; framande Vokstrar stod og lavad langs Vindaugo med sine store grøne Blad, og rundt Veggjerne hekk Steintrykksbilæte av Jesus med Tornekruna, Jesus paa Krossen og den norsk-svenske Kongen, dessutan eit Par Maalartavlur med norske Landskap; midt paa Golvet under Ljoskruna stod det store runde Stovebordet med Potrætbøker og ein BikarBikar] beger full av Visitkort; rundt Bordet Stolar av ymse Slag, maklege og mjuke; mindre og større Gipsfigurar og Bystur stod uppstellte rundt Romet paa Hyllur elder Skaap; ved Veggen burtmot Vindaugat eit Piano, og ved Veggen innst inne ein Sofa; paa den sat Daniel no og ventad; for der var ein Student inne hjaa Pater, hadde Gjenta sagt.

Daniel var uroleg. I Dag, daa han var komen ut i frisk Luft, hadde Trui vortet so veik i han. Han hadde kjennt slik Gleda i dette jordiske, og slik Lengt etter «Studenterlivet», at han maatte tvinga seg sjølv for aa halda fast paa Naaden. Kor hadde det seg? Var han umvend, elder var han ikkje umvend? – Ein fekk tru det beste, so lengje ein kunde. Men visst var det, at han ikkje var so glad yver aa faa tala med Pater, som han burde ha voret.

Det tok i Kontordøri; Daniel reiste seg for aa 230helsa. Døri gjekk upp, «Studenten» kom, med Ryggen fyre, buktande innetter, og Daniel høyrde ei breid, hjarteleg Røyst, som sagde: «Herren være med dej, kjære Ven!» – Med ein Gong vart Daniel bleik, so strakst etter raud; den framande Studenten var Ole Bentsen.

Men Ole Bentsen vart korkje bleik elder raud. Derimot saag det ut til, at han vart glad. Han stansad og sagde med syngjande Mæle: «Naa, skal eg raaka deg her? Det var svært hyggjelegt. So hev altso Vaarherre funnet deg – endeleg. Eg visste, at han arbeidde paa deg; eg saag, at han maatte bruka strenge Raader imot deg, for du var faafengeleg i Hjartat ditt og vilde ikkje høyra hans Røyst. No hev han funnet deg; eg ser det paa deg; vælkomen skal du vera!» Og Ole Bentsen snudde seg til Pater og sagde: «Det er Student Daniel Braut, – ein gamall god Kjending. Fyrr var han eit Verdens barn, som eg og so mange andre; men no trur eg visst, at Herren gjenom si strenge Tukt hev bøygt han.» «Vælkomen skal du vera!» sagde Pater barneglad og med eit veldigt Handtak; «vælkomen, kjære Ven! Kom, lat meg faa tala med deg … ja, eg fær væl Lov aa segja «du»?» – Daniel stod der raud som ein kokt Hummar, og reint fortryllt; «Takk, Takk», stotad han. «Ja Farvæl daa, kjære Bentsen!» sagde Pater; Bentsen gjekk, og tenkte med seg: no skal han daa ikkje turva plaga oss etter Pengar. Men Pater drog Daniel med seg inn: «Kom! kom inn, kjære unge Ven!» sagde han, og leet att Døri.

231Inne i Kontoret var der endaa meir Sol; ho laag innyver Golvduken og Bordet i tvo blide Straumar, som blandad seg og lyste upp, so sjølve Krucifikset uppaa Veggen syntest smila. Daniel kom til Sæte. «Naa, kjære Ven», sagde Pater, «hvordan har du det?» Han var so varm og trufast i Maalet, so faderkjærleg, at den arme hjelpelause Guten vart reint kløkkt. Slik hadde nok aldri han vortet fagnad. Han lyfte sine blide, bedande Augo, dei var reine og klaare som i gamle Dagar –: «eg hev havt det vondt», sagde han. Men Pater sat midt i Straale glansen, breid, fager, ljos; Aasyni var klaar, frisk og smilande som ei Barneaasyn, og eit smaakrullat, gullfagert Haar laag som ei Glorie um Pannen. Han vart glad i denne stakkars Guten, som sat der so hjelpelaus og so Tillitsfull; og han reiste seg upp, lagde Haandi paa Aksli hans og sagde: «ja, hev du havt det vondt, so ver trygg paa, at det er Guds Faderhaand, som hev voret yver deg, og at han nok vil hjelpa, naar hans Stund kjem!» Han sette seg att, og dei blide, ljosblaae Augo hans var fulle av Taarer.

Daniel maatte fortelja sitt Liv, fraa fyrst til sist. Han vilde ha spranget yver, at han hadde havt Hirsch til Lærar; men han var ikkje fin nok; Pater fekk Grunn til aa spyrja etter, og so maatte Daniel ut med det. Daa lo Pater og sagde: «Du hev altso voret uppi Grundtvigianismen og?» Aa ja, paa ein Maate, svarad Daniel; men Grundtvigianar hadde han aldri voret. Daa han fortalde um Studenterlivet sitt, vilde Pater vita, um han hadde voret med i 232Framsflokken; dertil svarad Daniel like eins: at han hadde voret med paa ein Maate, – vortet dregen inn av ein Kjenning –; men han hadde aldri voret Framsmann. Tilslutt fortalde han um sine vonde Dagar, um Svolten og Naudi, og so um Sjukdomen, som hadde lært han aa venda sine Tankar til … den rette Hjelparen; og no hadde han berre eit Ynskje, sagde han: litt Arbeid, so han kunde faa fraa seg Andre-Eksamen og so taka til med det, som altid hadde voret hans Formaal og Tanke: Teologien.

Pater likad Guten. Her var paa nytt ein av desse sunne, uskadde Bonde- og Barnenaturar med den rike Gaava til aa tru og elska; her var paa nytt ein Mann av Folket, driven ut av Aanden til Herrens Krig. Han spurde um Grunnen til, at Daniel hadde valt Teologien. Vilde han verta Vitenskapsmann? – Aa nei, so høgt hadde Daniel ikkje tenkt; han vilde vera Prest. – Kvifyr det? – Fordi han altid hadde funnet, at det maatte vera … ei stor Livsgjerning for ein Mann her paa Jordi. – Hadde han kjennt nokor serleg Trong til aa arbeida for Guds Rike i dette Landet? Hadde han nokon Gong rett kjennt Sanningi av dei Herrens Ord, at Hausten var stor og Arbeidararne faa? – Det kunde sjaa ut, som her var nok av Arbeidarar, heldt Pater fram, so Daniel slapp aa svara, – og glad var han. Men, sagde Pater, av sanne Arbeidarar, Arbeidarar, som arbeidde med Kall og Kjærleik, av dei var her faa, syrgjeleg faa; og Hausten, ja den var stor nok; for her laag eit heilt Folk, eit herlegt, kraftigt 233Folk, med Herrens Gaavur i forunderlegt Maal, som skulde sankast inn i hans Løda. Daniel saag paa Pater med Høgvyrdnad, og Pater talad seg meir og meir varm. Han drøymde stort um Norigs Folk og kunde aldri koma burt fraa den Trui, at Vaarherre hadde valt det ut til ei herleg Gjerning i hans Rike. Dei store Kulturfolk, som her var so mykje Tale um, trudde han ikkje stort paa; dei var alle meir elder mindre skadde og undergravne av Sedløysa, Sjølvvisa og Vantru; det norske Folket derimot stod ungt og friskt, med heile si Barnetru og heile si Kraft; og naar Gud her lagde si Signing til, som han visseleg vilde, og som han alt paa so mange og merkjelege Maatar hadde vist oss, at han vilde, so skulde me faa sjaa, kva han kunde gjera med smaae Krefter. Ja, sterkt vilde det Folket vera, som kunde segja med Josva: Eg og mitt Hus, me vil tena Herren! – sterkare enn alle Filistrarne, sterkare enn alle Heidningarne med deira Stridshestar og Vogner! Og ettersom Pater med varme Ord lagde ut um dette, gjekk Augo hans fulle av glade Taarer og den sterke Munnen hans skalv. Men det galdt aa arbeida, medan det var Dag; det galdt aa saa og pløgja og vatna, so Herren kunde faa gjeva Vokster; daa skulde, som Diktaren sagde, «Landet over vore Grave blomstre som en Herrens Have.» Daniel vart so uppglødd, at han maatte minnast Kapellan Hirsch. Men daa Pater tok til aa tala um det «personlege Gudsforhold», um Livet i Kristus og i Naadens Samfund, daa kunde han ikkje fylgja so godt med lenger. 234Han vart bljug som ein Smaagut og kjende, at han i Grunnen var framand her. Og di meir Pater lagde ut um den salige Naadestanden og Striden mot Kjøtet og Freden i Voni um det evige Liv, dess meir forstod Daniel – at han ikkje var umvend. –

– «Ikkje sannt», sluttad Pater, «dette er herlegt og sælt, langt større og rikare enn all den Stordom og Glans og Gleda, som det verdslege Livet kann gjeva? Du hev kjennt det? Du hev upplivt det?» – Daniel totte ikkje, at han, etter det, han fyrr hadde sagt, kunde svara annat enn ja. «Det gleder meg!» sagde Pater; «det gleder meg! Takka din Gud for dette, og takka han ikkje minst, fordi han hev frelst deg i dine Ungdoms Dagar, og frelst deg fraa aa koma i Lag med dei vantrue!» – Dei stakkars Folk; Pater hadde so vondt av dei. Dei var verst mot seg sjølve. Utan Fred, utan Von, utan Trøyst og Hjelp i Liv elder Daude … Hm, underleg nok –: han hadde just nyleg voret gjestad av ein av desse Armingarne, ein av dei fraa Frams Klikk, – rett ein fortapt Son, som hadde prøvt so lengje han kunde aa metta seg med det Masket,Masket] skrapet; skiten som der var aa finna; aa, han jamrad seg so saart yver den Sjæle-Sott og Hjarte-Ufred, han hadde røynt, so lengje han vandrad paa dei Vegjer! Men no hadde han søkt attende til Faderhuset, og no var han so sæl. «Og tenk –: han var so arm, at han knapt hadde Klæde paa Kroppen, og kann De gissa, kva han bad um? Ikkje um Pengar, ikkje um Mat, ikkje um Klæde, nei; men um ein Bibel!» – Daniel sat med Augo 235i Golvet og skjemdest som ein Hund; men det gjekk ikkje an aa tigja –: «det er merkjelegt», sagde han. «Ja, det er forunderlegt», heldt Pater fram i si djupe Gleda. «Men so er det: naar Gud fær Tak paa ei Sjæl, so vert alt annat so ringt og verdlaust; berre Freden med Gud, berre Ordet fraa honom vil Sjæli hava, og fær ho det, so hev ho ikkje Lyst til nokot paa Jordi.» – «Ja, det hev eg kjennt», mumlad Daniel ustødt. – Pater stod upp og stappad i Pipa. «Aa ja Gud skje Lov og Takk!» sukkad han; «han veit aa finna oss, og han veit Raad med oss. Haa! haa! Me gjeng og innbiller oss, at me er so kloke og vise; men han lærer oss aa sjaa, at all vaar Visdom er Daarskap, han!» Pater kveikte Pipa og slog inn i ein annan Tone. «De tenkte altso paa, at De vilde hava Arbeid, var det ikkje so, kjære Ven?» sagde han. Jau, dersom der var Raad til det, svarad Daniel, so vilde han meir enn gjerna. Pater sette seg att.

«Hm, det er forunderlegt», sagde han med eit lognt Smil, «eg hev just ein Post, som kunde høva for Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri raadlaus. Det er ein Huslærarpost upp paa Landet, i ei fager Bygd; – eg trur ikkje, Posten er burtfest. Vil De eg skal høyra etter um det?» Daniel sagde so mange Takk. «Ja, eg skal gjera det», svarad Pater. «Eg tykjer det er som Vaarherre sjølv hadde sendt deg … Du er just den, eg her kunde hava Bruk for. Høyr, du kjenner Student Bentsen?» – «Ja, godt.» – «Det er ein merkjeleg 236ung Mann … so sterk i Trui, so ærleg i sin Dom yver seg sjølv … Ikkje sannt?» – Jau, det var visst so. – «Kva er det for andre Studentar, du kjenner?» – Daniel tenkte seg um, nemnde so Hans Haugum. So maatte han fortelja um Hans Haugum, og det gjorde han paa den Maaten, at han fortalde alt, som han tenkte Pater vilde lika. «Ja, det er merkjelegt», sagde Pater tilslutt; «det er som Vaarherre just hev lagt dette tilrettes for deg … Student Stensrud var her just nyleg og bad meg driva paa … og no kjem du. Kva var det no, du heitte?» «Daniel Braut.» – «Daniel Braut. Ja, maatte du verta ein Daniel! Høyr no herupp um nokre Dagar; eg trur visst, Vaarherre hjelper deg.» Han slog Daniel paa Aksli og lo: «Du er ein ægte Bondegut, Far! so still og trufast … ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i. Eg er so glad i slike Gutar; eg er sjølv ein Bonde i Grunnen; og Bonden, ser du! Bonden, det er Mergen –! «Hvad Bondens Bund kan bære, skjønt sjelden der blev saad, det er vor Folkeære og har vor Fremtid spaad!» segjer Diktaren. – Ja, lat oss takka Gud for det. – Var det nokot annat, eg kunde hjelpa deg i?» – Daniel raudnad og drog paa det: «Ja –; det kunde ikkje …» «Tala fritt!» sagde Pater. «Lat meg vera som ein Far for deg; ver ikkje rædd. Der er ikkje nokot sælare enn aa vera – liksom – Haand for Guds hjelpande Vilje. De treng Pengar?» – Aa, det var … kanskje ikkje fritt … Pater smilte. «Just i Dag var her ein Mann og gav meg tie Dalar, som han 237bad meg gjeva til ein trengjande Student … ja, er det ikkje forunderlegt, korleis Han styrer alt?» –

Daniel var bergad.

– «Ja, Herren vere med deg, daa, kjære Braut! sagde Pater endeleg og tok han i Haandi. «Han er nær dei, som held seg nær til honom. Kom upp att um nokre Dagar, so skal me sjaa, um han ikkje hev havt ei Meining med, at han sende deg herupp. Vaarherre vere med deg. Farvæl, kjære Ven!»

Daniel gjekk. Ein ny Gjest sat i Stova og ventad. «Goddag, Goddag, kjære Ven!» sagde Pater hjartelegt; «Farvæl, kjære Braut!» ropad han likso hjartelegt, og Døri leet seg att etter Daniel. –

– Eit Par Dagar etter fekk han Brev fraa Jens Rud um, at i Morgo Kl. 5 Ettermiddag skulde der vera Møte i Kafé nasjonal til Avtale um «Teatersaki».

«Visvas!» sagde Daniel og lagde Brevet burt. Han vilde ikkje vera med paa slikt no. Han kjende paa seg, at Pater ikkje vilde lika det, og dessutan hadde han annat aa tenkja paa no enn Teatergreidur.

Dagen etter, daa han kom fraa Dampen, raakad han Jens Rud i Møllergata. «Naa», sagde Jens, «De kjem væl?» –Ja … Daniel visste ikkje. Det var ikkje so godt for han … «Billett skaffar eg», sagde Jens Rud laagt. – Ja … men … han skulde ein annanstad av i Kveld. «Aa Snakk, aalvorlege Ting til i Morgo!» meinte Jens. «I Kveld ventar Fedrelandet, at kvar Mann gjer si Plikt!» – Jaja, 238Daniel fekk tenkja paa det. «I Kveld Kl. 5! Kafé nasjonal!» sagde Jens, og strauk.

I Grunnen var dette her nokre Fillegreidur, tenkte Daniel. Men det kunde nok vera Moro aa vera med i slikt nokot for ein Gongs Skuld og. Og han var ikkje umvend, so for den Skuld kunde han nok … Dessutan hadde han paa ein Maate lovat … Men det var denne Pater. Ein so god Mann vilde han nauveleg gjera imot.

I Tvil og Tvihug gjekk han heim, og i Tvil og Tvihug dreiv han Tidi, til Klokka var 5, og kunde ikkje koma til nokor Avgjerd. So gjekk han ut. Ein kunde altid driva burtetter og sjaa, tenkte han, og so kunde ein taka ei Avgjerd etterkvart. Det var Meiningi hans aa ikkje vera med. Men det kunde ikkje skilja, um ein tenkte nokot meir yver det. So gjekk han burtetter Gata og tenkte, – tenkte uppatt dei same Tankarne, som han hadde tenkt fyrr. Tilslutt stod han utanfor Kafé nasjonal og var like nær. Tok seg eit Slag nedyver Gata og upp att for aa tenkja betre yver; Tankarne vart dei same; men Hugen vaks. Han saag Flokk etter Flokk koma og gaa inn; dei kom luskande som samansvorne; – det skulde vera Moro aa vera med! Byen laag so roleg og trygg som inkje var; dei gode Borgarar drøymde um ingen Ting; men der inne i den vesle Kjeldaren, inne i eit løynlegt, avstengt Rom, sat det unge Norig og gjorde Revolusjon … det skulde vera Moro aa vera med! Tankarne tagnad ein for ein; 239Hugen vaks; – at ikkje Jens Rud kunde koma og taka han med seg!

Klokka var eit Korter yver 5. Vilde ein vera med, fekk ein skunda seg. Han hadde i Grunnen lovat det … og i Grunnen var det ei god Sak … lat gaa. Han kastad seg fram mot Troppi, døyvde alle Tankar og steig paa. Inne i Kafeen raakad han Jens. «Naa, endeleg. Inn der!» sagde Jens; Daniel gjekk. «Jacta est alea»,Jacta est alea] (lat.) loddet er kasta; Cæsars ord då han kryssa elva Rubicon tenkte han.

Men daa han ein Time etter kom ut att, hadde han lovat med Haand og Munn, at han vilde vera med i Kveld og pipa i Teatret av all si Magt, so snart han fraa Parkettet høyrde Ropet: «ned med Direktøren!» og at han ikkje vilde lata seg skræma av nokon Ting, men berre halda fast paa Pipa si og blaasa. Og no visste han, at Saki var god. Fram hadde med sin eldfulle Logikk paavist, at Nasjonalteatret var drivet paa ein so uforsvarleg Maate, at ingen Nordmann kunde finna seg i aa sjaa det i Henderne paa den Klikken, som no styrde, og Daniel hadde merkt seg fleire av Frams Grunnar, for at han kunde hava nokot aa verja seg med, um Pater skulde faa Njosn um Saki.

Pipa fekk han av Jens Rud. Dei fleste var ute og kjøpte seg Pipur etter Møtet. Men andre hjelpte seg som dei kunde med Portlyklar, Barnetrompetar og annat slikt, som kunde laata. Etter Staaket skulde dei møtast paanytt i Kaffikjeldaren og hava ein liten Seksa.Seksa] kveldsmat

Daniel skulde sitja i ein Bolk i tridje Rad og 240hava med seg Sven Dufva og ein Hr. Monsen, «Don Pedro», som Aslak Fjordan kallad han. Stormengdi av Pipararne skulde sitja i andre Rad; men hellest var dei spreidde yver heile Teatret. Det vilde verta ein «fyrste Rangs Konsert», sagde Rud, so sannt alle gjorde sin Skyldnad.

– Med bleike Kinner og bankande Hjarta sat Daniel paa Plassen sin i tridje Rad og ventad paa det, som koma skulde. Bak seg hadde han ein stor Slamp av ein Fyr, ein Slaktar elder nokot slikt, som han likad berre so maateleg; men verre var det, at der burte i ein annan Bolk sat ein Konstabel. Vilde han blanda seg i Leiken? – Daniel spurde Sidemannen sin, Hr. Monsen, um dette. Hr. Monsen drog paa Gjeipen. «Han har ikke noget med at hindre den frie Meningsytring», grein han i Sekstar paa sitt Fjordamaal.Sekstar paa sitt Fjordamaal] målføret frå Fjordane hadde ord på seg for å skifte i tonehøgd med intervall opp til sekst og septim

Orkestret tok til aa spela; Daniel høyrde ikkje paa det. Med Hjarteverk lagde han Merke til, at det var komet endaa ein Konstabel inn paa tridje Rad. Han kunde ikkje annat enn gjera Hr. Monsen kjend med dette. Hr. Monsen vreid paa sin fiskekalde Munn og sagde i grettne, snøgge Septimar: «Hva Fa’n gjør dæ da?»

Daniel vart skamfull. Den Monsen maatte vera ein modig Mann. –

Det var som Lufti i Teatret var ladd med Nervøsitet. Ei uroleg Kviskring gjekk langs Benkjerne som Vindpust i visne Blad; og kor Daniel vende seg, saag han bleike, ventande Aasyn. Stykket 241hastad yver Telet som i Feber; Spelararne forsnakkad seg alt i eit og gjorde alle Slags Mistak. Ender og daa gjekk det som elektriske Slag gjenom Raderne; det raslad i Silke og stive Kragar, og ChignonarneChignonarne] nakkehåret sett opp i ein slags pung; hår-mote på 1860-talet snudde seg att og fram som Vindfløyar –: kom det no? – Men dei unge Løytnantarne sat og gjorde seg morske og saag seg ikring med kannibalske Augo, som sagde, at vart det nokot av, so skulde nok dei halda Styr paa Pakket.

Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt. Folk tok til aa tru, at dei var haldne for Narr, og at det ingen Pipekonsert skulde vera. Og mang ein Løytnant, som fyrr hadde voret so morsk som ein Mars, hekk no helder ynkeleg med Nebben. Skulde han altso ikkje faa Tilføre til aa visa seg som Riddarsmann for sine unge Kvinnfolk? Men andre saag seg spottande ikring og tenkte: naa, dei vaagar altso ikkje.

Men dei gamle Herrarne var glade. Altso ingen Skandale. Ingen Opposisjon. Urostiftararne hadde voret for veike. Kristiania var trufast. Litt mistenkjelegt var det, at der i andre Rad var mest berre Studentar; men … dei gode maatte vera i Fleirtal.

Det leid til Slutten paa femte Akt. Uroi tok til aa vakna att; kanskje var det no, det galdt. Med eingong vart det so varslande stillt yver heile Teatret. Daniel fekk Hjartebanking og stirde ned: – ein ung Mann midt i Parkettet hadde reist seg upp og stod. – Det var Føraren.

242Den siste Replikken var sagd; Duken tok til aa glida. Daa tyfte den unge Mannen Haandi, og med gnellt, men veikt Maal ropad han: «Ned med Direktøren!»

Det gjekk ein Sukk gjenom Salen, ei Stynjing … og so braut det laust: ein Storm av Pipur, eggjande, ylande, fleire og fleire, fraa Parterre, fraa andre Rad, fraa tridje; kvasse Fløytetonar fraa Portlyklarne kom med, og innimillom Barnetrompetar i lang, sangrande Graat; men so med ein Gong eit Brak, ein Foss av Haandklapp og Tramping, Hyssing og Skraal; Teatret stod i Gov;stod i Gov] var som ein sandstorm Lufti var som ein Brotsjø. Men Pipurne, kvasse og tirlande, skar seg Veg gjenom Brot og Brak, kvesste paa og kvesste paa, kvein, kvisslad, kom ylande fraa alle Kantar som ei Aasgaarsreid, som Storm gjenom ein Skips-Rigg. Alt var i Uro, alle Mann uppe, Lufti full av klappande Hender, og her og der Hopar av Menn i vill Trætting, raude i Kammen, fiktande med Armarne, Menn skrikande av opne Gap, Ord, som ingen kunde høyra, Ord, som døydde i Staaket og vart til Vind, til tom, rasande Pantomime –: «Ut med Pakket! Ut med Pakket!» –og so Løytnantar, som stod og sagde «Fanden tordne mej» og vilde slaa, men ikkje torde. Men uppe i Raderne hekk det i Krans Andlit ved Andlit utyver Kantarne, so dei vilde detta ned, og glodde og lo, glodde og undrast, – glodde og peip.

Daniel hadde fenget Pipa si upp or Vestelomma, og no skulde han til, men han var uroleg. Til aa 243vinna Mod glytte han burtpaa Kammeratarne sine; – Peder Monsen sat med Armarne i Kross og saag ut som han aldri hadde tenkt paa aa pipa; Sven Dufva derimot peip, so Kjakarne hans stod som ein Smidjebelg. Kven skulde ein so fylgja? Guten vart heilt fortryllt. Men nede i Parkettet saag han Jens Rud, som just no stod og glodde uppetter Raderne … han fekk Pipa til Munnen so fort han kunde og blees, – blees litt varlegt, men kunde ikkje høyra det, blees sterkare, men kunde endaa ikkje høyra … Daa kjende han ein Neve i den eine Aksli. Han skvatt, so han beit seg i Tunga, torde knapt sjaa seg um. «Aa ska dettane derre vera for no’?» skreik Slagtarmaalet inn i Øyrat paa han, og ein vond Ølgufs kom strøymande; Daniel svarad nokot, men kunde ikkje høyra det sjølv. «Vaff’no?» ylte Slagtaren, og skreik, so han vart blaa; Daniel vart rædd og tenkte det var best aa sjaa seg litt fyre. Og so lagde Slagtaren Munnen til Øyrat hans og ropad som det galdt Livet –: «Haaller itte Di Demses forbannede Snut, saa Fan ita mej roper itte jæ paa Kongstabeln!» – Daniel vilde vrida seg ut av Neveklemma hans; men han sat som i eit Skruvested. «Stikk Pipa Demses i Sekken, Far!» skreik Slagtaren; det luktad Øl baade av Fyren og av Ordi hans. Kva skulde ein gjera? Det var ikkje godt aa vita, kva ein full Slagtar kunde finn a paa, og Konstabelen vilde han ikkje hava nokot med … Daniel stakk Pipa i Sekken.

Don Pedro de Monsen sat roleg som fyrr og 244glodde ned i Parkettet, og ein Kaldflir laag og gjorde seg vigtig ikring Munnen hans. Men Sven Dufva, som nok og hadde ei Klo i Aksli si no, han sat ihopkropen som ein Tull, med Ryggen uppskoten og Aalbogarne til Vern paa baae Sidur, og peip so trufast, so aalvorlegt, som um det galdt hans evige Sæla. Daniel likad seg ikkje; han tenkte med seg sjølv, at baade Sven Dufva og Peder Monsen hadde stelt seg betre enn han, – kvar paa sin Maate.

Eit tungt, kvævt Dunder høyrdest, langt burte elder djupt nede; Daniel visste ikkje, kva det var, og dei, som peip, høyrde det ikkje; det var Gongongen som gjekk. So rykte Politiet fram; det hadde vortet mannsterkt no der nede i Salen. Den eine Piparen etter den andre vart teken i Nakken og sett paa Dør; heile andre Rad vart paa den Maaten rudd; so tok dei til aa sløkkja Gasen. I tridje Rad var der berre ein, som Politiet maatte taka seg av, og denne eine var Sven Dufva.

Men Sven gav seg ikkje for Politiet helder. Han klorad seg fast til BolkekantenBolkekanten] bjelkekanten med den eine Haandi og heldt Pipa med den andre og blees, og Konstabelen maatte bruka heile si Magt for aa faa han laus. Og so maatte Sven Dufva fylgja Konstabelen paa Raadstova.

– Dei samlad seg etter Avtalen i Kafé nasjonal, – den Flokken, som stod under Ruds Styring. Men dei var færre no. Dei fremste i Flokken var i Ulag og bannad; der hadde voret so mange Svikarar, sagde dei. Hadde alle gjort sin Skyldnad, so skulde det 245ha vortet ein annan Dans. Denne fordømelege norske Ræddhug! Dette usætande, dette upaalitelege ved oss! Altid skulde det gaa so midt i Lag. Aldri kunde ein halda ihop og vinna stort. Me skulde berre sjaa, kva «Den gode Borger» sagde i Morgo –: «en Del unge Mennesker og Skoleelever … en Del Barnetrompeter … Politiet ordnede det hele i en Fart!»

Daniel hadde voret i stor Tvil, um han skulde møta upp paa Kaffikjeldaren; han hadde ikkje nokot godt Samvit, og dessutan … det, han hadde lovat Vaarherre … Men endeleg gjekk han. Han vilde forsvara seg, um nokon skulde koma med Snakk, tenkte han, og dessutan var han ikkje umvend … «Naa!» ropad Jens Rud fornøgd, daa han saag Daniel, «der hev me daa endeleg ein sann Israelit, som der ikkje er Svik i! Lagde De Merke til honom, Karar? Han sat uppe i tridje Rad og peip som ein Devel; dei prøvde aa stogga han, men han herre stemde Ryggen imot, Rygg og Aalbogar, og blees paa, blees paa–! Hadde alle gjort sine Ting so godt som han, so hadde der voret Mon i det! Hurra for Daniel Braut!» – «Hurra! Hurra!» «Hurra!»

Daniel stod der so raud som ein Hummar og visste ikkje, kva han skulde segja. Endeleg, daa den eine etter den andre kom og vilde drikka med han, sagde han, at han ikkje hadde fortent so stor Ros. Han hadde nok gjort det beste, han kunde; men Jens Rud tok imist … «Aa vis-vas» 246sagde dei. «Aa, lad ingen falsk Beskedenhed raade i en Stund som denne!» Og so kom ikkje Daniel til aa forklara Samanhengen. Han drakk, drakk med dei alle; Samvitet var uheilt; men full vart han.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.