19Var Kapellan Hirsch glad yver aa ha funnet ei bundi Kraft, so var han ikkje mindre glad, fordi at han her skulde faa prøva sin nye Metode.Metode] Den undervisningsmetoden kapellan Hirsch utviklar i kapittel II, avslører han som ein lett karikert Grundtvig-disippel. N.F.S. Grundtvig (1783–1872) og følgjarane hans hadde ein optimistisk tillit til gud-skapte evner i folket. Men dei norske pietistane – under leiing av m. a. Gisle Johnson (1822–1894) – gjorde det til eit poeng å markere skiljet mellom «dei vakte», dvs. dei sjølve – pietistane – på den eine sida, og på den andre sida folk flest – dei «vane-kristne» dvs. det «folket» som Grundtvig hadde slik tiltru til. Dogmet om arvesynd og frelse ved tru på Jesu soningsdød stod meir sentralt for pietistane enn for grundtvigianarane. Eller med andre ord: Menneskesynet var meir optimistisk hos grundtvigianarane, og meir resignert eller pessimistisk hos pietistane. Det blir då interessant at Daniel i løpet av romanen utviklar seg mellom tre polar: grundtvigianismen til Hirsch, pietismen til Pater omnipotens (sjå kapittel VIII) og nærings-interessene til statskyrkje-prestane – alle tydeleg karikerte.
For den visste han var god. Det var den naturlege. Det var den, som alle Meistrar i Uppfostringskunst i Grunnen hadde brukt. Han vilde ikkje plugga Guten full av Bokstavar. Han vilde læra han Livsvisdom. Han vilde utvikla hans Hjarta so væl som hans Vit, og læra han aa kjenna og elska Aand. Ei frisk Naturkraft, fostrad paa slik Maate, vilde veksa seg fram til nokot utifraa, det tottest han ikkje kunna tvila paa.
Daniel kom til Presten i glade og urolege Tankar. Han ventad seg Leksur so lange som Kyrkjevegen, og ei Utspyrjing so streng som paa den ytarste Dag. Men so fekk han høyra, at dei skulde ikkje bry seg med Leksur. Og istadenfor aa spyrja og eksaminera, so sette Kapellanen seg til aa fortelja. Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra væl etter» dessmeir, so han kunde «hugsa det til i Morgo». Kunde slikt gaa an? Kunde slikt bera fram til Lærdom og Eksamen?
Naa, Kapellanen forstod væl det best, han. Kapellanen visste nok, kva han gjorde. Det var kanskje 20paa den Maaten, dei tok det, desse fine; dei brydde seg væl ikkje um aa træla med Leksur og slikt, dei.
Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at den Maaten, dei her brukad, ikkje var den vanlege Latinskulemaaten, vart Daniel litt uroleg. Han stirde med store Augo paa denne Mannen, som vaagad aa bruka sin eigen Skikk og trudde seg sjølv klokare enn baade Bispar og Provstar. I Grunnen vilde Daniel helst havt det som ein vanleg Latinskulegut. Og han vilde kjennt seg mykje tryggare, um han hadde visst, at dei gjekk fram paa den vanlege, fyreskrivne Maaten. Men det gjekk ikkje an aa segja slikt til Kapellanen. Han slog seg til Ro og saag paa Læraren sin med Augo, som sagde: «Du veit det best; gjer med meg som du synest.»
Det var Soga, Kapellanen i dei fyrste Timarne dreiv paa med. Daniel hadde kvar Gong den tyske Grammatikken med seg, og lagde den paa Bordet framfyre seg som ei tagall Bøn; for so lengje han ikkje kunde Tysk, var han ikkje klokare enn andre Bønder, totte han. Men Kapellanen leet Tysken liggja.
Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar. Og serleg lagde han ut um dei gamle Nordmenns Tru. Fram steig dei for Daniel i lang, lysande Rad, desse høge «Aser», som han aldri fyrr hadde visst var til; Gud etter Gud kom dei straalande, fyrst tri i Talet, sidan tolv, og «Aasynjerne»«Aasynjerne»] kvinnelege gudar i norrøn mytologi med, store og fagre, med lysande Haar, med Gulltaarer, med Aasyn ljose som Dag-Randi, med Augo so klaare som dei bleike Stjernur. 21Og Odin sat høg i HlidskjalvHlidskjalv] Odin sitt høgsete i Valhall med sine Ramnar og saag utyver Verdi og visste alt; men Thor rullad rundt ikring alle Himlar og slog Jøtnarne i Stein med Hamaren sin. Balder var den milde Ljosguden, som skifte Rett millom alle, men laut døy for Lokes List og fara til Hel; Frøy var Gud for gode Aar og ein veldig Herre, men gav burt sitt gode Sverd av Elsk til ei Gyger.Gyger] trollkjering Daniel hadde aldri høyrt slikt! Han sat og lydde, so han gløymde baade Tysken og seg sjølv. Og han stirde paa Læraren sin med Augo so blide og so trufaste som Augo paa eit Barn eller ein Hund.
Det var eit Par forunderlege Augo, tenkte Kapellanen. Dei hadde nokot ved seg, som han lengje ikkje kunde finna Ord for; men endeleg forstod han det: dei viste slik ei Gaava til aa tru! Men var det ikkje just Gaava til aa tru, som Tidi trong um? StaalslitiStaalsliti] sløv (oftast om kniv, øks, ljå el. lkn.) og kultursjuk laag ho og gjeispad etter Tru som Fisken paa turt Land etter Luft; gjenom alle sine Dikt skreik ho etter Tru og Vilje; den, som skulde kunna frelsa no, maatte vera Mannen med den natursterke Trudomsgaava. Og denne Gaava hadde Bonden. Vaarherre hadde stelt det so godt for dette Landet, at just naar Trui dovnad av i dei øvre Lag, so kunde dei nedre Lag stiga fram og frelsa. Det var dette, som fyrst og fremst gjorde Bonden til vaar Framtidsvon. Utan den sterke, hugheile Tru nyttad alle andre Gaavur lite; men med den skulde Bonden, rik paa Kraft som han hellest var, byggja eit nytt Norig.
22Kapellanen heldt lengje paa med den «nordiske Gudetru». I den livde vaar gamle Folkeaand sterkast og klaarast; gjenom den var det, at Normanna-Aanden paa nytt skulde vekkjast. Og han saag, at ho «grodde» i det unge Sinn. Det var forunderlegt, det var styrkjande aa sjaa, kor lett denne unge Sonen kjende seg att i sine Fedrars Tankar.
Men Daniel var upp i Under yver all den Visdomen, som Fedrarne vaare hadde nedlagt i Gudelæra si. Han gjekk heim fraa desse Timarne i djupe oldnordiske Draumar og tenkte med seg, at dei gamle Nordmennerne maatte ha voret annat til Karar enn desse Kruslingarne no.
Men daa han ein Dag fortalde Mor si, kva han lærde hjaa Presten, vart denne heilt forskræmd og spurde, um Presten vilde gjera han til Heidning. Han maatte telja for henne baade lengje og væl, fyrr ho vart roleg, og sidan talad han aldri meir um dei «høge Aser» heime. Men di mindre han torde fortelja, di meir drøymde han.
Ole Johannes spurde ender og daa etter, um han lærde mykje Tysk. Daa var Daniel i Beit. Men han fann snart paa aa segja, at der var so mykje annat, ein maatte læra, fyrr ein kunde taka paa med Tysken. Dette leet Ole Johannes seg lita med. Paa same Maaten greidde Daniel seg, naar Bygdefolk elder Kammeratar spurde han um dette. Vilde nokon vita, kva det var, ein maatte læra, fyrr ein kunde byrja med Tysken, so svarad Daniel, at det var «Grammatikk og slikt nokot.» Det visste han, at ingen forstod.
23Eit nytt Fag tok dei strakst til med, og det var «Modersmaal». Dette Faget vilde Kapellanen helder ikkje taka paa den vanlege Latinskulemaaten. Dei skulde ikkje pugga Grammatikk. Det naudsynlege av den kunde Daniel faa inn etter kvart; Innhaldet, Tankarne, Aanden var det, som det galdt aa faa Tak i.
Den Skatt av store, vekkjande Tankar, som me aatte i vaar «nordiske Skjaldskap», var so rik, at naar me rett eignad den til oss, so kunde me visst hjelpa oss utan Laan fraa Tyskland elder Rom. So tok daa Kapellanen til aa gjenomgaa «Skjaldar» med Guten. Her vart der Aand nok. Og det der ikkje var fyrr, lagde Kapellanen trufast inn.Fedraheimen: … Kapellanen trufast inn. Fyrst las dei eit Par Kongesogur, og dette var nokot annat enn dei Røvarsogurne ned fraa Rom, sagde Kapellanen. Deretter bar det laust med Diktarar, helst dei historiske. Slike som Holberg … Mest dreiv dei paa med «historisk» Diktning. Slike som Holberg og Wessel vart lett yverfarne, endaa Kapellanen roste dei sterkt; dess djupare grov dei seg ned i Øhlenschlæger, Grundtvig og Ingemann. Daniel, som fyrr ikkje hadde leset annat enn Bøner, Preikur, det gamle og nye Testamente og Olger Danskes Krønike,Olger Danskes Krønike] Holger Danske skal etter segna vere nasjonalkjempa for danskane. Heltebragdene hans blir fortalde i Holger Danskes krønike, som blei publisert i mange utgåver, og som var populær også i Norge. vart baade glad og forundrad ved dette. Han hadde aldri tenkt, at slikt kunde skrivast av beintfram Folk. Men so fekk han daa og vita, at Skaldarne ikkje var beintfram Folk. Dei var inspirerade; og det totte Daniel var rimelegt. Sidan las dei nyare norske Diktarar, litt av Wergeland, som Daniel totte var mindre aandfull, meir av Welhaven, som daa var gildare, eit og annat av Munch og Ibsen, men mest av Bjørnson. Han var den aandfullaste av dei alle ihop. Men daa dei kom til Folke-Eventyri og Folkesegnerne, 24likad Daniel seg alrabest. Her vart det so mykje Aand, at heile Verdi tok til aa verta livande. Fjelli stod og tenkte, Skogen fortalde Eventyr, Havet sukkad i lange Dynjingar og song um uendelege Ting; langt uppe i Liderne gjekk Huldri og leet paa Lur, Tussefolket heldt Dans i Haugar og Hamrar, under Fossen sat Grimen og spelad, so alting greet, og ute paa det bleike, maaneljose Havet laag Havfrua den fagre og lokkad og song, so Sjøgutarne fekk Hjarteilt av Elskhug. Det maatte vera underlegt aa vera Skald, so ein kunde faa høyra all denne Musikken!
Gjenom Undervisningi i desse tvo Fag fekk Daniel etterkvart inn heile Kapellanens draumrike Livsvisdom og all hans djupe Eldhug.
Det stod ikkje godt til i Landet i desse Tider, sagde Kapellanen. Folket sov; Folket laag i Dvale; der var kastad Trollham paa det; det var komet ned i nokot vondt og fælt, som Kapellanen kallad Materialisme. Det visste ikkje, kva Aand var. Og so lengje det laag slik, so kunde ingen Pintse-VindPintse-Vind] vinden av flammar og lys som disiplane opplevde på den aller første pinsedagen (Ap 2) blaasa Liv i dei daude Bein utyver Landet.
Synkvervt og ørt gjekk Folket og grov i Moldi og tenkte berre paa den stakkars Maten. Det hadde ikkje ein Draum um, kva sannt Menneskeliv var. Inkje høgare Hugmaal, inkje Sans elder Syn for det som var stort og høgt og ædelt paa Jordi, berre denne evige Trælesut for det, som gav i Gryta og fyllte i Pungen, berre denne kuande Tanken paa laag, ussel Vinning. Ingenting hadde Verd, utan det, som gav Smør; ingenting var verdt aa arbeida fyre, utan 25det «nyttige»; – Kapellanen frynte stygt, naar han nemde det Ordet. Dette aandlause Matstræv laag som ei VaabønVaabøn] forbanning yver Landet; det gjorde Folket til Trælar, til Dyr; Folket laag som trollbundet, som trollsmurt under det.
Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje i Grunnen nokot slikt, han hadde tenkt sjølv? Han hadde ikkje tenkt det so klaart elder funnet slike Ord for det; men det var visst i Grunnen det same. Og glad var Daniel. Aldri hadde han set paa Læraren sin med blidare Augo, og aldri hadde Læraren voret vissare paa, at der i Lærlingen hans glødde ein heilag Eld, som eingong vilde slaa ut i Song elder Daad til Gleda for Landet.
Her var det altso, Arbeidet vaart laag, sagde Kapellanen. Det galdt aa ringja Folket ut or Berget, løysa det ut fraa Trolldomen og Aandløysa. Folket maatte læra aa sjaa, at der var nokot, som var større enn Maten, og at me daa Gudskjelov var meir enn Dyr. Aand var det, som Folket trong; det maatte faa Augo upp for Menneskelivet i dess høge Herlegdom; det maatte faa Sans for det store og høge og ædle paa Jordi; der maatte med eit Ord Poesi inn i Livet. Nordmanna-Aanden fraa Fedra-Tidi maatte upp; Folket maatte læra aa elska Stordaad, Soga og Song som i gamle Dagar. Kjempevisa, Eventyret og Folkesegni maatte paa nytt faa Liv, og gjenom alt dette maatte den gamle, sterke, apostoliske Kristentrui gløda som den avlande Livskraft, so at Salma og Folkevisa, Soga og Trui, det gudelege og 26det folkelege, kunde klinga saman i ein heil, stor Harmoni; daa vilde Aanden paa nytt slaa ut sine Vengjer, daa vilde Norig vera gjenfødt. –
Dette var so fagert, at det maatte vera sannt, totte Daniel. Det var altid litt høgt, og han var ikkje stød paa, um han forstod det; men det var sannt; han kjende det paa seg. Han vart so glad av desse store, nye Tankarne, at han liksom totte han vart eit betre Menneske. Den, som berre var vaksen og Student, so ein kunde faa taka i! For her vilde han vera med av all si Magt.Fedraheimen: … han vera med. Den som ikkje var med her, maatte sjølv vera ein Moldtræl. Kapellanen forstod Tankarne hans og tenkte med seg i stille Gleda, at dette var aa vera Ungdomslærar, dette var aa vera Uppfostrar! So mykje «gylden Sæd» som der vart nedlagt i denne Barnesjæli, so kunde ikkje Hausten annet (sic.) enn verta rik. – / Tri Slags Menn var det, som kunde vera Fyregangsmenn i vaart store Folke-Arbeid, sagde han. Det var fyrst Skalden. Han kunde slaa Gullstrengjerne slik, at Folket kjende det inn i sine Hjarterøter; han kunde syngja, so all trolldom brast, syngja, so den bergtekne maatte vakna og minnast, kor han var fødd og kor han var boren, og kor han i Sanning høyrde heime. So var det Folkehøgskulelæraren. Han bar dei løysande Aandstankarne ut til Folket gjennom det livande Ordet; han vekkte dei sovande Sjæler, so dei kunde høyra Skaldens Song. Den tridje var Presten. Han var paa ein Maate den sterkaste; for han tente paa ein Gong Guds Aand og Folkeaanden. Men hellest kunde alle vera med, kvar paa sin Maate. Her var meir enn nok aa gjera for oss alle, og endaa den minste Gjerning kunde gjeva rik Frukt, naar ho vart gjord i Kjærleik og Truskap. / Daniel tenkte med Gleda paa, at han skulde verta Prest. – / Ein Ting var litt leid, og det var …
Ein Ting var Daniel leid for, og det var, at han aldri rett kunde faa Tak paa, kva dette «Aand» i Grunnen var for ein Ting. Kapellanen brukad Ordet so tidt og paa so mange Maatar. Men forstod han det enn ikkje klaart, so hadde han dess meir Age for dette store Ordet, som gjøymde i seg som i ei vid Sky «alt det store og høge og ædle paa Jordi». Kannhenda var det nokonlunde det same som det andre Ordet, Kapellanen ofte brukad: «Poesi». Og kva Poesi var, det visste Daniel. Like eins visste han, at av det Slaget var der svært litet i Folkelivet. Ikkje las dei Diktbøker og ikkje song dei Kjempevisur. Men det som han no totte var mest harmelegt, det var, at ein ikkje lenger trudde paa Huldrefolket 27no som fyrr. Daniel hadde lært aa halda av Huldrefolket. Dersom ein ikkje hadde nokot slikt, so kunde der visst ikkje vera nokon Poesi i Livet. Av Kapellanen hadde han høyrt, at det var Rasjonalistarne, som hadde gjort mest til aa øydeleggja Huldretrui, og det kunde han forstaa. Det var so likt dei aa gjera slikt. Rasjonalistarne hadde ikkje brytt seg um Aand i nokon Ting, dei, sagde Kapellanen. Og naar ein tok Huldri burt, var der ikkje att annat i Verdi end Mold og Stein, og so vart Folket aandlaust! Daniel tenkte med seg, at han vilde prøva aa tru paa Huldrefolket. Han kjende nok, at han i Grunnen tvilad; men no vilde han ikkje bry seg um det; han vilde tru. Det var so hyggjelegt. Og naar det kom til Stykket, kven kunde so for visst segja, at Huldri ikkje var til? Det var mange fyrr i Verdi, og mange no og, berre burti andre Bygdelag, som var likso visse paa, at dei hadde set Huldri, som at dei hadde set Sol og Maane. Og det var ikkje godt aa vita, kva som kunde bu i Jord og Haug. At dei ikkje viste seg for Byfolk og slike, det var ikkje nokot aa bry seg um; for dei viste seg berre for dei, som trudde. Og no vilde Daniel tru, so kanskje han og fekk sjaa dei. Det vilde vera so gildt, dersom Huldri var til. Verdi vart liksom so heimkoseleg og hyggjeleg for oss daa. Der vart slikt Liv i Naturen, slik Fagerdom. Kva vent var der i ein Skog, naar ikkje Huldri gjekk der inne og leet? Kva Poesi var der i ei Aa, naar der ikkje var nokon Nøkk?Fedraheimen: … var nokon Nøkk? Nei, Naturen var plent Aandlaus paa den Maaten. Men dersom Folket … Men der som Folket trudde, at det hadde Huldrer og Nissar 28rundt ikring seg i kvar Haug og i kvar Li, so vilde det aldri gløyma burt, kva Aand var. Daniel torde ikkje segja nokot um dette til nokon, utan til Judith; men naar han vart vaksen og Student, so vilde han gjera ei Bok, som skulde vera so god, at ho skulde lokka Folk til aa tru paa Huldri. –
– Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje Kapellanen drygja lenger med Tysken. Men den vilde han helder ikkje taka paa den aandlause Latinskulemaaten. Latinskulen var i det heile eit syrgjelegt Hol, leet han um.Fedraheimen: … leet han um. Dei gjorde ikkje annat der enn laag og eksera med denne Grammatikken, so Gutarne vart so turre som Departementsfolk og so snuskloke som gamle Kjeringar. Det var ikkje … Det var ikkje ein Skule for Ungdom; det var ein Skule for Kaldklokskap og Aandsfiendskap. Difor saag me daa og, dessverre, at so mange av vaare Embættsmenn var paa Matstrævar sida i den store Aandsstriden. Dette forstod ikkje Daniel. At lærde og rike Folk kunde vera Matstrævarar, hadde han aldri tenkt seg. Men naar Kapellanen sagde det, maatte det vera sannt. Han hadde nok enno likat det best, um Kapellanen hadde gjort som dei gjorde paa Latinskulen; for det var altid tryggast aa fara Kongevegen, og han var slett ikkje so rædd for aa læra Leksur; men naar alt kom ihop, fekk han nok vera glad til, at Kapellanen tok det paa sin eigen Maate.
Men med Tysken tok Presten det so, at dei ikkje skulde lesa Grammatikk her helder. Dei slog upp i Leseboki med ein Gong og gav seg til aa lesa; Grammatikken skulde koma etterkvart. Fyrst las Kapellanen upp og umsette, so gjorde Daniel det same etter. Og det gjekk. Hugsad ikkje Daniel Ordi, so 29hugsad han Innhaldet, og dessutan lærde han snart aa gissa seg til, kva mange Ord tydde. Men andre Ord lærde han, fordi dei kom saa ofta att.Fedraheimen: … saa ofta att. Tilslutt fekk han ein Regel elder tvo um Grammatikken: men det maatte gaa fort, for at dei ikkje skulde koma ut av Samanhengen. Daniel totte … Daniel totte dette gjekk godt.
Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd baade med Guten og med Metoden; paa denne Maaten skulde der koma Aand inn i sjølve Tysken. Og han skreiv ei Avhandling i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye Metoden.
Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl var Daniel, fordi han no endeleg kunde fortelja Folk, at han las Tysk. Han lagde serlig Merke til slike Ord og Vendingar, som han kunde «faa Bruk for», og dei lærde han paa eigi Haand. Dette gjorde han for aa kunna vera lærd heime, men serleg og alrahelst for aa kunna vera lærd paa Klokkarskulen.
For der gjekk han i visse Timar og lærde Rekning og Rettskriving og slikt, og galdt for ein stor Mann. Dette gjorde, at han likad seg her. Men der var ein annan Ting og, som gjorde, at han treivst paa Klokkarskulen, og det var, at han likad so godt Inga Holm. Inga Holm var Dotter aat Klokkaren. Det var ein rund, søt liten Ting, med eit godt, sorgblidt Andlit og fagre Fakter; Augo laag liksom halvt attletne og smaadrøymde, symjande i mild, svevnug Glans. Det var forunderlegt, so ljos og hyggjeleg Skulestova vart, naar ho var inne. Der var nokot serskilt ved henne, som Daniel aldri saag hjaa andre; alt det ho gjorde, um ho so berre rørde ein Finger, so var det so tekkjelegt, so uskyldigt, so 30elskelegt aa sjaa paa. Men Augo var som ein Solglytt. Kom ho til aa sjaa burt paa Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og uroleg Kjensla gjekk gjenom Bringa. Daniel drøymde ofta um dei Augo, og naar Kapellanen fortalde um Ydun elder Frøya elder Jomfru Maria, tenkte Daniel altid paa Inga. Han tenkte so smaatt, og vart blodraud ved Tanken, at kanskje elskad han Inga Holm. –
Um ei Stund laut dei til med Latinen. Det var ikkje etter Metoden; men Tidi fall slik, at Kapellanen laut driva paa.Fedraheimen: Um ei Stund sagde Kapellanen, at no fekk dei nok taka til med Latinen. Det var ikkje etter Metoden. Men Tidi fall slik, at Kapellanen laut driva paa. Daniel var stolt. Lesa Latin! Han fortalde det til alle,han saag, Og der var som ei Høgtid yver han, daa han kom heim den Dagen.
Daniel var stolt. Han hadde leset so mykje at han visste, at det var Latinen, som skilde millom Lærde og Ulærde. Latinen var den tronge Vegen, som førde fraa Kvardags-stimen til Aandshimmelen; ingen vart Stormann, som ikkje kunde Latin. Og no skulde han faa læra Latin. –
Med Andakt tok han næste Dag Cæsars Bellum gallicumBellum gallicum] Gallar-krigen under Armen og strauk til Kapellangarden. Men daa han kom dit, fekk han høyra, at det gamle Romarfolket hadde voret eit Røvarfolk, at den romerske Bokavlen var ei aandlaus Herming etter den græske, og at det var unaturlegt og meningslaust, at me Nordfolk skulde lesa Latin. Dette kunde Daniel paa ingen Maate forstaa. Naar Kapellanen sagde det, visste han at det var sannt; men han fekk venta med aa forstaa det, til han vart eldre.
Det varde likevæl ikkje lengje, fyrr han kom etter, at Kapellanen hadde havt Rett, og at Latinen var nokot Uvæsen. Latinen var i alle Maatar so 31reint motsett det, me sjølve brukad, so reint paa Tverke mot alle vaare Tankar, at det var forunderlegt, at Folk kunde læra slikt. For det fyrste var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita terra, elder ein By urbs, det var ikkje likt til nokon Ting. Her nyttad det ikkje aa gissa seg fram; skulde ein forstaa Ordi, maatte ein læra dei,Fedraheimen: … maatte ein læra dei, og det var væl nokonlunde raadlaust. Dessutan hadde Ordi tidt so mange Meiningar, so at um ein forstod dei paa ein Stad, so forstod ein dei kanskje ikkje paa ein annan og so var ein like nære. Men endaa galnare … og kven kunde det? Men endaa galnare var det med Setningarne. Dei var vovne ihop slik, og Ordi var slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var mest Uraad aa faa Orden i dei att. Prædikatet kunde staa fyrst i Setningen, og so kunde Subjektet koma midt nedpaa Bladet ein Stad, og stundom var der ikkje nokot Subjekt! Han hadde aldri set slikt. Og so Grammatikken. For her maatte han lesa Grammatikk; det kunde ikkje nytta med Metoden; det var vonlaust aa faa Aand inn i Aandløysa, som Kapellanen sagde. Det galdt aa lesa med Vit; Daniel maatte ikkje puglesa; men «sjaa» paa Grammatikken maatte han, og det baade stødt og stendigt. Ja, Daniel «saag» paa Grammatikken. Men han kunde ikkje faa Greida paa nokon Ting. Fire Deklinasjonar! Seks Kasus! Og tvo – tri Undantak fraa kvar Regel, og Undantak fraa kvart Undantak att, og so burtetter i Endeløysa! Daniel saag seg reint yvergjeven.
Ikkje var der nokot vidare Aand i det, dei skulde lesa helder. Daniel hadde ventat seg djupe Tankar og høge Syner og vidunderlege Sogur av eit reint nytt Slag, og so fekk han ei vanleg, turr Kvardagsskildring av nokre Smaakrigar og Slag millom Romveringar 32og Villmenn upp i Gallia. Var det nokon Ting? Daniel hadde leset mykje gildare Krigsskildringar i «Almuevennen».
So vart der daa stort Stræv og liten Framgang med Latinen hans Daniel. Men Kapellanen brydde seg ikkje so mykje um dette. At den naturfriske Bondeguten greidde seg kleint i Latin var i Grunnen berre eit Merke paa, kor sterkt det romerske Væsen bar heile vaar nordiske Aand imot. Vaar sterke nordiske Aand vilde ikkje inn i den romerske Tvangstrøya. Og so trøystad han Daniel med, at han altid lærde nok Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje verdt aa kasta burt for mykje av sin Ungdom paa eit Fag, som ikkje styrkte, men snarare forkvaklad Aanden, og som det i Grunnen berre galdt aa gløyma, so snart ein hadde fengje Eksamen.
Fransk kunde det og drygja med. Alt dette romanske var framandt for oss og kunde altso ikkje utvikla vaar Folkeaand. Aanden var som Diamanten, kunde berre slipast i sitt eiget Støv. Matematikken laut Daniel «pugga», for den forstod ikkje Kapellanen seg paa; men no var han komen ut av Vane med aa pugglesa, og desse Formlarne og Bokstavarne var dessutan so vrange aa hugsa. Det gjekk soleis ikkje svært fort i «Matematikken» helder.
Det, Daniel lærde mest av, var Soga. Kapellanen fortalde godt, og Daniel fylgde med i stor Gleda. Det var so lett, dette, og so godt aa hugsa. Gløymde han nokot, so saag han etter i Verdenshistoria si, og paa den Maaten beit Hendingarne seg betre fast i 33Minnet. Mytologien kunde han og, endaa det varde ikkje lengje, fyrr Figurarne tok til aa blotna i Kantarne og glida yver i kvarandre.
Og so lærde han aa drøyma. Han drøymde um Huldri og um Inga Holm, og dei tvo vart meir og meir eitt; og so drøymde han um alt det store og gode, han vilde gjera, naar han vart Student elder Prest. Av Skaldarne og av Kapellanen fekk han vita, at Ungdomsdraumarne høyrde med til det største i Livet. Ingen vart ein rett Mann, som ikkje hadde drøymt i sin Ungdom, sagde Kapellanen. Og naar han fortalde Daniel um Studenterlivet, som han ikkje so sjeldan gjorde, so sagde han gjerna, at det, som gav dette Livet sin Poesi og «Idealitet», det var i Grunnen dei ungdomsdjerve Draumarne. Til Studenterlivet høyrde Gleda, Song, friskt Liv, lystige Kammeratar; men kvar Student, som der var Mannsemne i, bar i Løyndom paa fagre Draumar, som gav Gleda Aalvor og Leiken Meining. –
So drøymde daa Daniel, og drøymde, at han var eit Mannsemne, fordi han drøymde. Stundom fekk han ikkje lesa for Draumar. Dei tok Tanken burt fraa Boki og bar han vidt, vidt yver Land, og det var ikkje fritt, annat dei tok Hugen burt fraa Boki med.
Men so høgt som han livde i sine Draumar og i dei sæle Lyftningsstunderne hjaa Kapellanen, so ille totte han meir og meir, at han hadde det heime.
Der var so trongt og smaatt der, so uhyggjelegt, og so aandlaust. Alt gjekk ut um den stakkars Maten. 34Baade inne og ute var stygt og ufjelgt. Dei heldt ikkje skikkeleg reint eingong, og Glaset kom mest aldri upp, so Lufti var mang ein Gong som ho kunde. Ikkje eingong seg sjølve brydde dei seg um aa halda reine. Vaskad dei seg kvar Sundag, var det godt. Ein Tanke utanfor det raae Matstræv fanst ikkje, naar ein fraatok det gudelege. «Menneskeliv» hadde dei ingen Draum um. Og her gjekk han so aaleine. Han hadde ingen aa tala med um sine fagre Draumar. Den einaste skulde vera Judith; men kva forstod væl ho. Lias, det var ein aandlaus Slamp, som gav meir for ei Skjeppa Jordeple enn for all hans Aand og Poesi. Her var i Grunnen ikkje livande for Daniel.
Vilde han segja nokot um Slarvestellet deira, so gjorde dei Narr av han elder vart vonde. Gamle Ole Johannes vart reint arg, naar Daniel kom med sine «fine Fimur».fine Fimur] griller; nykker Han var væl for god no til aa vera i Lag med simple Folk. Han var væl alt Storkar no. Gjekk ikkje den Skarveungen her og var so vis og vigtig, at han vilde vera større enn baade Far og Mor! Det skulde ikkje stor Grisen til, fyrr han slog Krull paa Rova. Og so skulde han no vera fornæm, maatru. Kvar Dag i Skule med kvit Krage paa Halsen og so uppkjemd og uppstroken, som han ikkje skulde vera den han var; og tok han si Haand i aldri so lite Arbeid, so skulde han strakst ut i Kjøken og vaska seg! Jau, det skulde sjaa ut paa Bondebygdi, dersom me vilde gje’ oss til aa gaa slik og vassla.vassla] tøve; gjøre unyttige ting
35Ole Johannes kunde ikkje altid tigja med dette. Og Daniel, som totte han hadde det laakt nok fyrr, um han ikkje skulde faa Gryl og Gnaal attpaa, var stundom so tankelaus, at han svarad. Ein Gong braut det reint laust. Daniel kom inn ein Kveld i Skomingi og fann Stova full av ein Os, som ikkje var god. Det hadde rignt um Dagen, og Omnen hekk full av vaate Klæde, som eimad av beste Magt. Huh, sagde Daniel og pustad og blees, og so gjekk han burt til Glaset og vilde hava det upp, endaa det ruskad og smaarignde litt ute. Og han gav seg til aa banka og hamra paa Vindauga som det galdt Livet; for det var nok ikkje av dei, som gjekk lett. Han visste ikkje annat enn han var aaleine inne. Men burte i den store Umhengs-Sengi laag Gamlingen og saag og høyrde paa alt ihop, og det tok strakst til aa koka i han. «He, kaslag æ dæ, du gjere?» spurde han endeleg med Sinne i Maalet. Daniel kvakk, men tok seg att og sagde, at han berre vilde ha upp Glaset litt, for her var so usunnt inne. Ole Johannes tagde litt; det kokad sterkt i han, og han vilde gjerna finna eit Ord, som kunde bita rigtigt godt. «Jaso. Det skal væl … vera fint det, kann eg vita», sagde han. No vart Daniel og vond, og han svarad, litt utekkjelegt, at anten det var fint elder ikkje, so vilde han ha frisk Luft! Gamlingen dirrad av Sinne, der han laag. «Høh, berre høyr! Frisk Luft! Berre høyr!» Han kunde ikkje lenger finna Ord; han berre laag og hermde. Endeleg fann han ein brukeleg Tanke. «Kanskje du trur, at eg vil ha Ruskveret 36og den kalde Vinden like her inn i Sengi til meg, naar eg skal sova?» – «Skal du sova, hev du endaa mindre godt av aa liggja i denne Osen», svarad Daniel vigtigt; han tok til aa banka paa Glaset paa nytt, men ikkje so sterkt. Likevæl gjekk det upp, og dermed leet han det staa paa Glytt og tok til beins ut. Men Gamlingen laag og kokad burti Sengji. Og so tok Vinden Glaset og slog det heilt upp. Skjelvande krabbad Gamlen seg upp, gjekk burt til Glaset, og slog det att med ein rasande Smell, som Daniel maatte høyra, so sannt han var i Huset.
Etter den Dagen gjekk Ole Johannes lengje og berre mur-tagde. Men for Maren slog han paa, at Daniel visst ikkje hadde godt av all denne Lærdomen. Maren forstod Meiningi og gjekk strakst til Daniel med det. Daniel vart sur og gav vondt; men daa bad Mor hans han hugsa paa, kva denne Skulegonga kostad Far hans. Det var ikkje aa undrast paa, um den gamle Mannen vart litt saar paa det; Pengarne skulde han ut med, og saag han so, at han berre fekk Skam til Takk –. – Aa, desse Pengarne, rengde Daniel. Var det hellest nokot Pengar aa snakka um enno? Las ikkje Kapellanen fritt kanskje? Han brydde seg nok ikkje so mykje um desse Pengarne, han. Til dette svarad Maren, at ein kunde daa væl ikkje for Skams Skuld lata Kapellanen stræva for reint inkjevetta; ein laut altid senda han ein KjøtfjordingKjøtfjording] eit kvart slakt elder ein SmørambarSmørambar] ambar: eit kjørel av tre so daa og daa, og so laut ein ofra litt raust paa dei store Høgtiderne, og det same laut ein gjera med 37Klokkaren; so naar alt vart ihoplagt, og dertil den Maten, som Daniel maatte hava, men som han ikkje gjorde Lika fyre, so vart det Pengar av likevæl. Ole Johannes hadde somen i det siste Aaret laant ikkje so faae Pengar, lagde ho sutrande til. Daniel kjende seg som djupt nede i ei Myr. Berre Matrekningar, berre Mat-Tankar, Smaaskap, Armodsdom heilt igjenom. Skulde dei no tilmed rekna den vesle Maten, som han kunde eta upp –! Han gjekk ut; han maatte liksom have Luft etter dette.
Men sidan torde han ikkje annat enn vera snild Gut; han lempad seg etter Husens Skikk og gjekk Far sin under Augo so fint han kunde. Ole Johannes smaamyltesmaamylte] trekte på smilebandet med seg og totte dette stod godt til. Det hev du godt av, Far min! tenkte han; det er ikkje verdt, du vert Storkar fyre Tidi. – Men Daniel likad ille paa Leiken. Han var mest hatig paa denne aandlause Moldtrælen, denne gamle Bonden, som ikkje kunde forstaa, det Slag av det, som var høgt og stort og ædelt paa Jordi. Og alt i eit gjekk han og sullad paa Bjørnsons klassiske Lengtingsvers i «Arne»:
«Ud vil jeg, ud, o, saa langt, langt, langt
over de høie Fjelde!
Her er saa knugende tærende, trangt,
og mit Mod er saa ungt og rankt!» –
Men naar Bror hans, han Lias, høyrde slikt, so sagde den aandlause Slampen, at «Hr. Daniel» kunde vera glad, dersom han aldri fekk det verre enn heime.
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.
Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.
Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.