Bondestudentar

av Arne Garborg

X.

247Yver den breide Bygdi laag Hausten og tyngde med myrk Himmel og vaat Luft, og Skyerne hekk nedyver Aasarne som svære, kvite Forheng. Cand. filos.Daniel Braut gjekk stundom og saag paa dette, og naar han saag paa dei sky-huldesky-hulde] hulde: preteritum av å hylja, dvs. innhylle (t.d. med slør, teppe el.) Aasarne elder paa Skogen, som drog seg burtetter Bakkarne tett og myrk som ei Nott, so mintest han sine gamle Draumar um Huldri. Og han smilte i tunge Tankar.

– Det var godt, at han var komen fraa Byen Det var ingen her, som skulde hava Pengar av han. Og ingen var det her, som kunde stinga han med flirande Augo, fordi han hadde gjort seg til «Mjøltraavar.» Dei hadde ikkje sagt nokon Ting, dei der inne. Men han hadde set det utanpaa dei, kva dei tenkte. Var det sannt, at han hadde voret hjaa Pater omnipotens og umvendt seg? Var det sannt, at han sidan han pipet i Teatret og drukket seg full? elder var det so, at han ikkje hadde pipet i Teatret – og drukket seg full? Men Ole Bentsen gjekk og talad um, kor skrøpelege me var, og kor snart det var gjort aa falla tilbake. Daniel hadde voret rædd Kammeratarne sine. Han hadde stengt seg inne for aa lesa til Eksamen, men kunde ikkje sprenglesa 248som fyrr; han fekk so snart vondt i Hovudet. Og vilde han kvila, kom dei rædde Tankarne surrande ikring han som Flugur. Enn um Pater fekk vita, at han ikkje var ein «sann Israelit»! Enn um Fram og Rud og Haugum fekk vita, at han hadde «umvendt seg»! ja um Hirsch fekk vita det! Daa sveittad Guten kaldt. Aa, um Hirsch fekk vita det! Kva vilde den gode Mannen daa segja um sin fordoms Lærling? Og kva vilde dei segja, alle ihop. Han hadde stelt seg slik, at ingen lenger kunde tru paa han.

Men det verste var, at ender og daa maatte han upp og helsa paa Pater. Skjelvande rædd kom han; brennande skamfull gjekk han; for her, hjaa Pater, var han nøydd til aa vera umvend …

Aldri i sine Dagar hadde han havt det so vondt, ikkje eingong daa han svalt. –

Her uppe paa Steinsrud var det likare. Men naar det kom til Stykket, var han ikkje trygg her helder. Tanken paa Hirsch gnog paa Samvitet hans som Tæring, og Tanken paa Pater heldt han i æveleg Uro. Fekk Pater vita, at det hadde voret Fusk med den sanne Israeliten, so fekk Proprietæren vita det med, og so kunde ein skyna kor det gjekk. Likso ille vilde det vera, um Student Stensrud, Son til Proprietæren, fekk vita meir enn han skulde. Student Stensrud, den «store Tosken» fraa Russelaget, var det, som hadde teket Daniel god til Huslærar; men Student Stensrud kjende Daniel berre gjenom Pater og Haugum, og fekk so han vita, at Hr. Braut var ein gamall Framsmann og Pipeblaasar …

249Det galdt aa fara varlegt. Det einaste, som kunde berga han, um galet skulde gaa, var, um han til den Tid fekk Proprietæren paa si Sida. Det fekk han daa prøva paa. Og han gjekk sin Husbond under Augo, so godt han kunde.

Han var komen hit i den Tanken, at han vilde sona for si Synd mot Kapellan Hirsch gjenom sitt Lærar-Arbeid. Han vilde læra dei tvo smaae Stensrud’arne aa tru paa Aand. Men daa han strakst kunde forstaa paa Proprietæren, at denne ikkje likad den aandfulle Metoden, gav han Tanken upp. Syndi mot Hirsch fekk han sona sidan; det var ikkje for honom aa hava nokon Vilje no. So tok han til aa undervisa paa den Maaten, som han hadde lært av Kandidat Massmann.

Dessverre var der litet Framtak i Gutarne. Dei var tunge og dauve, og han likad dei ikkje. Aa arbeida med dei var som aa skvetta Vatn paa Gaasi. Etterkvart gleid daa Daniel yver i den vanlege aandlause Latinskulemaaten: han høyrde Leksur og var like sæl. Men naar Fru Andrine spurde etter um Sønerne sine, sagde Huslæraren, at han trudde det var emnelege Gutar. Dei hadde ikkje raatt oror] vakna enno; men dei kom seg nok. Ein kunde i Grunnen ikkje forsvara aa segja annat til ei Mor helder, tenkte han.

Fru Andrine var andre Kona til Proprietæren; fyrr hadde ho voret Hushaldar hjaa gamle Provsten. Ho lagad god Mat og styrde Huset godt; meir kunde ho ikkje, og meir kravde ingen av henne. Den, som hadde voret uppvaksen i eit slikt Hus, tenkte 250Daniel tidt; ein kunde ha voret annat til Kar daa. Og um gamle Ole Johannes Sørbraut hadde voret so mykje til Mann som Proprietær Stensrud, – enn alt det vonde, ein daa kunde ha sloppet, og alt det gode, ein kunde ha havt! – Men ein fekk tru, at Vaarherre hadde ei Meining med alt. Han hadde væl set, at Daniel ikkje vilde hava godt av gode Dagar. Hadde han voret rik, so kanskje han no hadde voret ein Ranglefant. –

Proprietæren sjølv var ein Mann paa 58, roleg og stød, klok og tung. I sine unge Dagar hadde han, som han sjølv sagde, voret eit Stykke av ein Fusentast;Fusentast] villstyring; brushovud men Alderen og Røynsla hadde lært han aa sjaa meir allsidigt paa dei fleste Ting, og no var han 4de Suppleant paa Embættsmannslista. Med den fyrste Kona si hadde han fenget Pengar, – «og daa var det, at han vart moderat», fortalde Jaabækianaren Lærar Borreberg; sidan «gjorde han eit Slag til Høgre for kvart Tusund, han tente, og var no so kvit som ein Messehagel». Han talad altid med stor Vyrdnad um den akademiske Daning. Intolerant var han ikkje. Det einaste, han kravde av Folk, var, at dei skulde vera upplyste og sjølvstendige, so dei ikkje tok si Meining paa Borg korkje hjaa «Folketidende»Folketidende] radikalt vekeblad utgitt av Søren Jaabæk (1814–1894) eller andre, og ikkje leet seg driva av kvar Lærdoms Vind, elder lokka av kvar Frasemakar. Um dei «folkelege» sagde han mange Ting, som Daniel vilde ha motsagt – dersom det ikkje hadde voret for det, at han maatte fara varlegt.

Med den fyrste Kona si hadde Proprietæren havt 2513 Born. Av dei var Student Stensrud den yngste. Den næstyngste heitte Lovise og var gift med Grosserar Storr i Kristiania; den eldste, Frøken Hanna, var heime.

Denne same Frøken Hanna gjekk for aa vera 26 Aar, men Daniel trudde ho maatte vera eldre. Ho hadde voret i Kristiania paa eit Institut og var Dame, gjekk byklædd og stelte med Finarbeid og Pianospel. Daniel var litt brydd saman med henne; han visste ikkje, kva han skulde segja til slik ei. Av Romanarne visste han, at det var ein serskild Kunst aa tala med Damur; dei skulde hava sin eigen Kost, dei, og den hadde han aldri lært aa laga. Men etterkvart kom han i Snakk med henne likevæl, og det paa den Maaten, at han fekk laana Bøker hjaa henne; for ho var med i eit Leigebibliotek. Og daa dei fyrst var kjende, gjekk det av seg sjølv. Det viste seg, at ho ikkje var so faarleg aa snakka med endaa. Det, ho helst vilde høyra um, var Kristiania og Studenterlivet. Daniel fortalde det vesle han visste um dei Ting, diktad litt for aa gjera det forvitnelegt, men tagde med mangt, som han ikkje trudde det gjekk an aa segja til ei Frøken. Eingong kom han til aa nemna, at han kjende Hans Haugum; sidan maatte han fleire Gonger fortelja um den Guten. Han vart tilslutt undren og spurde, um ho kjende Hans Haugum, og dertil svarad ho, at han hadde voret her uppe some Tider, daa Mor livde. Mor var komi or hans Bygd og hadde kjennt Foreldri hans godt. Ein Dag stod Hanna og saag ut gjenom Glaset og sagde: 252«De veit væl, at han er forlovad?» «Haugum?» «Ja.» – Nei, det visste ikkje Daniel. Naar gjekk det for seg? – Det var nyaste nytt; Hanna hadde havt Brev um det fraa Lovise. – Jaso? sagde Daniel; han var ikkje stød paa, anten han likad Tidendi elder ikkje.

Sjølv var han ikkje trulovad enno. Eit Par Gonger hadde han prøvt aa skriva til Inga i Sumar; men han hadde ikkje fenget det til. Han kunde liksom ikkje finna Ord; det vart so kaldt og so toskutt, det han skreiv. Ulukka var, at han ikkje hadde voret heime paa so lengje. Og no hadde han i Grunnen ingenstad heim aa koma. Sørbraut var selt og Lias reist; gamle Maren var hjaa Dotter si paa Neset; men der budde dei uppi ein Kvist, som knapt hadde Rom for tri, og slett ikkje for fire. So fekk Daniel halda seg derifraa. Men dette var ille. Visst nok elskad han Inga enno; – skulde han ikkje elska sin Ungdoms Ideal? – men det var med Elskhugen som med so mykje annat: han trong Næring. Og det verste var, at Guten enno ikkje hadde gløymt – Berta Maria. Altfor ofta, naar han skulde tenkja paa Idealet sitt, elder paa Framtidi i den kvite Prestegarden millom grøne Tre, elder paa den hyggjelege Prestekona i ein Ring av smaae fagre Krullhæringar, – altfor ofta var det daa den arme Tenestgjenta, som kom svivande fram for Hugen hans, med Smil elder dragande Graat. Han forstod ikkje dette. Der inn i Byen, daa han gjekk og svalt, og sidan, daa han strævad med Andre-Eksamen, hadde han mest 253aldri tenkt paa Berta Maria. Men so var det ei Nott etter han var komen her upp, at han hadde drøymt um henne so fagert. Han totte ho sat paa Fanget hans, og han heldt henne um Livet. Ho lagde seg tett inn til han og heldt han um Halsen, og laag i Armarne hans so mjuk og so varm. Og ho greet av Elskhug og Sorg, og han kjende det taarevaate Andlitet inn imot sitt og var so glad og sæl, at han kysste henne. Men ho bad, at han ikkje maatte vera vond paa henne; det galne, ho hadde gjort, det hadde ho gjort av di ho elskad i Vonløysa ein, som ho ikkje kunde faa … og ho smøygde seg inn til han so tett, so tett, og der var ein Vaar av Elskhug yver henne. Daniel vart so hjarteleg glad; han kysste henne ein Gong til, og vaknad. Men endaa kjende han det taarevarme Andlitet inn mot sitt, og den mjuke, mjuke Kyssen, og han var varm i Armarne etter henne, og trivlad ikring seg i Forundring, fordi ho ikkje var her. Sidan hugsad han denne Draumen, og slik, som han hadde set henne i den, elskad han henne lengje. Han drøymde Draumen uppatt og uppatt med vakne Augo, og kvar Gong glødde det upp i han ein søt, sorgmild Elskhug, som han ikkje hadde Hjarta til aa tyna. So lengje dette stod paa, kunde det ikkje nytta aa fria til Inga; for ho vilde nok forstaa, um der var Aalvor i Leiken; og dessutan, so lengje ein ikkje hadde Embættseksamen …

Daa det leid ut paa Hausten, var Frøken Hanna so kjend med «Kandidat Braut», at ho stundom fylgde 254han paa Spaserturarne hans. Daniel kunde ikkje annat enn finna det staut, at ei so fin Dame heldt Lag med han; men det hadde voret væl so gildt, dersom ho hadde voret fagrare. Frøken Hanna var, liksom Far sin og Bror sin, storbygd og i godt Hold, men bleik i Hudi; Andlitet var stort, Haaret ljost, Augo rolege og late. Daniel gissad paa, at ho kunde vera 28 Aar; finaste Ungdomsblomen var burte; Huldresløret, Draumen, Trolldomen, det, som ingen kann utsegja, – det var der ikkje; han kunde tala med henne so mykje han vilde, men var like kald. Hadde ikkje dette voret, so kunde han kanskje komet til aa kjenna seg heime paa Steinsrud.

Eit Par Kveldar um Vika var det Whist og Toddy; men aldri meir enn eit Glas, og aldri lenger enn til Klokka ti. Ender og daa var Lensmannen der, stundom sjølve Presten. Morosamt var der aldri. Og naar Proprietæren Gong etter Gong sat og lagde ut um, kor vigtigt det var aa vera «sjølvstendige», so ein ikkje leet seg driva av kvar Lærdoms Vind elder lokka av kvar Ordmakar, – so vart Daniel stundom rædd, at Propietæren meinte dette paa honom.

For Daniel hadde ikkje voret sjølvstendig. Han visste det no. Han hadde havt det med aa meina som dei, han mest var i Lag med, og naar han hadde høyrt ei Meining framsett med Fynd, so hadde han teket den god og gløymt det, han fyrr trudde. Meir enn ein Gong hadde han høyrt Folk snakka um, at ein skulde hava «sjølvstendige Meiningar»; men han hadde aldri rett lagt Merke til det. Han var heimangjord 255med den Trui, at det galdt aa hava rette Meiningar. Og det kunde han ikkje koma ifraa enno. Kva kunde det nytta aa tenkja sjølvstendigt, naar ein tenkte galet? Og naar ein skulde lita paa sitt eiget Vit, so kom ein til aa tenkja galet. Fram og Rud og slike, dei var visst sjølvstendige nok, men so var dei Rasjonalistar! Og kor langt vilde dei koma med det?

Det nyttad lite aa vera sjølvstendig, naar ein skulde døy. Daa galdt det aa hava den rette Trui. Hadde ein ikkje den, gjekk ein til Helvite, kor sjølvstendig ein var. Og her i Verdi var det i Grunnen paa same Maaten: vrange Meiningar øydelagde sin Mann.

Det maatte kunna gaa an aa tenkja sjølvstendigt og rett paa ein Gong, og det var naturlegvis det, Folk meinte. Men daa galdt det aa vita Framgangsmaaten. Han ordad eingong innpaa um dette for Proprietæren. Og denne svarad, at det galdt aa vilja det rette. Vilde ein finna det rette, so fann ein det; men leet ein Tanken laupa sjølvstyrd, og var like sæl kor det bar av, so kunde ein nok tenkja seg burt i Villska. Daniel totte dette var rimelegt; han hadde i Grunnen altid visst, at det var Viljen, det kom an paa. Likevæl fann han, at Saki var mindre klaar. Tanken, den gjekk sine eigne Vegjer den, som Gregus Johnsen hadde sagt, og det var væl ikkje altid aa lita paa, at Viljen hadde Magt til aa halda Leidi.

Nei, det var ikkje greidt aa tenkja sjølvstendigt. 256Um ein berre vilde taka ein slik Ting som denne Republikken, som han hadde voret so ustød i … Ja; ein kunde tenkja upp Grunnar baade for og imot. Men dersom no Grunnarne for og imot var like sterke? Elder dersom Grunnarne for var sterkare enn Grunnarne imot, og so ein ikkje vilde vera Republikanar?

Kanskje leitad ein daa so lengje etter Motgrunnar, til dess ein fann dei. Elder ein granskad Grunnarne for og fann ut, at dei ikkje var so sterke, som dei saag ut til. Kunde ein segja, at ein daa hadde tenkt sjølvstendigt yver Fristaten?

Men um det no skulde henda, at Fristaten var det rette likevæl? Der var kloke Folk, som trudde det og. Kloke Folk baade for og imot, og kvar hadde sine Grunnar …

Nei, det nyttad ikkje aa tenkja, naar ein ikkje visste, kva ein skulde gaa ut ifraa. Det var det, det kom an paa. Gjekk ein ut fraa det eine, so kom ein hit, og gjekk ein ut fraa det andre, so kom ein dit, og den, som ikkje hadde nokot aa gaa ut ifraa, han var som ein Mann i Myrkeskodd: han vart gangande i Ring.

Som han gjekk og mynstrad med dette, kom han til aa minnast nokre Forelesningar, han hadde høyrt paa Universitetet yver Ethikk. I dei Forelesningarne hadde Professoren lagt ut um dei ymse Riksformerne paa ein so klaar Maate, at Daniel aldri kunde tenkjast til aa gjera det betre, og dei Forelesningarne hadde han skrivet upp. Han leitad etter dei i Kufferten sin, men hugsad so, at han hadde 257laant dei burt til Halvor Mosebø. Det var daa harmelegt. Hadde han havt dei her, so kunde han berre leset dei godt igjenom, og so hadde han havt so gode Meiningar med so klaare Grunnar, som nokon Mann kunde ynskja! No var der ikkje Raad med det; han visste ikkje eingong, kor Halvor Mosebø budde.

At ein ikkje kunde hava det her som i Trui: at ein hadde det rette og sanne fastsett! Ei paaliteleg politisk Katekisme vilde vera ein umissande Ting for unge Folk. Som det no var, stod ein mest uppraadd. Skulde ein tenkja utan Rettleiding, var ein som eit Skip utan Kart og Kompas. Det kunde henda, at ein fekk ein god Tanke. Men kor kunde ein vita, anten Tanken var god elder galen, so lengje det berre var eins eiget Paafund?

Vilde ein spyrja andre til Raads, kom ein ikkje stort lenger. Det var likso mange Meiningar som det var Menn; kvar heldt si Meining for den einaste rette, og alle hadde dei Grunnar i Hopetal; det var nok ikkje kvar Manns Sak aa finna seg til Rettes i slikt eit Babel. –

Slikt gjekk den unge Kandidaten i Filosofi so mang ein myrk Ettermiddag og braut Hovudet sitt med, og han likad seg ille. Men stundom saag han paa dei høge Aasarne, som stod og gjorde seg fagre og klædde seg um og um med Skydukar og graakvitt Taake-Lin, elder paa Skogen, som drog seg burtetter Bakkarne myrk og tung som ei Sorg; og daa tenkte han paa Huldri og paa Berta Maria. Og 258han kjende ein Lengt, ein Saknad, som gjorde han sjuk. Aa, um han hadde eit Menneskje, som forstod han, som heldt av han! Aa, um han hadde ei, han kunde elska! Her gjekk han so aaleine … so aaleine som ein Tjuv um Notti. –

Men naar han kom heim til Kveldsbordet og høyrde Proprietæren, og stundom Lensmannen elder Presten, sitja der og leggja ut um alle Ting og vera so trygge i sitt og vita so god Greida, so sukkad han med seg sjølv og tenkte: sæle er dei gamle, som hev alt sitt uppgjort.

Lensmannen var ein gamall høg, graa Ungkar med bleike juridiske Andlitsdrag og ei Nos som ein Bløyg;Bløyg] kile Jurist var han, og Embættsmann vilde han heita. Men Presten var Hr. Pastor Ring, som Daniel eingong hadde raakat ut for hjaa Grosserar Helle. No var han komen her hit, og her hadde han eit framifraa godt Kall. Han var eldre aa sjaa til no, og liksom meir bondsk, men hyggjeleg og verdig. Han var svært glad med aa høyra, at Hr. Braut ikkje var Jaabæksmann; «det vil ogsaa i høi Grad glæde Deres gamle Velgjører, Grosserer Helle», sagde han. Gudskelov, Grosserar Helle var komen seg upp att no, fortalde Presten; han dreiv ei Forretning, som alt var i god Gang, og han vilde visst snart vera i full Vælmagt. «Aa ja, Herren glemmer ikke dem, der gjøre vel.» Daniel sat og tenkte paa, um han kunde vera god-for endaa ein Gong aa beda Grosserar Helle um Pengehjelp; men han tenkte, at det fekk vera den siste Utvegen. –

259Det var staut aa faa vera i Lag med so gilde Folk som desse. Den, som berre hadde havt sine Saker i Orden. Den, som ikkje hadde havt nokot aa vera rædd! Han hadde aldri tenkt, at ein Student kunde hava det slik, som han hadde det no. Han skalv av Uro, naar Posten kom til Gards, elder naar Proprietæren kom heim fraa ein Kristianiatur; og daa Hanna ein Dag fortalde han, at det skulde koma Byfolk her upp i Joli, vart han so modlaus, at han hadde ikkje godt av nokon Ting. «Det kjem upp! Du skal sjaa, det kjem upp!» sagde han til seg sjølv. Tilslutt gav han seg til aa fæla for, at han kanskje kunde faa sjaa Namnet sitt paa Trykk – jamsides med Frams – i «Den gode Borger».

Men «Den gode Borger» sette ikkje Namnet hans paa Trykk. Daniel maatte i det heile undrast paa, at Bladet ikkje var verre enn det var. Naar det kom til Stykket, hadde det betre Grunnar for seg, enn han hadde tenkt. Naturlegvis inneheldt det somt stygt mot dei folkelege, ja endaa eit Par harske Ting mot Kapellan Hirsch; men naar ein vilde vera rettvis, so maatte ein hugsa paa, at Bladet saag alle desse Ting fraa sitt eiget Standpunkt. –

Stundom vart han teken av den Tanken, at det kanskje var «Den gode Borger», som hadde Rett likevæl. Det talad so myndigt og sak-kunnigt, og avviste dei «folkelege» med slik Kraft, at ein maatte tru paa det. Dette, som dei andre foor og skravlad med, Fridom og Folk og Aand og Idear, det var visst Frase. Ein fekk taka Verdi som 260ho var, og den forstod «Borgeren» betre enn Idealistarne.

Men so kunde han raaka Lærar Borreberg ein Dag, elder han kom til aa hugsa sine gode, gamle Venner og Lærarar, Hirsch, Bliland, Haugum, Jens Rud, – og so forstod han, at «Borgeren» hadde Urett. Nokot Urett iallfall. Dei andre hadde kanskje ikkje helder fullt ut Rett; … enn den, som kunde finna Millomvegen!

Der maatte vera nokot, som laag midt imillom her. Dei gjekk vidt paa baae Sidur; ein maatte kunna forsona desse Motsetningarne. Og han mintest det, han hadde høyrt av Professoren um aa «mediera», um aa semja motstridande Ting i «en høiere Enhed». So gjekk han og balad med det ei Stund. Han vilde gaa ut fraa dei Grunntankarne, han hadde fraa Hirsch; so vilde han taka med so mykje han kunde fraa «Den gode Borger»; dessutan vilde han helder ikkje koma i Strid med Pater; likeeins fekk han sjaa aa koma so godt til Lags som han kunde med Fram og Jens Rud; for det vilde ikkje vera greidt aa bita i Kjeppen med dei helder, um det skulde koma til eit Ordskifte. Men di meir Daniel tenkte paa alle desse «Motsetningarne», di meir hovudgalen vart han. –

– Den, som kunde ha voret modig! Det beste vilde vera aa taka upp sine Meiningar fraa fyrr, vera folkeleg som i gamle Dagar, og so forsvara sine Meiningar med Nebb og Klo, baade mot Proprietæren og mot dei andre. Men slikt var det ikkje tenkjande 261paa. Han var ikkje sin eigen Mann. Andre hadde Magti yver hans Liv og hans Lagnad; vilde ikkje dei hjelpa han fram, so kunde han ikkje hjelpa seg sjølv. Tilslutt saag han ikkje meir enn ein Utveg. Han fekk tru paa sine gamle Meiningar so fast han kunde, – men tigja med dei, til dess han kom væl herifraa. Det gjekk ikkje an for ein 24 Aars Kar og Kandidat i Filosofien aa ikkje vita, kva han meinte. –

Ein Ting kunde han gjera her uppe for aa koma til aa kjenna seg vaksen, og det gjorde han –: han leet Skjegget gro. Det meinte han vilde hjelpa ikkje so litet; og paa den Maaten slapp han dessutan det Bryet aa raka seg.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.