Bondestudentar

av Arne Garborg

VIII.

191Ved Billetgluggen paa Dampen stod Daniel og fraus og vekslad sin siste Dalar. Han var blaa um Nebben og tung i Hovudet, og av Tankar hadde han berre ein: at ein fekk liva so lengje ein kunde.

Som han skulde inn i Matsalen, kom Jens Rud. Han var nærsynt og kunde ikkje strakst kjenna Daniel; denne vart bljug og vilde helst sleppa ifraa han. Men so helsad Rud og spurde, kor det stod til. Aa jau, Takk.

Dei kom inn og til Bords; Rud tok i Øl, og Daniel kom seg. Fraa Hirsch kunde Rud helsa, at det no var slutt med Staaket der uppe, so lengje det kunde vara; Bisp og Departement hadde fenget istand eit Slags Forlik, og det stod væl ei Stund. Men Pietistarne var ikkje aa lita paa. Dei var som Svartfot-Indianarar: kunde tala so søtt um Fred og Broderkjærleik, men laag paa Lur langs Vegjer og Stigar, og tok Skalpen av sin kjære kvite Bror, so snart dei saag seg KansKans] sjans til det. «Ja, det er visst sannt, det», sagde Daniel.

«Ja, ja; slikt ligg me og slaast um her heime,» heldt Rud fram, «Daapsformularar og gamle Talemaatar! Der ute i den store Verdi, der hev nok Folk annat 192aa tenkja paa. Hev De leset den siste Talen av Kastelar?» – Nei, Daniel hadde ikkje det. «Ja, den maa De lesa. Det er ein Stormann, den Kastelar!» –: «Det er visst det?» – «Aa, Gudbevare meg.»

Rud fortalde um Kastelar,Kastelar] Emilio Castelar (1832–1899), spansk statsmann og universitetslærar, tilhengjar av religionsfridom og republikk, omtykt i radikale krinsar i Noreg. Olaus Fjørtoft omsette og publiserte fleire tekstar av han i vekebladet sitt Fram. som det kunde vera ein Kjenning; sidan fortalde han um dei politiske Tilstand i Frankrike.Tilstand i Frankrike] må dreie seg om misnøyen med Napoleon III i åra rundt 1870, då parisarane gjorde revolusjon og etablerte den kommunistiske «paris-kommunen» i 1871 «Det er greidt, at all Ungdom heretter maa vera republikansk», sluttad han. Daniel kunde ikkje finna nokot aa segja imot dette, og so svarad han, at det var rimelegt. «Er De Republikanar?» spurde Rud tankelaust. «Aa … i Principet maa eg segja –; hellest hev eg enno ikkje tenkt so mykje yver det.» – «Nei», sagde Rud med sitt klaare, fine Smil, «ein vert Fristatsmann i desse Dagar, um ein ikkje tenkjer! Det ligg i Lufti, ser De.» «Ja, det er visst so», meinte Daniel.

Han sat og tenkte paa Haugum og hans Motgrunnar mot Republikken, men kunde ikkje faa Tak i dei. Det maatte vera nokot Snakk, det Haugum foor med.

Um ei Stund sagde Rud: «Gjeng De mykje i Teatret?»Teatret] Christiania Theater – «Aa … sometider.» – «Ja; kva segjer De um slikt Stell?» spurde Rud. Daniel vart forundrad; han hadde i Grunnen ingenting aa segja paa Stellet. Men Rud forstod det naturlegvis betre enn han … «aa, der kann visst vera mykje aa segja um det», svarad Daniel. «Mykje aa segja?» ropad Rud; «det er ein Skandale!» Og han forklarad med ivrige Ord, at slik som Teatret no vart styrt, so var det ein rein Karrikatur paa eit Nasjonalteater. Daniel 193forstod ikkje dette fullt ut; men han forstod, at Rud maatte hava Rett; for han talad so myndigt og so sak-kunnigt. Og som Daniel no var modig og mett, sagde han i full Forundring: «At Folk vil finna seg i slikt!» Rud smilte. «Me er litt dauve av oss, me Nordmenn», sagde han. «Aa ja, det er væl so», svarad Daniel. Rud heldt fram, men laagt og løynvoret: «Hellest er det ikkje sagt, kor lengje me finn oss i det.» – «So?» – «De maa ikkje snakka um dette; men det kunde væl henda seg, at her ein god Dag … vart litt Leven.» – «Leven?» – «Ein Demonstrasjon, forstaar De … ein Pipekonsert elder nokot slikt … Vilde De i Tilfelle vera med?» Daniel kjende seg gjøldgjøld] smigra ved den Tiltrui, Jens viste han, og han svarad med Gleda: «Ja visst vil eg vera med!» – Jens saag paa han. «Skal det vera eit Ord?» – «Lat gaa.» – «Kor bur De?» – Der og der. – «Godt, so skal De faa Bod, naar Tidi kjem. Men Tonn for TungaTonn for Tunga] ikkje sei det til nokon! so lengje?» – «De kann lita paa meg», sagde Daniel.

Daa dei kom ut, foreslog Jens Kaffi, og Daniel gjekk med. Strakst etter kom han til aa tenkja paa, at her kunde han kanskje paa ein fin Maate slaa Pengar til Husleiga. Han braastansad og sagde: «Aa nei, eg hev nok ikkje Raad til dette. Eg slog sund den siste Dalaren min i Dag, so no gjeld det aa spara.» Daniel vart litt raud; han trudde Rud maatte forstaa dette. Men i ein forundrad Tone svarad Jens Rud: «Eg spanderar Kaffien naturlegvis!» – «Aa –ja – Takk», mumlad Daniel flat. Han hadde 194tenkt, at Jens Rud hadde havt finare Teft i slike Ting. –

Kafé nasjonal var kjend som fast Samlingsplass for FramsFrams] romanfiguren Fram er tydelegvis eit portrett av Olaus Fjørtoft (1847–1878). Han var ein radikal politisk aktivist og skribent, og han redigerte vekebladet Fram. Fjørtoft kalla sjølv tilhengarane sine for «Fram». Han var ivrig republikanar, og opptatt av dei nye sosialistiske og kommunistiske ideane. Han var dessutan målmann, men ville at alle skulle skrive på sitt eige målføre. Flokk, og hadde av den Grunn stor Søkning av den «folkelege» Ungdomen. Daniel leitad med Augo etter Fram, men der var ingen her, som han kjende. Gjenom den halvopne Døri til det inste Romet saag han eit Par Fyrar, som kanskje kunde høyra til Flokken; lange var dei og lurvne og minnte um eit Ord, han hadde set i Bladi: Røvarar fraa Appeninerne;Røvarar fraa Appeninerne] støttespelarane til Giuseppe Garibaldi (1807–1882), som stridde for å samle Italia til eitt rike dit inn tok Rud Vegen. Og der fann dei Fram; han sat for Bordenden og skreiv.

Daniel saag ikkje stort annat av Mannen enn eit meiningslaust langt, svart Haar, som hekk ned yver Augo hans, og som han stundom, men reint til Faanyttes, strauk upp yver Pannen med Haandi. Han var klædd i ein svart Bonjour, som var blank paa Aalbogarne av lang Tenest og litt frynsutt fram-med Henderne av same Orsak; mager var han, og langbygd. Paa Bordet framfor han stod ein ordrukken Kaffikopp og ein Kopp med Moltur; Skrivpapir hadde han ikkje; han sat og skreiv paa Kanten av eit gamalt Avisblad, og Baksida av ein Subskripsjonsplan hadde han skrivet full og lagt ifraa seg. Dei tvo Røvararne sat og las Avisur; Rud og Braut sette seg for den andre Bordenden. Der var stilt i Romet, ein høyrde berre Pennen skrasla og riva i det grove Trykkpapiret, og Fram saag ikkje upp, utan kvar Gong, han var burti Moltekoppen. Daa stirde Daniel forviten paa dette lange, klaare, sterke Andlitet, og 195paa dei ljose, blaae Barneaugo, og undrast paa, at dette skulde vera den fæle Radikalisten, som dei talad so mykje um, og som Politiet etter Folkesnakket vaktad kor han gjekk, at han ikkje skulde gjera Revolusjon paa opne Gata.

Etterkvart kom fleire av Klikken drivande, og der vart meir livlegt. Ein skulde hava Kaffi, ein annan Øl; og ein tok Braud til Ølet, daa han ikkje hadde fenget Middagsmat. Eit Par kom med Bøker under Armen; dei brukad aa sitja her og lesa, fordi dei ikkje hadde Ved heime. Ein ung, litt fatik-fornem Student, som kom tilslutt, bad um Øl av dei andre, «daa han ikkje hadde Kredit her lenger»; – «hev du Kredit nokon annan Stad, daa?» spurde dei. «Fanden helder», svarad den unge. Daa lo Kararne, og Hr. Strand – han med Maten – meinte, at no kom altso Hr. Baardsen endeleg til aa hengja seg upp, som han burde ha gjort for lengje sidan. Den unge – Hr. Baardsen – drog paa Akslerne. «Det er ingen, som vil borga meg eit Reip», sagde han. «Du skal faa eit Sekkeband av meg», svarad Strand, «men naar du hev brukt det, vil eg hava det att; for eg hev snart Bruk for det til min eigen Hals.» – «Gjev meg eit Stykke Mat, so skal me forhandla um den Saki», sagde Hr. Baardsen. «Fanden –, eg er ikkje halvmett sjølv! – Naa, din Slyngel, din fordømelege Idiot, ver so god; gjev det maatte forvandla seg til Graastein i din hole Hals og i din botnelause Vombsekk» – «Takk», sagde Baardsen.

Daniel tok til aa lika seg i denne Flokken; dei 196var Fant liksom han, men forstod aa taka det lett. «Aa du Ottkanten», sagde Fram til den eine Røvaren, «kom hit med det Fillebladet ditt!» – «Eg hev ikkje leset det», knurrad «Ottkanten». «Kom med det!» kvesste Fram i; han maatte hava nokot aa skriva paa! Ottkanten skifte Bladet i tvo og gav Fram Lysningssida. Under dette kom der eit Par Studentar inn, som Daniel dømde var Teologar, og som nok ikkje høyrde til Laget. Dei sette seg ved eit mindre Bord burtmed Vindaugat, og Upvartningsgjenta kom med Kaffi til dei. «Johanne!» sagde Fram, «kor mange Koppar hev eg faatt no?» – «I Dag, meiner De?» – «Ja?» – «Seks.» – «Lat meg faa ein til, Johanne.» – «Berre ein?» spurde ho og lo til dei andre med sine kvite Tenner; for dette var ein Vits. «Ein i Senn», svarad Fram og skreiv.

Men daa Kaffien kom, lagde han Pennen fraa seg. Han rette seg upp og saag seg ikring; Daniel lagde Merke til, at han ikkje hadde Halskrage. So gav han seg i Ferd med «Gudedrykken». Og daa den fyrste Torsten var sløkkt, sagde han til Baardsen: «Du Baardsen? eg vil segja deg det, at dersom du hengjer deg upp no, so gjer du ei god Gjerning; for ein Laban er du, og ein Laban vert du; men … lat no det vera godt. Vaarherre hev Bruk for alt slags Folk; han hev Bruk for Teologar og, maa ein tru.» Dei forstod strakst, kor han vilde av. Dei tvo unge Teologarne, som sat der burte so reinstrokne og fromme, lokkad nok altfor sterkt hans Vikingnatur; 197iser maatte den eine vera Fram lysteleg aa sjaa til. Det var ein sann Teater-Teolog med svarte Kisteklæde og Engleslips; det vesle magre, samanbitne Andlitet bad i alle sine Rukkur og Munnviker Vaarherre fri seg fraa Verdi, og han heldt seg so unaturlegt rak, som han skulde ha svelt eit Økseskaft. Det var desse Kararne, Fram vilde eggla seg innpaa. Han smaafiktad mot Teologar og Teologi, so det var ikkje greidt for unge teologiske Studentar aa høyra paa; i Fyrstningi gjekk det smaatt og halvt paa Lentur, og han kunde smila som eit Barn yver sine kvasse Ord; men Augo glødde upp so rart sometider, og han vart harskare og harskare. Snart kunde Guten med Økseskaftet ikkje halda seg so høg og bleik som fyrr. Han raudnad og raudnad, vart meir og meir ladd, med Sanningsiver og med Sinne; Gong paa Gong saag det ut til, at no kom han; Gong etter Gong svelde han det i seg att; men endeleg braut det laust; han kunde ikkje meir! Fram forklarad, at Prestarne skulde vera Folkelærarar; dei skulde vera som dei gamle Rasjonalistprestarne, som lærde Bonden dyrka Jordi og gjera Tresko; for det var annat til Kultar, det, enn desse HaruspeksarneHaruspeksarne] romerske prestar, som meinte å kunne sjå inn i framtida og varsle om – og hindre – naturkatastrofar no um Dagen, som var ljosrædde som Rotta, og berre kraup inn til Altaret og laag og mullad yver Mysteriet! Daa kom Økseskaftet. Undskyld, – maatte han vera so fri aa spyrja, kven det var, som hadde gjenomført den nye Skuleloven?den nye Skuleloven] Dette må gjelde skulelova frå 1860. Hovudmannen bak denne lova var Ole Hartvig Nissen (1815–1874). Denne lova endra allmugeskulen frå rein konfirmasjonsførebuing til ei breidare folkeopplysning. I røynda hadde mange prestar støtta opp om arbeidet med fornying av skolen, og mange lekfolk hadde sett seg i mot. Så «Fram» er urettvis mot prestane her. Men folk var delte i spørsmålet. Striden varte hundreåret ut. Og kunde det vera rett aa kalla dei, som hadde gjort det, ljosrædde? – Daniel fekk med ein Gong Vyrdnad for Økseskaftet. 198Men Fram snudde seg kampfus til den vesle Teologen og sagde, at det um Skuleloven var nokot Humbug! Og han lagde ut paa sin sereigne Maate, stundom litt strævande, smilande, og so igjen harskt og rasande, at det ikkje var Prestarne, som hadde Æra for den nye Skuleloven. Den nye Skuleloven var for Mesteparten skapt av Folkekravet nedanfraa, fraa Skulemeistrar og Klokkarar; Skuleloven var ei Frukt av Skulelærarmøti kring Landet og av det Liv, som vart vekt av Ole Vig; Prestarne, dei hadde stødt rengt Augom te Skulemeistarmøti og Skulemeistrarne, som paa sine bare Føter vandrad fraa eine Enden av Landet til hin, kvar Gong eit Skulemøte var tillyst; og naar Prestarne hadde møtt der, so hadde dei protesterat og skræmt ned all fri Tale og studt Faakunna, so godt dei kunde, Faakunna nedanfraa, Kjeringkravet, at Pontoppidan skulde vera Storboki i Skulen. Det hadde Prestarne gjort! Men dei, som hadde ført Ordet for Skuleloven, det var slike Folk som Klokkararne fraa det vanvyrde «Klokkaramt»,Klokkaramt] Møre og Romsdal vart kalla «klokkaramt» avdi fleire av stortingsrepresentantane derifrå var klokkarar og dei, som hadde gjort, at her no var meir Upplysning i Landet, det var dei, som Teologar og andre fine Folk kallad halvstudera Røvarar, – denne Fylking av Arbeidstrælar, som sleit og arbeidde fraa Morgon til Kveld for Maten i Munnen og knapt Dalaren um Vika, og som maatte sveitta nokot annat enn den store Upplysningsutbreidaren Presten, som paa eit Korter fekk sitt Upplysningsarbeid med aa vigja Folk ihop betalt med 5 Dalar Paret, ofta for ein Tale, som ikkje var to Skilling verd! – Ja men … 199sagde Økseskaftet. – Fram dreiv paa. Vilde nokon koma med det, sagde han, at Skulemeistrarne ikkje gjorde sitt Arbeid so godt, som det kunde gjerast, so vilde han berre segja, at Skuldi for det, den hadde ingen annan enn Teologarne, for dei var Lærarar paa Seminarskulen,Seminarskulen] lærarskulen og der hadde dei proppat Unggutarne fulle med Dogmatikk og tullutt KatekiseringsøvelseKatekiseringsøvelse] undervisning i kristne dogme ved hjelp av spørsmål og svar og paa den praktiske Vegen med toskutt Tavlerekning med so og so mange Strek i den resiske Regelden resiske Regel] gamal rekneregel med to par storleikar som er parvis proporsjonale og kva annat Tull dei heitte, desse Teologrekningarne fraa Seminariet. Og likevæl hadde Skulemeistrarne gjort mykje Gagns Arbeid, so det maatte vera To i dei Kultarne, naar dei kunde halda seg so godt mot den teologiske Tanketyning. – «Det er naturlegt nok», sagde Økseskaftet, med raud Skalle og skjelvande Munn, «at De, Hr. Fram, finn, at alt, som heiter Kristendom, er Tanketyning; men –.» Fram flaug upp og gjekk Motstandaren sin paa Livet, liksom han vilde læra han Logikk med Nevarne: «Kristendom! Gud hjelpe oss for Snakk! Den resiske Regel Kristendom! Og Pontoppidan! Han vilde spyrja kvar vitug ung Mann: kva tykkjest De um Erik Pontoppidan? Dei skreiv i Lærebøkerne sine, som dei gav ut, desse Teologkultarne, at dei katolske Prestarne forbaud Folk aa lesa i Bibelen og arbeidde imot Folkeupplysning; men kva gjorde dei sjølve, dei Kararne? Jau, dei vilde ikkje gjeva Skulemeistrarne Lov til aa taka Aalmugskulelatinen vekk. Pontoppidan, det var Aalmugskulelatinen. Anten dei uppe i Fjellbygdarne stoppad i Ungarne PaternosteretPaternosteret] Fader vår paa Latin 200elder dei lagad Gudsfrygt hjaa friske Fjellgutar ved aa stappa dei fulle med Pontoppidanlatin, det kom paa eit ut. Aldri hadde ei Bok gjort so mykje Galskap som Pontoppidanta! Og slikt kunde dei vitenskapelege Teologarne elska! Dei kunde lengje nok snakka um den katolske Kyrkjelatin; Prestar var Prestar, anten dei gjekk med Krage elder Hette.anten dei gjekk med Krage elder Hette] d.v.s. anten dei var protestantar eller katolikkar Og so gjekk dei her og snakkad um, at det var dei, som hadde skapt Folkeupplysning og ein ny Skule! Var ikkje slikt Prestehumbug, so visste ikkje han kva Prestehumbug var. «Jau, det er Pinedød Prestehumbug!» ropad Røvararne fraa Appeninerne med Slag i Bordet.

Daniel sat og stirde paa Fram som Fuglen paa den fagre Ormen; han var rædd, men maatte fylgja med. No tok Teologen Ordet ei Stund og reknad upp alt det gode, Prestarne hadde gjort som Skulekommissjonsformenn; han var so vond, at han vart væltalande. Under dette tok Strand og Rud til aa smaadrøsa seg imillom, og Daniel vart præsenterad som «ein av vaare». Hr. Strand bøygde seg i skjemtefull Vyrdsemd og sagde, at han «vilde anbefale Os Elskelig Jens Rud at overveie», um dei ikkje «i Sagens Anledning» burde hava Øl; Jens Rud ringde paa Johanne med Kaffikoppen og fekk inn nokre Flaskur, som vart mottekne med Bravo-Rop. Fram og Teologen dreiv paa, heitare og heitare; Presten som Skulekommissjonsformann vart uppgjeven; Forsvararen bergad seg inn i ein ny Posisjon og vilde forsvara Presten som Sjælesyrjar; Fram vart rasande yver 201dette Spranget, skjellte yver logisk Fusk og Raaskap i Tanken, tok so til aa utvikla, kva han meinte med ein Sjælesyrjar og ein Sjælesyrjars Gjerning. Og det skaut seg som Gneistar or Augo hans, og han peikad og sprikte med Henderne i Lufti, liksom han vilde greida ut Floken for Motstandaren sin med Fingrarne. Teologen heldt paa sitt og fekk Studnad fraa Kammeraten sin, som meinte, at Sjælerne vilde vera laakt tente med «Folkelærarar», som preikad um Skindaude paa fyrste Paaskedag; Fram forklarad med heit Logikk, at det, Sjælerne trong um, var Upplysning, so at dei ikkje liksom Kong SaulKong Saul] konge i Israel, som ifølgje Det gamle testamentet vart helbreda for sinnssjukdom når David spelte og song vekk dei vonde åndene som herja med han (1 Sam 16, 23) skulde gaa og innbilla seg, at dei hadde vonde Aander, naar dei var nervesjuke, elder søkja Presten istadenfor Doktaren, naar dei var hypokondriske. Den teologiske Sjælesyrjaren var ein Sjælefordervar! – «Ja, han er Pinedød ein Sjælefordervar!» dundrad Koret av Røvarar. «Han gjeng og fyller upp Folk med Grubling og Galenskap, og fører dei inn i nokot Tull, so anten maa dei gaa fraa Vitet elder so maa dei slutta aa tenkja; anten vert dei sjuke og galne, elder dei vert Naut; og i baae Tilfelle vert dei rædde, modlause, viljebrotne, veike i Karakteren, vaagar ikkje aa tru paa sin eigen sunne Sans, gjeng i ei Ørska elder logisk Dilla, so Presten kan snu og snyta dei, som han vil; – dei vert Sjælekryplingar, Far! liksom De no her!» – «Ja liksom De no her!» dundrad Koret.

Teologarne treiv sine Luvur og gjekk; dette var altfor ugudelegt aa høyra paa. I Døri hadde det samlat seg ein Flokk Kafégjester for aa høyra paa 202Striden; den skildest no under Laatt og Smaadrøs, og Striden vart teken uppatt i mindre Maal rundt alle Bord; men some striddest um Fram. Det var mange, som likad denne eldfulle, urædde Karen, ikkje minst naar han ruskad i Prestarne; men andre var galne paa den unge Folkeprofeten, som «vilde forstaa seg paa alle Ting, endaa han knapt hadde Skjegg paa Hoka».

«Skaal!» sagde Jens Rud. «Dette, Fram, er Stud. filos. Daniel Braut, Bonde og Bondeven, Republikanar, Norsk-norsk og alt det som godt er; hans Skaal!» Daniel vart raud; han visste, at han kunde ikkje svara for so store Ord. «De gjer for mykje av det gode», sagde han. «For mykje?» skreik Røvararne; «av Øl og Radikalisme vert det aldri for mykje!» – «Kva Bygd er De ifraa?» spurde Fram; Daniel svarad paa dette. «Dei hev godt Maal paa den Kanten», sagde Fram. Daniel glodde. Han hadde aldri visst annat, enn at Maalet paa hans Kant var stygt. «Ja De er naturlegvis Maalmann?» kastad «Ottkanten» inn. Det hadde Daniel aldri voret; men no totte han med ein Gong, at Maalsaki var rimeleg, og so svarad han Ja. «Det vil segja», lagde han snøgt til, «eg hev ikkje tenkt so mykje yver Saki; men det er ein Ting, som –.» «Som segjer seg sjølv!» sluttad Ottkanten.

Men Namnet Ottkanten hadde denne Mannen fraa den Tid, daa han hadde prøvt aa taka Andre-Eksamen. Han skulde forklara Oktanten,Oktanten] omgrep frå geometrien: 1/8 sirkel og so sagde han, at Ottkanten var ein Figur, som hadde 203otte Sidur og otte Vinklar, og det dreiv han paa med so lengje, til dess Professoren vart arg og sagde, at han sjølv kunde vera ein Ottekant. –

No viste det seg ein ny Figur i Romet, ein fullblods Røvar, med Armen i Bind, med Taterandlit, med ugreidt Haar, uvaskad aa sjaa til, Skjerv um Halsen istadenfor Krage, lusliten og lurveleg all igjenom; han kom skjeglandekom skjeglande] her: gikk skeivt etter Sida, som han var rædd. Med eit uventande ljost, lett Mæle sagde han: «Aa Gu’ velsigne Dere, gje mej litt Øl, jæ er saa tørst!» «Jagu er Mjøltraavaren ute!» ropad Koret. «Kor kjem De ifraa?» spurde Strand. «Han sagde so Vaarherre til Fandensagde so Vaarherre til Fanden] jf. Jobs bok 6, 7 au eingong», svarad Mjøltraavaren, «og eg fær svara, som Fanden svarad: eg kjem her og der ifraa; eg hev voret ute og set meg um paa Jordi.» Mjøltraavaren fekk eit Glas og sette seg. Og no hadde han ei Hikstori, sagde han, som dei vilde gjeva Gull for, um dei kunde faa høyra henne. «Gull hev me ikkje», sagde Strand høgtideleg; «men det, me hev, det gjev me deg: Øl!» – «Kor mykje?» – «Det snakkar me um sidan.» – «De kann snyta meg.» – «Det kann du og. Hikstoria fyrst!» – «Pengarne fyrst!» – «So kann det vera det same.» – «Naa, fær eg Øl etterpaa daa?» – «Ja visst.» – Mjøltraavaren stakk ut det Glaset, han hadde og rette det fram tomt: «Og so fær eg eit no til aa mykja Munnlæret med?» – Jens slog i. «Takk! Skal ‘n fortæle, saa maa ‘n smørre Halshvirvlerne saa aven og tel, skjønner Dere!» sagde han.

Og Mjøltraavaren fortalde. Han hadde som 204vanleg voret i Beit for Mammon, og kor Fanden skulde han faa Mammon ifraa denne Gongen? Daa fekk han ein Ide. Han gjekk til «Pater omnipotens»Pater omnipotens] (lat.) allmektige far. Denne romanfiguren har som modell Peter Hærem (1840–1878), ein kjend indremisjonsmann, som hadde hjelpt Garborg i ungdommen i Kristiania. og umvende seg. (Bravo!) Godt og væl. Han kom til Pater omnipotens, og skriftad for honom dei Synderne, som han ikkje hadde gjort; for dei, han hadde gjort, dei skulde Fanden snakka um! Men mest av alt jamrad han seg yver, at han var komen inn i denne ugudelege Framklikken, der han hadde komet ut for so mykje Satans List og Forlokking, at han hadde voret nære paa aa tapa si Barnetru. (Hurra! Mjøltraavarens Barnetru!) Pater omnipotens vart rørd yver Mjøltraavarens Anger og heldt eit Foredrag, som iser handlad um Røvaren paa Krossen. (Ha, ha, ha, ha!) Deretter spurde Pater omnipotens, kva Mjøltraavaren no vilde taka seg til. Mjøltraavaren svarad, at han fyrst og fremst vilde arbeida paa sin eigen Helliggjørelse (Bravo!), og at han dernæst hadde tenkt aa prøva med Teologien. (Jubel!) Daa lagde Pater seg paa Kne, og Mjøltraavaren maatte og leggja seg paa Kne (Ha-ha ha-ha!) og bad for denne angergjevne Syndaren og Teologen i Voni, og var so rørd, at han greet. Men det vigtigaste stod att –: Mammon. Kor skulde det gaa an aa tala um so verdsleg ein Ting etter alt dette? Mjøltraavaren hadde nok drivet det for vidt med Umvendelsen. Daa fekk han ein Ide. Han bad Pater um ein Bibel. Han hadde slik Trong til aa lesa i Guds Ord, sagde han, men hadde dessverre so litet av denne Verdens Mammon, at han – sannt 205aa segja – ikkje hadde Raad til aa skaffa seg Livsens Braud. Daa tok Pater i si Hjartans Gleda upp 5 Dalar og gav han, og bad han koma att so tidt han kjende Trong til det, og Mjøltraavaren takkad med fagre Ord, og var so rørd, at han reint ut sagt hadde Taarer i Augo – av all den Laatten, han maatte bita i seg.

Mjøltraavaren gjorde det godt med Soga si. Alle lo og hadde Moro, so nær som Jens Rud; Fram var med og lo ei Stund, men vart tagall paa Slutten. Daniel heldt seg helst til Rud, og naar han stundom lo med, gjorde han det med vondt Samvit. Mjøltraavaren fekk Ølet sitt og var kry som ein Kunstmann. Men med ein Gong snudde Fram seg mot han og sagde: «Du er eit Herk, Mikkelsen!» – I den Stundi elskad Daniel Fram.

Mikkelsen forsvarad seg; Fram sat og saag upp i Loftet og syntest ikkje høyra. So tok han fram det, han hadde skrivet, og las det upp; han vilde høyra, um det var lett skrivet; paa den Maaten gjorde han Prøve paa Stilen sin. Stundom las han Stykki sine upp for Johanne; forstod ho dei, so var Fram stød paa, at dei var godt skrivne.

Idag vart der Strid um eit Par Setningar; det var ein, som Strand totte var uklaar, men som Jens Rud meinte var god. Den andre vilde Rud hava umstelt; men den totte Strand var god. Under alt dette kom Ottkanten burttil Daniel, bøygde seg ned mot Øyrat hans og sagde: «Undskyld, Hr. Braut, Di skulde ikke kunne laane mej en Dalers Penger 206paa en 8 Dags Tid? Jæ er tilfeldivis blank; jæ skulde ha noen Penger hos en Mand, men han har narret mej.» Daa lo Daniel: «eg skal ut og laana Pengar sjølv i Dag!» sagde han. «Aa! ja; undskyld da; De tar dæ ikke ille op?» – «Nei Gudbevars.» – «Takk.» Strakst etter kom Ottkanten att: «Men – undskyld – det faldt mej ind … jæ er virkeli i en slem Knipe … dersom Di nu fikk laant Penger i Da, kanskje Di da fikk saa mye, at Di kunde afse en hel eller en halv Dalers Penger? Di maa ikke ta dæ fortrydeli op! –» – Daniel vart heilt forundrad. Slik tok dei det altso her! Og han, som var rædd for aa spyrja Jens Rud … – «Dersom eg fær so mykje som eg sjølv treng, so er det Høgdi, – dessverre,» sagde han. Ottkanten bukkad og bad mange Gonger «undskylle».

Daniel reiste seg. No hadde han Mod til aa gaa paa, totte han. Burt i ei Kraa saag han Rud staa og snakka med Strand; og Strand fekk laana ein Dalar av han. Daniel gjekk burttil. Med eit ustødt Maal, som skulde vera rolegt, sagde han: «Er der mange Pengar der?» Og han vart so raud ikring Augo. Jens saag paa Fyren. Han forstod nok litt av det, som no gjekk for seg i den arme Guten, og utan eit Ord tok han ein Femmar upp og gav han. «Er det nok?» sagde han. «Ja Takk!» svarad Daniel. «Takk! … Takk!» Han kunde ikkje segja meir; han var glad, men skamfull, og sette tilbeins som han skulde ha stolet dei fem Dalarne.

– Men den Dagen hadde Daniel lært, at ein 207djerv Kar kunde fikta seg fram for ei Tid med Smaalaan.

Han fekk prøva med det. Det var ikkje annat fyre. Han fekk betala, naar han fekk Huslærar posten sin; det kunde væl ikkje verta so lengje til dess. –

– «Det er sannt, du skulde ikkje kunna vera av med ein Dalar elder tvo for ei Tid? Eg skal ha nokre Pengar av ein Mann; men han hev narrat meg, og eg er so i Beit!» So paa Lag lydde den Leksa, som Daniel no eit Bil livde paa. Med sviktande Tunga og raudnande Andlit las han henne upp: han visste, han laug, og han visste, at han ikkje var vælkomen. Men naar Samvitet beit, og Skammi brann, so trøystad han seg med, at han var nøydd til det; og innst inne var der ein halvtenkt Tanke, som skaut Skuldi yver paa Vaarherre. –

Paa Forelesningarne gjekk han oftare enn fyrr; det sparde paa Veden. Um Ettermiddagen sat han for det meste paa Kaffikjeldaren. Der var varmt, og der raakad han Folk; stundom vankad der Øl, og i Bladi kunde han sjaa etter, um der var «nokot for honom.»

Det var der no ikkje; men so hadde han Samvitet fritt. Paa Universitetet var der ein Dag utlyst ein ny Huslærarpost, og Daniel vreid seg ved Tanken um, at den laut han væl søkja. Men daa han las væl etter, saag han, at Huslæraren skulde kunna Engelsk, og det kunde ikkje Daniel. So kunde det ikkje nytta aa melda seg der, tenkte han, og var 208løynleg lettad. Han tilstod det ikkje heilt for seg sjølv, men i Grunnen hadde han det so, at han var ikkje so rædd for aa lida litt Naud, – naar han berre kunde sleppa aa arbeida.

Med Framsfolket hadde han ofta Lag, helst naar Rud var der. Fram vyrde han overlag, og var stundom glad i han, men stundom rædd. Det var slik ein uvyrden Kar, denne Fram; han sagde det han meinte, um det var aldri so leidt aa høyra paa. Og vart han vond, kunde han vera vitlaus. Daniel vart iser brennande forargad, naar han talad um «Studenterhumbugen» og «Latin-Tullet». «Dei snakkar um halvstuderte Røvarar», kunde Fram kvessa i, «men maa tru, kor det finst mest av dei. Kva kann vera meir «halvstudert» enn alt dette Humbug, som driv upp til Andre-Eksamen og kann snyta til seg ein Tvoar elder Einar i Filosofi f. Eks. Ja, det er feite Filosoffar. Dei lærer Filosofien paa eit Par Dagar, og so gjeng dei upp. Svarar dei nokot, som dei tenkjer sjølve, so gjeng det Skit, men svarar dei nokot, som dei slettikkje skynar, men hev lært i Boki, so er alt godt og væl. Elder i Astronomi. Me kjenner alle desse Kultarne, som sluker sin verdslege Visdom og fær gode Karakterar og kjem stupande i Graalysingi upp til ManuduktørenManuduktøren] rettleiaren og skal pugga inn nokre Formlar, som dei snyter dei stakkars einfaldige Professorarne med. Dei hev store, lange Uppskrifter, som dei lærer eit Par Timar fyreaat og gløymer eit Par Timar etterpaa og aldri meir ser paa. Kor finn me i Livet so mykje Sprett og Spjaak som hjaa Studenten? 209Ingenstaden. Gakk ut og sjaa paa dette unge Livshaap upp og ned Karl Johan med Kjenk og Vrid og Kast med Augo, med Glas paa Nasen, med Stav i Haand, med klint Haar, med Dusk i Huva, med Vott paa Haand, med Spjaak og Sprik, som kvar Mann kann sjaa er deira Livs Maal. Gakk ut um Kvelden, daa dei ferdast paa Utkantarne og i Krokarne og Husi,Husi] her: horehus – og alle desse skal eingong ut og preika Gudsfrygt og Sedelegheit og Lydnad mot Loven; gakk ut um Kvelden og sjaa paa alle desse Juristarne, som tergar Politiet og vert førde paa Raadstova og mulkterad; og desse skal vera dei, som skal halda Lovarne uppe. Og heile, denne Tomheit, og Tomheit paa Tomheit, den skal Bonden betala, og so gjeng dei endaa og slær paa Nakken og fryner med Nosi og snakkar um raabarkede Bønder og halvstuderte Røvere og segjer at det er dei, som sit inne med Kulturen!» –

Slikt hadde Daniel aldri høyrt Maken til. Der kunde kanskje vera eit og annat sannt i det; men – sitja og segja det! og segja det paa den Maaten! –

Men naar Fram talad um den sanne Studenten og hans Gjerning, daa kunde han tala so dragande fagert, og likevæl so klaart, at Daniel vart sitjande reint einstird. Der var ei forunderleg Magt yver denne Mannen. Han var eldfull og harm som ein Profet, lynande logisk, sterk og fager i Ord som ein Diktar. Og Augo var so reine og ljose, og Andlitet so sjælfullt og skiftande. Naar han talad um Trui, maatte Daniel tenkja paa det, som skrivet stod um 210falske Profetar og um Djevelen i Engleham; for Fram var faarleg. Han kunde so godt snu sine Ord og fekk sine Grunnar til aa sjaa so rimelege ut, at Ormen i Paradis aldri kunde ha gjort det betre. Daniel lydde paa han med rædd, halvlysten Brennhug, liksom Eva, daa ho lydde paa det faarlege og fagre: «de skal verta som Gud».«de skal verta som Gud»] 1 Mos 3, 5: «Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnaast, de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.» Han visste fraa sin Barnelærdom, at alt det Fram sagde um desse Ting, var Lygn og Forgift; men likevæl var det so lokkande aa høyra paa, som det skulde vera Gudsens Sanning.

Teologen Ellingstad, som høyrde med til Klikken, lagde imot, og Daniel totte han gjorde det godt, og kjende seg so trygg, naar han talad. Men daa vart Fram som Eld og Glod, skræmeleg sterk, stundom stygg, og det nyttad ikkje aa koma med Sanningi til honom; for han tok alt reint bakvendt. Kanskje var han alt komen so langt, tenkte Daniel, at Gud hadde forvendt Syni hans, so han ikkje skulde sjaa. Men eingong sagde Ellingstad, at han sjølv tvilad um mangt og mykje, og at anten vart han ein fanatisk Høgkyrkjemann, elder so vart han ein verre Fritenkjar enn baade Fram og dei andre. Sidan totte ikkje Daniel, at Ellingstad greidde seg so godt mot Fram, og kjende seg ikkje lenger so trygg, naar han talad.

Ein einaste Ting var der, som Daniel etterkvart tok til aa tenkja paa, og det var Læra um Djevelen. Han kunde nok gjerna vilja sleppa aa tru paa den Mannen. Men han kom etter, at dersom han gav 211upp Trui paa Djevelen, maatte han med det same gjeva upp Trui paa ymse andre Ting, ja kanskje paa alt; det var, som Djevelen var Grunnsteinen i Bygningen. Og so tenkte ikkje Daniel meir paa dette. I Trui var det nok best aa halda seg til Haugum, meinte han.

Men Republikanar vart han; for det kunde ikkje vera so faarlegt. Og han kunde ikkje forstaa annat, enn at Fram her hadde Rett. Det var forunderlegt, at so mange kloke Folk var imot Republikken; men naar han vart uroleg yver dette, trøystad han seg med, at Fram nok var Mann for aa verja baade seg sjølv og sine. –

Det var mange Slags Folk, som gjekk her, og mykje Skrap. Var det ein Arming, som var komen paa Kant med Livet, som ingenting aatte og ingen hadde aa halda seg til, so kom han til Fram, og livde paa Fram, og Fram kunde aldri segja nei, men laante sine Skillingar burt til kven som bad, og kravde dei aldri tilbake. Paa den Maaten sankad han um seg ein underleg Hop av Vrak og Villstyringar, som fylgde han som ein lang Skugge, – Folk utan Meiningar, Folk utan Karakter, Hurraskrikarar for eit Glas Øl, og Folk som Rødberg og Peder Monsen. Men dette var ikkje «Klikken». Klikken var ein liten utsøkt Flokk av ivrige Idealistar, Bystudentar og Bondestudentar um kvarandre, ein sterk, glad Fylking, som trudde paa Tanken, elskad Framtidi, hadde Fridomen til Religion, Bjørnson til Skald, Fram til Rudningsmann, det nye Norig til Her-Rop; norsk-norske 212var dei paa sin Hals, og europæiske paa sin Hals, – den beste Ungdomen i Norig.

Av Kjenningar raakad Daniel Hærland og Gregus Johnsen, sidan Aslak Fjordan, Markus Olivarius, Halvor Mosebø og Sven Dufva. I «Klikken» vart Daniel lagt Merke til og stundom teken med, fordi Jens Rud hadde store Tankar um Guten; – men dei Tankarne hadde Jens Rud fenget fraa Kapellan Hirsch. –

– Det leid til Joli, og Daniel hadde fiktat seg ihop ei heil Gjeld. Livemaaten hadde voret skral, og han hadde svoltet meir enn ein Gong; men han hadde daa paa ein Maate bergat seg. No tok det til aa myrkna. Den eine etter den andre reiste fraa Byen, og some skulde vera burte lengje; dessutan hadde han med brennande Skam lagt Merke til, at Kjenningarne hans rymde for han, naar dei saag han; andre hadde beint ut sagt, at dei kunde ikkje laana han fleire Pengar. Han kjende seg meir og meir arm, meir og meir forkomen. Tilslutt, daa Joli stod for Døri, og han ikkje visste nokon annan aa gaa til, gjorde han seg hard og gjekk paa Fram. Det var det verste, han hadde gjort; men han gjorde det, og han fekk laana ein Dalar. Daa den var uppeten, gjorde han seg uvyrden og gjekk paa Fram ein Gong til. Han kunde ikkje annat! han maatte liva! og dette skulde vera siste Gongen –! Fram aatte eit Halvdalarstykkje, og det fekk Daniel. Men sidan torde han ikkje koma i Klikken meir; han vart so ynkeleg skamfull, naar han saag Fram.

213Han var skamfull i det heile. Det var ingen ærleg Maate aa liva paa, dette, tenkte han, og han hadde snart misst heile sin Vyrdnad. Der var ikkje annat fyre enn aa sjaa seg um for Aalvor etter ein Post; Studenterlivet fekk det vera med til sidan. –

Kvar Dag gjekk han paa Universitetet og saag paa Uppslagstavla; kvar Morgon, naar han var trygg paa aa ikkje raaka Fram, gjekk han paa Kaffikjeldaren og saag i Bladi. Der var ingenting. No, naar det kneip, var der ingenting! Han sparde og knipte paa den siste halve Dalaren sin som ein Prakkar. Han livde paa Vatn og turt Braud; men tilslutt fekk Halvdalaren Ende likevæl, og so stod han der, reint paa berre Bakken. Det var ein sur SlutdagSlutdag] ein dag med sludd/våt nedbør i Januar. Han var svolten og han fraus; Ved hadde han ikkje; den siste Braudskanken fekk han gjøyma til i Morgo. Att og fram i Gata gjekk han og slong, slunken og hol, vaat paa Føterne; Middag hadde han ikkje fenget paa fleire Dagar. I Kveldingi luskad han inn paa Kaffikjeldaren, snikjande og rædd som ein svolten Hund; der var ingen, han kjende. Skulde han prøva, um han hadde Kredit? Han vaagad ikkje. Ein vart so underleg modlaus naar ein ikkje aatte Mynt … Han gjekk. Dreiv att og fram paa Gata og tenkte paa, um der daa ikkje skulde vera ein einaste, han kunde gaa til. Daa hugsad han sine gamle Venner Ole Bentsen og Peter Dirk. Gudskelov! Der var ein Utveg. Dei var visst i Byen, og dei hadde Pengar. Dei vilde ikkje segja Nei til ein gamall Kammerat. Han vart so glad og lett, at han sette 214i Veg med ein Gong for aa finna dei. Dei budde paa Hægdehaugen. Men daa han kom der upp, var dei ikkje heime. Tung og trøytt gjekk han heim og lagde seg; men han var so svolten, at han ikkje fekk sova. Han maatte tilslutt upp og eta i seg den siste Braudskanken sin, og daa sovnad han endeleg, og sov tungt og lengje.

Han stod upp, rasande svolten, drakk tri Glas Vatn og ruslad i Veg. Daa han kom upp til Hægdehaugen, var Ole Bentsen og Peter Dirk just utgjengne. Dei kom att ut paa Ettermiddagen ein Gong.

Daniel var so klar,klar] sliten at han knapt kunde halda seg uppe. Men Time etter Time maatte han gaa og venta, svabbande i Snøsøyla Gata upp og Gata ned, til dess han kunde tru, at dei var heimkomne. Det var ein syrgjeleg Dag. Han kunde ikkje eingong drøyma, utan um Mat, og Tanken hans stod som ei utrekkt Klokka.

Tilslutt kunde han ikkje meir. Det sleit for Brystet av Svolt; han svimrad av Trøyttleik; yver Augo laag ei heit Tyngd som av Feber. Klokka var 4; han fekk upp og høyra etter. Med Møda og Stræv naadde han Huset; han var so veik i Knei. Gudskelov, dei var heime. Han pustad ut so godt han kunde, og stivde seg upp; han vart med eingong so bljug. Det var nok ikkje sagt, kor vælkomen han vilde vera her helder; desse Kararne hadde han aldri havt nokot Lag med, og no kom han for aa laana Pengar … Men ein fekk gjera seg hard. Han bankad paa og steig inn. Godkveld. Der var myrkt 215inne; dei kjende han ikkje; «Godkveld?» sagde dei spyrjande. Det brann koselegt i Omnen; her var so varmt, at Daniel svimrad. Han gjekk fram og tok Ole Bentsen i Haandi. «De kjenner meg kanskje ikkje att?» spurde han, og Maalet hans vart mot hans Vilje so holt og klagande. Peter Dirk, som laag burt i Sofaen og røykte, reiste seg og kveikte Ljos; Ole Bentsen drog etterkvart Kjendsel paa Daniel og sagde: «Aa, – er det … so sjeldsynte Folk, som er ute og gjeng?» – Daniel raudnad og sagde, at dei budde so langt av Leid … han hadde ofta tenkt aa sjaa uppum dei, men … Tidi … So gjekk han burt og helsad paa Peter Dirk. «No, kor gjeng det?» sagde denne. «Aa Takk.» «Sit ned»; han sette seg.

Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten, glytte so til kvarandre med eit talande Augnekast. Dei hadde høyrt, at det skulde staa smaatt til med Daniel Sørbraut, og no fekk dei sjaa det. Han var gul; kring Augo laag ein breid, sjukleg Ring, og dei raude, ruskutte Skjeggfliserne gav Andlitet nokot villt og forkomet. Peter Dirk vart so teken av det, han saag, at han gløymde seg sjølv og spurde Daniel, um han vilde hava eit Glas Øl. «Takk!» sagde Daniel og vart raud av Gleda. «Eg trur me hev etter ei halv Flaska Øl sidan Middag», sagde Peter med ein uroleg Glytt burttil Ole Bentsen; denne nikkad. «Me held Middag heime sometider, maa De vita», sagde han til Daniel; «ein maa laga Munnen etter Skreppa, som dei segjer.» – «Det er væl so,» 216svarad Daniel; han vart gul att. Peter Dirk drog upp den halva Ølflaska og slog i; men han slog berre i til tvo. Dei vil ikkje drikka med meg, tenkte Daniel; – men dess meir fær eg! «Ver so god!» sagde Peter til Daniel og Ole. «Nei ver so god du», sagde denne til Peter. Peter tok Glaset, nikkad til Daniel og drakk; Daniel reiste seg, steig ustødt burt til Bordet, tok Glaset med dirrande Haand og tømde det. Aa Herre Gud, kor det smakad, og kor det gjorde godt! Den, som no hadde havt eit Stykkje Mat til! Med det same saag han, at Peter berre so vidt hadde smakat paa sitt Glas; Daniel forstod, at han hadde faret galet og orsakad seg –: «Det er godt aa faa Øl, naar ein er tyrst», sagde han. – «Aa ja–a», sagde Ole Bentsen.

Daniel gav seg til aa røda. Ølet gjorde han modig, og so galdt det aa faa Kararne i Godlag. Ole Bentsen sette seg i Ruggestolen framfor Bordet og tagde; Peter Dirk lagde seg i Sofaen og røykte og svarad ja og nei. Dei forstod so godt, kva han vilde. Han hadde heile dette underlege, uhyggjelege Lag, som merkjer Armingen, naar han er ute og skal «slaa Pengar» og veit, at det er smaatt med Kreditten, – dette snakande og nærsøkne og paa same Tid underdanige; han pratad og pratad um slikt, som dei kunde lika, gjorde seg kjend og kammeratsleg, og heldt med dei i eit og alt liksom Hunden, som dillar med Rova. Dei sat og ynskte Fyren til Hekkfjells Berg og vart meir og meir tagalle, og Ole Bentsen tenkte med seg, at Folk, som stelte seg slik, at dei kom i Beit, 217og sidan vilde liva paa andre, dei fortente aa svelta. Stod der ikkje i Skrifti: «bliver ingen noget skyldige»?

Daniel forstod, at dei ikkje brydde seg stort um det han sagde, og daa Ølet etterkvart seig av han, vart han tagall og arm som fyrr. Han sat og liksom seig ihop paa Stolen, og Mælet vart veikt, sviktande og holt. Han fekk mindre og mindre Mod til aa spyrja um Pengar; men … skulde det ikkje gaa an aa setja seg til aa venta til Kveldsmaten kom? Daa kunde dei ikkje for Skam Skuld annat enn beda han med seg. Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde Augo til kvarandre. So reiste Peter seg upp og saag paa Klokka. «Kor mange er ho?» spurde Ole Bentsen. «Halv seks», svarad denne. «Aa, so mange?» sagde Ole; «ja daa fær eg nok til aa lesa.» «Ja, enn eg daa?» sagde Peter Dirk. Daniel forstod. Han vart myrkeraud i Andlitet og stod upp. «Ja … lid det so langt, so … fær nok eg og … heim og arbeida», sagde han. – «Aa ja, det er lang Veg», meinte Ole Bentsen. – «Ja.» Daniel stod og vreid seg; skulde han vaaga det –? Aa ja … han fekk ikkje meir enn nei; og han kunde ikkje gaa heimatt med tome Hender! Hastande, snaavande lagde han i Veg: «Eg hev langt heim, ja, og so skulde eg dessutan heilt upp i Professorbyen … eg hev ein Kjenning der, som eg skulde hava nokre Pengar av, men han var ikkje heime i Dag, og no maa eg –. Men seg meg … for aa sleppa aa gaa den lange Vegen … det er myrkt no, og stygt Føre … De skulde ikkje kunna 218hjelpa ein Kammerat med eit Par Mark til i Morgo, De?» Han stod og fingrad og snudde paa Luva si og saag ut som ein Tjuv. «M–nei», sagde Ole Bentsen stillt og blidt, «sanneleg um eg hev so mykje. Eg hev ventat Pengar no i fleire Dagar; men eg forstend ikkje, kva dei tenkjer paa der heime.» Ole Bentsen laug, men han laug, so han hadde sine Ord frie. Og for aa vera trygg for Daniel sidan, lagde han til: «Eg hev sanneleg sett meg i so mykje Skuld no, at naar eg hev Pengar, so gjeng dei med det same. Men, korleis er det med deg, Peter? Hev du nokot?» Peter Dirk sette upp eit skjemtefullt Andlit, drog fram Pengeboki si, opnad henne, krengde henne, spilte Augo upp liksom i Forundring … der datt ut ein Knapp. Peter Dirk blistrad. Daniel lo, haast og saart. Men Peter sagde ingenting um, at dei Pengarne, som hadde voret i Boki, dei laag no etter nedi Lomma hans. «Naa, ja-ja», sagde Daniel med bibrande Munn, «so fær eg burtum den andre … Det er litt langt, men … Ja, Takk for i Kveld.» – «Sjølv Takk. Væl heim!» – «Takk. Godnatt.» – «Godnatt, Godnatt!»

Han steig ned Troppi med Ryggen krylen av Skam og svikne Voner. Han greet mest, daa han kom ut. No hadde han gjort seg til Bikkja for aa faa eit Bein, og so hadde han ikkje fenget det. Seint og syrgjelegt slong han ned etter Gata. Ein full Mann stansad upp midt framfor han og sagde: «er ‘u rædd, Gutt?» Daniel rymde yver paa den andre Sida. Tvo glade unge Herrar kom spantande og røykte 219Sigarar, som luktad svimrande sterkt; dei fyllte upp Fortoget, so Daniel maatte ut i Gata. Tenestgjentur kom berande med Mjølkespand og Korger fulle av Braud og Flaskur; det var so vondt aa sjaa; Augo hans saug seg fast i dei Korgerne. Alle Folk hadde Mat; alle Folk livde godt; ingen hadde ein Bite til honom. Utanfor ein Husholdningshandel stansad han; Kraambudi var full av Folk. Han saag med svoltne Augo paa all den Maten, som vart langad ut yver Disken, Braud, Smør, Ost, Pylsesnabbar, Ølflaskur, Kaffifjordingar, Gryn, Erter, Flesk, Egg; og han stunde høgt av Hunger. Med ein saar Sukk drog han seg ifraa Døri, men stansad ved Vindaugat. Han studde seg til Veggen, han var so trøytt. Akslerne verkte, Knei vilde snart ikkje bera han. Litt Mat, litt Mat; aa, berre litt turt Braud og eit Glas Vatn! Han stirde med Feber i Augo paa alle dei gode Ting, som var uppsette i Vindaugat; der var store Glas fulle av Kjeks, Drops, Sviskur, Sukker; paa ei Snor øvst uppe hekk digre, forførande Spikelaar, og i ei stor Korg var der utstillt Braud, store, lækre Braud, brunsteikte og ferske, Braud til aa verta galen av. Han stod og stirde og drøymde, og tenkte seg den Tingen aa klemma ut ei Ruta … med ein Tjøreklut, so Glaset ikkje skulde singla … og taka – taka det Braudet der, som laag so gullfagert og lokkad; so vaknad han, kulsad og fraus, samlad seg ihop og sjanglad i Veg att. Han fekk gaa heim og leggja seg. Han var sjuk. Den, som berre kunde faa sova. Hadde han havt Berta Maria no, skulde 220han bedet henne um Mat i Kveld; ho hadde ikkje sogt nei. Den skarve Gjenta!

Ned gjenom Homannsbyen saggad han i seine Stig; Gata var full av Folk, og alle skulde dei heim og eta. Det var kaldt og surt, men Ljos var der i alle Vindaugo, og ei søt Lukt av friskt Braud og andre Matvarar slog ut av Kraambuderne som Luftningar fraa Paradis, kvar Gong Dørerne gjekk upp. Kor skulde han gjera av seg i Morgo? – Gaa til Pater omnipotens? – Ja, hadde han berre voret umvend … Men kanskje … naar han vaknad, kom Postmannen med ein gul Setel –: Til Hr. Stud. filos. D. Braut er ankommet Brev, paategnet … 10 Spd.» 10 Dalar, Braud, Smør, Mjølk, nei Øl, litt Ost, nei, helder ein Pylsestubb … eta godt … so til Skomakaren … nye Sko, tvo Dalar … so Middag … aa, aa, Middag! god varm Middag; kjenna seg god og mett; og so ei ærleg Pipa! – Nei, nei; det nyttad ikkje aa drøyma. Det vart berre verre med det. Ikkje tenkja paa Mat. Ikkje tenkja paa Mat …

Der var nokot, som var vigtigare enn Maten. He-he, ja; men um dei blees han so full av Aand, at han vart som ein Luftballon, so vilde han vera like aandlaus for det, so lengje han ikkje fekk eta …

Der heime, der hadde dei det godt. Altid sitt visse Bord aa gaa til … det kunde vera trongt i andre Maatar; men dei hadde altid Mat. Kneip det, kunde dei slagta ei Ku. Dei svalt ikkje. Det var ikkje for ingen Ting, at dei Gamle heldt Braudet heilagt, og talad um heilage Uksar. …

221Homers Kjempur, naar dei vart svoltne, so sette dei Uksar paa Spit, brasad og steikte og aat, fyllte seg med ungt Kjøt og med den søte Vin. Det var minst fyre aa vera Kjempa paa den Maaten. Daniel saug paa Tunga si; han kjende Smaken av ungt Kjøt og søt Vin, so Tennerne hans vatshaglad.

Han seig paa, seig paa, som eit Klokkeverk, naar det eingong er komet i Gang. Han var so hol, han totte, han vilde gaa av paa Midten. Og Akslerne verkte som der kunde vera Eld i dei. Sigarrøyk dreiv sterk og svimrande ikring han, so ofta han møtte Folk; Pianospel klunkad ut til han fraa alle Stovur; det var so vondt aa høyra. Der inne sat Folk og hadde det varmt og lognt, skulde eta godt til Kvelds og so hava sin Toddy. Han fraus; han kjende den snøsure Januarlufti like inn paa Skinnet. Han var komen ned i Teatergata; det tok til aa bera imot att; men han var for trøytt til aa gaa seg varm. Ingenstad kunde ein gaa inn helder, naar ein ikkje hadde Pengar. Der uppe laag Trefoldigheds Kyrkja, svær og tung, med sin evige Blyhatt; der var Ljos. Der kunde han gaa inn og kvila seg! Der kunde ingen jaga han ut, um han ikkje hadde Pengar, og kanskje han der kunde raaka ein Mann, som vilde laana han tolv Skilling! Han drog seg inn. Der var visst Bibellesning. Den fyrste tome Stolen han saag, seig han ned i. Aa Gud, so trøytt han var. Der gjekk Feberskjelvingar gjenom han; han svimrad, som han kunde daana; seig ihop der han sat, og leet att Augo. Men for dei attletne 222Augo dansad i lange Rader Braud, gulbrune, væl steikte Braud, Braud i Korger og Braud i Kassar … Den, som hadde eit. Den, som fann eit slikt paa Bordet sitt, naar ein kom heim! Desse andre, som sat her, dei skulde heim og hava Te og Øl til Kvelds, med Smør og Braud og tri Slags Ost og uppskoret Kjøt og kanskje ein liten Rett Torsk fyrst; dei kunde nok vera gudelege! Kva var det for nokot, dei song? Han kunde ikkje skilja Ordi. Men kvar Gong, dei kom til Slutten av Verset, tottest han tydeleg høyra dei gamle Strofur, som han no hadde halvveges gløymt:

«Thi Gud giver sine baade Klæder og Fød’,
naar de monne sødeligen so–ove!»

Ja; det kunde dei syngja. Han for sin Part hadde aldri set nokot til, at der kom Mat elder Klæde, naar ein laag og sov; men slike Folk som desse, som ikkje var med i Framsflokken, og som ikkje livde det ideale Studenterliv, dei fekk visst baade det eine og det andre; dei saag ut til det. Dei var baade vælfødde og vælklædde; det lønte seg nok aa vera gudfrygtig. Ein Kandidat elder nokot slikt kom upp paa Preikstolen og lagde ut nokot, som Daniel ikkje fekk Greida paa. Han høyrde somt av det; men somt kom burt i den Omen fraa alle Veggjer, som svarad Talaren paa kvart hans Ord, helst naar han talad høgt, og gjorde, at Talen liksom maatte vassa seg fram gjenom ein tung Motstraum; – og somt kom Daniel ikkje til aa høyra, fordi den svidande Svolten drog Tankarne hans burt. Med ein Gong kvakk han upp og gav seg til aa høyra etter. 223Talaren fortalde um dei ugudelege, som livde villt og sette alt sitt Gods til i ein syndefull Livnad; og naar dei hadde øydt upp alt det, dei aatte, so tok dei kanskje Klædi av Kroppen og gjekk til Pantelaanaren med for aa faa nokot aa synda fyre! Pantelaanaren! Det var Ordet, som vekte Daniel. Der var ein Utveg! Endaa kunde han faa Mat, fyrr han gjekk i Seng! Hadde han berre nokot aa setja i Pant? – Bøkerne kunde det ikkje nytta med; dei var gamle og skrale; Vinterfrakken – trong han altfor hardt til; Klokka hadde han ikkje … men Duskeluva! Duskeluva kunde han setja i Pant! Han reiste seg upp, kunde knapt staa, men tok seg paa Tak; ut av Kyrkja bar det, heim etter Duskeluva, og so til Pantelaanaren so snøgt han orkad.

Han ventad aa faa ein heil Dalar paa Luva si. Det fekk han ikkje; han fekk tvo Mark. Men tvo Mark var Pengar, det med, og Daniel kjende seg heilt rik, daa han gjekk ut av Pantebudi. Med ny Kraft og med snøgge Stig gjekk han paa Kaffikjeldaren og fekk døyva den verste Svolten, og paa Heimvegen kjøpte han Braud og Øl og aat paa nytt, daa han kom heim. Daa vart han so varm og glad og lat; og det vesle Ølet han hadde drukket, lagde eit Slør um Pannen hans, mjukt og smeikjande som Ull.

Men han hadde vondt i Hovudet.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bondestudentar

Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.

Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.

Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.