310Med Gleda saag han Kristiania att, der det laag og dirrad i Juli-Soli, graatt og svevnugt, tyrstande etter Regn. Her var daa i Grunnen den einaste Staden, der ein Student kunde halda ut aa liva, og han tenkte med seg sjølv, at han vilde helder slita sine Dagar som Ekstraskrivar enn grava seg ned paa Bondebygdi som Lærar i Livsvisdom. –
Han leigde seg eit 4 Dalars Rom i Homannsbyen, vilde bu som Folk. So gjekk han til Skræddaren. Betalad sine gamle Klæde og borgad seg nye, dei finaste og gildaste han enno hadde aatt. Hjaa Hattemakaren kom han i Skade for aa kjøpa seg ein Flosshatt, hadde ikkje just tenkt paa dette, men vart forførd. Tilslutt kjøpte han eit Par svarte Hanskar. Og daa han so ein Dag stod for Spegilen sin og mynstrad seg, kunde han ikkje annat finna, enn at han saag gild ut. Og han strauk seg gjenom Skjegget og tenkte, at naar han no berre kom paa Danseskulen og fekk læra formel Daning, so skulde han verta ein nokso præsentabel Herre.
Men daa han kom paa Gata i den nye Stasen sin, totte han alt Folk gjekk og saag paa han og undrast. Dei totte kanskje det var rart, at han, 311som berre var Bondegut, vilde gaa og sprikja og vera Storkar … Denne Tanken prøvde han aa læ burt. Og han kjeikad seg upp og sette frons urbana so godt han kunde, for det var den, det kom an paa … Men det var ikkje altid, det hjelpte. Alle Folk var so flirvise og vigtige; det var som dei trudde dei var nokot meir enn andre … men dei kunde bia! Dei kunde bia, dei gode Folk! Naar han ein gong kom i Kappe og Krage, og dei daa kanskje sat i Kyrkja og høyrde sin Dom av hans Munn, so gløymde dei nok aa flira! – Uff, den som kunde verta Bisp.
– Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr og vart væl fagnad, endaa Grosseraren sjølv ikkje var heime. Fru Lovise var reint som ei Syster imot han, og iser var ho fornøgd, naar ho fekk han til aa fortelja um seg sjølv. Daniel hadde ikkje nokot imot aa gjera henne til Viljes i dette Stykket, og so fortalde han alt det, som han vilde ho skulde vita. Og han fortalde ikkje annat enn som sannt var; han kunde forsvara kvart Ord, han sagde – for han vilde ikkje vera nokon Ljugar –; men han maatte likevæl undrast sjølv yver, kor godt han fekk det til. Sjølve Hauden til Artium klarad han fint; og daa Fru Storr sagde, at Haud var ein god Karakter, og at Bror hennar helder ikkje hadde meir enn Haud til Artium, vart Daniel so fornøgd, at Augo hans lyste gjenom Brilleglasi. Fru Storr saag seg glad paa desse Augo; dei var so djupe og trufaste, totte ho. So fortalde ho han, kor glade dei hadde voret i han der heime paa Steinsrud; daa ho serskilt nemnde Hanna, gjorde 312ho det paa ein slik Maate, at Daniel vart raud. Fraa den Stundi tottest ho kjenna hans Hjartans Løyndom; men Daniel tottest likso tydeleg vita, kor han i Tilfelle vilde hava henne i den Saki. –
So gjekk han i Russelaget. Der skulde det nye Studenterlivet hans byrja, og han spaadde seg ein herleg Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han kom snart etter, at Russen i Aar ikkje var som Russen fraa hans Tid. Der var Leven og Staak i Kveld som daa; men der var ikkje slik Gleda i det. Og det, som skulde vera morosamt, vart ofta etter hans Meining dumt, ja raatt. Han undrast paa dette eit Bil; tilslutt fann han Grunnen –: det maatte koma av, at det i Aar var so mange Bondestudentar.
Han kjende dei Kararne, berre han saag dei. Og han likad dei mindre og mindre. Dette tunge og breide i Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr hadde trutt var Kraft, – det var ikkje Kraft; det var «Raaheita». Bystudentarne hadde ikkje nokot slikt, men kunde vera like kraftige for det. Og det verste var, at Bondegutarne no saag ut til aa gjera seg til av Raaskapen sin. Dei gjordestpaa aa vera Bønder; der var tilmed dei, som gjekk bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde paa Bystudentarne og paa alt, som fint var, med ein Storsnut so ulidande … Daniel fekk sjølv merka dette, og vart baade harm og heit. Men verre enn verst var det, at Bystudentarne fann seg i dette Bondeveldet, ja gjorde Krus for Bønderne attpaa. Det gjekk so vidt, at der var Bystudentar, som lagde seg etter aa 313sjaa ut som Bønder sjølve. Daniel saag seg leid paa alt dette. Skulde det halda slik paa, so vilde det snart ikkje vera nokot framifraa aa vera Student. Alle desse Bondegutarne drog Studenterlivet ned; Folk vilde koma til aa ikkje vyrda Studentarne meir enn andre Seminaristar.
Punsen gjorde seg fælt drjug, og daa han endeleg kom, var han ikkje drikkande. Det var Sukkervatn. Russetalen hadde nokot av det same. Der var mykje søtt og lite sterkt, mange Blomar, men lite til aa læ aat. Det meste var fagre Ord um Studenten som «Folkets Søn» og Studenten som «Berar av Ideen»; Russen helsad alt dette med rasande Eldhug, og Daniel hadde so nær sjølv vortet riven med; men so hugsad han i rette Stundi, at slikt vilde opplyste Folk kalla Frase. –
Og det vart verre og verre, di lenger det leid. Soleis var der ein, som talad for vaare «folkelege Stormenn», som han sagde var Utslag av den norske Folkeaand; dei løyste det, som laag bundet i Folket, og var Folkeførarar, Folkeskaldar, Folkekjempur, Folkefrelsarar; ein annan talad i svimrande Ord um «Nordens Aand», som var alt og var god til alt; so kom det ein og talad for Folkehøgskulen, som han sagde var Dotter av Nordens Aand; denne Skulen skulde vekkja Folket og løysa Folket og spela Folkeprinsessa ut av Havmannens Vald, men Havmannen var Materialismen; tilslutt kom det ein ung Bygut upp og talad paa «Maalet». Daa vart Daniel baade skamfull og arg. Han likad ikkje aa høyra denne Bondelaaten 314i godt Lag, og dessutan, naar ein fyrst med Slit og Slæp hadde arbeidt seg upp or Bondelivet, so vilde ikkje han vera med paa aa støypa seg ned i det att. Han reiste seg og gjekk ut i eit Siderom. «Eit Live! fyre da’ norska Maalet!» skreik Maalstrævaren; «Hurra! Hurra! Hurra –!» svarad Salen; Daniel meinte dei var galne.
Han sette seg ved eit Bord og stakk paa Punsen. Han kjende seg so leid og aaleine. Bønderne kunde han ikkje lika, og millom Byfolket var han nok helder ikkje rett heime. No hadde han fenget som ei Von um aa naa fram til fin Folkeskikk; men so gav Byfolket seg til og vilde vera Bønder att; det var plent liksom det, han hadde strævat etter i alle sine Dagar, no ikkje lenger skulde vera nokot tess. Han forstod ikkje slikt; det tok til aa gaa i Ring for han. Tilslutt vart hans harmfulle Tanke heftande ved Kapellan Hirsch. Hadde den … den … Drøymaren lært han upp paa vanleg Latinskulevis, so hadde kanskje alt no voret godt. Men slik var det, naar Fatikmanns Son skulde fram i Verdi; so gjekk det paa Slump, og so gjekk det deretter. «Hurra! Hurra! Hurra!» kom det dundrande fraa Salen som kvasse harde Toreskrell, «Hurra! Hurra! Hurra!» verre og verre … og so ein Dur, eit Dunder av Klapp; og ut av Braket arbeidde det seg fram ein Tone, ein Song, sterkare og sterkare, sterkare og sterkare, og Songen vart til ein Storm, som fyllte Huset –:
«Ja vi elsker dette Landet
som det stiger frem
315furet, veirbidt over Vandet
med de tusind Hjem!»
Daniel sat og lydde paa Songen og undrast paa, um dei der inne elskad Fedrelandet slik som dei skreik til. Men hellest var det minst fyreminst fyre] ingen sak aa elska Fedrelandet for dei, som hadde det godt. –
Litt lenger utpaa Kvelden kom han i Lag med Strand og nokre andre; ein av desse hadde ei Konjakflaska med seg, og so fekk Daniel kvessa Punsen sin. Det hjelpte godt. Men Strand gjorde Narr av Daniels «nye Menneske» og hadde lært seg til med ein Maate aa tala paa, halvt skjemtande og halvt spottande, som Daniel ikkje kunde lika. Ein var aldri stød um, anten han meinte det paa vondt elder godt; det var ein Bondestorsnut, mykje verre enn frons urbana. Av dei andre lagde Daniel mest Merke til ein feit, bleik, vaarklædd Fyr med ljost, rikt Haar, taksteinsraudt Skjegg og store Brillur; det var han, som hadde Konjakflaska med seg, og Namnet hans var Olai Juberg; det skulde altso vera han, som Haugum hadde sagt var so øydelagd? Det maatte vera nokot stort Tøv. So var der ein halvgamall ein, som vart præsenterad som «Cand. filos.Eleaser Karelius Manassesen Stormyrhals, almindelig kaldet Karl Magnus», ein svart-smusken, mager, ivrig Kar; fraa dei gruve Akslerne skaut Hals og Hovud seg fram som paa ein Fugl; den fjorde i Laget var ein ung Russ, Aslak Mogjen fraa Telemark, som var kanskje den fagraste Guten, Daniel enno hadde set, men som ein likevæl kunde sjaa var Bonde. Daniel undrast lengje 316paa denne Guten, men fann endeleg ut, at det maatte vera ein Ætting av desse gamle Odelsbønderne, som no snart berre vilde vera Mythe. –
Karl Magnus førde Ordet for det meste. Han var rasande uppglødd yver den unge Bergensaren, som hadde talat Maal; slik skulde det gaa! paa den Maaten skulde Maalsaki vinna! Han likad Russen godt i Aar. Det var Folk med Aalvor, og so var der so mange Bønder. Gilde, støde Gutar, seige som Bjørkekubbar; mange av dei hadde merkjeleg gode, sterke Aasyn; og so blygdest dei ikkje lenger for aa vera Bønder! – Han gjekk altid um Hausten og saag paa Russen, saag etter, korleis Aakeren stod, um det var Grøda, som var verd aa berga inn; han hadde slik Gleda i den Tanken, at kvar ny Haust gav nye Voner for Landet. Og so var det so flirande aa sjaa paa alle desse gamle, desse, som gjekk og masad og aldri vart ferdige. Heile Aaret laag dei i Hi, some uppaa Landet, andre paa ein Hybel; ingen visste um dei; men til Artium kom dei krekande fram, underlege og forkomne, folkerædde, holsvoltne, slitte og bøtte, fælare og fælare for kvart Aar, meir og meir lurvelege, yvergrodde med Skjegg, med Ragg! ha-ha-ha, dei hadde Ragg! Gamle Vidunderbø, han var daa endeleg bergad; Karl Magnus hadde saknat honom i Aar. Men no var det Lars Risvold; han vart visst likso seig, han. Karl Magnus hadde maattet laana han Pengar til Eksamensavgift i Aar … 10 Dalar Netto, burtkastat til ingen Verdsens Nytte. «Ja han liver paa Laan no», sagde Strand. 317«Men han held seg fin likevæl!» svarad Karl Magnus; «han rakar seg og gjeng med kvitt Slips … Det er det dummaste, du kann sjaa; alle Folk trur, han er Teolog! Han ser ut som eit Asen i Messeserk, elder som ein SaudSaud] sau i Snibel!» –Di meir han drakk, di høgmæltare vart han, og han fiktad med Armar og Aksler, som han skulde hava Betaling.
Aa ja, meinte Strand, det var mange av desse Bondegutarne, som det gjekk sjeis med. Mange naadde ikkje Artium; andre rokk so langt, men ikkje lenger; some stansad med Andre-Eksamen, og andre døydde. Ja, svarad Karl Magnus, det var mange som døydde i dei Bilom;i dei Bilom] i desse tider vonde Dagar og Slit drap mang ein Mann; og dei, som naadde fram, var ofta utslitne. «Og dei fleste vert Teologar», sagde Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja. Karl Magnus kjende dei, desse nye Bondeteologarne; dei var audkjende,audkjende] lett kjennelege dei; fæle Fantar, tunge som Kjølsvin, med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til Tukthusprestar elder Indremissjonærar … Men det var naturlegt, at dei fleste Bondegutarne gjekk den Vegen. Dei var upplærde til det, fyrst paa Aalmugskulen og sidan paa Seminarskulen; naar dei so kom her inn, visste dei ikkje, kva Studering var; det einaste, dei kunde, var aa læra Leksar og tru paa Skulemeistaren, og so tok dei Teologien. Det kunde vera godt og væl, men … Pokkeren take han Gamle-Eirik Pontoppidan! «Og Ramslesningi», sagde Strand. «Aa», svarad Karl Magnus, «den er ikkje den verste! Naar det gjeld Pontoppidan, so trur eg snarare Ramslesningi er 318ein god Ting; for dei, som lærer seg til aa tru, at dei forstendPontoppidan, dei vert reint øydelagde. Dei fær Fjøli for Augo og Ringen i Nasen slik, at dei aldri lærer aa tenkja sjølvstendigt … Nei; men den kateketiske Metoden, Far! den er Ulukka! Det er beintfram Upplæring i aa vera Ettersnakkar og usjølvstendig; du skulde aldri sjaa slik Styggedom!» – «Aa, naar det kjem til Stykket», sagde Strand, «so er det Dogmatikken og den Greida, som maa ut av Skulen, skal det verta Folk av oss.» – «Skaal, Strand!» ropad Juberg; «ja, ja, Heimen og Kyrkja greider no Trui best, dei», meinte Karl Magnus.
«Enn du daa, Aslak, vil du verta Teolog?» spurde Strand. «Aa langt ifraa», svarad Aslak, han smilte som eit Barn; «eg vil ikkje vera nokot Slags Embættsmann, eg.» «Det gjer De rett i», sagde Karl Magnus. «Naar Folk kjem i Embætte, er dei som dei var daude; dei vert so bundne av alt dette «foreskrevne», og so somnar dei av, kapslar seg inn som Trikinar, og ét og drikk og avancerar etter Anciennitet» … «Ja, og so hev dei ikkje nokon Vyrdnad millom Folk!» meinte Aslak; «dei er so nautne, at dei berre vert til Laatt, og gjeng berre og snakkar um, at dei hev so lite Løn og fær so smaae Pensjonar; og slik som dei ser ut daa! Naar du ser slik ein gamall graa og sur og skakk og sliten Fut elder Prest, so er det plent som du saag eit Par gamle, skeive, uttrødde Sko!» Aslak lo lystigt; dei andre med. Men Daniel var vond og kunde ikkje lenger lika Aslak; – aa segja nokon 319Ting imot kunde sjølvsagt ikkje nytta i eit Lag som dette. –
Betre likad han seg, daa dei tok til aa fortelja Sogur fraa «Fabrikken». Strand og Juberg fortalde i Kapp, og Daniel lo, so Taarerne draup, og fortalde eit Par Smaating, som han og kunde hugsa. Og han minntest sine Skuledagar paa Fabrikken som nokot av det morosamaste og beste, han hadde livt. Karl Magnus forklarad, at Gammeln hadde gjort meir i vaart folkelege Utviklingsarbeid, enn nokon kunde rekna ut, og han heldt serleg fram, at so mange av Bondegutarne fraa hans Skule vart Juristar og Filologar. Og det vart tidt vaare beste Folk. Gjenom dette kom dei til aa snakka um Hærland, og Strand sagde, at det einaste, denne vantad paa aa vera «fullvaksen», var, at han ikkje var Sosialist. Daniel lagde væl Merke til dette. Karl Magnus lagde imot; men det kom seg naturlegvis berre av, at ikkje han helder var «fullvaksen» i den folkelege Politikken. –
Daa Laget sluttad, gjekk Strand, Karl Magnus og Daniel heim til Olai Juberg og drakk Øl, og daa vart Samtalen nokot lettare. Strand og Juberg fortalde um sine Synder, som nok ikkje var so faae som dei burde vera; og det var Gutar, som ikkje var bljuge for aa segja som det var til. Det var forunderlegt so raatt som slikt vart, naar det ikkje vart fortalt med den rette Svingen, tenkte Daniel; han gav seg i Snakk med Karl Magnus. Denne var litt drukken og tok til aa fortelja um ei stor Uppfinning, som han arbeidde med; det var ein Maskin 320til aa fljuga med, som han trudde vilde verta praktisk. Han grov og leitte i alle Lommur etter ei Teikning, han hadde gjort til denne Maskinen, men fann istadenfor den eit Brev, som førde Tanken hans inn paa ei ny Leid. Brevet var fraa ein Skulemeistar, som hadde misst Posten sin, fordi han var væl glad i godt Lag; det hadde fleire Gonger voret Ugreidur med han; men tilslutt hadde han gjort litt … litt … «Skandale?» spurde Daniel; «aa ja»; og so vart han sett paa bar Bakke. No vilde han her inn til Hovudstaden og søkja si Næring, for det var ein flink Kar; men Karl Magnus visste, at det ikkje kunde nytta. «Ein Fyr, som er avsett for Fyll!» – Daniel hadde i Grunnen vondt av Skulemeistaren; men naar slike Folk ikkje passad seg, so kunde dei ikkje venta likare …
«Ja, ja, det er det, som er Ulukka», sagde Daniel, han tok og til aa faa væl mykje Øl, «det er det som er Ulukka … Folk vil liva godt og … hava det godt … istadenfor aa arbeida og spara. Tener dei litt, so gjeng det til Stas og Fjas; dei ét det upp, og drikk det upp … og vil vera store Herrar paa Kreditt; og so gjeng dei og drøymer og drøymer og liter paa Slumpelukka … Gjeng det galet, so kann dei altid faa nokot Arbeid sidan … Slikt gjeng aldri godt. Det er Villmannsskap! Bonden er ikkje lenger den … Odelsbonden, som han var i gamle Dagar; Garden hans stend i Pant i Hypotekbanken … og so gjeng Bonden og trælar for den, og det vert upp i Fant alt ihop … Det hev voret sagt 321mange fagre Ord i Kveld um Upplysning og Aandsliv; men … ja. Folket maa læra aa arbeida, det er Tingen!» Strand sat og glodde paa Daniel med heite Augo; so sette han i og svor paa, at den, som sagde, at Folket ikkje arbeidde, han laug! og den, som sagde, at Folket livde for godt, han var eit Talghovud elder ein Kjeltring … Det kunde væl henda, at desse Proprietærarne uppaa Kaksebygdi livde som Naut og drakk Skogarne sine upp i Sjampanje; men dersom Hr. Braut trudde, at Bønderne i det heile var slike Skadedyr, so var ikkje han Mannen til aa føra det store Ord i denne Sak! Daniel saag paa Strand, hadde aldri set Maken til Augo; dei lyste brandgult som paa ein Orm. «Eg hev væl Rett til aa hava … Meiningar, eg og», stotad Daniel. «Dei Meiningarne, De hev lært uppaa Kaksebygdi, dei kann De faa hava for Dykk sjølv», svarad Strand eggjande og uhøflegt; «og hellest hev De væl aldri havt meir ‘Meiningar’ enn De hadde godt av, Hr. Braut!» Daniel vart uroleg; han svarad: «Eg hev aldri voret Partimann … Eg bryr meg Fa’n um Politikken … Det eine Partiet kann vera likso godt og likso galet som det andre … Skillingspolitikken, den hev eg no aldri trutt paa … Landet vert ikkje rikt av aa knipa inn 20 Dalar av ein stakkars Pensjon … Og kanskje er det ikkje Gull, alt som glimar, i denne Folkehøgskulen helder … Hadde Kandidat Meier fenget det Prestekallet han søkte …» – «Hev Meier søkt Prestekall?» harskad Strand i. «Han, som ikkje eingong hev teket practicum!»practicum] praktisk teologisk seminar, obligatorisk tilleggsutdanning for teologar som vil bli prestar skreik Karl 322Magnus. «Ja so», sagde Daniel; han kjende seg vaapenlaus og vart rædd. «De vil kanskje prøva aa kasta Mistanke paa ein Mann som Meier, De?» spurde Strand med sitt trøyttesame, eggjande Maal, som der no kom nokot raatt og vondt upp i; «det er Fanden gale meg det sjoflaste eg hev høyrt! Koma med vitterleg Lygn for aa sverta ein Mann, som hev sett heile sitt Liv inn paa aa hjelpa Bonden! Meier er ein Mann, som skulde hava Takk og Vyrdnad av heile Landet; og minst av alle tenkjer eg Hr. D. Braut hev Rett til aa tala um uægte Gull!» Strand snakkad seg meir og meir sinnad og vart tilslutt sa grov og leid, at Daniel ikkje saag seg onnor Raad enn aa koma seg av Garde. Med tungt Hovud og tunge Føter ruslad han heim; han hatad Strand og heile Hurven; det var reine Raaheita alt ihop. –
– Um Morgonen vaknad han punsetung og leid. Det siste av Gaarkvelden hugsad han uklaart; so laag han og strævad i pinefull Uro med aa draga seg det til Minnes. Og di meir han hugsad det, di sveittare vart han. Aldri i Verdi torde han koma til Jens Rud no; han fekk skriva til han, og skriva strakst.
Og han skreiv, – og fekk skriftligt Svar. Stutt og rolegt. Jens sende ei «Anvisning» paa Sakføraren sin; der kunde Daniel hevja 10 Dalar kvar Maanadsdag. 10 Dalar, smaatt Stell, tenkte Daniel. So lovad Jens, at han skulde sjaa aa finna Arbeid til han; naa, det vert væl ikkje so braadt, tenkte Daniel. Tilslutt Helsing fraa Kapellan Hirsch, som no var i Tyskland, 323men ventad seg heimatt til Vaaren. Naa! ikkje fyrr, tenkte Daniel. –
Men av Tonen i Brevet forstod han greidt, at Jens ikkje lenger vilde hava nokot Kjennskap med han. Daa kom det nokot ubljugt og kaldt upp i han, og han sagde for seg sjølv: «Godt og væl! Likso godt, at dei veit det! Dei kann faa vita meir … og so er eg daa kvitt dei!»
Men han likad seg ikkje rett. Han hadde liksom ein Usmak av seg sjølv, og han tenkte med Fælske paa, kor fint Jens Rud kunde smila. –
– Paa dei teologiske Forelesningarne kom han til aa trivast godt. Han merkte nok, at han hadde gløymt ymist av sin Artiumskunnskap, og mangt av det, som ein her burde kunna, hadde han aldri visst; han fekk nok taka seg ei Grunnskuring i Forkunnskapar, naar han fekk Stunder til det; men sjølve Teologien vart han glad i, og det var nokot Tøv, det, som Karl Magnus hadde sagt um denne Lærdomen. For her var meir enn nok til aa prøva Tanken sin paa, og meir enn nok aa granska. Mest dagstødt kom Professorarne inn paa djupe, vande Spursmaal, som stundom var so svære, at han aldri hadde tenkt, der kunde finnast slike i Trui; men di sværare dei var, di gildare var det; for han visste altid so trygt, at Professorarne vilde vita tilslutt aa greida seg paa den rette, fyreskrivne Maaten.
Ein av dei fyrste Dagarne raakad han Haugum, som han helsad paa med stor Gleda. Men Haugum viste seg aa vera den same som han hadde voret, 324kanskje helder litt verre. Han gjekk so vidt, at han kritiserad sjølve Professorarne; og alt, som ikkje var etter hans Hovud, det var «aandlaust» og meiningslaust og ravgalet paa alle Maatar. Daniel kunde ikkje lika slikt. Det var Fanatisme, tenkte han, og han forstod, at der ikkje var Raad med Haugum. Sidan talad dei sjeldan um høgare Spursmaal; Daniel kunde ikkje vera som han vilde, naar han talad med sin gamle Ven. –
Um Kjærasten til Haugum fekk han vita, at ho ikkje var so rik som ho kunde ha voret; Far hennar hadde sett mest alle Pengarne sine i Skipspartar, og hadde havt svære Tap i seinare Tid. «Er det den fyrste, du hev elskat, dette?» spurde Daniel. «Aa langtifraa», svarad Haugum og lo, «eg hev elskat so mange!» – «Ja men – for Aalvor?» – – «For Aalvor hev eg berre elskat ei fyrr, og ho narrad meg.» – Um ei Stund heldt han fram: «Det er sannt: kor liver Hanna Stensrud? ho er ikkje forlovad enno?» – «Ikkje det eg veit.» – «Hm, rart nok! Ho var so gode Venner med ein Løytnant her inne … some segjer med tvo … Men dei fann henne kanskje ikkje rik nok, kann eg tru.» Daniel kolnad; «er ho ikkje rik?» spurde han. «Aa jau, for oss so –. Kanskje du tenkjer paa henne?» – «Aa langtifraa!»
Johannes Ortvedt var ein av dei, som hadde forandrat seg; han gjekk svartklædd fraa Topp til Taa og saag aalvorleg, men blid ut; lo ikkje lenger, berre smilte. Dei kom etterkvart til aa faa nokot av 325same Hamen alle ihop; det lagde seg yver dei smaatt i Senn som ein Skugge. Um Sven Dufva vart det fortalt, at han laag heime paa Landet og kvilte Hovudet sitt, som han hadde sprengt i Artiumstidi; Halvor Mosebø var like eins heime. Dei hadde maattet taka han heim; han var komen litt paa Rangelen her inne. Student Rødberg foor ikring paa Vestlandet og var Lægprædikant. Markus Olivarius studerad «Jus, Filologi, Teologi, Medisin med fleire Vitenskapar» og «kunde alt, som andre ikkje kunde»; Gregus Johnsen laag paa Landet og samlad nye Inntrykk. Jens Rud skulde studera Jus eit Aars Tid; so vilde han heim att og vera Gardmann. Hærland hadde fenget ein liten Post ved ein Privatskule her, men var sjukleg, Stakkar; Aslak Fjordan var faren til Amerika. Til Amerika? Foor akademiske Borgarar til Amerika? – Aa, det høvde; Aslak var iallfall reist. Han vilde der burt og gjera nokot til Gagns, sagde han, vilde ikkje gaa her og slengja i alle sine Dagar som ein stakkars Embættsmann. Det var ikkje nokot for ein sterk, arbeidsfør Kar det, meinte Aslak. Prest kunde han ikkje vera; for han innbillte seg, at han hadde vortet slik ein Fritenkjar; Jurist elder Doktar vilde han ikkje vera, daa han korkje hadde Hug til aa flaa Folk elder til aa drepa Folk; og Skulemeistar vilde han ikkje vera, um dei forgyllte han! Nei, han vilde til Amerika og arbeida. Heime kunde han ingen Veg koma; Garden sin hadde han etet upp med Lut og Lunnende, og her i Landet gjekk det nok ikkje an for 326ein civis academicus aa gjera nokot til Gagns! – Daniel riste paa Hovudet og kunde ikkje forstaa seg paa Aslak Fjordan.
– Paa ei Ettermiddagsforelesning raakad han sin gamle Skulekammerat Kristian Bliland; det var berre med Naudi at dei kjende kvarandre att. Dei hadde mykje aa drøsa um no, og Daniel fylgde Kristian heim. Det viste seg, at Kristian var sin same i Lag og i Aatferd; men Meiningar hadde han skift um ymse Ting, og daa vart Daniel so glad, at han vaagad seg fram med somt av det, han hellest ikkje torde tala um. Han fekk daa millom annat vita, at Kristian nok helst vilde fylgja dei «folkelege», naar han berre kunde vera stød paa, at dei ikkje gjorde alt for fast Samlag med Grundtvigsmennerne. «Ja er det ikkje det, eg og er rædd?» sagde Daniel forundrad og glad; «dei er Grundtvigsmenn mest alle ihop! og mange er reine Rasjonalistar!» – «Ja, Rasjonalistarne, dei er no ikkje so faarlege», svarad Kristian rolegt; «det er dei grundtvigske med sine Folkehøgskular og alt det –; skulde dei faa Inngang i Folket … med sin PelagianismePelagianisme] Etter den britiske munken Pelagius, som på 400-talet avviste dogmet om arvesynda, og hevda at mennesket var i stand til å leve eit moralsk liv. og heile sin flaae og grunde Kristendom … so Gud hjelpe oss.» – «Det er sannt», sagde Daniel. «Ikkje likar eg den Maaten, Jaabæk brukar Guds Ord paa i Bladet sitt helder», heldt Kristian fram; «nei kven kann lika den?» svarad Daniel; «og no er dei alt komne so langt, at dei tek til aa snakka beintfram um aa taka Kristendomen ut or Skulen!.» «Det kann eg ikkje tru», sagde Kristian aalvorlegt. «Tru? Eg hev høyrt det med mine eigne Øyro … 327ja av Teologar hev eg høyrt det!» Kristian ruggad paa Hovudet. «Og det, som er verre enn alt», foor Daniel fram, glad og ivrig, «eg hev høyrt dei segja ende ut, at Konsekvensen av desse folkelege Tankarne er Sosialismen! Sosialismen og Kommunismen … er det ikkje fælt?» Kristian tagde og kom i Tankar. «Eg for min Part», heldt Daniel fram og gjorde seg roleg, hev i seinare Tid funnet det best aa slaa meg ifraa Politikken og dei Ting; for det er ikkje godt aa vita, kor langt ein kann fylgja med no.» – «Nei», sagde Kristian, «det gjeld nok aa sjaa seg fyre.» Daniel var so glad, at han undrast paa det sjølv.
Han aat til Kvelds hjaa Kristian, men fekk korkje Øl til Maten elder Toddy etterpaa. Kristian lagde iser ut um Grundtvigianismen og kor faarleg den var; sidan fortalde han um, at dei paa Latinskulen hadde havt slik ein merkjeleg Mann til Religionslærar i dei siste Par Aari. Daa Daniel vilde gaa, sagde Kristian: «Skulde det ikkje vera godt, um me bad litt med kvarandre i Kveld?» – Au, stend det slik til, tenkte Daniel; «jau, jau, gjerna», stotad han. Og so maatte han høyra paa Kveldsbøni hans Kristian, som vart baade lang og drjug. Ja; den, som kunde vera som Kristian! Daniel for sin Part fekk væl drygja, til han vart Prest, tenkte han. So lengje ein laag her og studerad, hadde ein so mange andre Ting aa tenkja paa … det var ikkje so greidt. Hellest var det no som ein tok det til med denne Bondeskikken aa «halda Bøni»; i fine Hus brukad dei det aldri, og dei var væl like gode Kristne 328for det … So snart Kristian hadde sagt Amen, sagde Daniel Godnatt og gjekk. Han aat aldri meir til Kvelds hjaa Kristian Bliland. –
Men some Tider aat han til Kvelds hjaa Endre Storr. Fru Lovise var altid so hyggjeleg, og so lærde han formel Daning i dette Huset. Grosseraren kom Daniel til aa lika meir og meir etterkvart. Det var i Grunnen ein vitug Mann, og han var ikkje so materialistisk helder som fyrr; det var som han fekk meir og meir Vyrdnad for den akademiske Daning, etterkvart som han saag, at det var fraa den, me maatte venta den største Hjelpi mot Frasepolitikken. Student Stensrud og hans Venner vankad jamt hjaa Storr; Daniel vart so halvt um halvt kjend med some av dei, og han fann til si Gleda ut, at dei ikkje var so reint overlag fine, som han fyrr hadde trutt. So var det ein annan Ting, han var nokso fornøgd for. Han kom meir og meir etter, at Folk flest ikkje var stort sjølvstendigare enn han hadde voret. Det var nok ein helder aalmenn Ting, det, at Folk laante sine Meiningar av andre. Og so vart dei sjølvstendige med Aari, etterkvart som desse laante Meiningarne grodde seg fast i dei. Daniel hadde ei Kjenning av, at han snart skulde vera likso sjølvstendig som nokon av dei andre; Halvor Mosebø kunde for den Skuld vera kor han vilde med Forelesningarne yver Ethikken.
Meir og meir lærde han aa forstaa, at det ikkje kunde nytta aa «tru paa Bonden». Han hugsad nok den Kallen, som han gjekk der burti Bygderne og 329grov i Moldi, skiten og svart, berre tenkjande paa det, som gav i Gryta, og full av Hat og Mistru til all Autoritet og Daning og Upplysning … Skular vilde han ikkje hava; Jensens LesebokJensens Lesebok] P. A. Jensen (1812–1867) redigerte ei ny lesebok for folkeskolen, som kom ut i 1863. Den skulle erstatte Sandhed til Gudfrygtighed av Pontoppidan. Jensens lesebok provoserte mange, for den inneheldt ein del verdslege tekstar, medan Pontoppidan var ei katekisme-forklaring. var Djevelskap; vilde ein læra han Folkeskikk, so berre vart han vond elder gjorde Gjøn, og Statssaker hadde han so lite Tanke um, at han leet seg køyra i Ring av Jaabæk; – og slike Folk skulde styra Landet! I Grunnen var der væl ingen, som meinte slikt. Dei, som sagde det, hadde væl sine eigne Formaal … Hjelpa Bonden fram? Bonden vilde ikkje fram. Han kunde ikkje koma fram helder. Han hadde ikkje Raad til det. Han maatte slita all sin Dag for Maten til Munns; han fekk ikkje Stunder til aa læra. Det nyttad ikkje aa snakka um slikt. Det var berre dei, som hadde Raad, som kunde vera upplyste. –
– Med Pengar hadde Daniel vondt for aa klara seg, og verre og verre vart det. Og endaa maatte han stundom hjelpa andre. Lars Risvold kom upp ein Kveld og sette seg til aa prata … Daniel forstod so godt kva han vilde og ynskte Fyren til Bloksberg. Men dersom den Stakkaren no gjekk og svalt? so skulde ein hava det paa Samvitet, um ein svarad nei … Det var sannt, det gamle Ordet, at Armod var Synd. Slike Gagnløysur, som gjekk og livde av aa plundra sin Næste, fortente i Grunnen aa svelta.
Det kom fleire slike, derimillom Peder Monsen, som vilde laana ein Dalar til i Morgo; han fekk med det same Tilføre til aa fortelja, at han ikkje hadde sagt nokot til Jens Rud um den Pipekonserten … 330So kom det ein Hr. Drilevig, som viste fram Attestar fraa fleire Professorar og hadde fenget Hjelp og Studnad av snart sagt kvar kjend Mann i heile Byen, men som enno ikkje hadde lært dei tvo fyrste Deklinasjonarne; sidan kom Bent Bu; han helsad paa Daniel som «gamall Skulekammerat» og var kjend med ein Gong. Daniel hugsad ikkje Fyren, ikkje Navnet dessmeir, men torde ikkje annat enn halda gode Minur; han reiv i Øl og drakk Skaal for «gamle Dagar», og var i si verste Beit. Men Bent Bu fortalde med Laatt og Gaman um dei Maatarne, han hadde brukt til aa freista Livet. Svoltet hadde han tidt og traadt; meir enn ein Gong hadde han livt i Dagevis paa berre kaldt Vatn; men like kaut hadde han voret, og so hadde han havt det godt med, some Tider. Millom annat hadde han skrivet i Avisur, lagat ihop Skrynjur og selt dei til «Posten» for ei Mark, og annat slikt; men det beste Spikket, han hadde gjort, det var daa han heldt Strid med seg sjølv i «Bondevennen» og «Posten» um Folkehøgskulen. Skreiv fyrst eit Stykke i «Posten» under Merket «Audiatur et altera pars»Audiatur et altera pars] (lat.) ein skal og høyre den andre parten – ha-ha! – skreiv so eit Stykke i «Bondevennen» imot denne same «Audiatur», fiktad mot seg sjølv so Busti fauk, og fekk Pengar baade i «Posten» og i «Bondevennen»! – Ja, ja! kva Fanden gjorde det? Kunde det ikkje vera det same for dei Fillebladi, kven som skreiv, berre det var godt skrivet? – Jau, Daniel kunde ikkje motsegja det; han likad i Grunnen denne djerve, buse Karen, som var so lite Partimann. – Men Enden paa 331Visa vart: laana meg ein Dalar. Daniel kunde med Sanning segja, at han ikkje aatte Pengar den Dagen; men daa vilde Bent Bu laana Klokka hans, so han kunde faa Pengar paa den. «Eg skal faa 2 Dalar paa den Filleklokka», sagde Bent, «og so fær De den eine! Kom no!» Men daa vart Daniel rædd Fyren og fann paa ei liti Lygn, so han bergad seg. –
Det vart snart so ille med Pengar for Daniel, at han maatte laana sjølv. «Studenterlivet» vart det lite av med; han hadde aldri Raad.
Det var eit Bil, han heldt paa aa koma i Lag med Olai Juberg og hans Venner, Gutar, som hadde god Greida baade paa Studenterlivet og paa Kristiania-Romantikken; men dei hadde ikkje Pengar, dei helder, daa visst ikkje meir enn dei turvte sjølve. Han var fælt leid yver dette, og han harmad seg baade tidt og traadt yver Kapellan Hirsch, som hadde sett han paa Sveltekur her inne. –
Naar han um Maanadsdagen fekk sine tie Dalar, var det berre so vidt han fekk stogga dei verste Kreditorarne sine; so var han snaud. Han gjekk som inni ein stor Ring av gamall og ny Gjeld, og Ringen drog seg meir og meir ihop, tettare og tettare inntil … han saag godt, at dette ikkje kunde bera til. Og so kunde han kvar Dag venta, at Jens Rud kom og baud han Arbeid, fælt, aandlaust Skulearbeid …
– Skulde han gjera seg uvyrden og fria til Hanna? Ho var ikkje stygg. Ho hadde endaa havt Løytnantar til Friarar … Og so hadde ho Bydaning. 332Ho kunde spela Piano. Og ho kunde laga Mat. Og ho hadde Sans for Poesi, ikkje so liten Sans for Poesi … Gjorde han dette, so kunde han faa Pengehjelp av Proprietæren, kom med ein Gong ut av all si Skuld og Naud, og kunde endeleg eingong faa liva eit Par glade Studenteraar … Naar han vart eldre og fekk Embætte, vilde han umvenda seg og taka Livet aalvorlegt, og daa vilde Hanna i Grunnen vera høveleg. Inga? ja, men naar han ikkje fekk Pengar, so vart han gangande her i alle sine Dagar som gamall Student elder Skulemeistar, og kunde ikkje gifta seg med henne kor som var … og kor visste han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut? Det heile var nokot stort Tøv, Barnedraumar, Gutegrillur … naar det kom til Aalvor i denne Verdi, so kunde det nok ikkje nytta aa hefta seg burt med slikt. –
Han gjekk og tenkte paa dette, men det vart ikkje av; kvar Gong han skulde til, misste han Hugen. Derimot tok han til aa spara.
Ein sur, myrk Vinterdag flutte han uppaa Hægdehougen og leigde seg inn i eit Kot til halv tridje Dalar; sidan bar det i Veg med «Middag paa Dampen». Det var hardt aa gaa paa, totte Hr. Braut. Naar han kom inn i den store myrke Matsalen, var der ei Matlukt so ram og stram, at han vart mett med det same, og so var her so «folkelegt» og fælt … Klokka litt yver 2 kom Armodsdomen fraa Skularne og Universitetet strøymande, alle desse Bondegutarne og Fatikmannssønerne, som studerad … han hadde aldri 333fyrr visst, at dei var so stygge. Og han kjende Lukt av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin, av Kaffemaskinar, Husholdningsbraud og Pultost, og han saag Minningar av all den Vesaldom, som fylgjer med, naar tunge Arbeidskrefter set seg uppaa eit Kot og les istadenfor aa slita og arbeida i den friske Lufti. Sjølve Maten smakad «folkelegt» her; han maatte ha voret fælt demokratisk i den Tidi, daa han fann denne Levemaaten god. Ender og daa saag han Kjenningar, som han ikkje vilde raaka, slike som Hærland elder Fram; dei saag endaa skralare ut enn fyrr, totte han, og Fram var lang og losliten og mager, med eit fælt, lurvutt Haar nedyver Øyro og Aksler, so han saag ut som ein Kommunard;Kommunard] ein som var med i Pariserkommunen 1871 det var ikkje likt til, at dei «store Idearne» kunde korkje føda elder klæda sine Folk. Daa hadde dei det betre, desse gamle Departementskararne og Pensjonistarne, som hadde sitt visse Braud, – endaa dei saag ikkje glade ut, dei helder, der dei sat og maulad yver Labskausen og yver sine svikne Voner, trøytte og leide, graae av Papirdumba og Kontorluft, med smale, magre, turre Andlit, med Maanar og Fleinskallar og graatt Skjegg … Busteper’ar, Hønsehaukar med fallande Fjør, – underlege Motstykke til Studentarne. Men her og kvar sat Menn av Folket, skitne, tettbygde, stolpesterke Arbeidsmenn, og aat og drakk so rolegt og hjartelegt, som der ikkje skulde finnast den Ting paa Jordi, som heitte den Dag i Morgo.
Daniel sat og saag paa dei gamle, tildess han 334forstod dei. Dei hadde drøymt stort og fagert, dei og eingong; og so skulde dei no sitja her og maula Labskaus millom Arbeidsmenn og Fiskekjeringar. Det var fælt aa tenkja paa. Og endaa vilde Jaabæk knipa, – knipa og knipa paa kvar stakkars Skillingen, som ein arm Statstenar skulde freista Livet med i sin gledelause Alderdom. «Folket»? Folket saag dei her rundt ikring seg, sterkt, raatt og friskt; Folket livde likso godt som dei, betre enn dei, og hadde ikkje kostat ein Skilling paa aa læra Græsk og Latin. Ein dugande Arbeidskar tente kanskje ein Dalar um Dagen, og han hadde ikkje Vekselobligasjonar sugande paa seg som Blodiglar, elder ein Flokk Gutar, som var nøydde til aa studera … Folket hadde det godt; dei, som var upplyste, hadde det vondt; og endaa sat han Bonden der uppi Thinget og vilde knipa og knipa … for no var det Raaskapen, som skulde regjera; Raaskapen skulde styra Landet!Raaskapen skulde styra Landet] ironisk vri på songen «Kunnskap skal styra rike og land» av A. O. Vinje (1818–1870) – Daniel kunde godt forstaa, at dei kallad Jaabæk upp paa sine Hestar og Hundar.
Han saag det so klaart som Soli: Embættsstanden maatte bergast uppe. Den raae Hopen vilde, at alt skulde vera Hop, og so laag dei og nivellerad og nivellerad og vilde røra alting saman i ei Sørpa; det var komet so vidt, at Bondegutar gjekk her og gjorde Narr av Embættsmennerne … og dei hadde litt Rett: Embættsstanden var ikkje lenger det, han hadde voret. Men slikt gjekk ikkje an. Nokot maatte der vera i eit Samfund, som lyfte seg upp yver Mugen; nokot maatte der vera, som var stort og ædelt og 335hadde Glans og Autoritet; ein Statstenar og hans Yrkje maatte staa som nokot høgt og heilagt i Folket. Embættsstanden var den einaste her i Landet, som kunde liva eit Aandsliv; den akademiske Daning var Ideens Presteskap; og det gjekk ikkje an, at Ideens Prestar svalt. Men Folket skulde arbeida, – arbeida og tena Pengar. Daa vilde alt verta hyggjelegt og godt som i gamle Dagar; Skillingspolitikken vilde døy, og den gamle Odelsbonden vilde paa nytt koma til Magt i Norigs Dalar.
Han saag det so klaart! og saag det i slik ein stor, blaanande Samanheng … det var den største Tanken, han hadde havt. Og no tenkte han sjølvstendigt. –
– Ein Dag etter Nyaar kom Jens Rud og baud Daniel Arbeid. Hærland hadde vortet sjuk og maatte hava ein i Staden sin ei Tid; 14 Dagar elder so; ein fekk vona, at det ikkje vart lenger. Daniel vilde og vona det. Han tok imot Tilbodet med ein Takk, som ikkje var svært varm.
Og Arbeidet gjekk som han tok det til. Gutarne var vrange og leide og Undervisningsarbeidet aandlaust; Timarne vilde aldri taka Ende, han kunde stella seg som han vilde. Den einaste, som hjelpte han litt til Rettes, var Karl Magnus, som og var Lærar ved den Skulen; men kvar Dag, naar Daniel trøytt ruslad heim av Skulen, svor han med seg sjølv paa, at no vilde han fria til Hanna Stensrud. –
Han maatte halda ut paa Skulen ein heil Maanad. 336So snart han var fri og hadde fenget Løni si, – kom Rekningarne. Rekningar i Rad og i Flokk, og Kammeratar, som reiv og rykte, og Peder Monsen og Ottkanten, som vilde laana … Daa Daniel paa ein Maate hadde klarat dette ifraa seg, kom Postguten med eit Brev. Daniel reiv det upp i uvisse Voner –: det var fraa Jens Bakke. Denne hadde spurt, at Hr. Braut no skulde ha fenget ein god Skulepost; Bakke vilde daa ynskja Hr. Braut til Lukka med denne. Hellest vilde han segja, at han hadde havt ymse Pengetap i seinare Tid … vilde vera svært takksam … berre eit litet Avdrag kvar Maanad … «Din Moldtræl» sagde Daniel og slengde Brevet.
– Det gjekk ikkje for segDet gjekk ikkje for seg] dette gjekk berre ikkje dette her. Han saag, at han ikkje klarad seg, og han kom snart so djupt i Gjeld, at han fekk gaa og slita og træla i alle sine Livedagar berre med aa betala. Skulde det verta Løni for alt hans lange Stræv, at han skulde liva si Tid som ufri Mann, aldri verta Sjølveigar, altid slita for andre? Kanskje naadde han ikkje eingong so langt som til Embættseksamen.
Og so at han skulde taka Hjelp av Kapellan Hirsch, – denne Aandsmannen, som til Takk for Hjelpi vilde hava han med for ein Svelteskilling paa eit Arbeid, som Daniel ikkje likad! Det var ein ulidande Ting aa vera hjelpt fram i Verdi av andre. Det var som ein hadde selt Sjæli si. Alt det ein var og vart, det hadde ein andre aa takka fyre; og dei Kararne, dei kravde sin Takk! Ein hadde ikkje fri 337Rett yver seg sjølv; ein maatte hugsa paa, at Per og Paal vilde hava Gleda av Pengarne sine; – og Kapellan Hirsch vilde hava endaa meir, han. Daniel tenkte seg harm paa dette. Han vilde ikkje gaa slik lenger; han vilde forlova seg og vera sin eigen Herre. Proprietær Stensrud sagde visst ikkje nei, naar han høyrde, at Friaren var ein Mann med sjølvstendige Meiningar, og ein Mann, som kunde vera teologisk Kandidat um tri Aar. –
Han strævad lengje, fyrr han fekk Friarbrevet istand. Det skulde som alle slike Brev vera kjærlegt; men so skulde han ikkje segja meir helder, enn han kunde svara til, naar han raakad Kjærasten personleg. Daa han var ferdig og hadde skrivet Utskrifti, vart han med ein Gong modlaus. Det var liksom so fælt, dette her. Han hadde aldri tenkt, at det skulde gaa slik til med Daniel Braut. Og Inga Holm var nok ikkje so gløymd, som han hadde tenkt … Stakkars Inga! Enn um ho no hadde gjenget i alle desse Aari og ventat paa han? Han hugsad Middagslaget i Klokkargarden; han saag henne sitjande i den koselege Klokkarstova, søt og ung, drøymande um sin Ven; og der var Sol inne og Sol ute, og Lauvet i Hagen blakrad i Sumarvinden og kviskrad um so mange hyggjelege Ting … Han maatte jaga Draumarne burt med Magt. Hadde ikkje sjølve Kapellan Hirsch gift seg til Pengar? Hende ikkje slikt kvar Dag? – Der var dei, som giftad seg med 40 Aars Gjentur for aa faa Pengar, og Hanna var daa berre sju–otte og tjuge. Dessutan var han nøydd 338til, for Fanden! Han stakk Brevet i Lomma og flaug paa Dør; best aa faa det sendt, fyrr Tankarne snudde. Daa han kom paa Gata, saag han ei Ungmøy, som var so fager, at han aldri hadde set slikt; og strakst etter ei til, og endaa ei til … han hadde aldri set so mange fagre Damur, og dei var so forunderleg fagre! friske og jomfruelege, blømande av Ungdom, varme, glade, daarande, forlokkande; han sukkad av Saknad; Verdi var full av fagre Møyar, Møyar som Liljur, Møyar som doggfriske, nysprungne Rosur; men han – han skulde gifta seg med Hanna Stensrud. Naa, um nokre Aar var væl dei likso gamle som ho; han var ein Fatikmanns Son og fekk ikkje krevja det beste; naar han fekk Pengar, skulde han nok greida det … Men daa han kom til Postkassa, vart det med ein Gong klaart for han, at Brevet kunde drygja til i Morgo.
Paa Heimvegen dreiv han innum Karl Magnus, hadde ikkje Hug til aa vera aaleine. Der sat Dølen og pratad; men det høyrdest ut til, at han var i Ulag. Han talad um, kor lite Hjelp og Samhug han fekk, og kor armt dette Landet var aa liva i for Folk som honom. Han heldt seg sjølv for so god ein Mann, baade med Kunnskap og med Gaavur hellest, at i eit større Land kunde han havt det romt; men her vart han Ekstraskrivar. Og tilslutt tok dei ifraa han den Biten med, so han berre hadde sin arme «Døl» aa halda seg til, og den vilde mange lesa, men faae betala; Skadebot for det, han ved sin ærlege Tale hadde misst, kunde han helder ikkje 339faa, og det endaa han meinte han hadde gjort likso mykje til Framhjelp av ein norsk Bokavl han som mange andre.
Nei; ein skulde gjera Guano i dette Landet; det var det einaste, Folk hadde Bruk for. Dette Landet var eit Fjos og ikkje ein Folkeheim, og naar Kui fekk sitt Vombfyll, ho, so var ho fornøgd. Det kunde ikkje nytta aa bjoda fram Varar, som Folk ikkje vilde hava; og kva Fanden brydde Nordmennerne seg um Norskdom elder Guanokratarne um Dikt? Regjeringi var eit Hønsehovud, som ikkje forstod seg paa annat enn det aandeleg daude, og Storthingsbønderne dugde, som rimelegt var, ikkje til annat enn til aa vera Rovediltarar for Presten. Haa! haa! haa! jau det var Statsmenn! Dei gav 1000 Dalar til kvar gamall Prest, som ikkje lenger kunde gøy, og skalv i Kneom, so snart dei saag Fjøri i Futehatten; men kom det ein Mann, som vilde skaffa Tankar inn i alt dette Flesket, so fekk han gaa til Fatik-Kassa, han; kvi Fanden gjorde han ikkje Flesk som dei andre? Ein kunde stundom tru, at desse Samrøringarne hadde Rett i, at Landet var for litet til aa vera eit Rike, – elder at det ikkje var nokot Land, men berre ei Samling av 400 Prestegjeld, som aldri kunde læra aa tenkja annat enn Fatikmanns Tankar. Og Vaarherre maatte vita, um dette nasjonale Strævet vaart i Grunnen var annat enn tome Draumar, bygde paa Gravhaugar og gamle Eventyr.
Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamall vid, sliten Slengfrakke og høyrde paa dette; snart laag 340han i Sofaen og stirde, snart stod han framfor Spegilen og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg og underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for aa verta gamall Student. Stundom prøvde Karl Magnus aa faa Ordet; men det nyttad sjeldan; Dølen vilde tala sjølv. Og kva annat kunde han tru, sagde han, enn at vaart nasjonale Stræv var Tull og Tøv, naar han saag, kor lite dei norske Odelsbønderne brydde seg um baade Maalet og Landet sitt? Dei gav sjuttan i heile Stasen og drog til Amerika; det var den Hjelpi, me fekk av dei. Og so sat han der, han, stakkars Kroken, i sitt kalde Kammers og skreiv og skreiv, og blees paa Fingrarne, at dei ikkje skulde valna, og lo og slog seg glad for aa sleppa aa graata; og dei las og lo og hadde Gaman og totte den Dølen var ein trøysam Kar; men dei vilde ikkje hjelpa han so mykje som med litt Skriving dessmeir, so han kunde faa Tid til aa arbeida paa slikt, som betre kunde visa, kva han dugde til. Og var det ein Gut, som der var Von i, so skulde du mest jamt sjaa, at han døydde, fyrr han vart mogen. Smaarusket og Skrapet, det livde, for det kunde liva seg under kvar Tuva; men var det eit Ungtre, som skaut seg høgare upp, so vart det brotet av Ve’r og Vind og vonde Dagar; og det verste var, at ein maatte segja dei var sæle, som fara fekk. Som no denne Hærland’en. Det var just slik ein emneleg Gut, som Dølen hadde ventat seg stor Hjelp av i sitt nasjonale Stræv … no laag han der! Dølen greet. «Hærland? er han sjuk!» skvatt Daniel upp. «Ja», svarad Karl Magnus. «Han hev 341galopperande Tæring!» jamrad Dølen, «og vil snart vera daud som ei Sild!» –
Daniel reiste seg og sagde Godnatt. Døydde Hærland, maatte han taka Skulen … Han strauk ende ned til Posthuset att og lagde Friarbrevet i Kassa. – –
Svaret kom – forunderleg braadt. Ho elskad; ho hadde elskat; ho vilde elska … «og no kjem Papa til Byen um ei Tid, so kann De sjølv beda han um mi Haand; for eg kann ikkje snakka til han um slikt, eg, veit De.» Daniel sagde fleire Gonger til seg sjølv: «no hev eg vunnet». –
Men han hadde ingen Hug til aa snakka med Proprietæren. Daa vilde han helder faa Fru Storr til aa greida den Saki; ho var so snild, ho, og so vilde ho ikkje taka det so prosaisk. – Han gjekk til Fru Storr.
Ho tok imot han smilande og mild, og so skalkutt, at han vart raud. «So De er slik ein, De?» Han sette paa seg eit Smil og svarad: «Forstod De ikkje det –?» – «Aa … men De kunde no gjerna ha sagt meg det.» – «Trur De, at … at … at Proprietæren –?» – «Aa, eg veit ikkje … han hev sine Grillur, ser De!» – «Ja; – og eg eig ingenting, som De veit …» – «Det gjer det same; eit Embætte er likso godt som ein Arv … Men, ser De …» – «Ja dersom det er nokot annat», svarad Daniel, han saag paa Fru Lovise med klaare, rædde Augo, som gjenom Brilleglasi saag karakterfaste ut –, «so vil eg beda Dykk segja Proprietæren, 342at det, eg lærde av honom ifjor, det hev eg … det … det kann eg i Aar … og no er eg … no er eg sjølvstendig!» Hr. Braut sveittad. Ho heldt fram, liksom ho ikkje hadde høyrt dette siste: «men, ser De, Far er so glad i Hanna; han vil ikkje vera av med henne, er eg rædd; – men, Herre Gud! den djerve hev Lukka med seg …» –
– Det var ein fager Dag i Slutten av Mai. Alt hadde greidt seg paa beste Maaten; Proprietæren hadde sjølv voret i Byen og skipat Saki. Han vilde ikkje høyra eit Ord um, at Verson hans skulde gaa og træla som Skulemeistar; – Pengarne hadde han laant; men det gjorde naturlegvis det same. Og gamle Stensrud hadde voret so hyggjeleg; og so hadde Daniel fylgt med han tipp til Pater, og Pater hadde like eins voret so hyggjeleg og fornøgd.
Daniel Braut var paa Vegen til Danseskulen. Som trulovad Mann maatte han kunna dansa, og no hadde han Raad til aa kosta Lærdomen paa seg og. Han drog seg maklegt nedetter Gata i den unge Solglansen, og han grundad og tenkte og fann ut, at han i Grunnen var væl faren.
Han var komen so langt, at han var trygg for seg. Han hadde naatt Hamn etter mange Aars Sigling og Kryssing. Og so var han kvitt den Politikken. –
Fyrr hadde han livt i eit Kav og ein Strid, som han aldri kom til Endes med; der var ikkje Fred i den Flokken, han daa fylgde; det heile var eit usunnt, unaturlegt Stræv, som ingenstad bar av; men no hadde han funnet Fred, og Freden var søt.
343Vaarherre hadde stellt alting væl. Naar han saag attende paa Livet sitt no, forstod han Meiningi med alt og saag tydeleg Guds Styring i kvar Tilburd. Det einaste han ikkje skynad rett, var den Haud’en til Artium; men den tilgav han Vaarherre; Umvendingshistoria si sprang han yver. –
Rud og Haugum og den Flokken, dei fekk segja kva dei vilde. Han hadde so gode Folk paa si Sida no, at han ikkje var rædd. Han vilde helder hava med seg heile det store upplyste Samfund enn ein Flokk pengelause Idealistar; og han var friare no, naar han heilt fekk fylgja si naturlege Trong til aa bøygja seg loyalt og mjukt for all Autoritet, enn han var, daa han var med og reiv ned paa Autoriteten. Det var sannt, som Professoren sagde: ein naadde ikkje sann Fridom ved aa raada seg sjølv, men ved aa bøygja seg sjølv, bøygja seg heilt og audmjukt. –
Han var bergad. Um nokre Aar vilde han vera komen inn i den Pyramiden av Glans og Høgd, som han altid hadde drøymt um, og som var det høgste i Landet; og daa kunde han med Sanning segja, at han hadde naatt sitt Ideal. Han visste knapt nokon Ting, som kunde vera gildare enn aa sitja paa ein gamall Prestegard og vera Herre yver Bønder. Og daa skulde han læra Folket aa arbeida, arbeida … Han hadde vondt av den Ungdomen, som gjekk her og dreiv og kastad seg burt i Stræv for ville og lause «Idear», som aldri i Verdi kunde skaffa sine Folk annat enn slitne Frakkar og brotne Voner. Men dei Skraalhalsarne, som gjekk og forførde Ungdomen, og 344reiv ned paa alt, og ikkje var fornøgde med nokon Ting, dei kjende han at han hatad. Kva var det dei vilde for nokot? Var ikkje Samfundet so godt stellt som ein kunde ynskja og venta? – Han rette seg upp og saag seg ikring. Hm, der var dei igjen, desse Snobbarne, desse Sviskeprinsarne, som gjekk og glodde paa Folk og flirde … Pokkeren maatte vita, kva dei hadde aa flira av. Med ein Gong gjekk det som ein Styng igjenom han: der kom ei, som var so lik Inga Holm. Aa Gud, Inga Holm. At han ikkje hadde skrivet til henne fyrst. Han forstod det ikkje. Ho, som var so ung og so søt, ho, som hadde voret liksom Draumen i hans Ungdom, Draumen, Huldri … Nei, han maatte ikkje tenkja paa slikt. Han hadde ikkje Lov til det no. Men ein Ting fekk han Hug til –: han vilde kjøpa Asbjørnsens Huldre-Eventyr …
–So mange fagre Møyar. Some unge og spede som ein sprettande Blom, andre rike og fulle som Svanur … Men no hadde han Pengar. No vilde han liva eit Par glade Studenteraar; – Vaarherre tilgav nok det, og andre turvte ikkje vita um det. Hanna, ho var vaksi og klok; ho vilde ikkje krevja meir av han enn rimelegt; han fekk skriva til henne so ofta han kunde; ho fekk vera glad ho vart gift. Han skulde nok koma til aa halda av henne. Den som berre var yver det fyrste Møtet …
Det var ein underleg Ting aa vera trulovad. Han var liksom ein annan Mann no. Det var dei, som hadde Krav paa han, som aatte han … Men 345no kunde han og skriva heim og fortelja, at han var forlovad med ei Frøken, med ei rik, fin Frøken. Det vilde vera nokot aa faa vita for dei Bønderne der heime, og for Jens i Larsebakken, og Grosserar Helle –! Han saag upp og lo.
Eit Stykkje ned i Gata saag han tvo Karar koma gangande; han kvakk og vart uroleg, for den eine var Jens Rud. Men den andre? Den høge og graahærde med breid, svart Hatt –? Daniel stirde som han var galen. Det var daa væl aldri –. Det kunde daa væl aldri i Livet vera … Kapellan Hirsch? –
Student Braut visste ikkje si arme Raad. Han snudde seg rundt, skaut Kryl paa Ryggen og tok til Beins med lange Stig; svingad so inn i ei Sidegata.
Forfattarnote sist i boka: Mykje av «Dølens» Tale i Kap. V og det meste av «Frams» i Kap. VIII er laant fraa Skrifter av A. O. Vinje og O. J. Fjørtoft.Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Tekstkritisk og kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1883, supplert med varianter fra kapitlene som ble publisert som føljetong i Fedraheimen i 1882.
Hovedpersonen i romanen, bondesønnen Daniel Braut, fanges i en negativ spiral av fattigdom, lav selvtillit og en streben etter å være noe større og bedre enn hva han er født som. Han studerer til prest, men ønsket om å bli prest er drevet av et ønske om økt status og rikdom. Garborg skildrer brutalt hvordan Braut hele tiden svikter sitt opphav, og dermed sin egen identitet, ved å endre språk, klær, oppførsel og navn.
Romanen var et tydelig innlegg i diskusjonen om klassesamfunnet og vakte stor oppmerksomhet i samtiden.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.